er ikkje spesielt glade i å fly. I morgon skal store deler av dagen tilbringast oppe i lufta, og det kjennest absolutt ikkje som mitt rette element. Eg spør meg sjølv korfor i all verda eg utset meg for flyturar, og svaret til meg sjølv er at det gjer eg bare når eg må. Så sant det med rimeleg grad av fornuft kan la seg gjera å koma til eit mål til fots, på sykkel med buss eller tog, så gjer eg det på den måten. Eller i bil så lenge nokon andre enn meg sit bak rattet, det må eg innrømma…
Men nokre stader i verda må ein transportera seg via lufta for å kunna koma til. Og i morgon dreg me til USA medan firbeinte og ungdomar passar huset heime. Me vil gjerne ta med oss Halvard og Sunniva til New York, og me vil gjerne på biltur for to i USA. Og eg har bestemt meg for at det er prisen verd å vera i lufta nokre timar for å oppnå det. Det skal då vera sunt å utfordra seg sjølv. Kva eg er redd for? Å detta ned, så klart. Eg høyrer ikkje til dei som får kick av å utfordra det farlege. Så veit eg jo at statistisk sett er det relativt trygt, at fly lettar og landar i hopetal kvar einaste dag, og at det er få ulykker. Eg er ikkje redd når dei eg er glad i er i fly, bare når eg er der sjølv. Det er ikkje logisk.
Og visst har eg høyrt vitsen om at ein i alle fall veit at ein kjem ned att… Takk eg har høyrt han før, og eg synest ikkje han er morsom… Så eg pakkar og puslar og ryddar og set pris på livet mitt. Viss alt går som det sikkert går, så vil eg føla at eg får livet i gave att om ca eit døgn. Det er ein ganske fin følelse,- eg har hatt han før…
Og så godt eg kan lener eg meg mot den store tilliten som eg trur meg å vera ein del av. Eg lukkar auga og pustar inn og ut så roleg som eg klarer.
Og så ligg verda open med eventyra på rad og rekkje… Akkurat som dei i grunnen gjer det her heime og…
Heidi
Han kom på sykkel med sykkelhjelm på hovudet og magasinet= Oslo i sykkelveska. Han spurde om nokon av oss likte å lesa = Oslo, og eg repliserte at det likte eg veldig godt, og at eg gjerne ville kjøpa eit av han. Han smilte breidt og blidt og ynskte meg ein fin dag. Og eg svarte at «Takk det same du og.» Då smilte han endå breiare og sa at eg måtte ha «en velsignet dag også, for det går an å ha en velsignet dag, visste du det?» Eg smilte og sa at eg visste veldig godt at det gjekk an å ha ein velsigna dag. Det var akkurat det eg hadde faktisk, og eg håpa at han og hadde ein velsigna dag. Han sa at «Takk det skulle han ha,» og så sykla han vidare.
Eg har litt vonde bein etter å ha tråkka rundt på sko som det nok passar betre å sitja relativt stille og vera fin i. Nå skal eg ordna middag til middagsgjstene me har bestilt.
Heidi
Plutseleg er eg meir enn noko fyld av vemodet i sommardagen. Kanskje fordi eg endeleg har tid til å tenkja, og då tek eg til å undra meg over livet. Livet siler som varm finkorna sand mellom fingrane mine i eit sommarlandskap som er vemodig vakkert. Sjasminen fyllar lufta mellom regnbygene med intense lukter av sommar, og klokkene på dei gule liljene blir mørke og visne mest før dei rekk å springa ut. Eg sit her i vinterhagen til Joffe og Elisabeth og skriv, ein slik perfekt skrivehage skulle eg gjerne hatt heime og.
Eg har bladd meg bakover i mitt eige bloggarkiv og gjenopplevd juni månad dei siste åtte åra. Eg spør meg sjølv korleis desse åtte åra kan ha kome og gått mest utan at eg har merka det. I teorien veit eg jo at åra har vore innhaldsmetta og fine, men kor i all verda har dei blitt av. Bortsett frå at dei ligg på andedrakt då, for det gjer dei jo faktisk… Og snart er det viss bare meg att på andedrakt, tenk om det blir lagt ned ein vakker dag og tekstane mine bare forsvinn. Eg må bli flinkare til å spara.
Vemodet vart ekstra forsterka under middagen hos svigerforeldra mine. Eg har vore i familien i nesten tretti år og har sett dei bli gamle. Svigermor har vore på sjukehus og er ikkje så sprek akkurat nå. Eg og Ingrid laga middag, fiskebollar i kvit saus med pepar og karri, servert med gulrøter og nypoteter. Ingrid laga sausen som vart kvit og glatt og heilt perfekt på smaken. Me snakka om sommaren og livet og om Morten som ikkje er her lenger. Eg kjenner at eg framleis har mange tårer i meg som eg ville ha gråte for Morten, og besteforeldra hans har nok endå fleire.
I føremiddag drakk me kaffi og åt is og vaniljekesam med blåbær, bringebær og jordbær heime hos Henrik og Eva Mari. Me var ein heil flokk rundt bordet. Etterpå sat me under markisa på verandaen der me strikka og prøvde sko medan regnet sildra vennleg ned i hagen. Oscar og Ingrid delte baksetet i Mazdaen då me kjørte der i frå, og eg såg for meg Oscar to år gammal med raudstripete snekkarshorts og Ingrid tre år gammal med blomstrete sommakjole med stor kvit krage. Begge to var snøkvite i det mjuke fjonete sommarhåret. Nå er dei 23 år, og deler ikkje lenger store deler av sommaren, men eg såg at dei gav kvarandre ein god klem då dei gjekk kvar til sitt.
Eg trur ikkje at eg er spesielt sentimental av meg, men kanskje er det akkurat det eg er? Eg skal halda dagane og timane fast så godt eg bare maktar, for det er dei som er sjølve livet.
Heidi