Etter sakrale Eidslott, unnar me oss eit dikt av den meir sprelske Ernst Orvil. Det er sommarferie, og det er ingen grunn til ikkje å slå på stortromma sånn reint dikt- og bloggmessig…
Seilas
I et sakte synkende nirvana
gjennom våre sommeraftentanker
farer dagen ganske
langsomt sammen
mens vi faller av
og kaster anker
Jorden legger seg mot himmelranden
dagen bryter sammen under kjolen
Nesten naken aner hun at livets
mørke uformål
er reist i solen.
Ernst Orvil
Det forlatte øyeblikk
I
tro ikke røstene
finn den brennende busk
Ta skoene av
åpne dine hender for lyset
Hva søker du menneske?
Øyeblikket har du hos deg
Getsemanes trær
suser og disiplene sover
Arnold Eidslott
Eg held fram med å tyna diktutfordringa eg har fått ut i langdrag. Det er så utruleg mange fine dikt. Arnold Eidslott er ein veldig fin lyrikar. Mystikken i dikta hans tiltalar meg. Dette diktet fann eg i ei diktbok frå eg var tjueto år gammal. Det er spennande å gjenoppleva dikt som gjorde sterkt inntrykk på meg nettopp, men for lenge sida.
Eg har lyst til å utfordra alle som les dette til ta Eidslott på ordet. Finn den brennande busken og opna hendene dine for lyset.
Heidi
Det er ryddetid. Heime kan ein sjonglera med og utsetja ryddetidene litt om ein føler for det. Slik er det ikkje på jobb. Innan 17.juni skal arbeidsbordet vera rydda og hyllene tømt. Klasseroma skal tømast medan barna framleis er der, og festegummien skal skrapast av veggene. Meir habile og entusiastiske ryddarar enn meg, spring i gangane med rette ryggar, besluttsame blikk og tunge kassar i armane. Dei har til og med ein viss glød i auga som seier sånn omtrentleg: «Du all verda så kjekt det er å kvitta seg med gammalt rot, erobra nytt land og nytt klasserom og gå ferien frimodig i møte.»
Me elendige ryddarane snik oss litt duknakka omkring og prøver å lata som om me veit kva me held på med. Me lurer eigentleg på kor me har lagt bokinnleveringslistene, og elevsamtaleskjema som skal inn i rett omslag i rett mappe, som forøvrig skal vera rydda etter visse kriterium. Me smiler litt unnskyldande og mumlar at det er klart folk kan forsyna seg med hyller, datamaskina, skap og pultar dersom dei treng dei. Ein gong i framtida skal nok me og vera klare til å tenkja på neste års klasserom, me er bare ikkje der på veldig lenge endå, og det prøver me å skjula så godt me kan, medan me forgjeves prøver å logga oss inn på diverse arenaer som skulle liggja der ein plass dersom bare passordet me har brukt ein halvtime på å finna i gamle mailer kunne tenkjast å fungera.
Nokre av oss har vore med på dette tretti gonger før, og erfaringane seier oss at dette overlever me. Me kjem nok i mål, det blir sommar i år og. I år fell ryddeveka på skulen saman med at eg har ansvarsveke for rydding på arbeidsromet vårt. I det eg tømmer papirkorgene oppdagar eg eit og anna som får meg til å tenkja at»Det der kan me jo bare ikkje kasta…» Eg skal ikkje røpa meir enn at eg ende med å bera noko bort på mitt arbeidsbord, som nesten var i ferd med å bli rydda, før eg sleper to blytunge sekkjer med søppel ned til den raude og den blå containaren.
Eg priser meg lukkeleg for at me har stødige ryddarar som kan losa oss villfarne sjeler sånn nokonlunde i hamn. Her er det lite rom for å sleppa unna, eit utfylt avkrysningsryddeskjema skal leverast administrasjonen før me tek ferie. I dag var eg på jobb til halv seks og rydda skrivebord og papirbunker. Eg kasta til og med ein pose gamle vekeblad som det framleis var nokre sider att som kunne brukast til utklipp. Det gjorde litt vondt, men eg let det stå til. Eg har og kasta elevarbeidsbøker der det var eit par ugjorde sider.
Fordi eg er eit ærleg menneske, så føler eg meg forplikta til å fortelja at i år får eg faktisk behalda same arbeidspulten til neste skuleår, eg må bare passa på å avtala med vaskepersonalet om kor vidt eg skal rydda han med heilt reine overflater slik at dei kan vaska han for meg, eller om eg skal gjera det sjølv. Det skal nemleg kryssast av for det i skjemaet. I år slepp eg den lange vandringa i korridorar med handlevogner fulle av jordisk lærargods på veg mot nye landområde. Eg har heller ikkje hatt ein einaste time i år der eg administrerer heile skuleklassar i bering av bøker, kassar, stolar, skuffer og det som verre er. Det har eg klart å sjarmera meg ut av. Så kva har eg då å klaga over? Eigentleg ingenting… Eg bare konstaterer at eg nærer ein ekte og djup, og kanskje litt misunningsblanda respekt for dei verkelege drivne og driftige ryddarane blant oss. Eg er definitivt ikkje ein av dei, men eg lovar å gjera så godt eg kan… Og i år har eg framleisyh ikkje opplevd det eg opplevde eit anna år, nemleg å finna ytterjakken min, som eg optimistisk hadde hengd frå meg i garderoben om morgonen, i ein haug med klede som skulle til fretex før kvelden dersom ikkje eigarane melde seg… Nå må eg bare hugsa å fjerna koppen min frå kjøkkenskapet før eg tek ferie. Kanskje eg blir klar til akkurat det i morgon ettermiddag allereie? Det har eg nesten litt god tru for. Og så skal eg med det som måtte vera att av klarheit i blikket og eit triumferande og trøytt smil levera avkrysningslista mi inn.
Eg er akkurat så sliten som eg alltid er i veka før skuleslutt og det betyr at livet er i rute. Elles så har me det «helste godt» med godsaker på bordet på personalromet kvar einaste dag og veret har vore på nokonlunde rett plass på grilldagar og fotballturneringsdagar. Kor lenge eg skal ha fri frå jobb når eg har karra meg over målstreken, vågar eg ikkje snakka høgt om.
aq
Skål for juni og ryddetid!
Heidi
De lyse netters plage
for den som er glad i noen,-
aldri fred for skjønnhet,
hegg så nøyaktig utsprunget,
nyperoser så veldig i knopp,
gjøk som roper på gale tider,
tulipaner svarte når de er røde,
det øyeblikket det er natt,
alt som slår en i øyet av det nye grønne,
alt som plager av søte lukter,
alt er du.
Kan aldri jorden sove,
gresset la være å gro?
Det pusler av pinnsvin utenfor veggen,
den aller første morgonfugl,
-den som kommer før morgenen,
synger en rift i det lyse sløret av stillhet,
Når kan jorden få sove
etter sitt lange slit
med å holde den ene våken
før den annen?
Vil det komme en natt som er varm og stille
og mørk,
da du og jeg, og dermed pinnsvin og trost,
alle kan sove som små dyr,
tett inntil hverandre
Magli Elster
Karin Boye sine dikt gjorde veldig sterkt på meg då eg framleis var tenåring. Det første eg las av henne var «Ja visst gör det ont när knoppar brister.» Etterpå las eg alt eg kom over. Noko av det ho har skrive gjer framleis sterkt inntrykk på meg. Sidan det er sundag, kostar eg på oss hennar «Aftonbön».
Aftonbøn
Ingen stund är så som denna,
kvällens aller sista timma.
Ingen sorger längre bränna,
inga stämmor mera stimma.
Tag då nu i dina händer
denna dagen som förflutit.
Visst jag vet: Till godt du vänder
vad jag hållit eller brutit.
Ont jag tänker, ont jag handlar,
men du läker allt och renar.
Mina dagar du förvandlar
så från grus til ädla stenar.
Du får lyfta, du får bära.
Jag kan bara allting lämna.
Tag mig, led mig, var mig nära.
Ske mig vad du senn må ämna.
Karin Boye
Heidi
Framleis har ikkje den store sommarvarmen nådd oss, men dei lyse kveldane er her med dette utruleg vakre lyset som gjer at ein tenkjer at ein burde vore oppe heile natta for å sleppa å sova når det er så fint ute. Desse bileta er tekne i løpet av dei to siste timane av gårsdagen. Det er Leif som er fotograf.
Kveldane i juni er noko av det vakraste me har her i nord. Eg gleder meg til å skru av vekkjarklokkealarmen slik at eg med relativt godt samvit rett og slett bare kan la vera å leggja meg dersom eg ikkje har lyst. Nå er det bare ei veke att med skule, og eg ynskjer både oss vaksne og barna ei god sisteveke før ferien. Etterpå får me gå over på hage og bryllaupsmodus. I går var Ingrid og eg i ein blomsterbutikk og bestilde blomar til å pynta bord og kyrkje med, og brurebukett. Det er nesten litt høgtideleg å vera den som får lov til å vera med på det. Eg trur det skal bli fint alt saman. Etterpå feira me med å eta lunsj saman på den nye pastarestauranten. Elles så har eg fått med meg både konsert i går kveld med Jærklang og Jæren solistensembel, sundagsskule med ein stor gjeng ungar på vandring i «Paulus sine fotspor» med trillekoffert, sundagstur i Sandtangen og eit koseleg sundagsbesøk av Torhild.
Nå skal eg finna eit fint dikt til diktutfordringa. Det skal få sin eigen post.
Dette las eg i kalenderen min i går. Av ein eller annan grunn fekk det meg i godt humør.
Eg måtte finna fram den gamle oransje sommarkjolen med dei store prikkane. Det vart eg og i godt humør av. Det er sommar. Rett nok med det ein på vermeldinga kallar «ein relativt kjøleg vertype». Men me har vore ute ein kald sommardag før, me som held til i dette hjørnet av verda. Ha ein framleis fin sommar.
Heidi
Dette sitatet frå eit dikt dukka opp i hovudet mitt igjen i går. Plutseleg opna sommaren seg så mykje at me kjende han varma kroppen og sjela. Ingenting gjer så godt som plutseleg å få ein smak av noko du har venta på, lengta etter og gleda deg til. I går kveld var kollegiet på Bryne skule samla til sommarfest på Smiegarden. Det gjorde godt å vera der.
Eg hadde aldri trudd at alle oss skulle få plass på smieloftet, men på ein eller annan merkeleg måte, gjekk det akkurat. Det var dekka på småbord som stod tett i tett, og eg ende på det som hadde vindauge mot sommaren.
Me kjende at me er velsigna med to utdanna kokkar på SFO, maten var nydeleg, og anretningsfata var små estetiskke kunstverk.
Me fekk servert rømmegraut og spekemat. Det smakte kjempegodt. Inne var det masse levande lys og fyr på grua.
Og ute var det sommar. Den gamle staudehagen hadde for begynt å vakna til live att etter ein lang og kald vår.
Eg er imponert over pågangsmotet til vertinna, Eli, til venstre i biletet over, og over kva ho har klart å få til med dei gamle bygningane som har blitt selskapslokale og kulturkafe.

Festen fotsette både inne og ute heilt til bussen kom og henta oss ved midnatt. Det kjendest alt for tidleg å bli henta. Det var verkeleg godt å bare ha det fint saman etter veldig intense veker med personalrevy og semesteravrunding dei siste vekene. Det er noko eige og veldig spesielt å vera i lag med folk du likar og bare kunna nyta juninettene saman.
Framleis skal nettene bli lysare ei lita stund til, og om ei veke er det sommarferie.
Eg fekk forresten med meg to avslutningar i går. Den første var i hagen til Kari i lag med kollegene i kulturskulen. Der var det og godt å vera. Heilt til slutt tek eg med ei lita stemning der i frå og.
Heidi

























