Gå til innhald

Tørke, kriminalitet og hetebølge

Eg veit ikkje om det er dårleg gjort å bruka denne overskrifta i forhold til kva ver eg veit de har heime, men i dag overhøyrte eg ein samtale i frokostromet der dei sa at store deler av USA er i fare for å bli utsett for skikkeleg tørke, og at deler av avlingane står i fare fordi det i store delar av landet har regna alt for lite dei siste tre åra. Varmen var og eit samtaleemne i frokostsalen. Dei melder over førti grader i dag og, og på verkartet var det store røde bokstavar som stava HOT med raud skrift og gule flammar rundt.

Den vesle runde dama som jobba i resepsjonen ønska oss ein god dag og sa it`s gonna be REEEEALY hot. Ho forklarte at heten blir så merkbar i dette området fordi luftfuktigheten er så høg. Førti grader i Texas, der ho hadde ei dotter, kjendest som tretti her. Dersom ein hang våte klær ute på klessnora ein verkeleg varm dag ville dei framleis vera fuktige når ein tok dei inn om kvelden. Eg spurde om det var varmt å jobba slike dagar og ho sa at det var veldig varmt når ho måtte jobba utanfor airconditionsona. I tillegg kan eg fortelja at dei som jobbar her må gå i svarte langbukser, kvite skjorter og svarte vestar. Sånne uniformar der ei skjorte skal stappast ned i ei langbukse er veldig populære her, både i butikkar og andre plassar. Takk og lov for at eg sannsynligvis aldri kjem til å oppleva at nokon krever at eg skal kle meg på den måten…

Og i tillegg til det eg skreiv i går om eit litt shabby nabolag; kjærasten min spurde om eg hadde lese infopermen. Det hadde eg ikkje. Eg er ofte like dårleg på å lesa infopermar som bruksrettleiingar. Der var det nemleg ei heil side om security. Det står det at ein alltid må ha på sikkerheitslenka på døra. Dersom nokon bankar på må ein kikka gjennom kikkholet i døra, og så opna døra på gløtt med lenka på. Dersom personen ute seier at han eller ho kjem frå hotellet må du ringa og sjekka med resepsjonen om det stemmer. Før ein går ut av utgangsdøra må ein sjå seg godt for om ein ser noko mistenkjeleg, og om du ser noko skummelt må du straks ringa respesjonen. Ein blir anbefalt å ikkje gå med dyre smykker eller visa fram pengar offentleg… Ja, ja… Kanskje like godt at eg ikkje la ut til fots i går med lommeboka i handa for å finna ein plass ein kunne kjøpa epler eller micromat…

I dag skal me til Amish-land. Eg får satsa på at det er litt tryggare der. Eg lurer på om me får noko befatning med Amish-folket. Det skal visstnok vera både museum og amishbutikkar der. Dilemmaet blir sjølvsagt at desse menneska verken spelar teater eller bur i dyrehage… Dei har bare veld ein veldig spesiell livsstil og har krav på både respekt og privatliv.

Heidi

Chesapeake Bay

Kjøreturen i dag og var spennande og spesiell. Det mest spesielle landskapet me passerte var å kjøra over Chesapeaka Bay. Dette er ei stor bukt mellom Maryland og Virginia der ein forserer eit langt sjøområde på ei låg bru, eller rettare sagt ei bru i kvar kjøreretning, det kjennest som å kjøra bil gjennom havet, og to deler av strekningen går vegen bokstaveleg talt under havet i to underjordiske tunnelar.Eg prøvde å fotografera, men eg det var ikkje mogleg å fanga opplevinga av å kjøra bil midt i sjøen.

Ein stad langs vegen stod det skilt om at fangar var i arbeid i området. Eg var redd me skulle få sjå fangar med fotlenker og spesielle drakter, men me såg ingen. Kanskje skiltet oppfordra til at ein burde vera ekstra obs dersom ein tok ein haikar inn i bilen, for eg kan ikkje heilt sjå andre grunnar til at me trong den informasjonen. Me kjørte bil gjennom store landbruksområder, og i ein del av dei bustadområda me kjørte gjennom såg det ut som om befolkninga budde i desse campingvogn/ brakkeliknande husa, som me ser overraskande mange av. Eg trudde i utgangspunktet at det var få som budde i slike nesten slumliknande område. Over vegane og markene med det eg trur var sukkerrøyr, mais og kanskje tobakk, låg det mange rovfuglar og sigla oppe i lufta. Eg går ut frå at det er mest falkar, men ein del av dei kan nok vera små haukar og. Ein annan ting eg ikkje har sett heime er nokre veldig store sommarfuglar som plutseleg flyg over vegen.Ein stad såg me ein død dådyrkalv ligga i vegkanten, truleg etter møte med ein bil. Me har og sett påkjørte piggsvin og ekorn, og noko eg trur kan ha vore ein vaskebjørn.

Den siste delen av vegen såg me stadige skilt til «Evacuation areas» i tilfelle «hurricanes». Det må jo tilseia at området me er i nå er ganske utsett for tornadoar og orkanar. I morgon melder dei «some thunderstorms», men det er heldigvis ikkje heilt det same. Det er framleis skikkeleg varmt her, første gongen eg såg eit termometer i dag var klokka kvart over seks om kvelden. Då viste det 96 grader fahrenheit, som skulle tilsvara bortimot 36 grader celcius, så på dagtid har det nok sikkert vore 40 grader eller meir. Heldigvis er ingen av oss slik at me blir plaga av høg varme, men me merker jo at det er varmt.

På radioen i bilen høyrde me mellom anna eit politisk program produsert av republikanarane. Obama hadde sagt i ein tale om «den amerikanske draumen» at det var ikkje rett at kven som helst kunne gjera økonomisk suksess. Dei som vart aller rikast vart det fordi dei hadde fått hjelp av andre som gav dei oppbacking som økonomisk hjelp, moralsk støtte, utdanning eller hjelp på annan måte. Alle var avhengige av kvarandre og det måtte eit system til for å oppnå suksess. Dette fall tydelegvis radiotalaren tungt for brystet. Han kom med ganske injurierande påstandar om at «Obama hates his country. He litterarely hates it. And he hates those of us that has been succesful because we have been working hard. Obama is an ememi of this country and of everything that we have been building up…» Eg hadde ikkje trudd at eg til den grad skulle la meg provosera av talar angåande amerikansk politikk, men eg kjende at det der orka eg rett og slett ikkje å høyra på. På ein del felt er kulturforskjellane mellom USA og Skandinavia ganske store…

I ettermiddag/ kveld har me opplevd noko uventa.Me kom fram til hotellet klokka fire, eit «Best Western» – hotell. Både dei og «Super 8» hotell, ligg langs vegen, gjerne i eit vegkryss, eller på eit industriområde, og er hotell for dei som vil ha billig overnatting før dei reiser vidare neste dag. I vårt tilfelle i dag ligg det i eit «bilbutikkområde» med mange motorvegfiler rundt omkring. Då me var på plass, var eg veldig klar til å reisa ned til næraste by, Salisbury, som eg hadde for meg var ein halvstor og veldig fin by. Reisekameraten min var sliten etter all bilkjøringa i varmen, og ville gjerne vaska klede, sidan det var eit vaskeri på hotellet. Eg innsåg at det var eit rimeleg ønske, og me vart einige om at me i mellomtida kunne ta ein liten dukkert i det innegjerda svømmebassenget og slappa av litt i sola. Dette medførte at me ikkje kom i veg før klokka var seks, til det eg hadde sett for meg var litt triveleg byvandring med kikking i butikkar som endå var opne, ein kopp kaffi ein plass på fortauet, ein spasertur langs elva og ein eller annan slags form for middag ein stad der det passa seg slik.

Me tenkte at det kunne då ikkje vera så vanskeleg å finna vegen til sentrum, så GPS-en var ikkje tilkopla. Imidlertid forstod me på den manglande skiltinga at det var like greitt å finna han fram. Så vart me førte på kryss og tvers inn og ut av gater, heilt til GPS-en med innstilling bysentrum stoppa midt i ei gate og forkynde «ankomst». Ho, for det er ein GPS med damestemme hadde ikkje følt seg heilt bra i dag. Ein gong før hadde ho fortald oss at ho var alt for varm og trong ein pause for å roa seg ned… Me prøvde å programmera inn andre ting; «Touristinformation» «shops», men me vart førde på den same halsbrekkande rundturen inn og ut av intrikate vegkryss. Til slutt gav me opp og parkerte ved biblioteket, for me tenkte at eit bibliotek burde ligga sånn ca i sentrum. I tillegg var det parkeringshus og parkometer der, og folk burde vel ha ein grunn til å parkera der? Etter å ha gått litt, kom me til ei bygate, det var til og med ein fotgjengarovergang der, med butikker på begge sida av gata, benker til å sitja på og ei fontene, men området var kjemisk reinska for menneske og alt var stengd. Til slutt møtte me ei dame som rett og slett gjekk til fots i ein by der alle såg ut til å kjøra bil på ein av firefeltsvegane. «Excuse me,» sa eg. «We are looking for some restaurants…» Ho rista litt forvirra på hodet. «A place with shops..? A place where we can buy food». Ho rista på hovudet igjen. «You have to take a taxi to the mall, it is too far to walk.» «But don`t you have a city-centre here? A place where people can buy food and other things?» Ho rista på hovudet nok ein gong og sa at me måtte til eit kjøpesenter.

Det er vel eit mønster me har sett her, om me ser bort frå New York city, då. At butikkane i gatene ser ut til å ha harde tider, medan folk gjer innkjøpa sine i store varehallar på idustriområdeliknande arenaer. Eigentleg ser me vel litt det same heime og, men heldigvis ikkje så uttalt. Me kom oss tilbake til bilen og tasta inn på GPS-en at me ville til eit kjøpesenter. Me fekk opp ei lang liste og valde eit av dei, så var det nye rundar ut og inn av vegar. Då me kom til området viste det seg at dei hadde spesialisert seg på møblar, dyrebutikkar og surfeshoppar. Dei tre tinga hadde kvar sin store varehall. Så var det ein liten, litt Nille-aktig butikk der me såg at ein kunne kjøpa mat. Sidan me først var der, så fann me ut at me ville kikka nærare på dyrebutikken. Det var verkeleg ein gigantisk dyrebutikk der dei selde all slags dyr, det var både slangar og ein stor iguan der. Frå den eine delen av butikken høyrde me bjeffing. Der stod det hundevalpar i kvart sitt bur og var til salgs. Eg tenkjer at det er gode grunnar til at det ikkje blir seld hundar i dyrebutikk heime. Ein hund bør ein helst ikkje kjøpa på impuls. I eit av bura stod det ein knusbedårande mopsevalp. Han var nok den amerikanske mopsetypen eg har sett på bilete, med mindre flat snute og slankare kroppsbygning enn dei me har heime. Eg spurte litt om pris og sånn, og var så interessert som eg bare torde i håp om at eg skulle få klappa han og kanskje løfta han ut av buret, men så langt torde eg ikkje å trekkja det. I staden plukka eg med meg ei interessant bok om mopsar og to cd-plater om korleis ein kan oppdra dei… I butikken hadde dei sjølvsagt ein rikhaldig akvarieavdeling, og kundar med sans for dramatikk kunne betala ein dollar for å kjøpa ein håv med små akvariefisk og mata to store pirayarar med. Underhaldninga bestod då i å sjå småfiskane bli jaga og etne…

Hundeutstyrsavdelinga var og rikhaldig. Her kunne ein kjøpa hundekaker til å gleda sin firbeinte venn med, dei kunne vera utforma som eit kjøttbein eller eit lite dyr med noko som såg ut som sjokoladeglasur på og fargerik pynt på toppen. Det mest fascinerande syntest eg likevel var hyllene med tørka kuøyrer til tyggebruk. Dei kunne ein kjøpa med vaniljesmak eller med peanøttsmørsmak, og i tråd med måten dei marknadsfører menneskemat på, stod det ein plakat om at dei var » fat- free»…

Då me kom til matbutikken oppdaga me at dei hadde nesten ingenting mat der i det heile tatt, så me fann ut at me fekk finna ein matbutikk nærare hotellet. Det hadde alt begynt å mørkna, og sjåføren min ville helst ut av dette trafikkbiletet før det vart heilt mørkt. Det viste seg at matbutikkar langt frå vaks på tre, men me oppdaga ein matbutikk med «Farm-food»  nokså like ved hotellet, det var bare å finna ut korleis me skulle koma oss av firefeltsvegen og bort dit. Då me kom bort såg me at det var tre små butikkar på området, alle virka relativt shabby. I den eine skulle det vera ein slags resturant med meksikansk mat, men då me kikka inn såg me bare nokre kafebord, eit skitent glasskap med brusflasker i og eit stativ fullt av gamle klede. Me var etterkvart blitt skikkeleg svoltne, så me fann ut at me fekk gje det ein sjanse. Då me kom inn kom ei lita jente springande. Ho henta mor si, som sette opp eit strålande smil. Ho henta kvar vår skitne meny i plastlommar. I lokalet var det ingenting som tyda på at dei selde mat der, og i staden for matlukt lukta det kjellar, gamle klede og sure vaskefiller. Eg skulle gjerne ha gleda vertinna med å eta der, for eg såg eit nake håp i auga hennar, men eg bare kjende at det kunne eg ikkje.
Den neste butikken var stengt, og i den tredje stod det skilt på døra om at før ein kom inn måtte ein ta av seg hetta på hettegensaren, solbriller og luer, elles slapp ein ikkje inn. Det minte meg om det kjærasten min hadde sagt om at han hadde høyrd på TV at det hadde vore ein del knivstikking nede i byen. Det viste seg at det var utruleg lite som frista i denne butikken og, det var eit svært mangelfullt vareutval, og dei som jobba der virka resignerte og uinteresserte. Kjærasten min kjøpte eit pappglass med slik nudelsuppe som ein skulle hella varmt vatn over. Sjølv fann eg bare ein pose med tørka frukt og peanøter, og ein liten pose med seks doble salte kjeks med peanøttsmør mellom… Me meinte å hugsa å ha sett ein liten restaurant på sjølve hotellområdet, men denne viste seg å vera stengd på måndagar. Det var ein ganske komisk og uventa situasjon å stå i utkanten av ein amerikansk by og ikkje ha mat. Me hadde litt niste frå før som me hadde hatt i bilen, litt kjeks, litt pepperonipølse, eit par proteinbarar og bittelitt ost, så me fann ut at me klarte oss til i morgon tidleg. Likevel gjekk eg ned i hotellobbyen i tilfelle det skulle vera eit eller anna der som kunne kjøpast.

«Can I help you, miss?» Dama i resepsjonen kikka opp. «I just wondered if it was possible to buy something to eat, such as biscuits, nuts or chocolate?» «No, sorry miss, you have to go to a shop, there is a Wall-Mart close to here…» «How close?» «I don’t know, exactly, just a few miles…» Then it`s not possible to walk to a shop?» Nå sperra ho opp kulerunde mørkebrune ague og måpte til meg. «No, mam, no! You can`t WALK». Ho såg ut omtrent som om eg hadde spurt etter snaraste veg til månen.

Då eg kom ut frå resepsjonen hadde kjærasten min observert eit skilt om pizzasal tvers over gata ein plass. Spørsmålet var bare om det lot seg gjera å springa over dei fem felta med gate utan å bli påkjørd, eller om ein måtte oppdaga ei slags finurleg kjørerute for å koma dit. Me bestemte oss for å klara oss med det me hadde, og det har me gjort. Nå gler me oss til frokosten i morgon… Men først skal eg kosa meg med ei bok om mopseoppdragelse…

Heidi

Edenton

Me hadde bestemt at me hadde lyst til å få med oss i allefall ei gudsteneste i USA. I utgangspunktet ville eg gjerne hatt med meg ei gospelgudsteneste i Harlem, men sidan me kom til New York den første sundagen og ungane reiste heim den neste, så fekk me det ikkje inn i skjemaet. I går var me på utkikk etter ei kyrkje me kunne besøkja i dag, og hadde plukka oss ut ei baptistkyrkje, ca ti minutts kjøring frå der me budde. Det er ei interessant oppleving å vera «kyrkjeframande», og ikkje heilt vita kva som skal foregå og korleis. Me vart tekne godt i mot på trappa, og kyrkja var nesten full av sundagskledde menneske. Dei fleste damene kom i kjole, akkurat som meg, og svært få av mennene hadde shorts og T-skjorte med trykk på slik som kjærasten min.

Bak han som me først trudde var pastoren, men som nok var ein slags musikalsk leiar, stod koret kledde i blå korkappar med gulldekor. Dei var ikkje mange, men det var både unge gutar, eldre menn og damer i alle aldrar med. Forsamlinga stod på songane, og dirigenten dirigerte kyrkjelyden medan koret stod bak ryggen hans og song. Etter første songen var det fem minutt der folk vart oppfordra til å helsa på kvarandre og spesielt på gjestene. Igjen vart me tekne godt i mot. Ein ung gut spelte gitar og song ein lovsong «Bless the Lord my soul, and praise his holy name.» Han gjorde  det på ein sjarmerande uperfekt måte og etterpå klappa folk.
Songane kjende me att, både «Amazing grace» og «Just som jeg er» i engelsk versjon, var veldig greie å synga med på, og måten dei vart sungne på minna meg faktisk om min barndom i baptistkyrkja på Ålgård med mykje rytme og innleving. Pastor Daniel, som han kalla seg haldt talen som var ei forteljing om David og filisterane. Han var ein god forteljar med sterk karismatisk utstråling. Det virka som om kyrkjelyden gjekk gjennom kapittel for kapittel frå bibelen med trådar inn i nåtida. Ikkje alt vart gjort på den måten som det ville vore mest naturleg for meg å gjera det, men det viktigste var at eg følte meg berørt på denne udefinerbare måten eg ofte opplever i kyrkja og ganske ofte elles og. Eit eller anna inne i meg dett litt på plass, og livet kjennest heilskapleg. Eg klarer ikkje å definera det betre akkurat nå, men det var fint å vera der.

Dette trur eg har vore den varmaste dagen til nå. Me merkar det ikkje så godt inne i bilen, men når me kjem ut står varmen mot oss som ein dirrande vegg, og asfalten får eit glinsande oljelag på toppen. Den første pausen vart på Mc Donalds for å få oss litt kaffi, dei er opptatt av decaffinering her, og på hotellroma pleier det å vera ein traktepose av kaffi med koffein og ein utan. Derfor vart det utan i dag morges, og utpå dagen sakna me koffeinen vår… Koffein og restroom, var motivasjonen for å kryssa dørteskelen til Mc Donalds i dag. Dei slit nok med ryktet sitt om å servera supersizing fastfood, så dei prøver å koma opp med alternativ som skal marknadsførast som sunnare. I dag prøvde eg eit av dei: «Oatmeal with blueberries and pecans»- havregrøt servert i eit litt stort pappbeger med blåbær og pecan-nøtter og ein dash kanel. Det smakte slett ikkje så verst.

Det å leita etter sunn mat i butikkar og restaurantar her borte er ein sak for seg sjølv. Dei har mange salatar, ære vere dei for det, men dei brukar mykje brød, og nesten alt brødet er så kvitt at franskbrød blir reine grovbrødet til samanlikning. Det kan vera hyllemeter på hyllemeter med brød, men knekkebrød, rugsprø, rugbrød og liknande, glimtar med sitt fråver. Det er ein sterk trend at ting blir merka som sunne, på ein måte som kan sjå tilforlateleg ut om ein ikkje sjekkar det meir nøye. For å setja det på spissen, så er smøret merka «free from sugar» og sukkeret «Free from fat.» Ein pakke grove kjeks blir merka med at dei har femti prosent mindre fett enn potetgull, og det som blir framstilt som ekstra sunne alternativ har ofte masse honning i seg. Frokostane på hotell er ofte muffins og sjokoladekjeks, men dersom ein legg litt energi ned i det, går det an å koma fram til ganske greie løysingar.

Me peila oss inn på ein liten by, med det nesten kongelege namnet Windsor, der me tenkte me kunne ta ein spasertur. I Windsor var det dampande hett, og ikkje mange menneske å sjå. Kafeane var stort sett stengde eller nedlagde. Plutseleg kom ei lita dame springande etter meg: «Maaam?» Eg lurte først på om eg var mistenkt for butikktjueri i den butikken me hadde vore inne i utan å kjøpa noko, men det var noko anna ho ville ha sagt: » Excuse me mam, but your husband, I mean could it possible be…?» Og så kom ho med namnet på ein kjendis som eg aldri har høyrt om, og dessverre har gløymt namnet på. Då eg sa at nei, det er det nok ikkje, såg ho litt tvilande ut. Ikkje før kjærasten min kom bort til oss og tok av seg solbrillene slutta ho å tru at eg gjekk omkring og prøvde å skjula identiteten til ein kjendis. Ho såg litt skuffa ut og sa at han var så veldig lik. Me forklarte at me var norske, og ho sa at ho håpa me likte byen hennar, det var ein veldig fredeleg plass å bu. Det siste trudde me på.

Neste stopp var byen Edenton, der me slo oss til for kvelden. Det er verkeleg ein nydeleg by, med masse freda gammal bebygging, akkurat som i New Bern. Det står skilt utanfor husa om kven som har bygd dei, og kor gamle dei er. Ein del står der som museum, medan andre er bebudde. Byen endar i ei bukt med ei brygge ut i vatnet som går langs land. Det gjekk an å spasera på brygga der det var sett ut benker, eit flott gammalt fyrhus stod på påler i vatnet og ute i vatnet vaks det store tre. Folk stod og fiska både ute på kaia og trebrygga og store fiskar vaka i  vatnet. Ved brygga var det eit stort gammalt hus som fungerte som bokhandel, men i likskap med alle dei andre butikkane i Edenton sentrum var bokhandelen stengt på sundagar.

Framfor bokhandelen, med utsikt mot vatnet ,var det ein treterrasse med skugge og store gyngestolar. Der sat det to damer frå før og snakka. Me spurde om det var lov for kven som helst å setja seg der, og det meinte dei at det var. Eg har lenge hatt lyst til å sitja på ein av desse gyngestolane nesten alle har ut mot gata, og endeleg fekk eg sjansen. I trettifem varmegrader har ein det i grunnen veldig bra i skuggen, og med verdens vakraste utsikt var det ganske idyllisk å sitja der og skriva på salmen min, som eg trur det begynner å bli ein slags form på. Det er eit spennande arbeid. Mykje av det eg skriv fungerer greitt med å vera nokså omtrentleg, men her vil eg at kvart einaste ord skal ha rett tyngde og temperatur. Kanskje eg får det til til slutt.

Sidan me ikkje kom inn i butikkar og restaurantar som var sundagsstengde, gjekk me ein tur i gatene. I ein butikk hadde dei ein ganske grei liten plakat i vindauget ,som fortalde at i akkurat denne butikken var det forbudt å ta med seg inn ladde våpen. Det kan jo vera greitt å finna det ut, når hunden, iskremen eller pistolen må venta utanfor. I dag såg me fleire reklameplakatar for «Verdens største våpenbutikk.» Ein eg kjenner har sansen for å snusa opp slike plassar og fotografera litt, men me fann ikkje nærare vegbeskriving. Ei dame me snakka med på gata kommenterte ei overskrift i lokalavisa om ein mann som vart skoten medan han venta på bussen. Ho sa at det truleg var ein hevnaksjon og at mannen vart skoten like utanfor den førre arbeidsplassen hennar, der ho heldigvis ikkje jobba lenger.

Sidan alt var stengd utanom eit supermarked, lurte me på om me måtte eta middag på hotellromet, der me hadde observert ein microbølgeovn. Heldigvis traff me ein mann som kunne forklara oss vegen til ein meksikansk restaurant der me fekk nydeleg mat; Oksesteik i tynne skiver med guacemole, salsa, bønnestuing salat, fajitas og ris.

Han eg reiser saman med har sansen for å snusa opp det meste som foregår, og ei stor samling parkerte biler virkar magnetisk på han. Det viste seg å vera ein baseballkamp, som sikkert hadde halde på ei stund, men me klarte å finna ein ledig parkeringsplass innerst på ein grasplen. Då ekteparet som sat og tok inngangspengar fekk vita at me aldri hadde vore på baseballkamp, ikkje ante noko om reglane, og i tillegg var norske, fekk me lov å koma gratis inn. Nå har me i etterkant googla reglane, så nå veit me litt meir om baseball. Dei to i porten handhelste på oss, og ropte på ein tredje mann som måtte koma og helsa på dei norske gjestene. Me vart ønska velkomen til USA, til byen og til kampen, og dei håpa me ville lika alt saman. Kjærasten min sa at me var glade for å få sett ti minutt av kampen, og dei sa at me kunne vera så lenge me ville. Denne veldig hyggelige velkomsttonen høyrer me overalt, eg håpar folk som kjem til Norge i alle fall av og til gjer seg den same erfaringa.

Inne på tribunane sat det folk i alle aldrar og fasongar og heia. Høgrøysta middelaldrande menn, søte unge jenter og bestemødre med rullatorar. Fleire gonger fekk eg megetsigande sukk, blikk, nikk eller hoderisting med små kommentarar oss publikum i mellom om det som foregjekk på banen. Eg prøvde å respondera slik eg trudde det var forventa. Sjølv om kampen foregjekk klokka åtte om kvelden, var det veldig varmt, og publikum sat og vifta seg med små papirvifter som det stod, «Open door church» på. Kanskje  kyrkja er hovudsponsor for laget?

Sjølv med velvilje frå dørvaktene, haldt me ikkje kampen ut, me lista oss vekk frå tribuna,ne og håpa å ikkje vera til for stor irritasjon for det oppmerksomme publikumet som vifta seg og togg popcorn. Dei kunne velja mellom «sweet» og «salty» når dei kjøpte det i sånne store papirøskjer som ein kan få på kino. Det var første drypp av baseballinteresse. Kven veit om det blir den neste store lidenskapen?

På veg tilbake registrerte me at valkampen hadde funne vegen til bilane. Mellom utvalde klistermerke med politisk innhald fann me denne. «My dog is a republican». Me var enige om at det sannsynlegvis var ein republikanar som åtte bilen, men heilt sikre var me ikkje.

Heidi

Clam Diggers Inn – plutseleg i syden

Nå sit eg på balkongen vår i sjette etasje på eit «sydenhotell» med utsikt over stranda, der nokon framleis badar, og der eit og anna par sit tett saman og ser utover sjøen. Eg drikk kaffi og et jordbær i ein tynn og ny sommarkjole, medan håret tørker i vinden, og den smaragdfarga amerikanske badedrakta mi heng på gelenderet og gjer det same.

Eg kjende at eg ikkje var heitl ferdig med kysten, og fekk forhandla meg til at dagens etappe skulle starta med ein tur ute i havgapet. Me er på ei ny lita sandøy med bruforbindelse til fastlandet litt lenger sør enn me var sist. Medan Nags Head var heilt annleis enn noko eg har sett før, er dette eit meir tradisjonelt strandlandskap med hoteller og restaurantar langs vegen.

Klokka var ikkje meir enn to då me kom hit, så me hadde eigentleg tenkt å reisa fleire timar til, men plutseleg skjøna me at ein badeferie var akkurat det me trong nå med blå himmel og tretti varmegrader og strendene rett til høgre for oss. Me la oss inn på eit i overkant dyrt hotell i forhold til det me pleier å ta inn på, og reiste innom eit supermarked og kjøpte med oss varm frityrsteikt  kylling,grønsakar og dip, ferskener og jordbær, kjeks og ost og rigga oss til å halda måltid på hotellverandaen før det var stranda sin tur. Dette er den aller varmaste sjøen eg nokon gong har bada i. Bølgene føltest som vatnet i dusjen. Dei var store i dag og, men ikkje større enn at det gjekk an å bada på normal måte, noko som var heilt umogleg for to dagar sidan. Då var bademåten å vassa til knes og prøva å halda seg oppreist når bølgene kom. Vatnet var eit stykke frå krystallklart, men eg vel å tru at det er på grunn av alt sanden som blir kverla opp av dei brå brenningane.

Det var utruleg behageleg å siga saman i ein solstol. Det var første gongen i sommar at eg verkeleg solte meg, og ein parasoll fann me jammen og å legga oss under når sola vart for varm. Dette er ei strand med ein god blanding av familiefolk med ungar og alle andre slags amerikanarar. Sjølv om hotellet er relativt dyrt, ser det ikkje ut til å vera ein typisk plass for overklassen. Me høyrte forresten at mange amerikanarar ikkje hadde råd og anledning til å ta seg meir enn ein langweekend ferie. Ferielovar ser ikkje ut til å eksistera her. I eit program på radioen litt à la nitimen vart det fortald med vantru stemme at i store deler av Europa hadde alle rett på fire veker ferie i løpet av eit år. Nokon hadde høyrt at det til og med var slik i nokre land i Europa at dersom ein vart sjuk i ferien hadde ein rett på sjukemelding og utsett ferie. Dei ringte ei amerikansk dame busett i Tyskland for å høyra om dette verkeleg var sant, og då det vart bekrefta høydest det rå og vantru latter frå dei to programleiarane. Det er vel bare å innsjå at me er relativt priviligerte.

Noko av det aller beste med dette hotellet er å kunna sitja ute og ha det varmt og deilig så å seia midt på stranda. Det er ope hav så langt eg kan sjå, akkurat som heime, og små kvite cumulusskyer i horisonten. Og om det er sant og visst at me nordmenn er priviligerte på mange ting, så må det og vera eit privilegium å bu i eit land der det er naturleg å ha ein liten treveranda med ein gyngestol like utanfor inngangsdøra si, og veret er slik at det er naturleg å sitja der lettkledd og avslappa kvar kveld heile sommaren.

I dag morges vakna me på Harmony House Inn. Eg lot meg imponera over kor dedikerte ekteparet som dreiv staden var til prosjektet sitt. Det enormt store huset frå 1800-talet vart brukt til «Bed and breakfast», medan dei sjølv budde i eit lite anneks eller som dei sa «The cottage», i hagen der dei dyrka frukt og grønsakar. Det var tydeleg at dei ville det skulle vera litt meir enn ein «vanleg overnattingsplass.» Roma var forseggjorte til siste detalj, det var ulike typer andeleg litteratur lagt fram og handstrikka barnevester til sals i ei korg. Frokosten skulle vere heimelaga og bordet var nydeleg dekka med gamle porselenstallerknar og broderte glasbrikker. Det stod i velkomstbrosjyren at dei hadde ulik frokost kvar dag, slik at gjester som blei ei stund ikkje skulle gå leie av maten, og at dei likte å overraska.

I dag vart det servert varme toast, osteomelett, heimelaga granola, altså ein slags müsli, breakfastcake, som var ei usøta formkake med banan, rosiner og valnøter, og heimelaga peanøttsmør og plommesyltetøy. Vertinna, som såg ut til å vera japanskfødd var rundt oss heile tida med appelsinjus og nydeleg frokostkaffi. Til frokosten hadde me selskap av ein hyggeleg familie frå den dominikanske republikken. Vertinna såg litt sliten ut, eg håper at dei synest at dei får igjen for strevet. Då eg skreiv i gjesteboka, såg eg at dei hadde fått mange fine helsingar «What a place», «Just like coming home,» «What a surprise»…

Sidan det var lørdag føremiddag, fann me ut at me ville ta oss tid til ei siste lita byvandring i New Bern før me reiste vidare. Me håpa å få sjå babyfotografen i sving ein gong til, men ho var ikkje der. I staden var me på loppemarknad i ein stor hall. Like innanfor døra stod det ein stol med påskrifta «Reserved for tired husbands» og der inne kunne ein kjøpa alt ein kan tenkja seg måtte finnast på ein amerikansk loppemarknad og litt til. Me fekk og med oss Farmers Market med masse hobbykunsthandverk, store kransar til vegger og dører laga av silkeblomar og store skjell, honninglys, puddelhundar laga av golfballar og diverse strikka produkt, stort sett av veldig syntetisk garn. Eg må nok seia at nordmenn er vel så dyktige strikkarar som amerikanarane om ein skal dømma etter det eg har sett til nå. I motsetnad til i New York, som er ein skikkeleg smeltedigel av etnisitet, så såg me ikkje ein einaste person med mørk hud ute i gatene i New Bern. Det er nok ein nokså kvit by med nokså velståande innbyggjarar.

Mange av husa i New Bern var heskapshus av ein klasse me nesten ikkje ser heime, nokre av dei til og med med tårn og spir. I dag på kjøreturen vår langs kysten fekk me sjå bustadsstrok som var veldig annleis, heile gater der folk budde i husvogner utan hjul og forfalne trebrakker. Utanfor husa stårs det gjerne to tre bilvrak. Dette er eit land med store motsetnadar. Det virkar som om ein nokså konservativ kristendomsform står veldig sterkt her. Det er kristne radiokanalar som sender til dels ganske merkelege program. I dag høyrde me for eksempel på «profetitimen». Eit program som går ein gong i veka der dei tolkar det som har skjedd den siste veka i profetisk lys.

Ein gong for lenge sidan las eg med stor interesse ei bok som heitte «Amerikanske bilder,» der forfattaren, danske Jakob Holdt foretok ei reise i det han kalla «det sorte Amerika». Intensjonen hans var å fotografera, skriva, og møta alt han opplevde med eit mest mogleg ope sinn. Det er ein form for prosjekt eg har stor sans for. «Wenn Jemand eine Reise tut, denn kann er was erzählen.» Hugsa eg sitatet rett, mon tru… ? Det var noko me las på gymnaset. Ha ein fin laurdagskveld heime, sjølv om dykkar kveld vel snart er over. Her skal laurdagskvelden akkurat begynna.

Heidi

Harmony House Inn

Av alle stader i verda er me på «Harmony House Inn», ein stad me ikkje ante eksisterte, i ein by me ikkje ante eksisterte før nå i ettermiddag, -New Bern i North Carolina, naturleg nok ein by grunnlagd av ein gjeng sveitsarar ein gong på syttenhundretalet. Me er installerte i eit gigantisk privathus med gyngestolar på treterrassen mot gata og amerikanske flagg og rosettar, hos nokon som driv med «Bed and breakfast.»

Romet vårt i huset, som er bygd i 1850, er det eg kanskje trur dei på amerikansk ville kalla «very nice and cosy».Veggene er mintgrøne med kremgult brystpanel og ei tapetbord med rosa blondegirlander. Me skal sova i ei himmelseng med tyllgirlander og rysjer i blomstrete tøy og quilta teppe. Gardinene er blomstrete og danderte, på veggene heng det kransar og dekorasjonar og i peisen står det ein gyngehest av tre. På gangen er det korsstingsbroderte veggbilete med «God bless our home» og gratis biblar, og på dørene heng det broderte dørskilt. Kvar kveld mellom klokka seks og sju ,har dei «social hour» i daglegstova der dei serverer ost og vin. Det gjekk me glipp av i dag fordi me var ute og oppdaga byen akkurat då. I morgon klokka ni skal me få «warm homemade breakfast» med blant anna breakfastmuffins, resten er ei overrasking… På gangen står eit kjøleskap der det står gratis kald drikke, mellom anna all slags pepsicola produkt, fordi pepsicola vart oppfunne her i byen. Dei har eit lite museum til ære for grunnleggjaren.

Eigentleg var planen vår å koma litt lenger sør i dag til ein by heilt ute ved sjøen, men sjåføren min vart sliten og bad tynt for seg då me nådde New Bern, og litt av ideen bak prosjektet vårt er jo å la turen bli til mens me kjører. Me starta dagen med å kjøra lenger sør frå Nags Head der me hadde vurdert å ta ei ferge endå lenger ut. I staden kjørte me nesten ut til fergeleiet før me snudde for å få sett mest mogleg av eit veldig fascinerande landskap. Me kjørte over ei bru, og kom til ei lita øy som heitte «Pea Island» der det var sandstrender og sanddyner på begge sider, og mange som fiska eller var der for å fiska. Det komiske er at det landskapet me blir mest betatt av er det landskapet som liknar mest på det me har heime. Ein del av bileta me tok kunne sikkert vore fotograferte på Orrestranda, bare fuglane er meir eksotiske, og så desse kråkeslotta av nokre hus med terrassar og høge tårn på pålar på stranda, nokre gonger så høgt at dei kan ha bilen under.

Tilbake på fastlandet, kom me til eit naturområde med naturparkar. Me kjørte langs bredden av ei elv med det velklingande namnet «Alligator River», og det var stadig skilt med «Watch out for bears», og «Please don`t feed the bears». Me lurte på om det var for å gjera det meir spennande for oss turistar, men representantar for lokalbefolkninga der me stoppa for å kjøpa mat, var krystallklare på at «Jo visst, her fantest så visst både alligatorar og svartbjørn». Og visst las me ikkje om ein gut i lokalavisa som hadde fått bite av armen av ein alligator då han bada i ei elv. I butikken der me handla mat til ein liten pick-nick, klarte eg for første gongen på denne turen å gløyma att lommeboka. Og akkurat som dei brukar å gjera heime kom den snille kassadama springande ut av butikken i det me gjekk inn i bilen. «Maaam, you forgot your wallet!» Eg takka fint og ho sa «Your welcome, mam, take care honey.» Snille menneske er det overalt.

Me mista avkjørselen til den «Rest-areaen» me hadde tenkt å setja oss ned på, og fekk eit lite dilemma. Torde me ta av frå vegen for å setja oss ned i bjørneskogen og eventuelle alligatorelver? I tillegg kjørte me forbi eit skilt der det stod «Red wolves might cross the road, watch out». Me hadde aldri høyrt om rødulv, men var ikkje sikre på om me hadde lyst til å dela maten vår med dei heller. Nå har eg googla og funne ut at «Red wolf – canus lupus rufus» er ein litt mindre og mindre grå variant av dei ulvane me er «vane» med. Etter nesten ein time kom det ein ny avkjørsel til ein rasteplass. Der kunne me nyta salat, frityrsteikt kylling, ost, kjeks og grapefrukt utan å bli angripne av noko meir skummelt enn maur, men dei beit faktisk ganske hardt og hissig.

Etter å ha kjørt i ein del nye timar, kom me over ei lang, lang bru over ei elv som rant ut i havet, og ankom denne byen som ikkje liknar nokon annan by me har vore i. Byen har ein gammal bydel frå 17- og 1800-talet, der me bur nå. Det er veldig gammalt til å vera ein amerikansk by, så det er masse turistar her for å sjå på den gamle byen. Nokre av husa her, som må vera frå sveitsartida, er kjempestore, og nokre av dei nyare husa er heilt gigantiske, dei er faktisk meir slott enn hus med «marmorsøyler», tårn og spir. Sentrumsgatene er veldig koselege, og i dag var det ein slags marknad her, der dei lokale kunstnarane stod ute på gata og malte. I eit utstillingsvindu kunne me sjå ein fotograf ta verdens søtaste bilete av relativt nyfødde babyar. Ho venta til babyane sov tungt, så danderte ho dei i dei utrulegaste stillingar i små korger med høy og saueskinn eller på steinar. Eg hadde ikkje trudd det var mogleg å få ein baby på eit par månadar til å liggja sovande på magen med hovudet støtta i hendene og albuane i golvet, men nå har eg sett det med eigne auge, og det såg ikkje brutalt ut ein gong.

Me åt eit relativt enkelt måltid på ein stad som heitte «Cow- café » eller noko slikt. Kafeen var dekorert med leikekyr i alle variantar og storleikar, og stolane var av flekkete kuskinn. Alt på menyen heitte noko med «cow» eller «moo». Under taklistene kjørte det eit stort elektrisk tog rundt og rundt, det måtte vera den perfekte staden å ta med seg ungar ut for å eta, men det var ein del vaksne menn i cowboyhattar og.

Etterpå snuste me opp ein bokkafe der ein forfattar var der for å signera boka si. Me sette oss ned i ein salong med gamle lenestolar og ein gammal sofa der det var ei hylle ein kunne låna bøker i. Snart fekk me selskap av Jessie, ei amerikansk dame mellom 60 og 70 med utringa bluse og langt hår som hadde lyst til å prata. Ho smilte såg på meg og spurde: «Are you a writer?» «Yes, I suppose I am a kind of writer,» svarte eg, og så var samtalen i gang. Ho viste seg å vera veldig hyggeleg å prata med. Eg lurer på om det er vanleg her i USA å setja seg bort til ukjende menneske på kafé for å innleia samtalar.

Nokre friske synspunkt hadde ho og. Utanfor stod det nokre damer som prøvde å adoptera vekk fire store «Grand Danoiser»: Ho sa at det med kjæledyr var blitt nesten ein galskap her i landet. Stadig vekk var det dyrevenner som dreiv og samla inn pengar til inntekt for heimlause hundar og kattar eller leitte etter heimar til dei. Folk her brydde seg neir om dyr enn om menneske sa ho. Det var blitt så vanleg med abortar at folk heller adopterte ein hund enn å få ein baby. Sjølv elska ho hundar, sa ho, det var bare eit eller anna som var heilt ute av proporsjonar. Sjølv hadde ho ein mann som hadde vore fallskjermjeger i forsvaret, men som hadde fått tilbod om førtidspensjon før invasjonen i Irak. Eg hadde lyst til å spørja henne kva ho tenkte om Irak og Afganistan, men valde å teia stille.

Eg klarte nesten å lokka med meg min kjære på teaterpremiere i det lokale ungdomsteateret her som skulle setja opp ein moderne versjon av «Little women.» I staden havna me på utekino i parken der ei lokal kyrkje viste filmen «Soul surfer», ein sann historie om ei jente frå Hawaii med eit stort surfetalent, som fekk den eine armen biten av av ein hai. Det var ganske koseleg å sitja på det varme graset i mørket og sjå film. Me haldt ikkje heile filmen, men det var ei fin oppleving på toppen av ein opplevingsrik dag. Det kryr av ulike kyrkjer i nabolaget, og i tillegg er det ein synagoge der dei samla seg til sabbatsgudsteneste klokka halv åtte i kveld. På sundag håpar me å få med oss ein lokal og minnerik gudsteneste der me måtte befinna oss då.

Heidi

Pippi Langstrømpe og mummitrollet

Viss du ser for deg huset til Pippi Langstrømpe og Mummitrollet og tilfører huset til Blake Carrington i Dynastiet og nokre skikkelege rønner med knuste vindauge og hengedører, så har du cirka stilen på arkitekturen på Nags End. I tillegg kan du sjå for deg nokre bedriftsområdeliknande samlingar av butikkar, gigantiske vareskilt i vegkanten, store sanddyner dekka med marehalm, ein stor norsk motorveg og flokkar med brune pelikanar som flyg over det heile, ja då har du i beste fall for deg eit brukbart bilete av Nags Head. Viss du så kan komplettera med eit stort outletområde der ein kan shoppa dyre moteklede til reduserte priser etter badet i gigantiske bølger, eller mens far står på den gigantiske piren der ein kan betala for å få fiska med ston, ja då har du det endå klarare for deg. Pluss på nokre små palmetre og ei og anna vindmølle viss du har plass til meir på biletet, og kanskje får du pressa inn ein gigantisk sandbanke inne på land der hundrevis av ungar får hjelp av foreldra sine til å få opp dragane sine, sjølvsagt med ein dragebutikk like ved.

Eg sit nå på den store amerikanske  trestolen framfor hotellromet vårt og skriv i sola. Me hadde vurdert å bli her ein dag til for å bada og sola oss, men då me vakna var det ganske grått i veret, så me bestemte oss for å dra vidare. Nå kikka sola fram likevel, så det vart ei lita skriveøkt for å nyta veret. Me vurderte å ta to ferger vidare utover for å koma ut til ei øy som heiter Oucrakrouch, utan at eg har sjekka skrivemåten. Det hadde eg hatt kjempelyst til, men det viser sseg at den eine fergeturen er så lang som to og ein halv time. Sjåføren min er ikkje spesielt sjøsterk og han truer med at det blir meg som må kjøra bilen vidare viss han blir sjøsjuk, som han nesten heilt sikker blir, så må eg kjøra bilen av ferga… Så det blir nok til at me i løpet av føremiddagen kjører inn på fastlandet igjen.

 

Ein del av meg verkeleg elskar dette snusmumriklivet. Ein pakkar dei få eignedelane sine i ryggsekken, stappar munnspelet i lomma, og ser kor livet fører ein hen, og kor ein skal rulla ut soveposen sin neste gong. Likevel så hender det at det går opp for meg kor langt vekke me er frå familien, og då kjærasten min begynte å nynna på «Eg vil heim og sjå ein solnedgang på Jæren,» i går kveld, så forstod eg kva han meinte. Me lasta ned bilete av vår firbeinte vesle Oscar og sa ååååh i kor.

 

Men tilbake til arkitekturen her. Då me kom i går vart eg heilt forvirra og tenkte; «Tenk at det går an å bygga så stygge bygningar på ein så kaotisk måte på ein så vakker plass… Men i går kveld då me var ute på tur let eg meg sjarmera og syntest plutseleg det var interessant og spennande. Nokre av husa skulle eg gjerne vore inne i. Dei står på pålar og har tre-fire etasjar med verandaar rundt og trapper mellom verandaane. Heilt på toppen har dei ein liten veranda oppe på tåka på taket der dei sikkert kan sitja og sjå på sjøen på begge sider av øya. Dei mest avanserte har til og med bygd eit ope utkikkstårn på taket heilt a la mummipappa.

 

Ja, det var ein snartur til Nags Head. Eg håpar du likte prospektet. Nå skal eg prøva å skriva ei salme eg har tenkt på lenge.

 

Heidi

Nags Head, North Carolina.

Ytterst i havgapet langs kysten av North Carolina går det ein veg som går over fleire øyer som vel eigentleg er sandbankar langs kysten. Me starta turen i dag morges, og trudde vel eigentleg at me straks skulle vera på ein spektakulær kystveg, men det som på kartet såg ut som ein koseleg liten veg, viste seg å vera ein tolvfelts motorveg. Men sånn etterkvart smalna vegen av, og me tok av frå den største vegen og kom lenger ut, over bruer og gjennom undersjøiske tunellar. Me er nå på ei smal øy, eller kanskje snarare ein sandbanke. Naturmessig er dette veldig spesielt og minner kanskje litt om dei innerste øyene på Hebridane, som me besøkte for sånn ca ti år sidan, men stilen her er heilt annleis. Medan det der var steinhus, masse sauer og gamle kyrkjer og klosterruinar, er det her masse kaotisk bebygning, desse store varehallane som liknar på store fabrikklokale, mange hotell i alle fasongar og variantar, og masse hus som ser ut som om dei er heilt til nedfalls, det er sikkert ganske verhardt her, så det kan nok ha med det å gjera. Innimellom er det fine hus i sterke pastellfarger, og klitter og sanddyner med marehalm som går ned til strendene. Her er masse badeturistar, akkurat nå oss inkludert.

Me har teke inn på eit lite, litt brakkeliknande hotell, der det er ein liten balkong framfor kvar leiligheit i andre etasje, og to meter murgolv med store trestolar framfor dørene i første etasje der me bur. Det er faktisk internettdekning utanfor og, så nå sit eg her og skriv. Det er sjølvsagt slik at alle har ein parkeringsplass til sin bil rett utanfor døra til sitt rom, og førti meter frå meg går vegen der bilane kjører ganske fort forbu. På den andre sida av den vegen er det sanddyner med marehalm og like bak dei er det flotte sandstrender med lysebrun sand. Ein flokk kjempestore sjøfuglar med lange nebb flyg fram og tilbake. Eg har prøvd å finna ut kva slags fuglar det er, det kan likna på veldig store skarvar, men dei er ikkje fullt så svarte.

Me har ete tidlig middag i nabohuset; «Fat boyz restaurant». Eg tvilar på at ein restaurant med det namnet ville opna i Norge. Sjølvsagt var dei spesialistar på fastfood, så eg har ete ei chilipølse med sterk sennep og chilisaus, medan han andre har kost seg med pommes frites og ein gigantisk hamburgar, til måltidet hadde me kvar vår enormt store «medium size pepsi». Utanfor restauranten var det ein koseleg treveranda der serveringa gjekk føre seg, og ute er det deilig, sval sommartemperatur. Temparaturen dei siste dagane har sunke frå det eg ville tru var ca 35 grader, til deilige 25 grader, så for første gong møter me ikkje ein vegg av varme når me går ut av bilen eller hotellromet. Med andre ord er temperaturen heilt perfekt akkurat nå, og det gjer ingenting at himmelen er dekka av eit tynt skydekke.

Me har vore nede på stranda og bada. Eg har aldri bada i så varmt sjøvatn. Det var ikkje kjøleg til å begynna med ein gong,  bare nydeleg og lunka. Ein annan ting er at eg aldri har bada i så store bølger. Dei fleste bada ved å vassa til knes og så braut bølgene så høgt og sterkt at du vart våt til halsen. Det sat badevakter i sånne høge stolar og passa på, men bare dei modigaste våga seg så langt ut at dei kunne symja litt. Me spurte badevakta om det var slik alltid, men det var det ikkje, det var ei spesiell vindretning akkurat nå som laga monsterbølgene. Medan me var der begynte det å regna litt. Eg håpa at det skulle koma ei skikkeleg regnbyge, for eg har ikkje bada i høljeregn sidan eg var lita jente, og det hugsar eg som noko heilt magisk. Akkurat nå begynner det å regna litt igjen, så kanskje det blir ein ny sjanse, det kan tenkjast at me blir her ein dag til, for dette blir vel vår «sydentur i sommar». Ein dag på stranda kanskje? Det vil visa seg. Som ein kontrast til det daglege strengt timeplanlagde livet er har til dagleg, er det herleg å ikkje vita noko om morgondagen.

Nå vart eg akkurat kjend med naboane på hotellet, ei bestemor som er her med barnebarn og dotter. Ho fortel at ho budde her i ti år. Ho er overraska over at me har reist hit heilt frå Norge. «What brings you here?» Eg har spurt henne om dei store fuglane. Ho seier det er seagulls, eg seier at desse er større og mørkare, ho trekkjer på skuldrene og smiler og seier «I have always called them seagulls.». Eg får googla og sjå om seagull pr definisjon er meir enn måkar. Ungane vil ned til sjøen, men grandma meiner dei kan venta til i morgon fordi veret er så grått og bølgene så store. «I can`t swim», seier ho, «so I just watch out for the children».

Nå skal me ut og fotografera litt.

Tida opnar dagane og ynskjer sommaren velkomen.

Heidi

 

Farande fant i Gloucester

Me hadde blinka oss ut ein liten by ute ved kysten i Virginia ved namn Gloucester som mål for dagens etappe. Me var klare for noko som ikkje var storby og ville ikkje ha ei alt for lang dagsetappe. Eg likte byen med det same eg  kom dit. Det var små koselege butikkar i hovudgata og desse trea som det er så mange av her, som eg ikkje kjenner att, med store rosa blomsterklasar.

Der såg ut til å vera ein del koselege småkafear og, men då me var komne nederst i hovudgata bestemte me oss for å gå inn på ein typisk amerikansk restaurant «The courthouse restaurant», som eigentleg ikkje var spesielt spennande, men etter å ha vore på kinesisk, vietnamesisk, italiensk og cubansk restaurant i det siste, så fann me ut at me fekk gje amerikansk mat ein sjanse. Då me kom inn, merka eg med det same at det var ei veldig god stemning der, som ikkje hadde noko med at det var spesielt fancy der, snarare tvert i mot, det var veldig enkelt, snarare litt slitt. Rundt på veggene hang det visdomsord «Wish it, dream it, do it». På disken var det eit innramma bilete med bibelverset «Alt makter jeg i han som gjør meg sterk.» Ei veldig smilande raudhåra dame, som viste seg å vera innehaverska, kom med menyane. Bak på menyane stod det eit bilete av ein gut i uniform som hadde døydd bare 18 år gammal, og det same bibelverset som på disken og med påskrifta «In memory of a beloved son»… Eg la merke til at dama bak disken snakka til alle kundane som kom inn nesten som om dei skulle vera familiemedlemmar som kom heim. Ei gammal dame, som var dårleg til beins kom inn saman med ei som kunne ha vore dottera. Dei vart ønska så varmt velkommen, og eg forstod av samtalen at den gamle dama hadde vore sjuk.

Kjærasten min bestilte kalkun og eg bestilte ein tacosalat. Ho forklarte meg at dei laga ei slags skål av ein steikt tortilla med bønner, kjøttdeig, løk og alt som høyrer til oppi. Ho spurte vennlig «Does that sound like something you would like to eat?» Eg bekrefta at det gjorde det. Damene bak disken var stadig bortom oss for å fylla vannglas og kaffikrus og spørra om det var noko meir me ville ha? «More gravy?» «Would you like more sour cream?» Maten smakte nydeleg, men mest av alt vart eg varm av å sjå nokon som utstrålte slik omsorg og varme for alle som var der. Då me nærma oss slutten av måltidet var ho der att: «Are you ready for your cherrypie with icecream?» Eg forsikra henne om at eg var veldig mett, men kanskje kjærasten min hadde lyst på litt av kirsebærpaien. Det hadde han, og eg fekk smaka ei skei som smakte heilt vidunderleg av kirsebær, kanel og nokre krydder eg ikkje klarte å identifisera. Eg hadde skrive ned litt av det som stod på veggen og som var blitt sagt på eit ark, fordi eg tenkte eg måtte hugsa det. Då me kom ut, oppdaga eg at eg hadde gløymt arket. Ikkje før hadde eg tenkt det før jenta som jobba der kom springande ut med arket til meg. Eg tenkte at det var litt flautt viss dei hadde lese og sett kva eg hadde skrive ned, men tenkte samtidig at det som stod på lappen bare kunne oppfattast som ei oppmuntring dersom dei hadde kikka på han.

Me fann eit hotell som såg greitt ut, og booka oss inn der. Etter å ha spurt oss litt for fekk me vita at det var eit vaskeri nede i gata, og etter halvanna veke hadde me ein del skittentøy. Me sjekka ut og fekk vita korleis det virka, og at ein av oss måtte vera der medan tøyet vart vaska. Me vart einige om at eg fekk vera der medan kjærasten min installerte oss på hotellet. Det var første gongen eg hadde vore på eit offentleg vaskeri, så det var ei ny oppleving. Først måtte me kjøpa ein liten pakke vaskepulver, så måtte me fylla pengar på eit kort som me kunne bruka i vaskemaskinar og tørketromlar. Langs veggen var det små bord med vekeblad og stolar og ein automat med kald drikke. Så sat folk der og prata og venta på klesvasken sin. Det var ei slags ukjend kvinneverd. Dei to som jobba der, ei lita tynn dame i sekstiårsalderen, og ei stor afroamerikansk dame på same alderen, vart veldig overraska over at me hadde kome heilt frå Norge. Kom me til deira by utan at det var for å besøkja nokon? Dette var tydelegvis merkelege greier. Det var og merkeleg at me ville vaska klede hos dei. Den første dama lurte på koss veret i Norge hadde vore i sommar. Eg sa at det hadde vore «not too good». Ho nikka og sa at her hadde veret vore heilt forferdeleg. Eg spurte om det hadde regna mykje, ho rista alvorleg på hovudet og sa at det hadde vore forferdeleg varmt. Det stemmer heilt sikkert, og eg tenkte at det var forskjellige definisjonar rundt i verda om kva forferdeleg sommarver var.

Eg fann meg eit vekeblad og kjøpte meg ein diet-coke medan kleda sveiv i vaskemaskinen. Plutseleg ropte den mørke dama fleire gonger. «Miss!» «Miss, please come and see!» Eg forstod at det gjaldt meg. Ho viste meg eit bord med posar med bollar og brød og viste meg entusiastisk ei dame som stod der. Ho forklarte at denne dama jobba i butikk og at ho kom innom med brød dei ikkje kunne selgja i morgon, og at kundane deira fekk ta med seg gratis brød heim. Eg kjende at det var litt uhøfleg å takka nei, så eg tok med meg ein liten pai med ferskenfyll som eg tenkte eg fekk by reisekameraten min på sånn etterkvart. Eg vart henta i det eg akkurat hadde fått pakka dei reine kleda mine ned i den skitne rosa kofferten. Det var nesten litt trist å gå der i frå. Den nye mørke venninna mi, spurte om me verkeleg skulle kjøra vidare i morgon. Hadde me lånt oss bil? «Take care, drive carefully and bring lots of water because it is veeery hot. And if you come back, please open the door and shout; Helloooo, I´m back». Eg lova at eg skulle gjera det, og var kjempefornøgd med å ha nesten bare reine klede i kofferten att.

På ettermiddagen la eg i veg aleine ut att, for eg hadde ikkje lyst til å bruka tida på hotellromet. Bare hundre meter frå her fann eg ein butikk der dei hadde klede opp i ganske store størrelsar. Eg vart overstrøymande motteken då eg kom inn, men litt forvirra. «Don`t you know what`s happening tonight?» Det måtte eg innrømma at eg ikkje visste. Det viste seg å vera «Ladies night», med 25% avslag på varene, demonstrasjon av sminke, utdeling av både grønnsaker med dip og paiar og donuts. I tillegg fekk alle eit lodd der dei kunne vinna gavekort på varer. Eg følte meg motteken som ei dronning der og. Ho som sjefa i butikken var ei av dei rundaste damene eg har sett i mitt liv, overstrømmande vennleg med ein tettsitjande kjole i afrikansk stil i rosa, oransje og turkis. «I really like your dress,» sa ho om den storblomstra kjolen min frå Kappahl. Dei fortalde meg ivrig at viss eg melde meg inn som klubbmedlem i butikken ville eg få 15% til i avslag, for å melda meg inn måtte eg avgi adresse, telefon og social security number. Eg sa at eg var norsk og at eg ikkje hadde social security number. Det siste hadde dei problem med å forstå, men etter å ha sjekka litt fann dei ut at det var nok rett at eg ikkje hadde det, og då kunne eg dessverre ikkje fylla ut skjemaet. «I a`m soooo sorry. It makes me so unhappy, but we really tried, did`t we?» Svært fornøgd gjekk eg derifrå utan dei siste 14% i avslag, men med forsikringar om at dei skulle ringa det oppgitte telefonnummeret i kveld dersom det skulle bli meg som vant lotteriet.

Dama i respesjonen på hotellet var like imøtekomande. Då me kom inn ropte ho entusiastisk, «in twelve minutes the cookies will be ready.» Då me såg ut som spørsmålsteikn fortalde ho at ho hadde bakt «homemade cookies today,» og at om tolv minutt kunne me koma og forsyna oss med gratis kaffi og kaker. Det gjorde me ikkje, men eg såg dei stod der på disken neste gong eg gjekk forbi, og det lukta nydeleg.

Utpå kvelden fekk me lyst til å prøva svømmebassenget, eit innandørs svømmebasseng med liggesolstolar rundt. Det siste var litt komisk, men det var deilig å bada. Det var lenge sidan sist. Me har snakka om å prøva å finna ei badestrand og eit strandhotell ein av dagane. Til kvelds var me innom kinarestauranten i nabohuset og kjøpte vårrullar, den søte kinesiske dama som lurte på kor me kom i frå hadde aldri høyrt om Norway eller Scandinavia. Ho lurte på om det var ein plass i Spania… På sett og vis set det ting litt i perspektiv. Det kan vera sunt å bli minna om at me kjem frå utkanten av verda snarare enn verdens navle. Etter at me hadde ete fekk me kvar vår lykkekake, slik ei lita kake med ein spådom i. På min lapp stod det «Enjoy the small things you find on your path». Det synest eg passa godt i dag…

Ein siste ting eg har funne i dag. På radioen i bilen fekk me tilfeldigvis med oss eit ganske klokt foredrag om det å vera foreldre av ein docter eit eller anna som var pastor i ein menighet. Han sa at det han hadde lært i livet om barneoppdragelse var at «the most important thing bringing up children is parenting their hearts and their soul». Det kjende et at eg kunne skriva under på. Er det noko eg har hatt som eit av dei store prosjekta i barneoppdragelsen er å prøva å hjelpa barna mine til å utvikla varme hjarte. Det kan virka naivt i ein tøff verden, men eg har tru på at det er det aller viktigaste. Så «dum» er eg. Forresten synest eg at «parenting» er eit fint ord. Det virker litt mindre strikst enn ordet «oppdra». Kanskje det siste bare er noko eg trur fordi eg er norsk…

Og nå får det vera nok for i dag… I morgon går turen vidare sørover.

Heidi

Washington DC

Ein sommarfugl kom inn på T-banen. Han virra forvirra omkring og søkte lyset i taket. På første stasjonen over bakken klarte han å fly ut att.

Washington DC var monumental. Det området me såg, det typiske turiststrøket, var veldig forskjellig frå Manhattan. Det minde meg nesten litt om Roma. Det var mange store, flotte bygningar, og mange minnesmerke, men ingen skyskraparar. Dei hyllar krigsheltane sine overalt. Det virkar som om ein slags militærpatriotisme blir brukt som eit slags nasjonsbyggande lim her i landet. Eg saknar litt motforestillingar når dei snakkar om «our soldiers abroad, that protect their country.» Men det er stort og fint alt saman og folk me møter er vennlege og stolte av å vera amerikanar.

Ei tysk tenåringsjente fotograferte oss framfor «det hvite hus». Barack Obama må gå langt når han skal kjøpa mjølk og brød, for det var få daglegvarebutikkar i nærleiken. Men han har ein stor fin hage… Me kjørte turistbuss, for det hadde eg veldig lyst til. Me sat på taket i steikjande sol, og det var veldig fint heilt til kjærasten min nesten fekk heteslag og me måtte gå av bussen. Han var kvalm og uvel og bleik under solbrenninga. Me gjekk inn på eit museum med moderne kunst og han fekk sitja på ein benk og koma seg litt. Bileta var fine. Så leitte me etter ein plass å eta lunsj, men slike plassar fann me ikkje. Me vart anbefalte kafeteriaen på eit anna museum. Kjærasten min ville ikkje ha noko, men då eg hadde handfora han litt med banan, ost, salte kjeks og cola, så kom han seg litt.

Me fann ut at det var nok sol, så me gjekk på National Archives, eit veldig fint museum, med ei fin utstilling akkurat nå om historiane og menneska bak søknadane om å få lov å koma  inn i USA. Me fekk sjå filmklipp med ulike presidentar og sjå ulike propagandafilmar som var laga gjennom åra for å rekruttera til forsvaret. Nokre av dei fekk det til å gå kaldt nedover ryggen min. Nokre av filmane var laga for gutar i highschoolalder, og framstilte forsvaret som ei blanding av speidarleir og moglegheiten til å gjera lynkarriere og bli suksessfull. Begge musea hadde gratis inngang, men securitysjekk av vesker og personar. På det siste museet stod ei myndig dame i uniform i inngangen og ropte med høg røyst: No cameras, no drinks, no food, no metal and no chewinggum!» Ho snakka så høgt og autoritært at eg eit sekund trudde ho skulle informera oss om ein bombetrussel eller noko.

Då me kom ut stod det ein gatemusikar litt lenger nede i gata og spelte «Just a closer walk with thee,» på trompeten sin. Me gjekk gjennom ein park, og aldri har eg sett så mange og så store humler som i Washington DC. Me måtte leita lenge etter ein stad me kunne eta middag og ende opp med ein veldig god salat og ein sandwich frå ein hurtigmatkjede. Nå er det kveld på hotellet med planlegging av morgondagens reiserute, varm kaffi frå resepsjonen og kald drikke frå ein automat i gangen ein etasje ned, for automaten i vår etasje har me ikkje fått til å virka. Kveldens finaste TV program var ei nonne som snakka om tilgjeving. Det å vera i stand til å tilgje, det å ha evna til å ikkje dømma andre, det å ha evna til å møta andre med kjærleik og å møta livet sitt med kjærleik. Det er alternativ livskunst. – Trur eg.

Heidi

Springfield

Me er i Springfield like ved Washington DC, atomkraftverket til mr Burns i Simpsons har me ikkje sett noko til, men hotellet er nærmast bygd inne i ein gedigen traffikkmaskin av ein motorveg med mellom tretti og førti filer i fleire plan. Det er nesten så det er skummelt å gå ut her frå, men dei har fått til å plassera eit lite svømmebasseng utanfor hotellet. Hotellet lever av folk som vil sjå Washington og ikkje vil bu i byen. EIn gong i halvtimen kjører dei ein gratis minibuss ned til t-banen som går til Washington. Den skal me kjøra med i morgon.

Dagen starta med å kjøra langs hyggelege småvegar ute langs kysten. Me hadde tenkt å eta lunsj ute ved havet, men fann ikkje stranda. I staden fann me ein Wawa butikk der ein kunne bestilla mat til oppvarming, for eksempel havregrøt og eta i bilen. Me sette oss i staden ned i graset utanfor og åt i sola, det var sikkert ikkje meininga me skulle sitja der, for folk såg litt rart på oss, men det var ganske koseleg. Så kjørte me gjennom bittesmå byar der husa liksom ligg rett på bakken slik som me ser i amerikanske filmar med eit stort flagg på veggen eller gelenderet og ein gyngestol av tre på terrassen utanfor huset. Ein plass stansa me for å finna eit toalett, og akkurat som eg hugsar det frå då me kjørde sørover langs austkysten for fem år sidan, så går det ein brei bilveg gjennom hovudgata, og ein treng nesten å bruka bilen for å koma seg trygt over frå det eine fortauet til det andre.

Halvvegs på turen leia GPS-en oss inn på nokre enormt trafikkerte motorvegar med opptil tolv felt, og då var det ikkje så kjekt å kjøra lenger, spesielt ikkje sidan me fekk beskjed om å veksla mellom filene for å koma i rett posisjon. Eg synest det er enormt ubehageleg å liggja midt i mange felt der bilane kjører tett og farten er stor. Kjærasten min blir heldigvis ikkje redd sånn som meg, eg ville ha vore livsfarleg bak rattet, og på meg virkar det livsfarleg nok frå før. Frå turen langs austkysten hugsar eg breie vegar med lite trafikk. Me er blitt einige om å leggja litt om på ruta me eigentleg aldri har lagt opp… Me vil prøva å leita oss fram til småvegar og koselege småbyar, i alle fall kjennest det slik akkurat nå, men i morgon er det altså Washington.

Då me endeleg, nokså fortumla fekk installert oss på hotellet lurte me på om det i det heile tatt gjekk an å ta seg fram i denne byen til fots. Det viste seg å vera eit fortau over ei motorvegbru som førde oss ned i eit område med eit par restaurantar og kafear. I kveld har me ete vietnamesisk. For ein gongs skuld avslutta me med ein «dessert» me fekk anbefalt, og som eg har sett reklame for i andre restaurantar, «Bubble-tea». Eg trudde det skulle vera ein slags iste med kolsyre i, men det viste seg å vera milkshakeliknande servert i høge glas med breie gjennomsiktige sugerøyr. I drikken var det ein slags små runde frukter som kunne minna om rosiner, som med jamne mellomrom kom opp i sugerøyret og nok utgjorde «boblene». Det var interessant å prøva, og smakte ganske godt, men hekta på bubble-tea blei eg heldigvis ikkje.

Nå har me henta oss gratis kaffi i resepsjonen og skal ta ein tidleg kveld med kaffi og tv. I bilradioen i dag har Obamas uttalingar om skattepolitikk i dag vakt debatt og harme. Her i landet finn mange det heilt uhøyrt at dei 15 % som tener mest skal få mindre skattelette enn andre. Fleire indignerte politikarar har i dag fortald i massemedia kor håplaust dette er. Dette er eit merkeleg, vennleg og ganske interessant land.

Heidi