Gå til innhald

The Crystal Point inn, Point Pleasant, New Jersey

Det var med ein klump i halsen eg såg til at Sunniva og Halvard vart sjekka inn på flyplassen med dei store koffertane sine. Det kjendest litt i overkant at dei skulle reisa heim aleine og at me skulle ha eit Atlanterhav mellom oss og ungane. Då me omsider hadde sjekka ut lånebilen, fann eg ut at det ikkje var nokon grunn til å vera engsteleg for ungane, me var sannsynlegvis i ein langt farlegare situasjon sjølv…  Det undrar meg at det ikkje ved bilutlån er ein obligatorisk instruksjon av korleis bilen virkar. På den me fekk utdelt var alt annleis enn var vane med, automatgir med ein spak for ulike innstillingar, «håndbrekk» som skulle opererast med foten, og startknapp som skulle brukast saman med ein nøkkel nede til venstre, ved rattet. Eg har fått lov til å avsløra på ein litt diskret måte at det gjekk ein time før me fann heilt ut av automatgiren. Før det høyrdest motoren ut som ein symaskin som vart råkjørt.

Ikkje før hadde me fått bilen til å starta, før me skulle ut i den aller verste trafikken rundt JFK- flyplassen. Me kom litt skeivt ut og GPS-en, takk og lov for den, leia oss inn og ut av motorvegen i skarpe av og på svingar for å få oss på rett kjøl att. Eg takka alle gode makter for at eg ikkje var sjåføren og kikka i alle dødvinklar og speglar sjølv om det sikkert var til meir bry enn hjelp at eg gjorde det.

Mareritt-trafikkbiletet varde ganske lenge. Det var tolvfeltsmotorveg mot New York, for me måtte jo tilbake same vegen for å koma sørover, og over minst ei av desse høge bruene i New York området der trafikken går i fleire etasjar og fleire felt.

Då me hadde kjørt eit par timar, fekk me melding frå Sunniva om at flyet framleis stod på bakken, ein halv time etter at dei skulle ha letta, og at dei sa at det framleis kunne gå ein halvtime før dei var på vengene. Me trøysta oss med at det framleis var litt tid å gå på ved flybytet på Heathrow.

Me kjørde av motorvegen på ein service-station der det er bensinstasjon, toaletter, i dette landet forøvrig kalla restrooms for diskresjonen sin sak, og ulike former for kafear. Me såg på kartet og bestemde oss for å hoppa av motorvegen for å finna ein litt rolegare plass å kjøra og ein hyggeleg plass å overnatta. Ute ved kysten ein stad i New Jersey fantest det ein liten plass som heitte Point Pleasant, og kva høyrest vel finare ut enn ei overnatting på Point Pleasant. Det var litt kronglete å koma dit, men på det første motellet hadde dei rom til oss. Det var faktisk bare eit rom att, og det var handicap-romet som var tilrettelagd for rullestol. Dei advarte om at det kunne bli «a bit noisy» for dei hadde tre bryllaup der i går, og dei andre roma var utleigde til bryllaupsgjestene. Me tåler litt lyd, så me slo til.

Rett over vegen var det ein liten restaurant med havterrasse der me vart fortalde at dei hadde «wonderful seafood,» me tenkte at det ikkje var nødvendig å ta med leiebilen tvers over vegen, men då me spurde ein av gjestene om vegen dit såg han litt bekymra på oss og sa: «You guys should be careful crossing the highway, you should be really, really careful.» Det gjekk opp for meg at nå som me er ute av New York er me igjen i den delen av Amerika der ein kjører over vegen i staden for å gå. Heldigvis hadde dei fått opp ein lysregulert fotgjengerovergang, for bilane kjørte verkeleg raskt. Eg lurer på korleis gamle damer med stokk og rullator kjem seg over vegen her borte, for det er slik at når me begynner å gå, tel trafikklyset ned dei 20 sekunda me har til å koma over, og ein skal leggja seg i eit relativt raskt gangtempo for å klara det. Vel over vegen var det ein koseleg restaurant akkurat som lova, og me sat ute på terrassen i havkanten og åt laks.

Klokka to om natta for oss, tikka det inn melding frå Sunniva om at dei var landa på Heathrow ein del forsinka. Eit kvarter seinare ringte ein fortvila Halvard og sa at fordi dei var så seine vart bagasjen deira ikkje sjekka inn på flyet til Sola og at dei måtte henta bagasjen på ein heilt annan terminal og ikkje kom til å rekka flyet heim. Han hadde prøvd å få hjelp på flyplassen, men hadde opplevd folk lite imøtekomande og hjelpsame. Han hadde bare fått beskjed om å henta bagasjen, og dermed hadde dei ingen sjanse til å rekka flyet som framleis ikkje hadde gått då me snakka med han. Det var ikkje akkurat draumen å bli sitjande att i London utan gyldig billett vidare…  Kjærasten min begynte å sjekka opp på internett og fann ut at British Airways ikkje hadde fleire avgangar til Sola i dag, men at dei hadde ein til Oslo og ein til Bergen. Me kjende at nå var me ganske langt vekke frå ungdomane våre. Kva om flya var fulle? Kva rettar hadde dei eigentleg.

Ein time seinare ringte dei og fortalde at dei var blitt sjekka over på eit fly som skulle gå i tolvtida engelsk tid, og at det såg ut som om ting hadde ordna seg. Etterpå fekk me sove litt, og me reknar med at nå burde dei vera trygt landa i Norge, men me ventar på ein telefon som kan bekrefta det. I mellomtida har me vore å henta oss amerikansk hotellfrokost som ofte er kaffi, muffins og kjeks. Her var det hakket meir heimsleg med bagels og smøreost i tillegg til det veldig søte syltetøyet dei serverer til frokostkakene. I tillegg fekk me god appelsinjus. Nå er det Washington DC neste, eller nærare bestemt Springfield, like utanfor Washington. Der har me bestilt hotell i kveld.

Heidi

Sundag føremiddag i Chinatown

Me vaknar og kikkar ut av vindauget mot parken, der står det ein gjeng damer, ein del av dei heilt sikkert over 70, som begynnar dagen med skyggeboksing. Det er første gongen eg har sett det i ein stor flokk slik eg innbillar meg at det er i Kina. Det ser relativt uorganisert ut, det virkar som om ei tilfeldig dame startar ei rørsle og så fylgjer dei andre med, og at dei skiftar seg i mellom på å setja i gang med neste bevegelse. Dei utfører rørslene sine smidig og mjukt, men uendeleg langsomt. Det er merkeleg å sjå på, det ser ut som ein dans laga for ein teaterscene i eit relativt eksperimentelt teaterstykke. Handveskene sine har dei hengd på innsida av nettinggjerdet som går rundt parken.

Frokostkafeteriaen finn me ved å gå ut av Mulberry Hotel og to hus lenger ned i gata. Der kan me velgja mellom jordbærpannekaker med oppskoren frukt, ulike variantar med egg, bacon og toast saman med pommes frites og arme riddarar. Eg bestiller jordbærpannekaker ,fordi eg har rekna ut at dei usøta pannekakene laga av grovt mjøl, truleg er det sunnaste alternativet sånn alt i alt. Sirupen som fylgjer med let eg vera å hella over. I dag er dei tomme for jordbær og spør om det går bra med bananpannekaker, det gjer det.

Tilbake på Mulberry Hotel pakkar me koffertane våre. Det er vemodig at me skal reisa frå New York, men aller mest vemodig at Sunniva og Halvard skal reisa heim til Norge medan me skal leia bil og fortsetja ferien utan dei. Det har vore fint med denne veka saman. Når alle lever travle liv, så er det gull verd å få litt skjerma tid med tenåringane sine. Eg og Sunniva er klare til å gå ut før dei andre, og bestemmer oss for å ta ein føremiddagstur på eiga hand.

Når me kjem ut står det eit musikkorps og spelar utanfor det huset som rommar eit begravelsesbyrå, og vimplar på gata kunngjer at det er «funeral going on.» Ein stor bil står framfor huset, på taket av førarhuset er det eit stort bilete av avdøde, som er ein staseleg dresskledd mann i sekstiårsalderen. I alle fall er han det på biletet. Me kan jo håpa at han rakk å bli tretti år eldre enn han er på biletet. Rundt biletet og på taket av bilen er det pynta med enorme blomsterdekorasjonar som eg antar er av silke. Bak er bilen og dekka av silkeblomar. Eg går ut frå at det er ei kiste bak i der, men ho er heilt dekka av blomar. Ved bilen står det dresskledde personar med nokre merkelege kvite hovudplagg. Eg går ut frå at desse hattane er eit teikn på sorg, men om det er seremonimeistarane eller næraste familie som går med slike veit eg ikkje. På gata ligg det ein mengde papirstrimlar. Om det står noko skrive på dei veit eg ikkje.  Dei sørgjande står på fortauet og ventar. Dei har alle kvite sørgjeband rundt armen. Bilen med biletet av avdøde begynner å kjøra seint, seint framover. Frå ei sidegate kjem det kjørande ei rekkje svarte bilar med svartkledde sjåførar. På antennene har dei lilla vimplar som det står «funeral» på. Gjestene set seg inn i bilane og kortesjen kjører.

Me går nedover gata og ut av Chinatown. Sunniva har på seg fotsid mosegrøn kjole med lys dongerivest oppå og høge conversesko. Det gullblonde håret lysar i sola. Ho er så fin der ho går. Me passerer World Trade senter og går ned til elvebredden. Det kjøpar me oss noko kaldt å drikka og set oss i sola med utsikt til frihetsgudinna og ser på folk og snakkar. Me får sms om at dei to andre vil møta oss i Little India til lunsj, der blir det pizza og pasta på nokon og steikt fisk til meg. Det er så varmt ute at det er godt å eta inne.

Før taxien skal henta oss, blir det tid til ein liten halvtime i parken rett over gata. Det er tydelegvis ein ynda plass for innbyggjarane i Chinatown på sundagar. Heile tre musikkgrupper er i sving, sjølv om det er ein veldig liten park. Dei har ulike rytmeinstrument og eit strykeinstrument som ser ut som ein stav med strenger på, lyden kan minna om fiolin. I tillegg har gruppene kvar sin songar. Den eine er ei dame på ca 70 år som står og syng av hjartans lyst med eit noteblad i handa. Både songen og musikken er svært framandarta. Gruppene spelar kvar sin musikk, men det ser ikkje ut til å plaga nokon at parken er så liten at me høyrer alle omtrent like godt. Rundt små bord sit det kinesarar og spelar kortspel og det eg trur må vera Mah Yong. Interresserte tilskodarar står rundt borda og kommenterer. Midt på plassen står det ei statue av ein berømt kinesar. Foreldre går tur med små barn og besteforeldre går tur med fornøgde små barn som har fått is. Ein eldre kinesisk mann med nøkleknippe frå NYPD kjem smilande bort til oss. Han spør om me er spesielt interesserte i kinesisk kultur sidan me sit der. Det er litt vanskeleg å skjøna kva han seier med den spesielle og ganske markante kinesiske aksenten, men til slutt forstår me kva han meinar og smiler tilbake. I ein liten paviljong driv ei gruppe menneske med skyggeboksing.

Klokka blir kvart på tre, og me går tilbake til hotellet for å pakka koffertane våre inn i drosjen som skal ta oss til flyplassen.

Heidi

På fiiin kinesisk restaurant.

Sidan me bur i Chinatown, vart det beslutta at siste kvelden skulle me på kinarestaurant. Sidan alle gatene her har diverse slike, så bestemte me oss for å vandra litt gatelangs og bestemma oss for ein av dei. Kjærasten min fann ein plass han meinte var svært autentisk, litt småshabby utanpå, men med mange glade menneske som sat og åt der inne, mesteparten kinesarar. Det hadde han høyrt var eit godt teikn. Ungdomane våre stansa på den andre sida framfor ein langt meir fasjonabel fasade med diverse avisutklipp og eit diplom for å vera den finaste kinarestauranten i byen på eit gitt tidspunkt. Dei meinte at det var staden for oss, og dei fekk støtte av mor si, visst skulle me for ein gongs skuld eta på ein premiert plass. Då kjærasten min kikka inn, vart han beroliga av alle dei kinesiske gjestene og gav oss grønt lys for å gå inn. Han gjekk sjølv for å ta ut meir pengar, og sa at me kunne bestilla for oss alle.

Der inne var det ganske fasjonabelt, med minst seks svartkledde kelnarar midt i romet. Me fekk eit bord til fire og menyar, og samtidig stod dei der med ei kanne rykande varm jasminte, som me fekk servert i små hankelause koppar. Dei bad oss studera menyen så ville dei koma tilbake. Då me opna menyane fekk me litt bakoversveis. Til forrett kunne me mellom anna bestilla crispy springrolls, det syntest alle høyrdest godt ut, men resten av maten skremde nesten matlysten av oss. Menyen var forsynt med fargefoto av dei ulike rettane. Du kunne bestilla heilsteikt pekingand med hode og det heile, anretta på eit fat der det såg ut som ei symjande and. Vidare kunne ein bestilla frityrsteikt krabbe, med skall og det heile, sniglar i kvitlaukssaus, frityrsteikte andetunger, innebakte kamskjell, frosk i ulike former, og eit eller anna heilsteikt på fat som me ikkje kunne avgjera om var heilsteikte små andungar, kyllingar, eller kanskje froskar… Vidare var det ein del rettar som involverte hummar, reker, krabbe eller kongereker. Eg liker normalt sjømat kjempegodt, men er litt skeptisk til å eta det i utlandet, og ungane mine likar det ikkje.

Eg kjende at eg i grunnen ikkje var svolten i det heile tatt, og lurte på korleis me skulle koma gjennom dette måltidet. Leif hadde og dukka opp, og var omtrent like skeptisk som oss, men hadde me ikkje drukke teen og ete av salaten, me kunne ikkje gå nå… Det var bare spisepinnar på bordet, og Sunniva som er ganske flink sosialt, smilte strålande til den einaste kvinnelege kelnaren og spurte om ho ville visa oss koss me åt med pinnar, me fekk ein instruksjon, og kelnaren kom tilbake. Sunniva hadde til si letting oppdaga at det gjekk an å bestilla steikt ris med kylling. Då Halvard bestilte det same, sa kelnaren at her bestilte ingen det same. I Kina var det nesten som ei fornærming å bestilla det same, for då fekk me bare smaka på litt av utvalet. I Kina bestilte alle ulik mat og forsynte seg av fata alle saman. Halvard bestilte tappert lammekjøt med salat. Me fekk bore inn vårrullane, og dei var kjempegode. Så kom dei med rett etter rett som alle fekk smaka på, bortsett frå retten steikt ris med kylling var det ikkje ris til maten. Tallerkane var ikkje større enn kaffiasjettar, så det vart etterkvart litt problematisk kor me skulle legga bein og anna rusk.  Eg hadde sett for meg at me nesten ikkje kom til å røra ein del av rettane, og at porsjonane var gigantiske som dei ofte er i USA, men desse var ikkje spesielt store. Eg var redd at det kjærasten min hadde bestilt var andetunger, men det viste seg å vera ein slags samanrulla kjøt. Salaten smakte nydeleg, med ulike nøter og frukter i, og det same gjorde små frityrsteikte porkchops med kvitlauk. Medan me åt fekk me fleire gonger påfyll av varm te i koppane våre i tillegg til drikka me hadde bestilt.

Til mi store overrasking åt me opp maten med smitt og smule. Etterpå fekk me servert delikat oppskoren frukt med tannpirkarar til å ta med, lykkekaker med spådomar i, og våtserviettar til å vaska hendene med.  Letta og litt opprømte kunne me gå der i frå, sånn passe mette alle saman. Me lurte på om lærdomen var å ikkje strekkja oss mot det aller mest avanserte i restaurantbransjen, men heilt sikre var me ikkje. Det var jo faktisk veldig godt.

Heidi

Hipsterliv og idealisme i Williamsburg

Akkurat nå er laurdagskvelden av det rolegare slaget. Me  stressar ned og fordøyar inntrykk. Snart skal Sunniva og Halvard pakka litt før me skal ut og eta middag. I morgon skal «ungane» setjast av på flyplassen før eg og kjærasten min hentar leiebilen og set kursen sørover. Det har vore ei fin veke, og eg skulle gjerne hatt dei med oss vidare. Det er rart kor fort ein venner seg til nye ting. Nå er me ganske drivne på å ta oss fram på Manhattan og omegn. Eg og Sunniva har vore på tre guida bussturar, det er ein fin måte å sjå byen på. I går gjekk turen over Brooklyn Brigde over til Brooklyn og tilbake att over Manhattan Brigde. Akkurat bruturane var ganske skumle, for me kjørte i open buss øverst på brua medan T-banar og tog ramla under oss. Det var slik at me såg over rekkverket rett ned, og fekk streng beskjed om ikkje å reisa seg opp. Medan dei andre busspassasjerane knipsa villt og begeistra bebyggelsen på Brooklyn og Manhattan, så stirra eg delvis ned og delvis rett fram i håp om at me snart er over. Guiden me hadde i dag, hadde sin aller første dag som guide, og han er sikkert glad for at det ikkje var ein eksamen i bussguiding. Han bladde febrilsk i papira sine, og nokre papir tok vinden vekk før han fekk lese dei. Dei andre guidane var veldig dyktige. Guiding er ein kunst.

Etter å ha teke meg fram med ungdomane mine ei vekes tid, så innser eg at dei snart er flygedyktige, i alle fall når det gjeld å ta vare på seg sjølv i ein storby. I dag tok me T-banen under vatnet til Brooklyn og brukte store deler av dagen i bydelen Williamsburg. Det var ein sjarmerande bydel med mange vintagebutikkar, og butikkar med brukte bøker og plater og det var mange kafear med økologisk mat. I New York guiden blir strøket beteikna som det nye hipsterområdet, og guiden vår i går fortalde at bydelen er befolka med mange unge menneske, mange av dei er idealistar og ynskjer eit alternativ til det materialistiske og hektiske livet på Manhattan.

Symptomatisk for det siste er kanskje at det første me såg ein samling hundar, me trudde det var eit slags hundetreff og gjekk bort for å sjå på. Det viste seg å vera ein gjeng hundar, dei fleste av blandingsrase med gule refleksvestar det stod «For adoption». Det viste seg å vera ein gjeng dyrevernarar som hadde teke vare på gatehundar og vaksinert og dressert dei. Nå var dei klare for å bli gitt vekk til snille eigarar. Me forsikra dei om at me sjølvsagt gjerne ville ha adoptert ein laushund, men at det vart litt vanskeleg sidan me budde i Norge…

I ei anna gate sat det ein gjeng jenter med ein katt i eit kattebur med ein ispose som aircondition. Dei samla inn pengar til å hjelpa heimlause kattar gjennom å selgja cupcakes og andre heimebakte økologiske kaker. Me gav dei ein dollar, men takka nei til kakene sidan me akkurat hadde drukke økologisk kaffi og økologisk jus på ein kafé som me hadde ete saman med yoghurtis med friske bær og ostekake med jordbær. Ungdomane handla musikk og klede og eg kjøpte to brukte bøker på gata. Williamsburg er staden du ikkje må gå glipp av dersom du har meir enn nokre dagar i New York. Det er som ei heilt anna verd bare ein T-banetur frå Manhattan. Bussguiden fortalde at Brooklyn var det nye vekstområdet, og at kulturen me såg i Williamsburg var i ferd med å bli ein kultur som breidde seg i Brooklyn som for eit par tiår sidan hadde eit ganske frynsete rykte som eit hardt belasta område.

Det merkelege er at New York kjennest som ein fredeleg, trygg og vennleg by. Folk på gata og i butikkar er vennlege og hjelpsame. Livet på t-banen er eit studie for seg sjølv. I går observerte eg dama rett overfor meg sat og skreiv ut eit bønnekort på fransk, grunnen til at eg såg det var framsida på engelsk: » In the name of our Lord Jesus, we pray to thee:» Han på sida av meg las «Harry Potter og fangen på Azkaban» på spansk. Plutseleg kom ei ung jente inn i vogna med eit plastglas i handa: «Excuse me for a minute: My name is Molly Jones, and I lost my job last month. I have no money left and I wonder if you could help me. Any donation would help».

Dette er ein by eg svært gjerne ville koma tilbake til mange gonger. Dersom ein ikkje måtte gjennom ein sju timars flytur for å koma hit…

Heidi

Guggenheimmuseet

Nå sit eg på Guggenheimuseet saman med Sunniva og faren hennar. Det er veldig fint her. Spesieelt godt likte eg ein fotoutstilling med portrett. Akuratt nå klarer eg ikkje å hugsa kva kunstnaren heiter, eg  får skulda på varmen og mengden på inntrykk.Tre av bileta var ståande mødrer med nyfødde barn rett eter fødselen. Uttrykka var bokstaveleg talt veldig nakne. Den eine mora var utstyrt med ei slik sjukehustruse ein får etter ein fødsel, det forsterka det nakne. Dei andre to mødrene var heilt utan klede, med blod rennande på innsida av låret og stolte litt utmatta smil. Barna var mørkeraude og heilt nyfødde. Det var og ein serie badebilete. Hugsar dokke dei grusomme badedraktane og bikiniane med høg skjæring? Nå vil fylgjet mitt vidare.

***

Etter at dette er skrive har eg funne ut at fotokunstnaren er frå Holland og heiter Rineke Dijkstra. Oppover i «etasjane», det vil seia den innvendige spiralen som utgjer Guggenheimmuseet, fann eg fleire deler av utstillinga hennar. Ein stad var det ein serie portrett der ho fulgte den same jenta gjennom femten år med å laga eit portrett av henne ca annankvart år. Ho hadde gjort noko av det same med ein ung gut som var soldat i den franske fremmedlegionen. Han var fotografert ca kvart halvår, og viste korleis andletet hans forandra seg frå eit mjukt og sårbart unggutansikt, til ein vaksen mann med andre linjer i ansiktet. Ho hadde og laga nokre heilt fantastiske videoinstallasjonar med ungdomar i 11-18 års alderen. Det er absolutt inntrykka av hennar kunst som vart med meg heim frå Guggenheimmuseet.

Heidi

Me har flytta til Chinatown

Dei siste tre nettene i storbyen har me lagt oss inn på hotell på Manhattan. Hotel Mulburry ligg i Chinatown, like ved Little Italy.et er som å vera i Kina når me går ut døra. Det luktar fisk og krydder og kinamat, og skilta i butikkane står på kinesisk. Folk her snakkar amerikansk med kinesisk aksent, og i guiden står det at mange New Yorkarar lever heile livet sitt her i eit kinesisk miljø og snakkar bare kinesisk sånn til dagleg. Hotellet er kjempefint, og den forrige husverten spanderte drosje på oss hit fordi klærne våre vart sitjande fast inni ein vaskemaskin viss dør ikkje let seg opna i eit døgn. I går fiksa dei døra, men sidan me var ute våga dei ikkje gå frå vasken med open vaskemaskindør. Me fekk telefon om at dei skulle levera kleda til oss, og i dag,då me skulle reisa kom dei, ferdig bretta og tørketromla.

Hotellet er kjempefint, men internett er veldig ustabilt inne på rommet, så nå sit eg på eit kaldt steingolv ute på gangen og skriv. Kanskje det kan tena begrensningens kunst, som eg ikkje er spesielt god på. Eg og Halvard og Sunniva har vore på bytur, og handla presangar, klede og sko. Me begynner å få dreisen på dette nå. Ein fyr på gata sa til Halvard at «Your sista is a gangsta!» Eg sa til Sunniva at det truleg var eit kompliment. Sjølv har eg vore så modig at eg gjekk ut heilt aleine ein bitteliten tur for å handla noko å eta. Eg klarte nesten å rota meg vekk sjølv om eg telde kvartal og butikkar og hadde kart i lomma. Stedsansen min grenser til å vera ei funksjonshemning. Men stolt som bare det var eg når eg fann tilbake utan å måtta spørja om vegen. Like ved oss er det ei kinesisk Luthersk kyrkje og eit begravelsesbyrå, og rett over gata ligg ein park der folk spelar vollyball og solar seg. Ein gatemusikant  står der og spelar sånn omtrent den same melodien på fiolin. Sunniva som har gått på musikk- dans og drama var ikkje imponert, så til slutt måtte eg gå med på å lukka vindauget.

Snart skal me på musikal. Kjærasten min stod i kø for billigbillettar i føremiddag og me ende opp med «Ghosts», eit stykke ingen av oss har høyrt om før. Halvard ville svært gjerne gå på «Book of mormons», men den musikalen var så populær at dei hadde seld kvar einaste billett eit år fram i tid til ein billettpris på nesten 1000 kroner. Eg gleder meg til Ghosts. Det å sjå slike forestillingar er ei oppleving i seg sjølv same koss storyen måtte vera. Kanskje eg må googla det og sjå om eg finn ut meir.

Heidi

Fyrverkeri

Dagen er lang og varm. Etter mange Brooklynturen set me oss på ei trapp utanfor Central Park og ventar på Halvard som ikkje har vore saman med oss fordi han ikkje kjende seg bra. Han gjekk glipp av både pølsespising og folkemengde på Coney Island. Han gjekk og glipp av ein fantastisk gratiskonsert med eit band me fann på T-banestasjonen, You Bred Raptors, dei kalte seg eit postrockband, det var litt oppjazza og litt folkemusikktig, med ein touch av Kaisers Orchestra, framført på åttestrenga bassgitar, cello, klokkespel og trommer. Dei veksla mellom å spela med reptilmasker og klovnemasker.

Me måtte venta ei stund på Halvard som hadde vald å gå heilt frå World Trade Building. Eg er imponert over kor lett Halvard og Sunniva som med største letthet tek seg fram i storbyen. Det er eg som mistar retninga, blir forvirra over T–banekarta og får panikk ved tanken på å ikkje koma seg av og på på rett plass

Planen vår er å gå tur i Central Park, men me kjenner fort at me er for varme og for trøytte og for svoltne. Me leiter etter ein restaurant, og finn ein liten grillrestaurant ved eit tivoli der me bestiller hamburgarar og grilla kyllingbryst. Det siste viser seg å vera ei flatbanka stripe kyllingkjøt i eit hamburgarbrød. Medan me ventar på maten høyrer eg plutseleg «Hei Heidi!» Der står jammen Monika, Kalle, Alva og Nora. Eg visste dei var i USA, men ikkje meir, så kva var sjansen for å møta dei der, det er rimeleg usannsynleg å sitja på kafe i Central Park og møta naboar og kolleger. Det var utruleg koseleg å møta dei, og kjekt å utveksla erfaringar om å feriera i dette landet.

Me hadde planar om å gå ut og eta middag før fyrverkeriet klokka halv ti, men me var rett og slett så slitne og trøytte, at så langt kom me ikkje. Då tida for fyrverkeri var komen, melde Halvard pass og blei heime, medan me tre andre hekta oss på folkestraumen og gjekk i retning Hudson River, der det hadde samla seg ein stor folkemengde allereie ein halvtime før det begynte. Me var så heldige å få sitjeplass nederst i ei trapp. Manhattan såg fantastisk ut i skumringa med alle dei opplyste skyskraparane. Før fyrverkeriet var det masse båtar ute på elva, og politihelikopter. Eg kjende eit par dropar og samtidig med at rakettane gjekk i veret begynte det å lyna litt. Folk kom med begeistra tilrop då rakettane begynte å gå opp, og det var verkeleg ganske imponerande. Blomar, hjarter, jordkloder og intrikate formasjonar og mønster teikna seg på himmelen. Det var nokså langt frå den typen fyrverkeri der folk skyt vilt frå torget, Lye og Rossaland, og så ser ein bare kva som skjer. Dette var eit planlagd kunstverk, og det kjendest nesten litt magisk der me sat på ei trapp under eit stort tre med Manhattan skyline midt i mot medan mørket pakka seg tettare og tettare rundt oss. Små lysande eldfluer flaug rundt oss og det lynte svakt mellom rakettane.  Alt er  jo stort i dette landet, og det meste varer lenge. Me var einige om at fyrverkeriet ville sikkert enda med stars and stripes og det amerikanske flagget over himmelen, men etter tjue minutt fann me ut at det var nok fyrverkeri for oss. Me venta på at toreveret verkeleg skulle braka laus og at himmelen skulle opna slusane. Det kunne jo ha vore ei interessant oppleving med ein skikkeleg thunderstorm i mørket mellom alle menneska som ville heim i halvpanikk. Likevel bestemte me oss for å forlata staden før den gogongen slo.

 

Me hadde jo aldri rukke å eta den planlagde middagen ute, så me bestemte oss for å sjå om me fann ein stad der dei framleis serverte mat. Klokka hadde etterkvart blitt over ti, og det såg ut til at alle hadde stengd. Til slutt var me likevel heldige og fann ein cubansk restaurant, der dei reklamerte med autentisk cubansk mat. Det hadde normalt ikkje vore mitt førsteval, for eg ville tenkt at cubansk mat var ris og bønner og ikkje så mykje meir, men nå var det den sjansen me hadde.

Det vart ei hyggeleg overrasking. Lokalet var koseleg, og personalet veldig imøtekomande og søte. Noko heimsleg var det unekteleg over den høge salsamusikken og. Maten var kjempegod. Kjærasten min åt hhønsekjøt med ris og bønner, Sunniva hadde kylling i limesaus med pommes frittes og eg fekk først ei svart bønnesuppe med rømme og rå løk og så ein slags fiskekrokettar med torsk, som kanskje først hadde vore klippfisk, masse dill og remulade i ei lita skål. Me hadde eit kjempekoseleg måltid før me gjekk heim i den mørke og intenst varme natta. Toreveret slo aldri heilt til…

 

Heidi

Independence day

Det viste seg at yr i Norge hadde truffe betre med vermeldinga enn amerikanarane. Omtrent samtidig som me gjekk ut her i frå med lånt paraply i veska, slutta det å regna. Dagen har vore klar og fin med sol og sterk varme. Og visst blei det pølsespisekonkurranse på oss på Coney Island. Me reiste med t-bane til Brooklyn, men etterkvart gjekk han oppå jorda slik at me faktisk fekk sett oss om. Det er utruleg mykje kjekkare å sjå landskap enn svarte tunnelar under jorda. Livet inne i vogna vår var som ein liten teaterforestilling. Ein mørkhuda mann sprang rundt med eit amerikansk flagg og ønska alle happy independenceday han fortalde at han hadde kome frå Nord- Afrika og gått gjennom både det eine og det andre for å få bli amerikanar, men nå hadde han klart det, og han var så stolt over landet sitt. Ein av medpassasjerane som var turist, fekk trikkebilletten hans for å kunna ha som souvenir frå New York.  Mottakaren påpeikte at han hadde fått ein heilt lik billett sjølv, men det var tydelegvis heilt irrasjonelt, billetten var hans, det var bare å ta i mot. I same vogna rett overfor oss sat det eit ungt par med tydeleg indianske trekk. Dei hadde med seg to jenter. Den minste var litt over året, og vart litt sutrete og utolmodig. Mora tok henne på fanget og gav henne mjølk på tutteflaske for å roa henne ned. Dei var så vakre, den vesle jenta i grønn solbukse med skikkeleg knubbete etasjelår, sugde fornøgd på flaska medan ho snurra ein hårlokk rundt eine fingeren. Mora var så flott med hatt på hovudet og eit blikk som lyste av omsorg, ho nynna lågt for barnet på fanget, ei skikkeleg indiansk madonna med barn. Eg skulle ynskja eg kunne fotografera dei eller mala dei, men slikt gjer ein ikkje. Etterkvart kom det inn fleire og fleire på toget. Nokre kom nærast i badedrakter med barnevognene fulle av badeleiker, Det var tydelegvis ein badeplass i nærleiken. Så, då reisa nærma seg slutten kom det på ein skikkeleg kjempe av ein mann, mørk i huda han og, med ei gigantisk joggebukse. Han klødde tydelegvis på låra, for han stod og heiste buksa opp og ned, før han tok ut øyrepluggane sine og begynte å suga på den eine. Så sette han seg på veska si lent mot dørene, og haldt på å detta baklengs ut. Det mest underhaldande var at nykomlingen henvende seg til han med det amerikanse flagget, nå var det flaggberaren sin tur til å gjera som dei andre passasjerane hadde gjort då han var på sitt ivrigaste, stirra tomt framfor seg i lufta og gjera seg mest mogleg usynleg.

Vel framme var tusenvis av menneske samla for å sjå på pølseeting. Det var cheerleading og musikkorps og ein ellevill konferansier med onkel Sam- hatt, og på scenen stod tolv damer klare til konkurranse. Dei hadde kvar si bøtte med pølser med brød og ein som stod og telde for dei, og i tillegg eit stort glas vatn. Me vart gjort merksame på at pølseeting var som idrett å rekna, og at det låg hard trening bak. Merkeleg nok var damene små spede og veltrente. Det gjaldt å eta mest mogleg pølser på ti minutt, og dei hadde kvar sin konkurransestil, nokre av dei dansa rytmisk medan dei åt. Sjølv om me stod nokså nære scenen så var det svart av folk og vanskeleg å sjå, så me fekk det heile på storskjerm med nærbilete av deltakarane. Vinnaren klarte å trykka i seg førtifem pølser på ti minutt. Koss ei lita tynn dame får plass til førtifem pølser med brød er meg ei gåte, men treninga gjekk mellom anna ut på å utvida magesekken systematisk. Sjølv om eg syntest det var ein nokså motbydeleg idé med heile konkurransen, så lot eg meg sjarmera av steminga, musikkorpset og det jublande folkehavet. Nokre som ikkje lot seg sjarmera var ein gjeng veganarar. Dei stod på god avstand, under oppsyn av politiet og protesterte med store plakatar mot det dei opplevde som ein forkasteleg situasjon. På nokre av plakatane hadde dei teikna «hot dogs» som levande hundar mellom to pølsebrød. I pausen før herrene skulle sleppast i pølsebøttene var det pause der publikum kjøpte seg… varme pølser sjølvsagt… Me fant ut at me fekk feira skikkeleg når det først var fjerde juli, så me stilde oss i pølsekø me og. Eg passa bare på å ikkje vera synleg for demonstrantane i det eg, ikkje utan ei viss nyting, åt pølsa mi. Sunniva og eg trakk oss tilbake under oppvarminga av publkum før startskotet gjekk for dei mannlege deltakarane. Sunniva haldt bokstaveleg talt på å besvima av varme og utmatting i folkehavet foran storskjermane, så det var best å finna ein kjølegare plass. Derfor fekk eg ikkje sett beste mannlege pølsespisar setja ny verdsrekord gjennom å eta var det sekstiåtte eller sytti pølser. Det kunne eg i grunnen leva greitt med, og angrar eg, kan eg gå til kjærasten min. Han har nemleg både film og foto, – trur eg.

Heidi

Om morgonen fjerde juli

Me vakna i dag av den velkjende lyden av regn mot asfalt. På lokale vermeldingar meldar dei «rain and thunderstorms», medan dei på yr melder sol og glede heile dagen. Kanskje yr er best på det norske veret. Eg hadde latt meg overtala til å vera med på ein litt bisarr aktivitet i dag: Femtusen amerikanarar feirar fjerde juli med ein stor pølsespiserkonkurranse på Coney-island. Nokre i denne familien kan ikkje motstå denslags. Dei et så mange pølser dei kan på ti minutt, og han som vann i fjor rakk å eta 66 pølser før gogongen gjekk. Eg får litt assosiasjonar til den gamle Monty Pyton- filmen «Meaning of life» når eg høyrer dette… Om konkurransen går av stabelen i thunderstorms og rain, gjenstår det å sjå. Likeså om familien Harboe kjem til å vera representerte der mellom dropar og sikksakklyn.

Eg fekk telefon om at farmor er på sjukehus etter eit lite hjarteinfarkt, men at det går bra med henne, og at ho skal heim att i dag. Eg sender henne masse varme tankar og håpar at dette er til å leva godt vidare med for henne. Av meir prosaiske ting eg lurer på, er ein av tinga om ein burde skaffa seg paraply eller regncape i plast eller noko. Det er vel ikkje farleg å bli våt når det er 27 grader ute, men det er litt upraktisk å koma inn på T-bane og andre stadar og sjå ut som om ein har dusja med kleda på.

Heidi

Walking in New York

Det er nesten synd at stegreknaren er eit tilbakelagt kapittel, for i dag hadde det garantert blitt utteljing om eg hadde gått omkring med ein slik ein. Eg elskar å driva gatelangs og sjå og lytta. Nå er føtene trøytte og ømme, og det er deilig å slenga seg ned på ein av barkrakkane i leilegheita vår og kosa seg med kaffi og rugsprø med ost og tomat, medan resten av familien held fram trenden med halvferdig pizza frå supermarknaden på hjørnet. Både i går og i dag tenkte me at me kunne jo gå ut ein tur og eta litt utpå kvelden, men så viser det seg å vera ein meir fristande tanke å bare «ta det med ro heime.»

Ei av mine relativt godt skjulte sider, er at eg blir overlukkeleg over å finna eit strykejern der eg skal feriera. Eit slikt eit fann eg i gårkveld, og til og med eit strykebrett, så eg starta dagen med å stryka krøllete kjolar og blusar som eg faktisk strauk rett før eg pakka dei ned. Det er alltid interessant å sjå kva dei sender på TV i eit nytt land, og etter å ha klikka meg gjennom ein mengde kanalar med ulike variantar av TV-shopping, vart interessa mi vekka då eg såg ein alvorleg og oppriktig mann i dress som sat og snakka framfor ein reproduksjon av Rembrandt sitt bilete av den bortkomne sonen.(http://www.rembrandtpainting.net/prodigal_son/return_of_the_prodigal_son.jpg) Programmet heitte «Coming home», såg eg av logoen øverst på skjermen. Konseptet viste seg å vera eit slags talkshow der personar som hadde konvertert til den katolske kyrkja snakka om trua si og prosessen kring konverteringa. Intervjuobjektet denne gongen var ein episkopal prest, som hadde blitt catholic priest, og neste gong skulle det vera ein baptistpastor som hadde konvertert som skulle fortelja om sin prosess på «vegen heim». Eg kom til å tenkja på at Arnfinn Haram som nettopp døydde måtte ha vore eit perfekt intervjuobjekt i denne serien på ein katolsk tv-kanal. Eg vart fenga av programmet fordi det var ein lågmælt samtale om å orientera seg fram i livet sitt, og var herleg fritt for «glamour».

Då familien var samla og vakne, slo me nummeret til Ingrid, som fyller 23 år i dag. Me samla oss rundt telefonen, og då ho tok han sette me i med å synga «Happy birthday» etter beste evne, me song så høgt og tydeleg me bare kunne. Ho skulle trass alt høyra oss heilt til Bryne. Den glade mottakaren av det musikalske opptrinnet påstod at Oddvar sat ved sida av og haldt seg for øyrene, men det er sikkert bare noko ho seier, slikt trur me ikkje på om svigersonen vår.

I dag tok me og T-banen over til Manhattan. På infoskjermen på T-banen kom det opp ein nyheit om at ein nordmann hadde kome med bombetruslar. Det var ein litt absurd tanke at ein eller annan terrorinnstilt nordmann skulle vera den største faren i byen akkurat nå. Eg har ikkje heilt funne ut kva desse truslane går ut på og kven mannen måtte vera.

Sunniva skulle kjøpa litt fotoutstyr som ho treng til året sitt på kunstfotolinja på folkehøgskulen. Me reiste til ein gigantisk fotobutikk BH/foto, video. Det er den mest tyverisikre staden eg har vore på. Systemet var at ein først måtte gå til ein ansatt, og dei vrimla det av, ein overraskande stor del av dei var forresten ortodokse jødar med skjegg og lange korketrekkjarkrøller, dei henta eit skjema der ein fylde ut kva vare ein ville kjøpa, så stod ein i kø og bytta ut skjemaet med ein kjøpsbillett. Så gjekk ein til neste avdeling og gjorde det same der, dersom ein ville kjøpa noko der, og den same prosedyren gjentok seg. Sunniva kjøpte eit brukt analogt Canonkamera, ein fotobag og fire rullar svart/kvitt- film. Ho måtte dermed innom tre avdelingar og vandra vidare med tre kjøpsbillettar i handa. Neste steg var å finna avdelinga for betaling av varene, og så var det nye køar for utlevering av varer. Glad og fornøgd stod ho omsider med alt ho hadde betalt på fortauet utanfor butikken, og så gjaldt det for meg å finna løypa for exit utan å ta den gjennom kassakøane. Eg lukkast til slutt. I tillegg til alle ekspeditørane med og utan kalottar og skjelvekrøller, så var det bevæpna vakter i utgangspartiet. Eg går ut frå at mange amerikanarar føler seg trygge med alle desse bevæpna personane som skal beskytta dei, men for oss som ikkje er vane med det, kjennest det litt uhyggeleg med bevæpna politi i gatene og bevæpna soldatar i inngangsdørene til T-banestasjonen på World Trade Center. Tenk om det klikka for ein av dei og dei begynte å skyta villt omkring seg…

Etterpå var me svoltne og det låg ein kinarestaurant like ved der dei hadde både restaurant og «take home». Lokalet var litt kantineaktig, og ikkje alt for innbydande, men på døra hang ein plakat som fortalde at helserådet hadde vore på besøk og gitt dei karakteren A på hygiene. Det sat mange der og åt som såg kinesiske ut, og det skal visst nok vera eit godt teikn på ein kinarestaurant. Folk kom stadig vekk inn og bestilte «take-away», og kjøkkenet var ope inn til restauranten. Det som verkeleg var fascinerande var lydnivået på dei som dreiv staden, og ikkje minst effektiviteten deira. Dei sprang omkring i høgt tempo og ropte høglytte bestillingar og beskjedar til einannan medan dei arbeidde. Arbeids- og taletempo var på høgde med den farten farmor og tante Sofie brukte i barndomen min når dei jobba saman på eit kjøkken. For dei som ikkje er innvidde, så gjekk det verkeleg fort… Ei av damene kom småspringande med maten vår, som forøvrig smakte riktig godt. Då mannen i mitt liv hadde teke sånn ca tre munnfullar av sin, så kom ho springande i det same tempoet og snappa maten hans tilbake med replikken «Sorry, you`ve got the wrong food». Så sprang ho ut på kjøkkenet med den feilleverte maten og etter femten sekund så kom ho springande ut med ein ny porsjon som såg til forveksling ut som den første og fleire «sorry», «sorry» i det ho sprang vidare.

Sko viser seg å vera mykje billigare her enn heime, så eg og ungdomane la ut på skojakt. Det vart to par Nike joggesko til meg og Converse til Halvard og Sunni. Så gjekk me til Macy´s, eit gedigent gammalt varehus, der eg hugsa frå sist at dei hadde ein heil etasje med dameklær i store størrelsar. Sunniva forbarma seg og lova å vera med som konsulent. Det var masse å velgja mellom, og lett å gå seg vill mellom reolane, noko var «kåneklær» og noko veldig «syntetisk» og «amerikansk». Dessutan er ikkje amerikansk stormote heilt som norsk. Formfullendte amerikanerinner, enten dei er afroamerikanske, latinamerikanske eller bare amerikanske, har ingen skruplar med å visa fram struttande rumper og store magar, så mange av kleda er annleis i fasongen enn det eg er van med.  Eg fekk plukka med meg litt forskjellig, då ei lita mørk ekspeditrise stod framfor meg og smilte. Ho tok frå meg dei klesplagga eg bar på og sa «I take care of the clothes and of you. You just tell me your name, and I will reserve a fitting room for you, just have a nice time going shopping, and tell me when you are ready for trying the clothes on…» Litt forvirra over dette ukjente mønsteret for kleshandel fortsatte eg å plukka klesplagg. Då eg var ferdig stod Helayne, der og venta med ei prøveromsdør med namnet mitt på. Sunniva venta utfor døra, og eg var godt fornøgd med at den ivrige selgjaren ikkje stilde seg opp utanfor.

Då eg hadde vald meg ut to bukser, ein tunika og ein kjole eg ville kjøpa, kom Helayne springande igjen: «Haydi, I am so sorry, I was just going to find you and assist you.» Ved kassen stod det av alle ting store behaldarar med sjokolade, slik at dei som handla stormoteklede kunne kjøpa seg ein sjokolade med det same dei betalte. I tillegg var systemet slik at ein kunne få kjøpt sjokolade nummer to til halv pris. Her visste dei tydelegvis kva som kunne frista store damer på shoppingtur. Helayne konverserte meg medan ho ekspederte meg og pakka kleda saman, og ho avslutta med fylgjande replikk. » Haydi, you just HAVE to come back before you leave on Sunday, and I will help you to find SO many nice clothes.» Eg smilte, takka og gjekk.

Eg hadde avtale om å møta ungdomane mine i solbrilleavdelinga ved utgangen etterpå. Eg har nemleg ikkje fungerande mobil her i landet sidan eg har ein billigmobil, medan dei andre kan kommunisera med I-phonane sine. Det viste seg å vera mange utgangar og fleire solbrilleavdelingar, så panikken var nære ved å ta meg, men til slutt fann eg dei. Det var så utruleg mange folk der inne, og uvane som me er med å bevega oss mellom tusenvis av menneske på eit lite areal så hadde eg følelsen av å bumpa borti folk overalt og stenga vegen for folk som ville fram. Ei dame med trillebag var så provosert at ho tok tak i armen min og hveste: «Get out of my f…ing way!» Eg vart så forvirra og overrumpla at eg ikkje ein gong kom på å seia sorry. Eg stirra bare tomt på dama som strente vidare medan ho snakka i telefonen.

Etter folketrengsla i handlestroka, var det nydeleg å hoppa av t-banen i Greenwich village der livet flyt mykje langsommare. Det har etter to dagar blitt favorittstroket vårt i New York. Halvard måtte visast vegen til second-hand- platebutikken og fann seg vinylplater med «Abbey road» og «The dark side of the moon.» Me møtte Leif på ein koseleg kafé der me hadde henhaldsvis iste,  Cappuccino, oreocupcake, fatfree yoghurt med bær og frukt og ein alkoholfri mojitosliknande grøn myntedrikk på flaske. Eg anbefalar kafeane i dette området, dei to me har vore inne på har vore kjempekoselege. Sunniva hadde høyrt rykte om at det skulle vera mange vintagebutikkar i Greenwich village, så me la ut i håp om å finna dei. Det lukkast me ikkje i, men me var inne på ein fantastisk bokhandel med kunstbøker og biografiar før me igjen gjekk til fots til World Trade Center. Denne gongen gjekk me gjennom bygatene i staden for strandpromenaden langs elva. Sunniva er ein fantastisk person å byvandra med.

På gatene i storbyen er det ein del menneske som heilt tydeleg slit med liva sine. Ein del gjer rare ting som å ropa og skrika etter folk eller snakka og synga høglytt for seg sjølv. Andre sit og tiggar. I går vurderte eg og Halvard å kjøpa hundemat til ein som tigga saman med hunden sin, og i dag vurderte eg å kjøpa matpakke til ei som sat med ein plakat om at ho var «very hungry». Det siste har eg gjort av og til. I dag vart det med å legga ein dollar ned i pappkruset til ein som sat på fortauet og såg ut som om han haldt på å døy. Det er utfordrande med tigging. Det blir på ein måte feil både å gje og ikkje gje. Elles så er folk flest her veldig vennlege og hjelpsomme og blomsterhandlaren ropar muntert «Bless you!» etter deg når du nys på gata.

Det er snart på tide å ta kvelden. Nå har eg skrive i halvannan time, og teksten er blitt alt for lang, men eg orkar ikkje gå i gang med å forkorta. Til deg som har lese og kome gjennom alt saman så lovar eg dyrt og heilag å fatta meg kortare i morgon. Det er bare det at det ikkje er så enkelt å økonomisera når ein har reist langt og lenger enn langt og er ute i verda og samlar på liv.

Heidi