Gå til innhald

Sundag i Segulda reisedag 3/ 13 – del to

image

Etter at ne hadde kome ned att i byen, drakk me kaffi i ein veldig koseleg hage der dei hadde laga store blomar og store insekt av mose, blomar, tre og metall. Eg vart heilt fascinert av kreativiteten og fekk nesten lyst til å laga noko liknande i eigen hage… Det var og laga små innhegningar med store sauer og griser i ein forstørre variant av sånne plaster som ungar leikar med… Desse var det dessverre ikkje lov til å røra, og den timen me var der sprang foreldre skytteltrafikk for å prøva å hindra viljesterke og målbevisste småbarn som ville leika med dyra. Eg forstår dei godt, eg fekk lyst til å leika sjølv eg…

image

image

image

image

image

Utpå ettermiddagen tok me bilen for å køyra opp til ei gammal borg ca fem kilometer frå byen. Det var sykkel og gangsti dit opp og masse folk var på veg. Me var litt seint ute, men rakk å gå ein tur i det fantastiske hageanlegget rundt borga som og var kloster i mange år. Dei av oss som hadde lyst, fekk og klatra opp dei 170 bratte trappetrinna opp. I dag før me kom hadde det vore ein alvorleg idrettskonkurranse om å springa opp i tårnet på kortast mogleg tid, og det var sett ny rekord på 35 sekund… Kanskje det var den rekorden våre russiske venner frå sist innlegg skulle  prøva seg på…

imageEin del av hagen utanfor var ein skulpturpark der den latviske kunstnaren Indulis Rankas hadde laga skulpturar rundt temaet latvisk livsvisdom. Skulpturane var verkeleg fine.

Skulpturen under vart eg spesielt fascinert av. Han ser slik ut på den eine sida:

image

Og slik ut på den andre:

imageHagen var elles utruleg vakker med masse blomar, epletre og andre tre. Det var og ein stor urtehage med plantar som tradisjonelt har blitt dyrka for å ha til medisinsk bruk.

image

image

Då me køyrde tilbakeke var det folkessmanstimling på brua over elva. Me lurte på kva alle såg på og stoppa for å finna det ut. Det viste seg å vera strikkhoppingg frå gondolen som hang høgt oppe i lufta. Dei kom stupande ned med hovudet først. I beste fall går det an å sjå det på biletet..image

Uæææh, seier bare eg. Nokre av dei skreik forresten stygt i det dei hoppa ut.

Då me kom tilbake var klokka nesten ni. Me hadde tenkt å kjøpa middag, men dei stengde overalt klokka ni. Heldigvis forbarma dei seg over oss i hotellrestauranten, me fekk tilbod om suppe, pasta eller dumplings. Me åt nydeleg soppsuppe, dei er veldig glade i å plukka sopp her. Leif åt spaghetti med kylling, og eg åt vegetariske dumplings fylde med spinat med ein tyntflytande litt rømmeaktig saus. Dei er forresten veldig glade i dill her. Det er dryssa hakka dill over nesten alt maten. Middagen smakte forresten kjempegodt. Kor turen går i morgon? Me har ikkje heilt bestemt oss endå…

Heidi

Sundag i Segulda, Latvia – reisedag 3/13

image

Det et dei små, smale vegane det er kjekkast å køyra på. Dei med masse blomar i vegkanten, gulnande åkrar, malingsslitne små gardar og store høyballar som ikkje er pakka i kvit plast. Dei med masse storkar, der nokre framleis er i reira medan andre reir står tome fordi ungane og foreldra har forlate dei. Slike vegar køyrde me på dei første timane i dag, og med jamne mellomrom stansa me bilen for å fotografera litt. Då me endeleg fekk radioen til å virka var det me tilfeldigvis hadde klart å finna ein lovsongskanal som spelte amerikanske og latviske lovsongar nonstop. Det kunne jo passa godt på ein sundag, og stemde i grunnen sjela til andakt og ettertanke.
image

Seinare kom me inn på ein større veg som mellom anna førde oss gjennom Riga, som me bare fekk ein bittelite glimt av i dag. Dit skal me tilbake når me ikkje har leiebil lenger. Målet i dag var Segulda, ein by me hadde fått anbefalt, han ligg litt opp i høgda. Me hadde fått det for oss at Segulda skulle vera ein gammal middelalderby. Det stemmer ikkje så langt me har sett til nå. Segulda er ein fin plass, men heilt annleis enn me hadde forestilt oss.

image

Rett ved sida av hotellet vårt ligg det fleire konditori. Me gjekk inn på eit av dei for å få oss litt lunsj. Det vart utruleg trongt der inne etterkvart. Me kjøpte oss salat og sat der og beundra alle dei fine kakene i monteren. Dei nærast på biletet er ein slags sjokoladekaker pynta med levande kornblomar. Det såg ut som om det var populært å gå på konditori og eta fine kaker på sundagen. I dag stod me i mot, men me må nok prøva ei skikkeleg latvisk kake ein dag.

imageDetviste seg at Segulda kanskje meir enn noko er ein by for friluftsliv, fotturist, sykkelturar, sport og spenning. Me vart anbefalte ei gangrute for å få med oss litt av det området hadde å by på. Plutseleg kom det gåande ein sporty gjeng i russiske treningsdrakter som såg ut til å vera ein eller annan form for toppidrettstrupp, me fann ut at me kunne gå bak dei for å finna ut kva dei var på veg til, men me haldt ikkje fylgje så veldig langt.

Visst fann me fram sjølv. Me kom raskt opp på ei høgde der ein kunne kjøra ein slags skiheis ned til dalen, eller gondolbane over elva langt der nede. Det var og mogleg å kjøra på ein slags einspora bob- bane ned frå høgda, henga etter armane i ein slags taubane, sykla på line, eller ta ein tur i eit stort pariserhjul…

imageDetser ikkje så frykteleg høgt ut, men det var høgt nok til å vera heilt uaktuelt for meg. I staden engsta eg meg litt over at femåringar fekk køyra aleine utan annan sikring enn den metallbøylen Leif held seg fast i. Eg såg og ein far som køyrde med toåringen sin og opna Bøylestad heilt opp ti meter før dei var framme… Men det er sikkert eg som er galen…

imageimage

imagePå vegen ned beundra me fleire av desse vakre og falleferdige husa, og beundra dei fine blomane både i hagar og parkanlegg.

Og nå ser eg at det må bli del to i dag og… Dokumenta blir så tunge å arbeida med når dei blir så store som dette… Så viss du vil hengja med meg gjennom dagen, så må du rett og slett over på del to. Og eg som hadde tenkt å begrensa meg litt i dag…

Heidi

Ventspils, Latvia – reisedag 2/13- del to

image

Målet for dagen var ein litt større by, Ventspils, som og ligg ute ved kysten. Dette viste seg å vera ein veldig fin by med masse fine skulpturar og nydelege blomar. Byen har og ei veldig finn badestrand som er komen med på lista over dei finaste strendene i Europa. Her har eg måtte redigera ned hard hand både kva eg skulle fotografera og kva eg skulle lasta opp av bilete for å ta med her…

image

 

 

Leif hadde funne ut at akkurat i dag var det konkurranse om å byggja det finaste sandslottet. Eg vil tru at konkurrentane er profesjonelle skulptørar snarare enn barn, for resultata var svært imponerande. Konkurransen var over då me kom ned dit, men me fekk sjå dei nylaga kunstverka. Eg håpar det går fram av bileta kor store dei er. Nå regnar det ute, så eg er redd dette bokstaveleg talt vart kunst for ein kveld.

image

 

Stranda var veldig stor og ende opp i ein stor molo der folk spaserte og sykla. Etter strandturen gjekk me tur i byen. Der var det ein merkeleg blanding av fine skulpturar, flotte blomar, fine hus og ganske forfalne hus.

 

image

 

Ved eit hus der kledninga delvis var i ferd med å falla av, sat det ein mager katt og vaska seg. Me oppdaga to kattungar framfor huset, og til vår overrasking oppdaga me fleire par katteauge frå inne i veggen. Det viste seg at det var fullt av kattar, minst fire- fem, både vaksne og kattungar som haldt til inne i husveggen…

image

 

Me sette oss ned på ein uterestaurant. Der fekk eg servert det mest dekorative middagsmåltidet eg har ete nokon gong. Tallerkenen var dandert som eit kunstverk med grøne urter, oliven, blåbær, tranebær og ein enkelt fiol.

image

 

image

Det var nesten synd å øydeleggja kunstverket, men det viste seg å smaka heilt utruleg godt og. Hovedretten bestod av torsk i ein saus med urter og løk og ris med villris. Det er noko av det beste eg har ete på lenge.

Nå har me hatt ein lang og intens dag. Sjølv om me har kjørt ein del, så har me gått ganske mykje og. Nå er eg trøytt i føtene, og i tillegg er dei ganske sandete etter å ha trava fram og tilbake på tre ulike strender. Reisekameraten min søv allereie tungt her ved sida av meg. I morgon har dei meld ein del regn først på dagen, så då er planen å kjøra til ein middelalderby lenger nord og aust i landet.

Heidi

Ventspils, Latvia – reisedag 2/13

image I dag vakna eg med glad forventning til ein ny og spennande dag. Ute var det varm og fin sommar, det vil seia rundt tjue grader og sol. Me spør ikkje om meir. Dei melder om ein kald og grå sommar her i Latvia og, men det kan tenkjast dei legg lista ein annan plass enn oss. Me gjekk ned i spisesalen på hotellet til avtalt tid klokka ni, der var det dekka eit bord, – til oss, og to damer stod og venta og lurte på om me ville ha kaffi eller te. På bordet stod det eit fat med brødskiver, lyst brød, og sånn veldig mørkt, litt søtt brød med malt og karve, som eg hugsar frå i fjor. I tillegg var det eit lite stykke formkake til kvar. Me tenkte at det kanskje var frokoste, men stussa litt over at det ikkje var tallerkenar. Då kom dei berande på kvar sin overfylte frokostasjett. image image     Me er godt oppdrogne til å eta opp maten vår, men her måtte me gje opp til slutt. Det som var veldig koseleg å observera var at det i eit hjørne av spisesalen var leiker og biletbøker. Eg gler meg alltid over å oppdaga at det er tilrettelagd for at barn skal kjenna seg velkomne. image   Me bestemte oss for å starta dagen med å dra tilbake til Roja, der me ende opp med å ikkje finna overnattingsplass i går. På vegen dit måtte me stoppa for å fotografera både storkar og blomar i kornåker. Jenta på hotellet fortalde at det ikkje er så lenge til storkane reiser sørover att. Nokre somrar dreg dei alt i slutten av juli. Det er ubegripeleg at dei vågar seg i veg på skikkeleg langtur med ungar som nesten nettopp er blitt flygedyktige. image   image For å koma ned på stranda i Roja måtte me gå over ei bru der kjærestepar hadde hengt opp hengelåsar som eit symbol på forholdet deira. Me får håpa det går bra med både Dina og Andis og dei andre. Eg lurer på om dei kastar nøkkelen i elva etter at dei har låst han fast eller om dei gøymer nøkkelen i lomma i tilfelle dei ein mørk kveld må snika seg ned og fjerna låsen… Nede på stranda var det fint med benkjer, leikestativ og skulptur. Eg måtte ut og vassa litt. Det var veldig langgrunt, så vatnet var ganske behageleg. image   På den andre sida av ein lang molo var det ei lita havn med fiskebåtar. Mange var ganske rusta og stygge, men på same måten som husa likevel ganske sjarmerande… image   Me bestemte oss for å kjøra vidare heilt opp til nordspissen av landet mot Rigabukta. Eg trur det heitte Korla der, men skal sjekka det på eit kart i morgon. image   Der var det skog heilt ut til spissen ut mot havet, og turstier som folk kunne gå på gjennom skogen og opp på knausane. Der var det og sett opp eit utkikkstårn som ein kunne klatra opp i for å få god oversikt og utsikt. Frå eit platå gjekk det trapp ned til stranda. Der stod det skilt om at havet ved høgvatn kunne gå heilt opp til platået. Det stod og bilete av ulike sel-artar som kunne koma inn på stranda og eit forbodsskilt mot å klappa selar. Me såg ingen selar… Derimot såg me hestar og menneske som bada… image Etterkvart vart det på tide med lunsj. Det var ikkje veldig mange kafear på denne yttervegen mot havet, men me fant ein utandørskafe i Korla. Framleis mett etter den store frokosten bestilte eg ostetallerken med brød. Eg  fekk nesten sjokk dø eg såg kor stor han var, eg må viss begynna å spørja om kor store porsjonane er. Osten var kjempegod, men sjølv med hjelp frå Leif var det heilt umogleg å eta det opp, dette er ikkje akkurat ei vanleg problemstilling for meg, så det er i og for seg ei interessant problemstilling å føla på kroppen…   image   Turen langs kysten vart ganske lang og vegen var ganske smal. Overalt var det sykkelturistar. Det var interessant å leggja merke til at ingen brukte hjelm, nesten alle sykla i vanlege klede i oppreist stilling, altså ikkje liggjande flate over styret… Veldig mange hadde ikkje racersyklar, og dei fleste hadde oppakkinga i sykkelkorger på styre og bagasjebrett og i ryggsekkjer. Eg la og merke til ein for meg ny type fotturist, folk som i tillegg til eller i staden for å ha bagasjen i ryggsekk, gjekk og kjørde bagasjen sin i bagasjetriller a la barnevogn. Det må jo gå greitt på flate vegar, men vera nokså upraktisk på turar i fjellet eller i ulendt terreng. Det som var litt synd med denne vegen var at det nesten heile strekningen var skog mellom havet og vegen slik at ein måtte ta små avstikkarar for å sjå kystlinja og sjøen. Nå blir dette innlegget så stort og uhandterleg at eg ser at eg må skriva eit blogginnlegg til for å få med alt eg har lyst til å fortelja i dag… Heidi

Talsi, Latvia – reisedag 1/13

imageI dag har eg landa trygt med fly to gonger. For meg følest det nesten som å få livet i gåve to gonger på same dagen… Med andre ord er eg boren trygt til Latvia på vengene til SAS og Baltic Air.  Biletet over viser noko av det eg kjenner att frå i fjor, hus som ser relativt falleferdige ut er det mange av her, men fleire av dei har likevel ein slags eigenarta sjarm.

Når eg og mannen i mitt liv feriereiser, så hender det ofte at det er litt på innfallsmetoden, me lar vegane opna seg etterkvart. Han er av den eventyrlystne typen som liker å finna ut av ting på eiga hand, og eg er med på det meste og synest det er spennande å ikkje vita heilt kva som skal skje… For eit par dagar sidan bestemte me oss for å leia ein bil dei seks første dagane og sjå oss om i Latvia før me landar i Riga. Me fann bilen, og etterkvart fann me vegen og.Etterkvart vart me svoltne og fann ut at me måtte få oss litt mat. Me stoppa ved ei slags veikro der det viste seg at ingen snakka engelsk. Maten dei hadde der var litt ubestemmeleg og virka som ganske solid «bondekost». Me peikte i ein glasmonter på det me hadde lyst til å eta. Eg må innrømma at eg gjorde eit ganske feigt val og peikte på ei pølse, for det visste eg i alle fall kva var… Men pølsa smakte godt og salatane var gode. Sennep klarte eg ikkje å få dei til å forstå på noko språk, men dei tilbydde meg det internasjonale tilbehøyret ved namn ketchup, og det takka eg ja til…

imageEg må innrømma at eg har ei merkeleg dragning mot havet når me er ute og reiser. Eg ser på kartet og finn den ytterste kystvegen som finst heilt ute i havgapet og foreslår å kjøra der. Ein skulle nesten tru eg reiste på tur for å sjå det same  som eg gjer heime. Dette fekk eg gjennomslag for i dag og. Me starta med å kjøra gjennom Jurmala, byen me har fått anbefalt av så mange at me må besøkja han skikkeleg seinare på turen. Så la me oss ytterst mot Rigabukta og kjørde nordvestover. Me kom inn i eit naturparkområde med mange sykkelstier og fotturistar, vegen gjekk gjennom ein skog, og skogen gjekk heilt ned til havet.

Me stoppa i Engure, der var det bare femti meter ned til sjøen, og me kunne gå langs sjøen på ein sti med siv som gjekk oss til skuldrene. Ytterst nede var det kvit sandstrand der nokon solte seg, men i havkanten var det rett og slett ganske gjørmete. Ikkje langt frå land var det både flokkar av svaner og flokkar av skarv.

image

image

image

Nederst ved havet låg det og ei lita brun evangelisk trekyrkje. Utanfor var det ein liten kyrkjegard. Eg likar alltid å gå inn på gamle kyrkjegardane for å kjenna på stemninga, lesa namna og kikka på gravstøttene. Denne var annleis enn det meste eg har sett. Gravene låg veldig tett, det var benkjer og bord der og ein gammaldags brønn med bøtte til å heisa opp vatn med. Ripsbuskar var det og, det er første gongen eg har sett frukt eller bær veksa på ein kyrkjegard…

image

Etter litt meir kjøring kom me til ein liten kystbyen som heitte Roja. Her prøvde me å få hotell, men det viste seg å vera heilt umogleg sidan det var ein film- og kulturfestival der akkurat nå. Me måtte fire mil inn i landet for å finna hotell, og havna i ein liten bu som heiter Talsi der dei kunne ta i mot oss… I morgon dreg me ut til kysten att, kanskje me får sett litt meir av Roja og kulturfestivalen då. Me har kjørt på nokre veldig små vegar, og har heldigvis fått sjå mykje stork. I fjor var me her eit par veker tidlegare, så me var redd at alle storkeungane hadde flydd ut av reira. Heldigvis er det storkungar i reira framleis. Det er eit veldig koseleg syn å sjå flaksende storkungar høgt oppi eit reir som står på kanten og samlar mot til å hoppa. Kanskje det kan bli storkefotografering i morgon?

Etter å ha installert oss på hotellet, der eg trur me er sånn omtrent dei einaste gjestene, så måtte me sjølvsagt ut og sjå kva Talsi måtte ha å by på. Det er ganske koseleg her, men ikkje veldig masse turistar. Folk er jamnt over lite flinke til å snakka engelsk. Det er rart å vera » språklaus». Me kan jo lesa orda, men anar ikkje korleis dei skal uttalast.

image

imageEg undrar meg over alle desse falleferdige husa både i og utanfor byane. Nokre av dei er forresten store fine sveitserhus som vitnar om fortids rikdom, men som nå står med knuste vindaugsruter og dører som heng på bare ei hengsle. Nokre få av dei er i ferd med å bli oppussa, men mange bare står der.

image

Me delte ein pizza på ein uterestaurant i sola. Etterpå handla me på Rimi. Her er både Rimi og Narvesen, nemleg. Der kjøpte me to flasker vatn med kolsyre, to nektariner, ein is og eit wienerbrød og betalte ca 18 kroner til saman…

Då me kom tilbake til hotellet, spanderte den søte unge jenta i resepsjonen svart sterk kaffi på oss, som ei helsing frå huset. Ho er forresten veldig flink i engelsk. Så kom ho med ei halvoppeten korg jordbær til oss og sa at me måtte smaka på latviske jordbær, dei var «speciel delicius». Dei var gode, men me klarte vel ikkje heilt å la vera å nevnt noko om at me kom frå landet med dei beste jordbæra i verda… Får håpa at me gjorde det på ein nokonlunde sjarmerande måte. Langs vegen sit det forresten folk og sel nyplukka sopp og heimekokt syltetøy. Det siste kunne det vore kjekt å kjøpt med seg eit par glas av. Det var bare det å få det med seg heim…

Heidi

For jorda, vår mor.

18803501105_b98cfe3096_o

***

Nå flettar me bøner for jorda, vår mor,
for ho som skal trøysta og bera,
blomar og vatn og mat til vårt bord,
Guds skaparverk høgt vere æra.

*

Me føddest på jorda, og her skal me bu,
skal arbeida, leva og smila,
skal gråta og vakla i vemod og tru,
skal elska og be og fortvila.

*

Me ville så mykje, me ville ha alt,
det låg ikkje for oss å dela.
Me skjøna for lite, og så gjekk det galt,
me veit det med hjartet og sjela.

***
Nå flettar me bøner for jorda, vår mor,
for ho som skal trøysta og bera
blomar og vatn og mat til vårt bord,
Guds skaparverk høgt vere æra.

*
Kom, rekk dine hender mot syster og bror
i tillit og tru på Guds nærleik,
For håpet er vake og vona er stor,
kom fyll oss, du himmelske kjærleik.

*

For visst kan me vaka og visst kan me be,
og visst kan me trøysta og handla,
og me  har eit løfte; Det gode kan skje,
og framleis kan alt bli forvandla.

***

Så flettar me bøner for jorda, vår mor,
for ho som skal trøysta og bera
blomar og vatn og mat til vårt bord,
Guds skaparverk høgt vere æra.

*****

image

Eg kjende for å gjera noko litt modig, noko eg forresten har gjort fleire gonger før. Eg legg ut eit førsteutkast til ei salme som er ei bøn for jorda og for oss som bur her. Som de sikkert vil forstå, så er det som er merka med *** tenkt å vera eit refreng. Det andre er tenkt å vera vers. Er her for mange vers? Gjev versa og refrenget meining? Burde noko ha vore annleis i rekkefylgjen? Er nokre av versa for svake reint innhaldsmessig? Ser noko av det ut som naudrim, og har eg tydd til klisjear?  Det er mykje eg sør meg sjølv om, og nå spør eg dokker og… Eg jobbar vidare med dette seinare, trur eg. Takk for hjelpa om nokon vågar seg utpå…

Heidi

Sol i ansiktet i dag og…

image

I alle sol i ansiktet i deler av dagen. Denne dama kom heim etter fire veker i Spania der gradestokken hadde vippa rundt førti grader ein del av dagane.  Det var nok litt kaldt for henne å drikka kaffi ute i tretten-fjorten grader, så etterkvart gjekk me inn. Det var fint å få ein dag i lag før me set oss på flyet i morgon for å dra til Latvia. Det som gleda meg meir enn noko var at ho tok seg tid til å leika konsulent på diktmanuset mitt. Nå har tre personar lese gjennom det, så nå trur eg at eg tek sjansen på å ferdigstilla det når eg kjem heim att. Eg er heilt avhengig av at andre les det eg skriv og melder tilbake om kva dei ser og ikkje ser. Akkurat den biten var tryggare før me begynte å gje ut ting på eige forlag. Dei heilt ekte forlaga har nemleg flinke konsulentar som er til god hjelp. Dei fleste har sikkert opplevd å levera ei eksamensoppgåve heilt tom i hodet og ute av stand til å vurdera kor godt eller dårleg det ein har prestert vil visa seg å vera. Nesten akkurat same kjensla er der ved ferdigstilling av eit manuskript. Eg veit ikkje heilt om det er godt eller dårleg. Då er det fint å kunna lena meg mot andre.

image

Eit av dei små store små spørsmåla er korfor dyra som høyrer huset til alltid stryk seg opp mot Torhild og helst vil sitja i fanget hennar. Eit sjarmerande svar kunne jo vera at det er fordi dei kjenner på seg at ho er eit godt menneske. Problemet er bare at fascinasjonen ikkje er heilt gjensidig. Torhild og eit par av dei andre venninnene mine, har den merkelege eigenskapen at dei helst ikkje vil ha dyr nærare seg enn to meter. Løysinga blir av og til å sleppa dyra ut og lukka døra eller å gå ut sjølv og la dyra vera inne…

image

Eg har skrive litt og i dag. Noko som kanskje blir ei salme sånn etterkvart. Eg skal jobba litt meir med ho nå snart før eg går inn for landing av arbeidsdagen med tilhøyrande pakking av koffert. Dagens store overrasking var at Halvard plutseleg stod i døra. Han har sommarjobb i Oslo. Me visste han skulle heim ein tur, men trudde ikkje det var før i neste veke. Det var ikkje verst at me fekk treffa han i nokre timar i alle fall. Utflytta ungar på besøk er gode greier.

image
Bilar er ikkje heilt mi greie, så det kjem det sjeldan på sida mi. Ein el-bil må det vel kanskje likevel vera plass til, i allefall når eigaren er så openlyst stolt over køyretøyet sitt… Det var kjekt å leggja ut mange solbilete. Nå er det knappe to veker i dei baltiske landa som står for tur. Tida spring litt framfor sjela mi, det har ikkje gått opp for meg at eg skal ut og reisa att. Eg gler meg til Baltic air har teke meg trygt fram ein gong i morgon. Flyturar er ikkje yndlingsaktiviteten min, så når det gjeld akkurat det ville det kosta meg lite å vera miljøaktivist. – Men eg likar meg alltid så snart flyet har landa. Noko eg gker meg til er å skriva reiseskildringar på bloggen min. Det er noko av det kjekkaste eg veit.

Heidi

Alle mine tider

Samarbeidet med Hilde Svela vart innleia med at ho lurte på om eg kunne hjelpa henne med tekstar til nokre bibelstadar ho var glad i. Mellom anna lurde ho på om eg kunne tenkja meg å skriva ein tekst over denne bibelteksten frå Forkynnaren.

image

1Alt har si tid,
det er ei tid for alt
som hender under himmelen:
2ei tid for å fødast, ei tid for å døy,
ei tid for å planta, ei tid for å riva opp,
3ei tid for å drepa, ei tid for å lækja,
ei tid for å riva ned, ei tid for å byggja,
4ei tid for å gråta, ei tid for å le,
ei tid for å sørgja, ei tid for å dansa,
5ei tid for å kasta stein, ei tid for å samla steinar,
ei tid for å ta i famn, ei tid for å la famntak vera,
6ei tid for å leita, ei tid for å mista,
ei tid for å gøyma, ei tid for å kasta,
7ei tid for å riva sund, ei tid for å sy i hop,
ei tid for å teia, ei tid for å tala,
8ei tid for å elska, ei tid for å hata,
ei tid for krig og ei tid for fred.
(Forkynnaren 3)
Etter at eg arbeidde med denne teksten har eg tenkt ein del på han. Det er sant at eit menneskeliv romar mange tiden, og det er trøyst i at det er tider for alt. Det er slik det er å leva.
Slik vart teksten min, som altså snart blir å få kjøpt på plate  («Ver hos meg» av Hilde Svela)

*

Det finnest ei tid for å gråta,
det finnest ei tid for å le,
ei tid for å fødast, ei tid for død,
og tider for krig og fred.

*

Det finnest ei tid til å byggja,
og ei for å riva ned,
ei tid for å elska, ei tid for hat,
for tale og teiing med.

*
I di hand, Gud, er mi tid, heile mitt liv,
i di hand, Gud, er mi tid, heile mitt liv.
Det er godt alt eg har fått, det er godt.

*

Det finnest ei tid for å dansa,
men sorga har og si tid,
ei tid for å samla, ei tid for tap,
å finna og setja fri.

*

Det finnest ei tid for å planta,
og ei for å luka vekk,
men i dine hender er tida mi,
der ligg ho så langt ho rekk.

*

Så legg eg til ro mine tider,
i handa di, trygt hos deg.
Og medan dei vekslar og stig og synk,
så veit eg du vaktar meg.

*

image

Heidi

Med smak av vestlandsk sommar

image

Dagen i dag har vore fin med sol og litt vind frå vest. Gradestokken har til og med bikka sytten, og kanskje atten grader, så me takkar og bukkar. Eg og Sunniva hadde ein kjempekoseleg føremiddag, me køyrde til Brusand og besøkte ein liten gut me liker veldig godt og bestemora hans. Me sat ute og drakk kaffi og åt deilige vafler med grilla bær og nøter med honning, is og kesam.image

Det smakte aldeles nydeleg og sola varma oss på armane.

image

Etterpå gjekk me tur på ein grusveg som førde ned til ei lita strand med svaberg rundt og «vasfloer» der det var varmare å bada enn i sjøen. Eg må innrømma at for meg var det meir enn kaldt nok å vassa til og med der…

imageDet er så fint med svaberg og det bugna av blomar langs vegen. Det var tiriltunger og raudkløver og masse av ein rosa blom som eg trur må vera storknebb. Viss du ser godt på det nederste biletet, så kan du skimta ei seglskute i horisonten. Me såg fleire store skuter som eg trur var ein del av «Tall ships race». Dessverre var dei for langt ute til at eg klarte å ta fine bilete med mobilen, men seglskuter med fulle segl er eit flott syn.

image

Seinare gjekk eg tur langs havet i lag med Gunn, så eg fekk verkeleg brukt finveret i dag. I tillegg er det sett i gang eit «rydda- kjellaren- prosjekt» i heimen, eigentleg litt mot min stemme. Det er meir behageleg å lukka døra til kjellaren og gløyma korleis det ser ut der inne… Men eg har nå sett i gang ei stor rydding av klede som låg lagra der, så nå sviv vaskemaskinen med full trommel. Ein del skal på plass i skapet, og ein del skal til Fretex… Det er sikkert greitt å få gjort det… I tillegg har eg vore flink og tømt ei øskje med kjøkkengardinar som eg tok med meg frå bestemor sitt hus då ho døydde for 21 år sidan. Det er stort sett nylongardin som eg har visst at eg aldri kjem til å bruka, men eg har ikkje hatt hjarte til å kasta dei heller. Nå får dei gå til Fretex dei og, det kunne jo tenkjast at nokon gjerne vil ha nylongardiner på kjøkkenet i sekstitalshuset… Om eg orkar å senda lyserosa tyll som var bordpynt/ duk i Ingrid eller Sunniva sin konfirmasjon same vegen? Tja, det vil visa seg. Som de forstår så er kjellarrydding ein styrkeprøve for slike som meg…

Heidi

Eit barn av pust og jord

image

Eg fekk lyst til å leggja ut ein til av tekstane som eg har skrive til Hilde Svela og som er eit av spora på den nye plata hennar. For meg har denne teksten og samanhang med dei andre to tekstane eg har lagt ut i dag.

Eg kjem med takk og tonar,
eg kjem med songen min.
Eg kjem til deg, min Skapar,
eit barn av lengt og vind.

Eg strekkjer meg mot lyset,
eit barn av bøn og song.
Eg famlar og eg leitar,
eg gjer det gong på gong.

Eg kjem hit for å takka deg, Gud,
med tonar og med ord.
Eg kjem hit med min lovsong til deg,
eit barn av pust og jord.

Finn fram til dette livet,
det som eg kallar mitt,
og finn ein heilag kvardag
som famnar høgt og vidt.

Må alle mine vegar
få føra meg til deg,
og må eg akktid skjøna;
Mitt liv er heilag veg.

Eg kjem hit for å takka deg, Gud,
med tonar og med ord.
Eg kjem hit med min lovsong til deg,
eit barn av pust og jord.

Eg kjem hit for å takka deg, Gud,
med tonar og med ord.
Eg syng min lovsong til deg,
eit barn av pust og jord.

Heidi