Gå til innhald

Middag med Halvard

image

I dag hadde me ein ny variant av det å eta middag saman med nokon. Halvard ringde og var klar for ein prat samtidig som me var klare til å setja oss til middagsbordet. Leif fekk den strålande ideen at me sette mobilen på høgtalarlyd, og la han på middagsbordet. På den måten kunne me prata saman alle tre medan me to åt. At me ikkje har tenkt på det før. Kanskje me kan ha digitale familiemiddagar på sundagane… Det var lenge sidan sist, så det var kjempekoseleg å snakka med han.

Eg måtte gå nokså raskt frå bordet forresten, for i dag skulle eg i veg og fortelja og lesa opp dikt i «Mental helse». Det fine ordspråket på tavla over hang på veggen, så det måtte eg foreviga. Det var koseleg å vera der.

image

Menneske liker seg der det er andre menneske, og noko av det finaste eg veit er gode samtalar. Den siste veka har eg hatt to kveldar til i lag med ulike forsamlingar med flotte damer. På fredag var eg hos Jane i lag med venninner eg har kjend sidan me var sju år og begynte på skulen i lag ein gong for lenge sidan.

image

Eg synest ikkje at eg utan å ha spurt om lov kan leggja ut bilete av venninnene mine på internett, men å leggja ut noko av alt det vakre eg ser hos dei må vel vera lov?

image

I går var eg på besøk hos Magni i eit hus heilt nede ved havet. Det var ein grå og iskald maikveld, men det var fint ved havet likevel. Slik skulle eg gjerne bu…

image

Og det er noko eige med heimebakt brød… Og med ein gjeng damer som set pris på gode samtalar.

image

Denne veka har me leseveke med elevane. Det betyr at me har fokus på lesing og litteratur heile veka. Ikkje minst har me øvd på å lesa instruerande tekstar. Dei har bakt kaker, utført fysikkforsøk og spelt spel etter skrivne oppskrifter. I morgon skal eg fortelja i tre omgangar om Astrid Lindgren sitt liv og forfattarakap, og lesa høgt om då Emil, grisen og hønene åt gjæra kirsebær og vart fulle. Ein av favorittscenene mine frå Emilbøkene er når Emil er innkalt til oppvaskmøte i godtemplarlosjen. Idet han kjem inn og opp midtgangen syng koret: «Du unge mann som glasset tar med dødens gift deri…»

Related image
Eg håpar teknologien står meg bi, for eg har tenkt å vida illustrasjonar på storskjerm, mellom anna ein del av desse fantastiske illustrasjonane til Lisa Aisato. Eg er utruleg fascinert av hennar teikningar og innrømmar at ein stor draum hadde gått i oppfylling om eg hadde fått lov til å laga biletbok i lag med henne.
26193564274_ab3934baff_o
 Våren innhentar oss sjølv om det framleis er kaldt. Dei første bjørkene har forsiktig og langsomt ikledd seg grønt, og det søtaste vårteiknet eg veit om er nyfødde lam på beite. Denne krabaten møtte me då me reiste ut på ein liten fototur nå i kveld.
Heidi

Helsing frå ein ekte hypokondar?

image

Eg har tenkt at eg er i alle fall ikkje hypokondar. Då hadde eg vel hatt vit til å koma meg til legen? Sidan eg var der for nøyaktig ei veke sidan, kan eg retta ryggen og stå ope fram med at det var nesten ti år sidan sist eg var der, så akkurat nå er eg eit rasjonelt og fornuftig menneske som tek ansvar for eigen helsetilstand…

Eg fekk plutseleg uventa støtte frå ein artikkel eg kom til å lesa at det kanskje rett og slett er ekte hypokondar eg er. Avsnittet under er skrive av Svein Inge Olsen og hendlar nettopp om korfor ekte hypokondarar ikkje går til legen. Eg må jo innrømma at eg lo litt med ei viss grad av gjenkjenning som ein klump i halsen…

«For oss som lider av dødsangst er det fantasien som løper løpsk. Jeg har pleid å si at jeg hopper heller utfor 10. etasje i ei blokk enn å ta en blodprøve. Når man hopper går det fort over, men å ta en blodprøve for så å gå å vente på dødsdommen er en grusom tanke. Helt uutholdelig faktisk. Har man sterk nok helseangst er man nemlig sikker på at det er dødelig. Hvis man ikke er sikker, tør man i alle fall ikke ta risikoen.

Sist jeg tok blodprøve var i 1983, det begynner å bli en stund siden.» Svein Inge Olsen

Det er alltid ein viss fryd i at nokon kan vera endå dummare enn meg sjølv, så nå sit eg med ei god kjensle av å vera eit modig, ansvarleg og vakse menneske…

Då eg for ei veke sidan vakla ut av laboratoriet og gløymde å betala på automaten, visste eg at nå kunne eg gå der og venta ei veke eller meir på dei diagnosane eg kanskje trudde at eg kunne ha. Nokre av dei ligg til familien, så sjølvsagt burde eg ha sjekka det for lenge sidan.

Etter ein kjekk sistetime på torsdag der eg hadde hatt tre klassar i vesleaulaen for å fortelja om barndomen til Arne Garborg, kasta eg rutinemessig eit blikk på mobilen. Hjartet mitt gjorde eit hopp, Sandtangen legesenter hadde prøvd å ringa meg. Eg visste at det ikkje dreia seg om rekninga eg hadde sprunge frå. Eg hadde forlengst snakka med dei om det på telefon, og dei beklaga at betalingsselskapet allereie hadde send ut ei rekning i posten med straffegebyr på femti kroner. Det gjorde dei automatisk om ikkje betalinga kom same dagen, og då eg oppdaga det ein time etter at eg gjekk ut, var kontoret stengd, så det hadde eg ikkje rukke. Eg hadde svara blidt at femti kroner skulle eg stå i, det var ikkje noko problem i det heile tatt. Eg snakkar med legesenteret med eit lett hjarte og ein munter tone så lenge det ikkje dreier seg om helsa mi.

Men nå hadde dei altså prøvd å ringa meg. Med ltt skjelvande hender trykte eg på nummeret for å ringa dei opp att. Kva for ein av diagnosane kom eg til å få? Alle saman?
Det viste seg at fantasien ikkje strekte seg langt nok. Dei hadde nemleg funne ut at eg hadde D-vitaminmangel. Alt det andre var heilt ok. Det å mangla vitaminer er jo faktisk ein agatell samanlikna med det meste, så eg vart svært letta…. Eg måtte jo googla D-vitaminmangel. Eg fekk opp at ein blir energilaus trøytt og slapp av det. Ein kan bli litt deprimert. Ein kan få reumatismeliknande smerter i kroppen. I verste fall kan det gå ut over beinsubstansen og i aller verste fall gå ut over hjartet… Det rare er at plutseleg har eg høyrt om så mange som manglar dette vitaminet. Er det den nye folkesjukdomen.

Desse symptoma var meg i grunnen ukjende, men eg forstod at her må ein i gang med vitamintilskota fortare enn fort før symptoma set inn. Det beroliga meg litt at tablettane var reseptfrie, men eg måtte ringa ein gong til fordi eg hadde gløymt dosen…

Eg er ei flink jente som ikkje overlet slikt til tilfeldigheitane… Dei siste dagane har eg i tillegg til tablettane sett til livs ein boks makrell i tomat kvar dag. Eg kjenner at det trur eg ikkje eg skal gjera i dag…

Så skulle eg koma innom laboratoriet og ta ein ny blodprøve om to månadar for å finna ut om eg hadde fått nivået opp att. Det er klart eg skal gjera det… Men eg ser ikkje vekk i frå at eg kjem til å nevna at det er heilt unødvendig å ta andre prøvar sidan eg faktisk hadde ein heilsjekk i april… Og i sommar har eg verdens beste grunn til å liggja flatt i sola og vera lat. Eg har nemleg fått beskjed av legen om å få sol på kroppen…

Mi gode venninne Gunn hadde forresten eit visdomsord om å gå til legen då eg fortalde at eg ikkje var der så ofte. Den kloke mora hennar hadde sagt fylgjande: «Dokteren har meir enn nok å gjera. Han har ingen interesse av å planta sjukdomar i deg som du ikkje allereie har…»

Eg ler litt av meg sjølv og mine i-landsproblem.  «Dæ æ ei lokka»- som det heiter på desse kantar av verda- at eg i det minste har sjølvironi.

Heidi

 

 

 

 

 

Jeg mot meg

2646026

Den siste kvelden i april, sat eg i sofaen framfor fjernsynet med strikketøy mellom hendene. Eg såg dei fire siste gruppeterapiprogramma i serien «Jeg mot meg». Etter å ha sett sjølve serien, som gjorde veldig sterkt inntrykk på meg, vart eg henrykt over å oppdaga at ei rekkje program med opptak frå terapien og låg ute på nettet. Det har vore interessant å sjå på, og eg er veldig imponert over måten psykologen Peder Kjøs jobbar med ungdomane på. Eg må innrømma at eg sit att med ei bekymring over korvidt det kjem til å vera greitt for ungdomane i ettertid at dei er blitt så offentleg eksponerte med sine mest sårbare opplevingar og personlegdomstrekk. Eg håpar at dei vil møta storsinn og respekt når dei skal ut og møta nye menneske og når dei skal ut og søkja seg jobbar.

Serien viser veldig tydeleg at det ikkje alltid er så lett å vera menneske. Nokre av ungdomane har opplevd det som høyrest ut som omsorgssvikt av alvorleg grad, andre har opplevd valdtekt eller sjølvmord i næraste familie. Felles for alle er erfaringar med angst og depresjon. Det som slår meg mest er kor sårbare barn og unge menneske er. I kor stor grad burde ein ha forventa eller i det minste håpa på at nokon såg kva dei opplevde og kva dei sleit med? Dette gjeld spesielt dei to jentene som fortel at dei i barndomen ikkje opplevde å ha vaksne rundt seg som gav dei den omsorgen, støtten og kjærleiken dei hadde så desperat bruk for. Nå skal det sjølvsagt seiast at alle sanningar er samansette og har mange sider. Eg ser ikkje vekk i frå at det sit foreldre og andre vaksne att etter TV-serien og kjenner seg uthengde og misforstått. Det er ikkje alltid lett å vera menneske for dei som er foreldre heller…

Det første eg seier til meg sjølv, er at me som jobbar med ungar må vera årvakne for kva dei fortel utan å bruka ord. Eg håpar me i travle skulekvardagar, der me ofte spring frå det eine til det andre, må klara å prrioritera å sjå barna meir enn det fokuset me må ha på skuleprestasjonar. Eg reflekterer og over kor glad ein blir i ungdomane  i serien fordi ein får sjansen til å bli kjend med dei. Eg håpar me ser på andre menneske med klokskapen og hjarte. Bak ein aggressiv eller inneslutta veremåte ligg det ofte ting me ikkje ser før me koplar på empatien og den positive interessen for å bli kjend med dette mennesket.

På onsdag var eg på eit foredrag i Hinnakyrkja. Det eg opplevde då kunne eg ha lyst til å skriva meir om ein annan dag… Det eg har lyst til å ta med nå i kveld, er første delen av ei velsigning me fekk med oss på vegen heim:

«Måtte det aldri komme en dag der du sier: Ingen bærer meg.
Måtte det aldri komme en dag der du sier: Ingen passer på meg.
Måtte det aldri komme en dag der du sier: Ingen er glad i meg.»

Det er ei velsigning til ettertanke.

Heidi

Første mai 2016

image

Ute er det langt frå sommar. Våren er heller sein. Eg startar dagen med å lesa dei siste hundre sidene i Kari Brænne sin roman «Himelfall». Boka spelar på den gamle myten om at ei av døtrene til Tsaren skulle ha overlevd henrettinga under den russiske revolusjonen.. Kari Brænnes har veld å la Maria vera den som overlevde. I romanen møter ho sjølv den 113 år gamle Maria Romanovna i Barcelona der Maria fortel henne livshistoria si. Eg har funne ut at den måten å skriva på blir kalla kontrafaktisk, ein roman om noko som faktisk kunne ha skjedd. Eg som er glad i både historie og biografisk stoff har kost meg med boka. Ho var lett å lesa sjølv om ho er på mellom sju- og åttehundre sider.

480x

Me hadde sein sundagsfrokost med kaffi og heimebakt brød. Eg måtte ut og fotografera kirsebærtreet vårt som ein slags dokumentasjon på våren 2016. Det har hend fleire gonger at det har stått i full blom første mai, men i år er våren heller sein. Det ser likevel ut til at det skal bli blad og blomar i år og.

image

Eg hadde litt eg gjerne ville ha skrive, så me fann ut at det fekk bli rasiogudsteneste i dag. Eg tenkte at radiogudstenesta i dag sikkert ville handla litt om solidaritet og slikt som eg faktisk synest er ganske viktig å snakka om på første mai. Eg vart ikkje skuffa. Då musikken strøymde innpå arbeidsromet vår, sa eg til Leif at «Eg trur det er Carl Petter som spelar.» Eg meinte å kjenna att Carl Petter Opsahl sin klarinett, og det viste seg at eg hadde rett. Han er ein flott musikar og eit fint menneske som eg har vore så heldig at eg har fått samarbeida med i fleire omgangar. Eg håpar det blir meir samarbeid.

Dei siste dagane har eg tenkt litt på første mai for tretti år sidan. Det var ein varm og fin vårdag i Oslo, me budde der på den tida. Me var ute i gatene og såg på feiringa. Eg var synleg gravid for første gongen, og venta Odd Christian i august. På den tida visste eg endå ikkje at han ville drøya fødselen til to veker etter termin og bli septemberbarn…

Eg hadde på meg ny mammakjole i oransje blomstrete viskose som Eva Mari hadde sydd til meg . Det var så varmt at eg kasta jakken. Eg trur til og med at eg tok av meg skoa og gjekk barbeint ei stund. På den tida elska eg å gå barføtt i gatene, sjølv om eg hadde høyrt av ei nokså striks nabodame me hadde på den tida at slikt gjorde ein ikkje, det var uhygienisk og ufyseleg, og ho ville i alle fall sleppa å sjå fleire gonger at eg gjekk barføtt i trappeoppgangen.

image

Dette var få dagar etter Tsjernobyl- ulykka, og framleis visste me lite om strålefare. Seinare kom det fram at mange meinte det hadde vore mest tilrådeleg om gravide og småbarn som budde aust i landet,  var blitt oppfordra til å halda seg inne desse første dagane. Eg vart sjølvsagt litt engsteleg og angra på at eg ikkje hadde stått over raude faner, bare bein og softis ute på gata denne dagen, men det er mykje som tydar på at det gjekk bra …

Dei siste tolv åra, ser det ut til, har eg drive med den litt besynderlege aktiviteten å skriva maiblogg… Det vil seia at eg har hatt ein fiks idé om å skriva litt kvar einaste dag for å dokumentera denne månaden som er ein av mine absolutte favorittar. Eg gjer vel eit forsøk i år og trur eg… Akkurat nå kunne eg godt ha tenkt meg å sitja her og skriva i timesvis. Nokre dagar er det å skriva blogg det kjekkaste og mest meiningsfylte eg kan tenkja meg… Men me får viss koma oss ut og få litt luft og trim. Kanskje eg får sjansen til å dela litt av det andre eg har på hjartet sånn etterkvart, eller kanskje me rett og slett får ta resten av månaden til hjelp? Eg har lyst til å leggja ut nokre foto frå i går før eg finn turskoa…

image

Ingrid hadde ein ekstra mops å lufta denne dagen, så me tok oss ein strandtur med desse to sjarmørane. Det var dessverre ikkje lett å få dei til å posera samtidig…

image

Men havet er jo alltid eit fint motiv sjølv om ein bare har med seg mobilkamera. Det som ser ut som store svarte fuglar er til nyssgjerrige ornitologar sin opplysning rett og slett surfarar, trur eg…

Eg har ei kjensle av at turkameratane mine er i ferd med å bli litt utolmodige, så eg får gjera meg klar.

Ha ein fin første mai. Teksten frå Knut Grønvik i dag handla om ein Gud som oppfordrar oss til å vera på dei svake si side. Utfordringa vår blir å klara å sjå kven som verkeleg er dei svake og be om klokskap, styrke og vilje til å verkeleg stå opp for dei som treng det.

Heidi

Alt me må og skulle ha gjort…

26006449113_010fb3b21b_o

Eg veit ikkje om det er fleire enn meg som kan koma i ei slags bakevje og bare ikkje får gjort noko som absolutt skulle gjerast. Ein del ting får eg gjort så lett som bare det, men…

I dag har eg fått gjort noko som det har plaga meg i fleire år at eg ikkje har fått gjort… Og nå er eg nesten litt stolt av meg sjølv, fordi eg endeleg bare gjorde det…

Eg går ut frå at det er fleire enn meg som har svake punkt i sin elles nokså flinke og vaksne personlegdom. Det kan for eksempel vera ei lita jente eller ein liten gut der inne som bare ikkje har lyst til eit eller anna som dei fleste ansvarlege vaksne tek på strak arm. Kanskje dei rett og slett er litt redde…

Eg veit om folk som ikkje har vore hos tannlegen på veldig lenge. Det har eg… Men det er nok bare fordi eg får ei ubarmhjertig innkalling frå den omsorgsfulle tannlegen min om kva dato og klokkeslett eg bare har å stilla opp… Då luskar eg i veg, relativt motvillig, men eg gjer det.

I dag har eg vore hos legen. Eg vil ikkje seia kor lenge det er sidan sist eg var der, men det er rett og slett uansvarleg lenge sidan, nærare ti enn fem år sidan for å koma med pinlege og omtrentlege innrømmingar. Eg må innrømma at brev frå kreftregisteret om slike prøvar som må takast med jamne mellomrom har hatt ein tendens til å ligga ganske lenge på skrivebordet mitt før dei når fjernarkivet. Inne i hodet mitt har eg dei siste åra sett utallige datoar som, i august, då bestiller du legetime… Og så har det liksom vore mange gode grunnar til å gløyma det… I tillegg til at eg har kjend på at dette er uansvarlegheit over for eiga helse, så har eg tenkt at det blir pinleg å fortelja korfor eg rett og slett bare har latt vera å koma…

Nå har eg vore der! Eg gjekk inn på eigne bein utan fylgje og det gjekk heilt fint til og med. Ikkje fekk eg kjeft ein gong. Rett nok låg eg vaken nokon timar i natt og tenkte gjennom alle diagnosane eg eventuelt ville få med meg heim att… Kanskje for eksempel blodtrykket var så spinngale  at dei bare måtte bestilla ambulanse til meg med det same?
Nåde over nåde, nå har me begynt på ny, legesenteret og eg.
Frå nå av skal eg troppa ansvarleg opp der rett som det er… Då eg hadde vore på laboratoriet og teke ein del prøvar sjangla eg lukkeleg ut for å møta syster mi til lunsj. Først då måltidet var over, kom eg til å tenkja på at eg hadde gløymt å betala for meg på legekontoret. Eg prøvde å ringa opp, men då var det stengt for dagen. Om nokon frå Sandtangen legesenter les dette, så skal eg nok gjera opp for meg…

Etterpå var eg flink samfunnsborgar og gjekk for å stemma for eller mot kommunesamanslåing. Eg må innrømma at eg framleis ikkje heilt hadde bestemt meg når eg gjekk inn døra, men av prinsipp lar eg meg ikkje få lov til å la vera å bruka stemmeretten. Det å stemma blankt kjendest litt meiningslaust det og, så eg fekk kvinna meg opp til å ta ei avgjersle…

Og dersom nokon lurer på om eg kjenner meg vaksen og ansvarleg i kveld, så er svaret ja. Mine dagar som medisinsk unnasluntar er tilbakelagde…

Heidi

 

 

 

 

 

Siste helga i april

26003993324_d0e2bfefdc_o

Veret er trulaust i april. Det meste kan koma over oss. For to år sidan var det full sommar i april, i fjor var våren seinare, og i år har eg ikkje sett ei einaste bjørk med utsprungne grøne blad endå. I går fekk me med oss snø og haglbyger.

image

Men dei første lamma ute på markene er eit av dei finaste vårteikna eg veit om.

26572312626_94106f2e8d_o

Og lyset over heia mellom Ålgård og Undheim var fantastisk fint.

image

I dag vakna me til sol, og sjølv om vinden er kald, var det fantastisk fint ute. Det passa oss veldig godt med sol, for me hadde tenkt oss på tur. Me lånte til og med med oss hund, for Oscar kan trenga å få gått litt av og til…

image

Det var skikkeleg skummelt for den vesle firbeinte å gå over denne litt hengebruaktige brua. Han sette seg rett ned, og prøvde å stritta i mot med alle fire beina då eg skulle lokka han med. Det ende med at han måtte berast over, og då han vart sett ned på den andre sida, var livet godt igjen.

image

Ein av dei finaste plassane eg veit å gå tur er med utgangspunkt frå Hå gamle prestegard. Der kan ein først gå eit stykke på små grusvegar, og så gå langs stranda nordover så langt ein har tid og lyst til å gå.

image

På plassar der det var «live» var det rett og slett deilig og varmt i sola. Det gjer godt med sol i ansiktet etter ein lang vinter…  Med den armskada mannen i mitt liv går det mykje betre

imageMe gjekk ein liten runde langs stranda i og ein tur bortom Håtangen på tilbakevegen.

image

I horisonten såg me store skip, og langs strendene var det masse måkar. Ei einsleg vipe såg me og som flaug lågt over markene der ho kanskje har egg og reir. Eg veit ikkje heilt kor tidleg vipene hekkar. Det er gildt å observera at dei ikkje har blitt heilt borte for oss.

image

Framleis har me ikkje merka så mykje til sommarvarmen, men i april er det vel meir normalt enn unormalt med temperaturar på mellom fem og ti grader. Lyset har me fått tilbake, og snart blir det vel varmare og…

Heidi

Ein hinkande dans

 

 

26371218231_05b424a5d4_o

 

Eg veit at eg har hatt med denne songen på bloggen før, men nå fekk eg så lyst til å bruka han igjen i dag. Dette er ein viktig del av mitt Credo, som eg prøvde å skriva ned i går. Med denne teksten har danske Holger Lissner truffe meg midt i hjartet. Sidan eg ein gong fekk i oppdrag å omsetja teksten til norsk for IKO- forlaget som ville bruka han i boka «Syng håp!», så er eg freidig nok til å bruka min eigen nynorske tekst, som eg altså har omsett frå dansk.

 

Det går gjennom verda ein hinkande dans

Det går gjennom verda ein hinkande dans,
om gullkalven, heilt utan tanke.
Me gløymer i rusen av glitter og glans,
at hjartet er skapt for å banke.
Og dansen går ut over jorda.

Dei sterkaste trampar ned blomar og gras.
Dei ser seg viss aldri tilbake.
Dei er som besette i kampen for stas.
Heilt bakerst så dansar dei svake.
Og dansen går ut over jorda.

For gullkalven lokkar, og alle vil fram.
Han er som ein gud, me er blinde.
Me gløymer vekk kjærleiken, gøymer all skam.
Dei svake får heller forsvinne.
Og dansen går ut over jorda.

Det går gjennom verda ein heilt annan dans,
som ikkje gir rikdom og ære.
Og han som går foran er heilt utan glans,
rundt han er det godt å få vere.
Og dansen går ut over jorda.

Han dansar med fattige, sjuke og små,
som lever, men manglar alt anna.
Han dansar med dei som kan lite forstå,
dei svakaste held han i handa.
Og dansen går ut over jorda.

Han fører sin flokk på ein steinete sti,
til dit der dei ikkje blir hylla.
Han opnar opp dører, set menneske fri,
forsvinn om han sjølv blir forgylla.
Og dansen går ut over jorda.

Men dit kor han kjem, der får menneske mot,
og ingen kan halda dei nede.
Sjølv om dei må humpa på vaklande fot,
så flyt dei på rytme og glede.
Og dansen går inn i Guds rike.

Holger Lissner.
(Notene står i boka Syng håp 2)

 

Heidi

Tretten hester

For eit par veker sidan la Siri NB ut eit klipp på facebook frå ein konsert på Vågen. Dottera Marthe song så nydeleg saman med ein gut. Eg høyrde dei synga deler av ein tekst om eit forlis, som eg ikkje kunne hugsa å ha bite meg merke i før, så eg måtte spørja kor det kom i frå.

Eg fekk vita at det var Sigvart Dagsland sin «Tretten hester», som er hans versjon av «Thirteen horses,» av Alexander Rybak. Alexander Rybak fortel at han har laga denne songen ut i frå eit dikt mora hans ofte las for han då han var liten. Eg måtte inn og finna songen på nettet, og eg ende opp med å sitja med tårene renna nedover ansiktet medan eg lytta.

Det er ein vakker og sterk tekst om håpet og det håplause, om livsvilja og alt det vanskelege ein ikkje alltid kan gjera noko med.

Eg deler i tru på at dette vil røra fleire enn meg.

Heidi

Credo

 

image

Eg sat og drakk ein kopp svart, varm og litt beisk, morgonkaffi, og visste at eg måtte setja meg ned og skriva eit innlegg om det å tru, og om det å vera kyrkje. Som mange gonger før så stormar det i kyrkja akkurat nå. Som mange gonger før så kjenner mange av oss forventninga om å måtta forklara og forsvara. Det er mange sterke meining på alle kantar, både i kyrkjeromet og ikkje minst utanfor. Og det betyr vel kanskje at det framleis betyr ein del for ganske mange kva kyrkja står for.

Eg må innrømma at av og til når eg høyrer radioprogram, ser TV- program eller les avisinnlegg, og på ein kan låna meg litt meir «objektive briller» enn dei eg vanlegvis har på meg, tenkjer eg at eg til ei viss grad kan forstå at dette må fortona seg som «Det glade vannvit» for dei som er heilt ukjende med desse tankebanane.  – Ofte har eg i undring og vantru lese i Dagbladet og VG om kva «kristenfolket meiner», som i setningen «Kristenfolket raser», og nesten ikkje kjend det minste fnugg av gjenkjenning til det denne lettare oppkonstruerte gruppa står for i fylgje tabloidpressa.

26371218231_05b424a5d4_o
Av og til tenkjer eg at Bjørn Eidsvåg har truffe veldig godt med tekststrofa: «Eg lure på om det klovnar me e, til allmenn lått og løye.» Alt som er menneske, av menneske og mellom menneske er fullt av skår og brestar. Me får trøysta oss med at i fylgje Leonard Cohen er det der lyset kjem inn og i mine tankar er det og der humoren og sjølvironien kjem i. Om ein ikkje har varme, sjølvironi og humor, så er det lite anna å gjera enn å setja seg ned for å gråta sårt over alt som er som det er. Det bør ein kanskje gjera uansett ein gong innimellom.

image

For meg er kyrkja ei samling feilbarlege, snublande, lengtande, leitande menneske, som etter beste evne søkjer saman for å leva evangeliet om at Gud elskar verda, og som kan henta kraft og styrke til å leva liva våre i fellesskapet og ord og sakrament, som det så fint heiter. Det er ikkje rart at me ikkje er einige om alt, me kjem der med kvar våre erfaringar, som livet har gitt oss, som menneska me har møtt har gitt oss, og som eit liv i tru har gitt oss.Eg trur på kyrkja som nettopp dette, eit felleskap mellom menneske, mellom mennesket og Skaparen, mellom mennesket og Kristus og mellom erfaringane frå kvar våre levde liv.

Mitt Credo har nok aldri først og fremst vore henta frå dogmatikken, men frå ei djup barnetru med feste ein stad i mage- og hjarteregionen, og ein sterk lengt etter å møta håpet og godleiken. Ikkje minst ber eg på eit håp om å finna ei kjelde med noko som kan halda meg oppreist og varm, og eit håp eg kan bera med meg ut i resten av livet og til resten av verda. Alt dette finn eg, glimtvis, men varmt og levande, i kyrkja, som eg aldri kjem til å slutta å vera glad i, same kor haltande og feilbarleg ho måtte arta seg.

Ver hos meg himmelske kjærleik,
ver i min dag og mi tid.
Ver i min gråt og min latter,
fyll meg og gjer meg fri

Lev i meg himmelske kjærleik,
fyll meg med alt som er ditt.
Fyll mine auge med varme,
fyll heile livet mitt.

Og sjølvsagt kan eg ikkje koma bort i frå eller ryma frå at, kyrkja, det er meg, på same måte som kyrkja er alle dei som sterkt og heilhjarta, eller vaklande og tvilande, høyrer kyrkja til. Eg trur ikkje på kyrkja som ein maktinstitusjon, men som ei samling menneske som etter fattig evne søkjer Guds vilje med livet sitt, og kjem med lengten om å vera med i eit varmt fellesskap som kan forvalta godleik og nestekjærlik.

At me er ueinige om ganske mykje, forundrar meg som sagt ikkje i det heile tatt, men eg trur at både Gud og kyrkja er større enn det me måtte tru og tenkja og tvila  oss fram til av spørsmål og svar. Eg skulle og ynskja at folk med veldig sterke meiningar om kva kyrkja til ei kvar tid heilt opplagt måtte meina om det eine eller det andre, har respekt for at det ikkje alltid er lett å vera menneske, ikkje for dei som er i dei innerste strukturane i kyrkja heller. Ingenting er lettare enn å dømma enten ein er på den eine eller andre sida av ei utfordring, eit synspunkt eller ein tankeprosess. Eg håpar me alle kan vera storsinna med kvarandre som dei samansette og feilbarlege skapningane eit menneske er.

Eg veit ikkje kven som sa det, men nokon har formulert det slik at dersom du har noko godt du trur på, så skal du heller bera det ut på ein måte som gjer at andre menneske kjem etter deg og ber deg om å visa kva du har funne, enn å tre ditt synspunkt over hovudet på andre og fortelja dei at dette er den einaste rette måten for dei å vera menneske på.

Omslutt meg himmelske kjærleik,
sjølv om eg ofte trør feil.
La meg få spegla ditt rike,
vern meg og gjer meg heil.

image

Kva ynskjet mitt er for kyrkja? At kyrkja ska vera ein open og god plass å koma til for alle. Heilt konkret ynskjer eg meg ulåste dører og eit godt rom å koma inn i. Eg ynskjer ein plass med menneskeleg varme og plass for gode samtalar om kva det er å vera menneske og korleis det er å stå midt i eit menneskeliv. Eg ynskjer meg kveldar der folk kan koma utan å måtta prestera noko anna enn å vera der og kjenna meg heime. Slike kveldar skulle eg gjerne vera med på å vera der og servera kaffi og låsa dørene opp og igjen. Samtidig ynskjer eg meg mange og fargerike fellesskap og gudstenester med fellesskap, brød og vin.

Her mellom speglar og gåter
Her på ei dansande jord
Kom til oss himmelske kjærleik
Vis oss at Gud er stor.

Det var viss omtrent dette eg ville seia i dag, for dette var ikkje tenkt å vera eit flammande partsinnlegg i ein allereie opppheita debatt. Dette var tenkt å vera ei kjærleikserklæring til kyrkja og til det å vera menneske.

Omgitt av Skapande kjærleik
der får eg leva og bu,
midt mellom speglar og gåter
vaklar eg trygt i tru.

Heidi

Den gongen eg nesten reiste med toget

plakat

 

Dersom alt hadde gått som eg håpa i mine ville idear på måndag, så hadde eg akkurat nå vore på teater. Eg hadde frykteleg lyst til å sjå stykket som Sunniva har skrive for Irene. Irene har regieksamen i dag på Høgskulen i Oslo.  Irene og Sunniva har vore bestevenninner sidan dei var tre år og gjekk i barnehagen saman. Dei har gått på skule i lag i alle år, og nå bur dei saman i Oslo i lag med to andre venninner. Det er Irene si eksamensoppgåve å setja opp stykket, og det er kjempekoseleg at ho set opp noko Sunniva har skrive spesielt til henne.

Dessverre er det langt til Oslo, og det er midt i veka, så det er ikkje bare, bare å dukka opp der, sjølv om ein gjerne ville… Spesielt ikkje for dei av oss som ikkje er glade i å fly. På måndag fann eg ut at det faktisk kunne la seg gjera dersom eg fekk byta vekk siste undervisningsøkta, sprang ned på toget, gjekk rett frå toget til teateret og sette meg på nattoget etterpå slik at eg kunne gå rett på jobb i morgontidleg… Eg var heilt gira på ideen, og hadde planar om å gjennomføra han så sant det let seg gjera, men mine planar vart møtte med lite entusiasme… Eg kan jo alltids håpa at dei kjem til å setja det opp på Bryne og…

image

 

Her er siste innspurt på manusskriving på Hå gamle prestegård i romjula.

IreneOg her er fine Irene som akkurat nå debuterer som regissør.
Eg innsåg i går kveld at sjølv om eg spontant hadde kjøpt meg billigbillettar til toget, så hadde eg ikkje kome meg i veg, så det var nok best på alle måtar at eg aldri kom så langt.

Om mannen min har kome i femtifemårskrisa, eller om han bare har eit sunt behov for å tøya eigne grenser veit eg ikkje, men dei siste månadane har han begynt å trena til å sykla Nordsjørittet. Dei første gongene han var på langtur hadde han vondt i ryggen i fleire dagar etterpå på grunn av den uvante stillingen, men nå gjekk det etterkvart betre. I går la han i veg med friskt mot, hipt sykkelutstyr og klikkpedalar, men etter ikkje så alt for lang tid kom han tilbake nokså mørbanka. Han hadde måtta bråbremsa for nokre gutar, bremsene virka så godt at han stupte over styret med hovudet først og føtene godt fastlåste i pedalane.

Heldigvis hadde han klart å ta for seg med begge hender, og heldigvis så hadde han hjelm på hovudet. Etter ei stund var smertene i venstrearmen så sterke at han fekk Odd Christian til å køyra seg til legevakten, der han vart send vidare til sjukehuset og røntken der han fekk påvist eit brot i albogen. På veg heim vart han klar over kor vondt han hadde i høgrearmen og, og innsåg at han nok burde ha bedd dei sjekka den og.

Då han kom heim ,oppdaga han at han ikkje fekk til å eta eller drikka sjølv, for han klarte ikkje å løfta eller bøya verken venstre- eller høgrearmen. Etter ei natt med mykje verk var det like vondt i dag morges, men heldigvis var galgenhumoren der framleis. Den nye dyre treningsgenseren hans måtte me nesten klippa av, men til slutt fekk eg vrengt han av han under høglydte ulydar. Før eg måtte på jobb, sette eg ein tallerken med oppskorne brødbitar på ein stabel bøker på kjøkkenbordet, slik at han kunne eta dei utan å bruka armane. Me var begge to stygt redde for at mannen ikkje bare hadde ein, men to brekte armar, og lurte på korleis dette skulle gå.

Far måtte tilkallast for å kjøra han til sjukehuset igjen… Heldigvis viste det seg at høgrearmen bare hadde skadar på muskel, sener og bløtvev, noko eg trur på godt gammalt vanleg norsk må bety omtrent forstua og forstrekt… Eg fekk lov til å gå heim etter at undervisninga var slutt, og fekk streng beskjed om å kjøpa med meg sugerøyr.

image

Dette er eit glas solo med sugerøyr tilpassa ein person som ikkje kan bruka armane…

Heldigvis går det allereie nå framover. Det skada mannen får til å bøya og løfta høgrearmen igjen, i alle fall i smertelindra tilstand, så dette skal nok gå bra. Det kan imidlertid sjå ut som om det ser stygt ut for Nordsjørittet… Og på ein dag som denne skal eg vera fintfølande nok til ikkje å fortelja om den gongen han ville begynna å stå på snowboard. På den andre sida, nokre av oss får av rein pyseskap og overdriven forsiktigheit aldri prøvd ut vårt fysiske postensiale. Kanskje eg skal våga meg frampå med eit nyskapande ordspråk? «Den som intet vågar brekker ingenting.» (Bank i bordet med tanke på alle lårhalsar og liknande…)

Heidi