Gå til innhald

Snart nå

er det sommarferie.  Dagane kjem som perler på ei snor og eg opplever mykje fint som eg eigentleg ville ha skrive ned, men tida strekk ikkje til. Bare litt tålmod nå så blir dagane fulle av tid. Håper eg i alle fall.   Då kjem eg tilbake hit, det lover eg.

Heidi

 

Som alltid når livet har vore ekstra intenst

så står eg her litt forvirra og lurer på kva ende eg skal begynna med her på tastaturet. Det er så mykje eg eigentleg ville ha skrive, og så blir det litt for mange trådar eg kunne ha plukka opp. Kanskje eg rett og slett gjer akkurat det sånn etterkvart, for nå reknar eg med at eg er på nedgiringa til noko som heiter skuleferie og som er stort og romsleg og ubrukt med mykje plass. Framleis er det over ei veke til eg er heilt der, men nå er alle teaterforestillingar viste, bøkene skrivne og trykte, turane avvikla og rapportar og evalueringar skrivne og stort sett leverte. Bare ein del rydding står att i tillegg til seks dagar med undervisning. Eg såg det var lenge sidan eg hadde logga meg inn på sida mi, for her låg det ein liten stabel spamkommentarar som skulle slettast eller godkjennast. Av ein eller annan merkeleg grunn handla nesten alle om viagra og antidepressiva…

Kanskje eg skal starta med den mest nærliggande teksten, ein liten situasjonsrapport frå akkurat nå. I ettermiddag har eg hatt fri etter skulen. Fri som i ingen avtalar og ingen forpliktelsar og ikkje noko som helst som må gjerast innan i morgon tidleg. Eg kan ikkje hugsa sist eg hadde ein slik ettermiddag. Eg har ligge på sofaen og lese ei bok av Anne B Ragde; «Jeg skal gjøre deg så lykkelig», og eg takkar alle gode makter for at eg ikkje er fødd inn i ei tid der kvinner først og fremst og meir enn noko anna er forventa å vera perfekte husmødrer med nypussa vindauger og støvfrie heimar. Eg kan nesten ikkje tenkja meg noko konsept eg ville ha passa dårlegare inn i. – Ja, bortsett frå den delen som handlar om omsorg for ungar, den har eg alltid elska. Når eg les om denne gjengen husmødrer, sjølvsagt skrive i vår eiga nåtid med eit nokså skrått blikk bakover, så kan eg forstå at eg som barn tenkte at det å vera vaksen var forferdeleg kjedeleg. Heldigvis kan eg trøysta det barnet som var meg sjølv med at vaksenlivet har vore heilt annleis og med mykje sterkare islett av leik og undring enn eg frykta som barn. Av og til når eg les bøker lurer eg på om det verkeleg finst levande menneske som trivst med å setja inn alle krefter på å halda huset i orden og spara til ny sofa og nye gardiner. Eigentleg har eg vanskeleg for å tru det, men heldigvis så er me veldig ulike einannan, så heilt sikker kan eg vel ikkje vera. Og om det skulle vera nokon som seier, «Jo då, dette er meg», så skal eg respektera det djupt og ta av meg alle hattar, det er bare så langt unna det som eg finn mest fascinerande her i livet, – til nå i alle fall, eg bør vel ikkje sjå vekk i frå at eg kan ha utviklingspotensiale.

Først i dag fekk eg med meg den triste meldinga at Arnfinn Haram var død.. Han døydde av eit hjarteinfarkt under ein sykkeltur på sundag. Etter at eg var saman med han på seminar for ein del år sidan, så har eg fulgt bloggen hans og lese mykje av det han har skrive. Før eg møtte han tenkte eg at han var ein mann med ei anna og langt meir konservativ kristendomsforståing enn meg. Då eg møtte han fekk eg utruleg sansen for mannen som sprang rundt i den kalde kyrkja med ein tjukk strikkegenser over munkekutta. Han framstod som svært reflektert, varm, raus og humoristisk, og den siste kvelden vart eg sitjande og snakka ganske lenge med han. Etter dette har han stått for meg som ein modig mann og ein viktig stemme i samtida.  Eg kjende rett og slett sorg då eg høyrde om dødsfallet, og måtte inn på bloggen hans og lesa. Det siste innlegget handla om Jobs bok og om dette å våga å stå i å vera eit levande menneske. Det var sterkt å lesa.

Nå går huset til ro, og det skal eg og gjera. Eg har vaska klede, støvsugt og laga sein middag til Sunnniva som akkurat nå er oppe til praktisk gruppeeksamen i drama-teater og som saman med to andre har fått i oppgåve å laga ei lita forestilling i løpet av 48 timar. Legg merke til at eg nesten skryt litt av mine husmorbragder, det får stå som eit herleg malapropos til det eg skreiv to avsnitt lenger opp…

Augene svir. Eg veit ikkje om det er allergi eller undertrykt søvnmangel. Det er kanskje mest sannsynleg ei blanding av desse to, så eg fritek meg sjølv frå å lesa korrektur på denne teksten. Det får eg ta ein annan dag. Eg har sett ein vakker dansk dokumentar om terminal kreftpleie og strikka på eit regnbogefarga babyteppe. Tenk om eg hadde fleire slike friettermiddagar. Akkurat nå kjennest det berusande deilig at sommaren skal koma og ta med seg store mengdar uorganisert tid, for nå er eg akkurat så sliten som ein kvar lærar med respekt for seg sjølv er kvart einaste år i slutten av juni.

Heidi

Før mai blir til juni

skal eg pakka ein koffert og vera klar til å dra til Lillehammer på litteraturfestival etter to skuleforestillingar med Annie i morgon. Eg er rimeleg ør etter premieren, men det gjekk bra. Og visst skal eg skriva meir etterkvart.

Heidi

Boka frå skrivekurset er laga og bestilt.

Eg veit ikkje om dette fungerer som link, eg skal bare prøva det ut…

Første pinsedag

Blås på meg Heilage Ande
blås meg nedover gata
så eg kjem på rett plass

ver den kvite dua
eg kan fylgja etter
på tå

utan å forstyrra eller skremma

vis veg,
gløym ikkje
å bruka meg

varm hjartet mitt
nok  til å tola ruskever

 

gjer hovudet mitt
kaldt nok
til å klare tankar

om det eg ikkje veit
at eg veit

ver krafta

eg ikkje står i mot
og vakt mine innfall

ver kjærleiken
eg ikkje har ord for
og den som styrer lengten

flammane
over håret mitt
og elden lengst inne i magen

fyll meg med din fred

og med din uro.

 

Eg feirrer pinsedag med å starta med eit Heilag-ande-dikt. I si tid opplevde eg Den heilage ande som ein uforståeleg og litt skummel del av treeinigheiten. Nå tenkjer eg heilt annleis. Eg ser på Anden som ein vind, som noko som kan styra innskytelsen min, som noko som heng saman med intuisjon og kreativitet.

Pinsedag har vore her med nydeleg ver. På føremiddagen var eg til gudsteneste der eg var beden om å lesa det diktet eg opna med. Ei jente dansa si tolking av «Det er makt i de foldede hender,» og organisten spelte vakker musikk. Det er noko med dans som er nokså direktekopla til eit eller anna inne i magen. Eg blir ofte veldig rørt av solodans der det er heilt tydeleg at dansaren har noko ho eller han gjerne vil formidla.

I går øvelseskjørde Sunniva inn til den store byen. Eg treng nemleg ein lausbart eller to til Annie- forestillingane, og Sunniva visste kor me kunne få tak i denslags. Me dreiv rundt i gatene i nydeleg sommarver og handla på Søstrene Grene. Sunniva fann ei bukse til halv pris på Fretex, medan eg fann eit par sko og to vekeblad frå seksti-talet til same halve prisen. Etterpå åt me deilig lunsj saman på Food-story. Eg må nyta å ha Sunniva rundt meg nå dei siste månadane før ho tek til vengene og flyr sin veg. Eg hadde klart å gløyma at matbutikkane stengde tidleg sidan det var pinseafta, og det hadde tydelegvis halvparten av dei andre som bur i denne vesle byen og, for klokka seks var den vesle sundagsopne butikken vår ein einaste lang kø der me stod som sild i tønne for å få kjøpt mjølk og brød og grillkol. Svettelukta låg tung over lokalet.

I dag har eg brukt mesteparten av ettermiddagen til å ferdigstilla boka frå skrivekurset. Ho blir kjempefin, og eg er stolt redaktør. Sunniva, Thea og Irene sit i stova og les ein siste korrektur for meg, medan eg lagar eplekake til dei. I morgon eller der omkring skal temperaturen synka ca ti grader att. Nordvesten skal koma med kjølegare luftlag, men så lenge sola skin skal me slett ikkje klaga.

Heidi

Det vart eit flott bryllaup i går

og lillebror vart vel gift. Veret var i tillegg heilt fantastisk. Me feira på toppen av politihuset inne i byen med panoramautsikt og uniformkledde servitørar. Det at eg deler av kvelden fekk sitja til bords med ein trevekersgammal baby på fanget gav det heile eit heilt spesielt løft. Eg tenkte eg kunne feira dagen med å ta med diktet eg hadde skrive til dei som eg brukte i vielsesermonien.

*

Alle desse maikveldane

med bjørk og med bøk,

med alle dei rosa kirsebærblomane,

og alle dei kvite

som blonder

mot den bleikblå forsommarhimmelen,

når me kjenner at me er i live

kjenner at me har funne fram,

kjenner at me er komne heim.

*

Når alle tankane,

på dei komande lyse nettene

utan anna mørke

enn litt skumring på midten,

er uendeleg lette å bera.

*

Sjølv om me veit

med vit og med erfaring

at det kjem dagar,

uendeleg langt borte

frå mai og i frå juni

då lyset knapt nok

skal sleppa til,

men ikkje skal me vera redde

for mørket,

ikkje me to,

og ikkje i dag.

*

For me skal stå der saman

mellom kaffikanner og aviser,

mellom golfballar og

spinningsyklar

med lys og lått nok

til å fylle tomroma

når dei vil overmanna oss.

*

Sjølv om me veit,

med vit og med erfaring,

at det finst tomrom i livet

som aldri heilt kan fyllast

og som må vera der

fordi det er slik det er

å vera levande.

*

Og visst vil me vera levande

vera levande og vera saman,

både barbeinte og i sandalar,

midt i alt som er livet,

rekningar og grønsåpe,

brød og smør og mjølk

både skumma og uskumma

mjølk og kjærleik.

*

For vipa og for svarttrosten,

for sporvane om vinteren,

for dei store orkideane,

og for kransane av løvetann i håret ditt.

 

For alle komande år

med filttøfler

for alle husvenner

og for alle barnebarn,

for alle dei me elskar

og for alle dei

me skal koma til å bli glade i

skal me stå der saman.

*

I tronge og opne dagar,

mellom fotballkampar

og plenklypparar

mellom Haugesund og Bryne,

i dagar med overskot

og i dagane der me aldri heilt når opp.

 

*

I septembersol

og i snøbyger først i mai,

i tandemhopp i fallskjerm,

fallande mellom måkar og songfuglar,

og vinkande frå balkongen,

dersom det skulle koma

eit musikkorps,

marsjerande gjennom hagen,

med trommer og trompetar

ein torsdag i februar.

Me står i det saman,

same kve som måtte koma.

*

Dei suraste rabarbrastilkene

skal me brekka over på midten,

me skal dyppa dei i sukker,

og laga fine knaselydar

med tennene.

*
For alle bølgjene på havet

for det første  frosne islaget på sølepyttane,

for alle blåbæra i august

skal me leva

skal me plukka rips rett frå buskane

skal me finna Soria Moria slott

skal me erobra eventyra

og oftare leva det var ein gong,

enn snipp og snapp og snute…

 

Heidi

Ut og kjøpa margarin

For nå går det unna i rekkja av usedvanlege dagar som ofte kjem i rad og rekkje. I dag er det først ferdigstilling av ei kake til i kveld, så diverse bryllaupsmekking og eit møte i byen før det er klar til, ja rett og slett bryllaup i kveld. Bror min skal gifta seg. Eg er kjempeglad på deira vegne, og fint ver får dei. Eg gleder meg skikkeleg til i kveld.

Og i går brukte me og store deler av dagen ute med ungane med utematematikk og leik. I sånt ver som dette er uteområdet vårt det vakraste ein kan tenkja seg med store blømande japanske kirsebærtre som dei får lov til å klatra i. Eg dyttar den store ufo-dissa som er full av glade førsteklassingar i sommarkjolar og kortbukser medan me syng av full hals:

Lille måltrost,

lille måltrost har du tre eller to?

Lille måltrost,

lille måltrost har du tre eller to?

Jeg har tre som er flinke og en som er god,

langt inni skogen den grønne.

Og når  eg kjem til siste verset: «Lille måltrost, lille måltrost vil du hilse fra meg?», må eg svelgja ein skikkeleg klump i halsen under siste linja: «Ja, i kveld skal vi synge ei vise om deg, langt inni skogen den grønne…» Eg er viss i ferd med å bli småtullete emosjonelt, for nå kan eg verken synga «Lille måltrost», «Bolla Pinnsvin» eller «Norge i rødt hvitt og blått» utan å konsentrera meg om ein effektiv måte å svelgja tårer på medan eg syng. Denne våreksplosjonen i grønt og kvitt og rosa og alle dei sommarkledde førsteklassingane med frekner og skrubbsår på knea blir rett og slett for sterkt for meg…

På ettermiddagen samla eg alle skrivejentene mine på trestubbar, under bøketre og oppi kirsebærtre for å la kjærasten min fotografera dei til eit forsidebilete av boka me lagar. Boka blir fin, det er masse arbeid, men det er så fint å sjå tekstane deira på førehandstrykket på PC-en. Me trykker nokre ekstra eksemplar for salg, bkoka heiter «Søt som bringebær» og kkjem til å kosta ca åtti kroner. Eg kjøper is til dei for å feira at sommaren er komen, og så les me innhaldskorrektur på manuset vårt som nå er på ca 115 sider. Og eg har lyst til å gråta litt fordi nokre av dei skal slutta, for dei er så fine jenter alle saman, og eg er så heldig som får sitja to timar og skriva kvar torsdag i lag med ein gjeng tenåringsjenter.

Og nå må eg ut på sykkelen for å kjøpa smør, eller rettare sagt margarin, for dagen har ikkje rom for slike sentimentale avstikkarar som dette… Nå skal eg leika konditor, eg har alltid likt å pynta kaker. Og dersom det er mange skrivefeil her, så får eg retta dei opp seinare. Ja, eg har skrive utan briller, og ja, det var i høgaste grad ikkje planlagd å skriva nå. Eg bare gjekk forbi tastaturet mitt, og så klarte eg ikkje å la vera…

Til rors, Columbus!

Heidi

23.mai

23.mai har alltid vore ein spesiell dag for meg, for det er rett og slett gebursdagen min. Eg hugsar utruleg mange fine forsommardagar med denne datoen, så eg trur det statistisk sett må vera ein av dei dagane med best verprognose på desse kantar av landet. Eg starta dagen litt for seint, for av ein eller annan grunn hadde eg kopla ut alarmen på mobilen. Eg brukar timar- funksjonen sidan alarmklokka ikkje virkar, og timaren er nok litt for lett å skru av. Uansett så vart eg vekt på ein svært behageleg måte ved at kjærasten min sat på sengekanten med ei skål jordbær til meg og med deilig kaffilukt frå kjøkkenet. Det fine med å forsova seg er at eg fekk tjue minutt lenger søvn enn planlagd, noko eg utan tvil kunne nyta godt av, det negative er at morgonen blir ganske hektisk, men eg rakk då det eg skulle bortsett frå at eg ikkje hadde tid til å leita etter tursekken som eg rett og slett ikkje fann i farten.

Eg rakk til og med å opna litt pakkar som låg klar på bordet. Ei fin bok eg hadde ønska meg frå kjærasten min, kort frå Ingrid og ein stilig heimesydd tunika frå Eva Mari. Det å kunna sykla til jobb i kort sommarbukse og korterma bluse i nydeleg sommarsol var heller ikkje den verste presangen å få. Helen hadde skrive gratulasjonshelsing på smartboarden i klasseromet, og elevane song for meg. Som svar på det terapautiske verset: «How, old are you now, how old are you now, how old are you noooow, how old are you now?,» fekk eg svara : «… I´m fiftyone years old noooow, and I am still young…»

Utedag med elevane i 25 graders varme var jo ein sann fornøyelse etter alle utedagane med skigenser under regntøyet. Eg vart oppringd på jobb med spørsmål frå svenska kyrkjan om dei fekk lov å bruka ei svensk omsetjing av det liturgiske laudames-leddet eg har skrive saman med Tore Aas, det tok eg og som eit hyggeleg lite handslag frå livet. Eg var innom butikken og henta skorne mine som var ferdig fiksa og ein annan butikk og kjøpte ein sommarbluse. Etter lang tids leiting etter den gamle blusen, fordi eg behaldt den nye på, så fann eg ut at eg hadde hengd han att i prøverommet. Det meste ordnar seg…

Så hadde eg middag på Thai-restaurant saman med kjarast, Sunniva og Odd Christian og fekk fleire gaver. Jammen kom det ikkje hyggeleg besøk om kvelden og, først Laila og så Gerd, med blomsterkrus, serviettar, duk og ein stor lavendel i korg. Me sat ute og drakk kaffi og åt bær og is og mørkaste typen sjokolade heilt til klokka var over ni, og det var nydeleg og varmt. Sunniva og venninnene reiste ut halv ti i shorts og korte sommarkjolar for å møta ein gjeng gutar, så me har lite å klaga på når det gjeld sommaren. Men at det plutseleg er lyse sommaren, nei, eg forstår ikkje heilt koss det kan ha gått til.-

Me har ein hyggeleg gjest for tida. Oscar skal bu hos oss mens Ingrid og Oddvar er i London ei lita veke. Kanskje på tide å få lagt han?
Heidi

Frå sommar til vinter på fem dagar

Det har vore ei utruleg endring dei siste dagane. 17.mai var det fem plussgrader, iskald vind og regn. I dag er det ein varm sommardag. Me er ikkje vande me slikt endå, så det blir både sterkt og overveldande. Eg sykla heim frå planleggingskveld på skulen klokka halv ti om kvelden i ein flortynn korterma tunika utan å frysa. Framleis ligg sommarkleda pakka ned ein eller annan stad, og framleis står vinterskorne på skohylla.

Skulegarden er velsigna grøn med bjørk, og bøk og akkurat nå står katten på taket utanfor i staden for å ligga på tastaturet og mala slik som ho pleier. Ungane på skulen klatrar i lette sommarkjolar opp i det store japanske kirsebærtreet og plukkar ned rosa blomar som dei fletter inn i håret på kvarandre. Eg har laga klar den boka som eg lagar i lag med jentene på skrivekurset. Me har stemd over titlar på verket vårt, og det ser ut som om «barnet» skal heita «Søt som bringebær». Langt frå alle tekstane er søte, forresten. Det er eit veldig stort spenn med alle slags tekstar. Boka blir ei innbunden paperbackbok med ca 100 sider med skrift. Eg trur ho blir kjempefin. På torsdag skal   kjærasten min hjelpa oss med å fotografera eit fint framsidebilete.

I kveld og i går ettermiddag har kollegiet laga timeplan for neste år. Det skal bli så bra så. Andre ting i timeplanen dett og ned på plass. Snart er puselespelet lagd og sommaren kan ta til for alvor.

Heidi

Ein dag for mange ord

I går fekk eg med meg to nye teateropplevingar. Først var eg og Jan Ivar på kjellerteateret på Storstova og såg førpremiere på «Edel har fest». Stykket handlar om at ei ung jente som skal ha fest får ein ubuden gjest. Først ser me dei som to motpolar, den søte skikkelege jenta og den nokså rufsete inntrengjaren. Etterkvar ser me at livet er meir nyansert enn som så. Dei to kan i større grad enn ein skulle tru spegla einannan, og uventa ting begynner å skje. Eg likte stykket veldig godt, og anbefalar det til dei som bur nære nok til å få det med seg.

Etterpå gjekk me til Storstova for å sjå Sunniva spela meir teater.  Me fekk med oss endå ei urpremiere. Denne gongen var det Johanne frå Unge spor som hadde skrive stykket. Stykket handla om sjølvskading. Ei jente skar seg til blods med jamne mellomrom, nokre gonger gjorde ho det så grundig at ho havna i ambulanse og på sjukehus. Sunniva spelte den eine systera hennar og dei fire skodespelarane på scenen viste kva ein familie blir utsett for når ein av dei er alvorleg psykisk sjuk. Det var eit mørkt stykke som sette søkjelys på ei aktuell problemstilling som for mange av oss er vanskeleg å forstå. Eg veit om jenter som har det akkurat slik som jenta i stykket. Scenen var svart med ei kvit sjukehusseng i sentrum. I senga sat det ei svartkledd jente. Dei andre skodespelarane kretsa rundt senga og fortalde korleis det var å vera dei, ispedd samtalar med jenta i senga som gong på gong fortalde at det ikkje var slik ho hadde tenkt at ting skulle bli.

Dagen i dag har i sin heilskap vore via skriving, bare avbroten av eit måltid og ein god samtale med Sunniva. Det har vore deilig. Mykje av tida har eg brukt til å ferdigstilla ei bok eg lagar saman med skrivekurselevane mine. Eg har fått lov til å dela to av tekstane. Den første handlar om noko av det same som teaterstykket eg fortalde om:

***

Kofferten var pakka

Det var ein blå koffert med eit umbromerke midt på. Ei svart lue stikk ut av kofferten.
Nå reiser han.

Mor kjem inn i gangen. Ho ser på meg og kysser meg på kinnet. Ho nikkar til meg, Ho seier ikkje eit ord.

Mor, far og Stein går ut i bilen. Eg og Odd blir igjen heime. Me går inn i TV-stova. Det blir ikje dag eit ord. Me sit der i fleire timar. Det blir framleis ikkje sagt eit einaste ord. Me sit og ser tomt på film: ”How I met your mother.” Ingen av oss ler. Det er så stille.

Ute på terrassen heng det ei gul og slitt T-skjorte. Ho flagrar der ute i den svarte kvelden.

Eg veit kor Stein skal hen. I går natt då eg låg og sov kom han plutseleg inn på rommet mitt. Han gråt. Far stod bak han. Stein stod der og haldt meg i handa. Han gråt.
”Kva er det Stein?” spurde eg. Eg var livredd. Eg var sikker på at det hadde skjedd noko fælt og at dei hadde kome inn for å fortelka meg det. Stein sa ingen ting. Tårene dansa nedover kinna hans. Eg var heilt i sjokk. Stein bøygde seg ned og gav meg ein klem. Han sa fortsatt ingenting.

Far såg så merkeleg ut. ”Stein er veldig sjuk, vennen min sa han.”
”Korleis sjuk?” spurde eg far etterpå. Meiner du sjuk i kroppen. Tankane mine hoppa omkring, det smalt inni hovudet mitt. ”Han er sjuk i hovudet,” sa far. ”Han må reisa i frå oss ei stund. Han skal bu på eit mentalsjukehus inne i byen. Me veit ikkje kor lenge, men det kan nok ta litt tid.” Far snakka heilt roleg, og eg høyrde stein hulka og gråta.

”Veit du korfor Stein er sjuk, Elise?” Det er det første Odd seier til meg sidan dei andre reiste. Eg svarer ikkje. Eg reiser meg opp og går ut av rommet. Eg går og legg meg.
Eg orkar ikkje svara, orkar ikkje tenkja. Eg orkar ikkje meir av dette.

Eg er så trøytt. Eg vil bare at alt skal bli normalt.

***

Den andre teksten handlar om at det ikkje alltid er lett å vera lita jente.

Mor har besøk.
Eg må vera på rommet mitt.
Eg ligg i senga og stirrer mottaket.
Mor snakkar høgt.
”Eg er full!” ropar mor.
Full av kva då?
Det blir heilt stilt.
Eg høyrer ikkje ein lyd.
Eg går inn i stova, men der er det tomt.
Eg går ut på det store gule rommet.
Der er det heller ingen.
Det slamrar i ei dør.
Mor kjem springande.
Ho står her og skrik til meg.

Gå vekk frå vindauget!
Dei er her!
Gå vekk!
Pass deg!
Flytt deg, for faen!

Kvifor snakkar ho så høgt?
Eg høyrer veldig godt.

Mor tek tak i meg.
Ho dreg meg inn på rommet mitt.
Ho ser på meg.
Ho ser rar ut.
Ho snur seg og lukkar døra.
Eit lite klikk.

Kom dykkvekk her i frå!
De tek oss aldri!
Eg gir ho aldri frå meg!
Ho er mi!
Gå!
Slutt å plaga meg!

Eit brak.
Eit knas.
Skarpe lydar.
Så eit dunk.

Det blir heilt roleg.
Eg går mot døra.
Eg strekkjer meg mot handtaket.

***

Den første teksten er skriven av ei jente på fjorten år og den andre av ei jente på sytten år. Slipp ungdommar til, dei har mykje å fara med. Det er i alle fall mi erfaring.

Det var mykje mørk tyngde i det eg skreiv om i dag, så eg må ta med noko hjartevarmande eg nettopp las og. Det var historiar ungdomane fortalde under den utruleg triste rettssaken etter 22.juli. Historiane handla om ungdomar som i fare for sitt eige liv stansa opp for å hjelpa skadde, redde og paralyserte personar 22. juli. Historiane handla om ungdomar som brukte tid på å bera med seg skadde ungdomar, trøysta dei, forbinda blødande sår og gøyma seg saman med dei med ein desperat drapsmann i hælane. Visst finst det gode. Det kjem bare litt i skuggen av det vonde av og til.

Heidi