Eg har alltid syntest det var noko nesten eventyrslottaktig over store russiske kuplar med spir på toppen. I Tallinn er det ei veldig fin russisk ortodoks kyrkje, og eg hadde bestemt meg for at der ville eg inn ein dag.
Kyrkja var nydeleg inni og, men det stod spesifisert at det ikkje var lov å fotografera, så det måtte eg nesten respektera.Framme i kyrkja der alterpartiet er i katolske og reformerte kyrkjer er det eg trur deinkallar ikonostasen. Det er ikonvegger med gullutsmykning og forskjellige dører. I Sofia var me for nokre år sidan med på ei ortodoks messe. Det var vakkert, men ikkje så lett å forstå, og det hadde ikkje med språket å gjera. Det var ulike symbolhandlingar, for eksempel at presten gjekk ut og inn gjennom dei ulike dørene. Med stor respekt så vågar eg å seia at eg fekk litt assosiasjonar til dokketeater. Når det er sagt så må eg skunda meg å fortelja at eg er veldig glad i dokketeater, og gjerne driv med det sjølv, ikkje minst i kyrkja… Det dei kanskje er flinkare enn oss lutheranarar til er å framstilla mysteriet gjennom meir enn ord. Det er ikkje sikkert at ord er den beste måten å formidla eit mysterium på.
For meg var det sterkt å koma inn der. Ein kunne kjøpa vokslys til tenning på lysaltera, slike tynne lys som luktar av bivoks. Eg tende dei og hadde nokre heilage minutt for meg sjølv medan eg kjende på kor sterkt det var å vera inne i dette romet der bønene heile tida fyller tomrommet mellom veggane.
Eg hadde veldig lyst til å få med meg ein tur på ein sight- seeing- buss, så det bestemte me oss for å
gjera i dag.
Eg liker å bli frakta rundt i ein by medan nokon fortel meg historiane som høyrer byen til. Aller best er det sjølvsagt med ein levande og inspirert guide, men litt knirkete engelsk frå lydband via øyrepluggar som aldri vil halda seg på plass i øyrene, funkar det og. Dei sa at det var ekstremt farleg å reisa seg opp under turen fordi det store deler av ruta gjekk trikkeleidningar over bussen. Eg tok meg sjølv i å sitja og dukka i tillegg til å halda meg fast…
Etter turen var me innom ein stor og flott bokhandel. Dei hadde ein liten avdeling for bøker på engelsk, og ein litt større for bøker på russisk i tillegg til alle dei estiske. Eg likar det når dei har store lenestolar plasserte rundt omkring der folk kan ta med seg ei bok og sitja og lesa. Eg koste meg med å bla i bøker med gamle estiske strikkemønster og broderimønster. Eg hadde lyst til å kjøpa med meg begge deler, men tok til fornuft. Eg forstod jo ikkje eit ord av det som stod der, men sjølve mønsteret ville eg jo ha kunna bruka. Barnebøkene måtte eg og bruka tid til å kikka på. Der fann eg ein og annan gammal kjenning.
Me måtte på torget ein tur i dag og. Eg hadde eigentleg tenkt å kjøpa meg sokkar eller vottar med gamle estiske mønster, men dei som var handstrikka var ganske dyre, og vottar er slikt som eg alltid klarer å mista etter kort tid. Men dei er jo fine å fotografera og.
Eg fekk lyst til både å strikka vottar og laga kosedyr… Ein kan jo la seg inspirera…
Elles så var det skikkeleg liv på torget i dag. På scenen opptrådte det eit band som for meg høyrdest ut til å vera i skjæringspunktet mellom Vamp, DDE og Tre busserulls. Eg trur dei hadde både gitarar, trekkspel og fiolin i tillegg til ein energisk vokalist. Folk song med og koste seg, det gjorde me og sjølv om me ikkje forstod teksten. På bussen vart me fortald at song er veldi viktig for estlendarane og at faktisk det med song og musikk skal ha vore med på å byggja eit indre samhald som var med på driva fram frigjeringa frå Sovjetunionen i 1991. Estisk er eit språk med svært mange vokalar, og i fylgje teorien på lydbandet på bussen, så gjer det språket ekstremt songbart. Det trur eg på.
Det skjedde mykje anna og i sentrum av gamlebyen. Det var utallige utdrikningslag på gang, det var mange gatemusikantar, det var eit veldig antall sykkeldrosjar, ein del av dei med el- motor, og i tillegg møtte me på denne spretne karen og kameraten hans:
Me gjekk mange lange trapper opp til ei borg, og det gjekk batteriet ut på mobilen, så det fekk eg ikkje fotografert. Noko som er litt morsomt er at ein av dei aller mest populære restaurantane i byen er ein veganar- restaurant. Me prøvde å få bord der inngår kveld eller i kveld, men det me fekk tilbod om var i dag klokka fem. Eg trur eg kjem tilbake til akkurat det i eit seinare innlegg.
Etter ein liten pause på hotellet, måtte me jo ut og få med laurdagskvelden i Tallinn.
Eg er oppriktig betatt av denne byen. Eg trur nesten han seglar opp som ein favoritt saman med København, Amsterdam og Roma…
Heidi
Eg har jobba meir med salmen eg skreiv før eg reiste. Eg har teke med gode råd eg fekk av dykk som les, og har forandra på nokre av versa og det siste refrenget. Eg har nå med eitt vers meir enn i den første versjonen. Burde eg ta vekk eit av versa? I så fall eit av dei to siste? Eg har nå mista symmetrien med to vers mellom kvart refreng, det er ikkje sikkert det gjer noko? Eg kunne nok skriva eit vers til, men trur kanskje teksten er i overkant lang allereie? Eg tek veldig gjerne i mot gode råd 🙂 Slik er teksten akkurat nå:
For jorda, vår mor
*
Nå flettar me bøner for jorda, vår mor,
for ho som skal trøysta og bera
blomar og vatn og mat til vårt bord,
Guds skaparverk høgt vere æra.
*
Me føddest på jorda, og her skal me bu
skal arbeida, leva og smila,
skal gråta og vakla i vemod og tru,
skal elska og le og fortvila.
*
Kom hjelp oss vår skapar å skapa på ny
eit håp når alt håp vil forsvinna,
eit håp i kvart hjarte, eit håp for kvar by,
me ser me har vore forblinda.
*
Nå flettar me bøner for jorda, vår mor,
for ho som skal trøysta og bera
blomar og vatn og mat til vårt bord,
Guds skaparverk høgt vere æra.
*
Så tilgi oss, Herre, me hugsa å ta,
men gløymde å dela og tenka.
Me sansa oss ikkje, alt ville me ha
av dette som glitra og blenka.
*
Nå strekker me hender mot syster og bror,
i tillit og tru på Guds nærleik,
for håpet er vake, og vona er stor,
kom fyll oss, du himmelske kjærleik.
*
For visst kan me vaka, og visst kan me be,
og visst kan me trøysta og handla,
og me har eit løfte; Det gode kan skje,
og framleis kan alt bli forvandla.
*
Så flettar me bøner for jorda, vår mor,
for ho som kan trøysta og bera,
blomar og vatn og mat til vårt bord,
Gud Skaparen høgt vere æra.
Heidi
Denne byen var det koseleg å vakna til i dag. Me fekk sett ein del i går kveld og forventningane til å oppleva bygatene i dagslys var store. Det var så mange menneske i frokostsalen at me brukte eit bord som stod nesten ute i resepsjonen. Ein bestefar byssa barnebarnet ved å kjøra barnevogna fram og tilbake på golvet medan han nynna høgt. Det varvakkert å vera vitne til. Ute regna det, men det la ingen stor dempar på byvandringa. Det var så mykje å sjå og sansa på alle måtar.
Dette biletet er teke rett utanfor hotellet vårt.
Rett nedanfor der me bur er det av alle ting eit marsipanmuseum. Det er og ein butikk der med eit rikt utval av figurar laga i marsipan som ein kan kjøpa med seg. Eg lurer forresten på kven som kjøper ei stor korg med marsipanroser for femti euro… På vår veg ned gata vår til torget passerte me og diverse galleriet, så det tok litt tid å koma seg dit.
På dagtid var torget fullt av boder, og mykje av det dei selde var handarbeid, sydd strikka, tova eller skore ut i tre.
Og denne litt melankolske mannen sat på gata og spelte balalaika, akkurat her spelar han den songen frå Dr. Zhivago som på norsk heiter «En gang et sted…»
Me gjekk inn i den evangeliske kyrkja som var open, men då me kom inn viste det seg at det akkurat då var begravelse der inne. Presten sa akkurat nokre ord og så song dei » Så ta da mine hender» på estisk. Det virka faktisk som om det var andre turistar der inne og, men alt var veldig roleg og høgtideleg. Det kjendest likevel ikkje greitt å vera tilskoderar til ei privat sørgehøgtid, så me gjekk ut igjen. Me får heller gå tilbake seinare.
Noko som gjorde stort inntrykk i dag, var eit besøk på okkupasjonsmuseet. Ved inngangen og inne i museet var det skulpturar i form av koffertar laga i betong. Eit sterkt og talande bilete. Det slo meg der inne kor forskåna me har vore i vårt hjørne av verda. Eg visste at dei baltiske landa hadde ein ganske trist historie, men dette var mykje verre enn eg visste om. Dette er ein historie me har høyrt lite om på skulen. Under den siste okkupasjonen frå Sovjetunionen si side vart mange estlendarar rett og slett deporterte til Sibir og til andre stadar. Russarar vart flytta til Estland for å stabilisera folkemengdene her. Like før andre verdskrigen kom esterane i ei forferdeleg klemme mellom Hitler sitt Tyskland og Stalin sin Sovjetunion. Det slo meg kor lite eit menneske er sett i forhold til dei store systema me er ein del av, og kor mykje urett og maktmisbruk mange menneske blir utsette for. Først i 1991 vart Estland fritt igjen. På TV- skjermar vart det vist veldig fine dokumentatar om Estland under ulike epoker det siste hundreåret. Det var eit flott museum. Eg skulle gjerne brukt ein heil dag der for å få med heile historien.
I kjellaren på museet var det ei samling med gigantiske skulpturar av russiske statsleiarar som stod plasserte rundt i byane. Dei vart rivne ned då Sovjetunionen løyste seg opp. Dette er Kalinin. Kva som skjedde med høgrehanda hans veit eg ikkje. Det var merkeleg å sjå på desse skulpturane. Utan at det var direkte tilsikta, så føltest det nesten som å vera i eit skrekk- kabinett… Heldigvis finst det koselegare skulpturar i dagens Tallinn…
Desse passar godt ein regnversdag sist i juli.
Og desse tener som gatestengsel i staden for ein bom. Er dei ikkje fine.
Heidi
Til nå har me fått mykje reise for pengane. Det viste seg å vera tre timar buss for tog på det Latviske toget. Stasjonene viste seg å ligga godt spreidd. Ein plass kjørde me på ein veldig smal grusveg gjennom ein skog for å koma til ein avsidesliggande stasjon der det viste seg at ingen skulle av eller på, og så var det å snu og kjøra tilbake den same grusvegen. Heldigvis så nådde me toget me skulle ta frå grensa til Estland. Det estiske språket har ein heilt annan lyd enn det latviske, og eg meiner å ha høyrt at dei er veldig forskjellige. Språket som blir snakka over høgtalaren minner veldig om finsk. Me stoppa nettopp i byen Puka, som vart uttalt med finsk p slik at det nesten vart «Booka».
Dette toget er veldig moderne i forhold til det forrige, det er lyst og luftig med stripete seter i oransje og svart. Det einaste problemet me har nå er at me er usikre på om me må skifta tog eller ikkje. Konduktørdama snakka absolutt ikkje engelsk. Eg tolkar informasjonen som at me skal byta tog i Tartu. Leif trur ikkje det. Det er ein time til me er der, så det skal me klara å finna ut…
Akkurat nå er det sol ute, men me har kjørt gjennom ganske mange regnbyger. Eg trur verutsiktene i Tallinn er at det skal vera nokså skiftande ver medan me er der. Det blir spennande å koma fram. Som vanleg så har eg ikkje funne ut noko som helst om byen før eg kjem dit. I fjor var me i Vilnius i Litauen, der var det veldig spesielt og heilt fantastisk fint. Nå vil det visa seg om Tallinn liknar eller er heilt annleis. Og i neste veke blir det Riga om alt går som me har planlagd. Nå legg eg i-paden ned litt, og så fortset eg på innlegget seinare.
Men først kan eg fortelja at akkurat nå kom det ein ung og søt billettkontrollør som snakka engelsk. Han forstod godt at informasjonen var litt forvirrande, men kunne forsikra oss om at det same toget går vidare til Tallinn. Me måtte absolutt ikkje gå av i Tartu, for der står det i bare eitt minutt. Greitt å vita.
Etter litt meir enn tre timar på det estiske toget ankom me Tallinn, det var ca fjorten grader ute, og det regna, så det var greitt at eg hadde regnkåpa i nettet.
Etter omtrent eit kvarters gange med trillekoffertane våre, så var me ved hotellet vårt i gamlebyen i Tallinn. Me bur i eit middelalderhus i ei av dei gamle gatene i indre delen av gamlebyen. Det er eit slikt murhus med bindingsverk og metertjukke vegger. Rommet vårt ligg delvis under gatenivå med eit lite vindauge høgt oppe på veggen. Det minner i grunnen ganske mykje om ei klostercelle, og det i seg sjølv er jo interessant.
Klokka nærma seg ni då me hadde funne romet og sett i frå oss tinga, og me gjekk mot torget i gamlebyen for å finna ein plass å eta. Me havna på ein kinarestaurant i kjellaren på eit anna middelalderhus og der var det ikkje vindauge i det heile tatt. Nokså fort kjende me at me måtte bli ferdige med maten og koma oss ut i lyset.
På torget i gamlebyen var det mykje liv sjølv om det regna og begynte å bli mørkt. Folk sat under markiser rundt varmelykter eller trekte inn i restaurantane. På trappa til ein skotsk pub stod det ein skotte med kilt og spelte sekkepipe så det ljoma mellom murhusa. Utenfor nokre restaurantar der dei selde tradisjonell estisk mat, var det folk i folkedrakter eller middelalderdrakter for å skapa stemning. Me havna på ein restaurant med konditoriavdeling og fann ut at det rett og slett var akkurat nå me skulle kjøpa oss kake. Det gjorde me, det var mektig og smakte godt, så nå får me seia oss ferdige med den delen av opplevelsesferien. Å sitja på eit fint gammalt konditori med kaffi og kake seint på kvelden medan regnet høljar ned ute var forresten ganske koseleg. Det har eg aldri gjort før. Det kan anbefalast.
Etterpå gjekk me ein liten runde i gamlebyen. Det hadde blitt mørkt, og det var nesten det første streifet av den årstida som begynner på h og som eg ikkje skal nemna namnet på på lenge endå. Framleis skriv me juli, og august er og ein sommarmånad…
Der ser veldig fint ut her. Nå gler eg meg til å sjå byen i dagslys i morgon.
Heidi
Eit situasonsbilete av hr og fru Harboe trygt på plass på eit latvisk tog. Me er litt spente på dette prosjektet fordi alle her har rista på hovudet over at me vil ta tog til Tallinn og hevda at hurtigbuss er det einaste smarte. Så langt er alt vel. Internettet fungerer til og med. Det kan me ikkje påstå at det gjer på strekningen Stavanger- Oslo, så det er ikkje lite bare det. Me starta med lokaltog frå. Jurmala til Riga, og nå er me på eit tog som skal ta oss til den litauiske grensa. Der skal me skifta tog, og så er det viss endå eit togbyte før me er framme. Eg har allereie kost meg med første del av nista innkjøpt på stasjonen fordi me ikkje reknar med at det blir mat å få kjøpt før me i beste fall er i Tallinn i åttetida. Niste smakar alltid godt, men latviarane er tydelegvis veldig glade i majones. Eg tenkte at ei litt tjukk lefse med ost i midten sikkert var majonesfri, men der tok eg feil.
Toget hummar av stad og skal visstnok bruka fem timar til grensa, ein strekning me tilbakela på halve tida med bil. Me har kjørt gjennomforstadar til Riga, og nå kjører me gjennom ein skog. Det er veldig mykje skog her. Temperaturen ute er bare femten grader, så det er ein utmerka dag å bruka til reisedag.
I går ettermiddag regna det så pass heftig at me droppa badeprosjektet sjølv om dei hadde lova sol utover kvelden. Me valde oss ut ein usbekisk restaurant ein plass i den lange promenadegata i Jurmala der uterestaurantane ligg tett i tett. Så langt som me klarte å finna ut, så var det i grunnen den einaste handlegata der i byen. Me sat tett inntil veggen undre ein markise medan det høljeregna utanfor. Det var i grunnen ganske koseleg. Usbekisk mat viste seg å smaka kjempegodt, så viss du les dette, Kristine, den må du prøva når du kjem til Jurmala.
Etterkvart klarna det opp. Me gjekk tur i ein veldig fin park med høge grantre der det var spesielt tilrettelagt for barn med vegar for rulleskøytebruk, små banar for syklar og trehjulssyklar og mange leikeapparat. Nede ved stranda var det stor konsert med ei latvisk
sangstjerne og masse liv. Me sette oss på ein benk tilknytta ein uterestaurant, benken var våt etter alt regnet, og ein kelnar gjekk og henta puter til oss. Der sat me ca fem cm frå havkanten og såg på folk som gjekk tur og på nokre få som bada. Me angra nesten litt på at me ikkje hadde med badetøy for det såg kjekt ut å bada. Jurmala ligg bare ein drøy halvtime frå Riga med tog, så viss badeveret skulle koma for fullt, så kan me ta oss ein tur dit ein av dagane me skal vera Rigaturistar. Det var ikkje verst å sitja på stranda og kikka heller med litt god drikke. For mitt vedkomande vart det ferskpressa appelsinjus og varm kakao. Begge deler smakte usedvanleg godt.
På mummihushotellet foregjekk frokosten utomhus under eit overbygg. I dag morges var det litt småkjøleg så det er greitt at me ikkje er utstyrte som reine sydenturistar. Min litt rastlause reiseven syntest at Jurmala var ein slik by det var akkurat passe å vera to netter i.
Nå stansa nettopp toget i Segulda. Der er me jo litt kjende. I dag regnar det der. Rett framfor oss sit det ein latvisk familie med ein liten gut. Først trudde eg at det var mor son og bestefar, men ho har kyssa han fleire gonger på kinnet, så nå er eg litt usikker. Dei snakkar ivrig, og eg forstår naturleg nok ikkje eit kvekk. Det følest litt frekt å sitja her og skriva om dei, sjølv om eg veit at viss han snudde seg og snappe i- paden frå meg så ville han ikkje skjøna eit ord. Nå skal eg oppføra meg og skriva om noko anna…
Granskogen har blitt til bjørkeskog. Langs jernbanesporet veks det store mengder geitrams. Me stoppar på ein ny stasjon. Alt er beroligande, søvndyssande og herleg monotont. Ein mann med ryggsekk og krykker som liknar litt på min forlenget avdøde morfar går av toget. Eg innser at dette heilt bokstaveleg talt ikkje er mykje å skriva heim om, som det så fint heiter i uttrykket. Eg får koma tilbake seinare. Nå varslar dei forresten buss for tog, så eg får rydda saman.
Heidi
Me er tøffe på kvar våre måtar. – Og høgst sannsynleg så er me alle nokså lite tøffe på kvar våre måtar. Det er bare ikkje kvar dag me snakkar høgt om det. Min reiseoperatør, ektemann og bestevenn er tøff på måtar eg ikkje ville drøyma om å vera det. Han er opprømt og glad når han får pakka ryggsekken sin med ein tannkost og eit minimum av klede, samt nokre tunge fotolinser for å dra til Bolivia eller Brasil og vandra omkring der i Langtvekkistan mutters aleine i tre- fire veker. Få ting ville vera meg fjernare for å seia det sånn. Eg er glad i å reisa, men det må vera nokon der å dela opplevingar med, nokon ein kan gå seg villt i lag med når eg ikkje finn vegen, nokon som registrerer det dersom eg blir knivstukken på gata eller får hjarteinfarkt på hotellromet…
Eg trur eg er eit ganske tillitsfullt og avslappa menneske, men samtidig har eg nok fantasi til at katastrofetankegangen alltid er ein halvmeter frå meg. Eg har diskutert med Leif, og min teori er at det er fleire som liknar meg enn som liknar han på dette feltet… Eg reiser svært gjerne aleine for å besøkja kjære venninner i Bærum, på Røyse eller i Hønefoss, men til og med ein helgetur til Trondheim for å bu aleine på hotell fristar meg lite…
Nå i føremiddag øver eg meg litt. Leif har dradd til flyplassen for å levera leiebilen. Samtidig skal han ordna nokre tog og bussbillettar i Riga, så eg har føremiddagen for meg sjølv i Jurmala. Eg har bedd han leggja flybillettane att på hotellromet, men eg lurer på om han har gløymt å ta passet mitt ut av veska med viktige dokument. Eg har bedt han kjøra forsiktig og passa godt på seg sjølv, samtidig som eg har katastrofeplanane klar i hovudet om korleis det er klokast å gå fram for å ordna det praktiske dersom han kjem i ei trafikkulykke og for eksempel hamnar på eit eller anna sjukehus. Akkurat som om det er slikt ein kan tenkja ut på førehand… Eg ler litt av meg sjølv, og er i grunnen ikkje så frykteleg engsteleg. Nå skal eg ta meg ein tur ut og kikka på livet heilt aleine… Og tenk kor lita verda er. Det er merkeleg at de som les dette bare er eit tastetrykk unna. Du all verda så mange gode råd eg ville kunna få dersom eg plutseleg skulle trenga det… Ha ein fin dag alle saman, i trygge eller utrygge omstendigheiter. Gud breie sin fred omkring oss.
Heidi
I dag føremiddag reiste me tilbake til Latvia, nærare bestemt til byen Jurmala, som mange har anbefalt oss å besøkja. Det var ei positiv oppleving å sjå hotellet me har bestilt rom på i to netter. Det ser ut som om det er henta direkte frå Mummidalen og er eit av desse gamle husa som har blitt sett i stand og renovert. Huset er bygd for hundre år sidan, og er visstnok verna av det som måtte tilsvara riksantikvaren. Det ligg i kort gåavstand til både stranda og sentrum.
Dette er ein veldig annleis by enn dei fleste andre stadane me har vore. Prisnivået er høgare, me ser nesten ingen «nedfallshus», butikkane er fine og moderne, og byen er full av det som ser ut til å vera ganske pengesterke turistar. I tillegg er det veldig fint her med eit lite strøk av » syden» . Me hadde ikkje vore her lenge før me høyrde nokon snakka norsk. Me forstår at me er i meir urbane strok når «alle» plutseleg kan snakka engelsk, og ikkje minst når ei side av menyen er merka med norsk flagg og er på norsk…
Eg lurte på om dei som har oversett menyen kan meir norsk enn meg, for eg har aldri før høyrt tale om retten «sildepels» . Til orientering så heiter det sildesalat på språk det er naturleg å samanlikna seg med… Og roe heiter rødbet på dansk. Eg burde kanskje bestilt sildepels for å visa at eg sette pris på omsetjingsarbeidet, men det gjorde eg ikkje.
Denne mannen slo til med noko så avansert som andebryst etter å ha levd ei stund på trerettars latvisk middag til tre euro og usteikt hamburgar sausa inn i thousand islandsaus som måtte smugkastast då vertinna kikka vekk…
Det var han vel unt, men litt for avansert for meg. Me koste oss med maten, visa rundt i byen, drakk kaffi og åt kake på ein liten koseleg kafé og smugkikke på ein mops som me og måtte smugfotografera litt. Etter å ha blitt kjend med Ingrid sin Oscar så tek me oss begge i å fylgja etter mposar på gata når me ser dei med ein litt opprømte følelse i brystet, me er viss ikkje heilt gode. Me ende på stranda der me vassa litt og bestemte oss for å kanskje bada seinare.
Me såg og ein plakat for ein konsert med eit tango- orkestar og fann ut at det fekk bli vår kulturopplevelse i dag. Då me kom dit viste det seg at me var tidleg ute. Konserten er først 28. august. Då fekk det bli meir byvandring i staden.
Me møtte ein gjeng kattar som og hang ute i byen i kveld. Plutseleg vart det nesten mørkt som om natta, og me forstod at eit skikkeleg regnver var på veg. Plutseleg opna himmelslusene seg og me søkte tilflukt under ei markise utanfor eit konditori der me drakk te og cola- light og kikka på folk. Ei gammal dame i gul regncape selde oss blåbær utan at me forstod eit ord av det ho sa. Etter ein times tid roa regnet seg såpass at me kunne springa tilbake til hotellet og nesten koma fram tørre.
Heidi
Før eg går vidare må eg visa litt av bileta og fortelja litt av det eg opplevde då me køyrde frå Segulda til Krapi i går.
Første stopp var Celsis, ein by med ei stor borg og med eit middelalderaktig sentrum. Dette var byen som var omtrent slik me trudde Segulda skulle vera. Kanskje me har blanda informasjonen. Me har omsider funne ut korfor så mange byar har namn som sluttar på – pils, og korfor hotellet me budde på i går heitte hotell Pils. Pils betyr rett og slett slott på latvisk og har ikkje noko med den i Norge meir kjende drikken med same namn.
Det har skjedd noko merkeleg med meg. Plutseleg synest eg at dei veldig malingsslitne og forfalne husa her er vakre. Kanskje det er slik dei ser det her i Latvia? At slitt trevirke som får stå umalt er vakkert på ein naturleg måte? Eg er ikkje sikker på om me bør prøva det ut i Kong Sigurds gate på Bryne…
Ein ting som utan tvil er veldig vakkert er storkereir med ungar i. Folk legg til rette for å få stork på eigedomen ved å setja opp tårn til dei og nesten byggja reir for dei i dertil eigna kjerrehjul på toppen. Eg er usikker på om dei gjer det fordi det er koseleg med ein storkefamilie på garden, eller fordi dei gjer nytte for seg ved å eta mus og froskar og eventuelt andre småkryp dei ikkje er glade for å ha for mange av.
Eg skulle gjerne ha ein stork i hagen… Dei har jo hatt ein del stork i Danmark før, men nå er dei i ferd med å forsvinna heilt på grunn av nye jordbruksmetodar.
På vår veg oppdaga me noko me aldri har sett liknande til før. Midt i skogen låg det ein liten kyrkjegard med graver mellom dei høge trea. Mange av gravene hadde bare enkle trekors. Eg trur
det er den vakraste kyrkjegarden eg har sett nokon gong.
Etterkvart havna me i ein liten by som heitte Limbazu. Der fann me ein kafé der dagens rett var ein trerettars latvisk middag, me forstod ikkje heilt kva det var, men sidan ein trerettars middag ville kosta oss tre euro kvar, så fann me ut at det burde me få med oss.
Den første retten var ei lys suppe med poteter og nudler og masse dill. Suppa smakte heilt greitt, men trong litt salt og pepar for å bli kvessen.
Neste rett var ei ganske stor kjøttkake med løk og karve i. Dei er glad i karve her, og det er eg og. Bortsett frå karven så var det ikkje ulikt ei gammaldags norsk kjøttkake. Til denne vart det servert kokte småpoteter med lys saus over og raudkål med persille.
Desserten var det mest framandarta. Utgangspunktet er sikkert å få til å laga ein relativt billig og søt avslutning på eit måltid. Eg tippar at utgangspunktet er piska margarin og sukker til luftig krem, kanskje tilført eit egg. Så er det blanda i litt stivelse slik at konsistensen er blitt litt puddingaktig. I denne blandingen har dei hatt eit par skeier cornflakes og litt kanel. Dette blir servert i små klattar pynta med ei spiseskei tytebærsyltetøy, eit lett kokosdryss og eit friskt bringebær på toppen. Dette er nok ikkje noko eg kjem til å prøva meg på heime, men det minner meg om den typen billige «kvardagsdesserter» som me lærte å laga på skulekjøkkenet, og som knapt nokon lagar lenger. Då tenkjer eg på type rosenpudding, semulepudding, sagosuppe og trollkrem. Dette måltidet gav meg rett og slett litt ein følelse av 60- og 70- talsmiddag, sjølv om det for oss var ukjende rettar.
Etterpå måtte eg fotografera fleire gamle fine hus.
Men sjølv for meg kan det framleis bli litt vel gammalt. Hus som dette er det fleire av i byane.
Så gjekk ferda til Estland, og resten av dagen skreiv eg om i går.
Heidi
I dag trur at eg startar der eg er akkurat nå, nemleg på Krapi Guesthouse i Krapi i Estland
. For å koma hit har me kjørt på ein lang og smal bygdeveg i lange tider gjennom ein skog med havet i Rigabukta blenkjane rett der ute. Me fann denne plassen via internett i dag tidleg, og bestemte oss for å kjøra nordover og over grensa til Estland. Huset ligg som eit lite pensjonat i hagen til Carina som styrer her. Carina er ei nydeleg lyshåra dame i førtiårsalderen, blid og veldig vennleg. Ho snakkar estisk, latvisk og russisk, men dessverre nesten ikkje engelsk, så kommunikasjonen oss i mellom går med veldig enkle setningar og mange spørsmålsteikn. Dersom det blir for vanskeleg, ringer ho dottera på tjue som snakkar engelsk og så prøver mora å få til å forklara det til oss på engelsk på telefon. Yngstedottera på fem spring rundt i rosa ballettskjørt og snakkar til oss på estisk i eit kjør. Eg smiler så fint eg kan til henne og svarer på norsk på det ho kanskje spør om. Ungar er fine å kommunisera med på den måten. Ho kjem med tomatar, rips og kirsebær til oss og me takkar så fint me kan. Eg har lært at tomat heiter tomat og kirsebær kirsj, så læringskurven er bratt. Ein diger langhåra leiken schæferhund spring og fritt omkring, dei forsikrar meg om at han er bare snill, og det trur eg på. Sidan gjestehuset ligg rett i hagen deira, så har me trukke oss inn nå fordi dei akkurat skulle eta middagen som mannen i huset har grilla rundt bordet der ute. Gjestehuset er bygd med fleire rom og ei felles stove med kjøkken, felles do og dusj og TV og vaskemaskin. Utanom oss er det bare to svenskar her, dei har eg så vidt helst på.
Eg har nå trekt ut att, for det er der Internett virkar, men eg trur eg snart må inn att, for myggen et meg levande. Hunden spring til og frå og hentar konglar som han vil at eg skal kasta til han, han hopper opp og fanger dei med munnen. Veslejenta serverer sandkake med gras i frå eit spann og det må eg og smaka på.
Denne staden liknar i grunnen ikkje på nokon annan plass eg har vore. Langs vegen gjennom skogen rett ved havet ligg det med jamne mellomrom bittesmå grender med relativt få hus. Då me kom hit, trengte me å få handla litt, så me kjørte til næraste grenda der det var ein bitteliten landhandel med nokså moderat utval av alt anna enn alkohol. Dei to damene som jobba der snakka ikkje engelsk, så det gjekk på peiking og smil.
Det var og ein fin liten skule i grenda og ei bittelita trekyrkje. I tillegg var det eit bittelite sterkt grasgrønt gravkapell og ein kyrkjegard. I tillegg fann me ein liten kafé der dei reklamerte med at dei hadde wi-fi. Me gjekk inn for å sjå kva dei hadde. Det einaste me forstod var hamburger, ein relativt internasjonal rett. Eg lurte på om eg skulle prøva å formidla til dama der at ho måtte steika dei godt, men eg lot det vera. Dels fordi eg var redd for å virka uhøfleg og litt fordi eg ikkje rekna med at eg ville klara å forklara det sidan ho ikkje snakka engelsk. Eg foreslo for reiskameraten at me skulle setja oss utanfor på eit av borda der på grunn av ei nokså påtrengjande myggellukt i lokalet. Då me fekk hamburgarane var dei bada i thousand- Island- dressing, som ikkje er min favoritt. Me lurte på koss me skulle få til å eta det utan å bli heilt tilklinte av rosa majonesdressing.
Ei stund såg det ut som om eg for min del ville sleppa unna det problemet, for plutseleg sat det ein kjempestor hund på sida av meg på benken som prøvde å få tak i maten min. Han såg litt grønlandshundaktig ut, og hadde av ein eller annan grunn på seg eit elektronisk halsband. Ein av mennene som sat og drakk på eit av dei andre borda kom og henta han og forklarte meg at den hunden ikkje eigde oppdragelse. Det er den hunden du kan skimta i bakgrunnen på biletet nedanfor.
Då me skulle bita i hamburgarane, viste det seg at dei var heilt råe inni, og ingen av oss hadde spesielt lyst til å eta dei. Me fann ut at me måtte prøva å kasta dei i smug i ein søppelkasse på staden, for å dra dei klissete greiene inn i leiebilen for å kasta dei var heller ikkje aktuelt. Me lukkast med prosjektet. Leif klarte ikkje heilt å bestemma seg fordom staden me hadde kome til likna mest på Bakkebygrenda eller Twin Peaks…
Me hadde jo kjøpt brød og ost og jus, så det var ikkje synd på oss. Etter å ha sitte ute i vederkvegande sol for oss solhungrige jærbuar, så bestemte me oss for å prøva oss på det første sjøbadet i sommar. Me kjørde ned til stranda der det og var campingplass og båtplasser med nokre store omnar der ein kunne fyra med ved og grilla. Det var og ein gammaldags brønn med pumpe der det gjekk an å pumpa opp vatn. Strendene her er lange og kvite akkurat som strendene heime, og det var god plass sjølv om det var mange som bada. Vatnet var relativt godt og varmt, sikkert minst atten grader. Det var langgrunt, og då me kom ut der det gjekk an å symja såg det litt grumsete ut, eg håpar det skuldast at botnen var litt grumsete. Det er ikkje lett å finna sjøvatn å bada i som kan konkurrera med det me har heime, det vil seia dersom ein held dei reint temperaturmessige sidene utanfor…
Uansett så var det deilig å endeleg få innvia badesesongen. Vêret på turen har gjort oss godt. Det er ikkje kjempevarmt, men tjue grader pluss er meir enn godt nok for dei som har lengta i veker og månadar på at gradestokken skal koma over femten grader. Bare det å få sol på armane og kunna gå barbeint i sandalar utan å frysa er ubeskrivelig deilig. Eigentleg har eg mykje meir å fortelja om dagen i dag, men nettet er ikkje så samarbeidsvillig, så eg takkar foreløpig for meg.
Heidi










































