Gå til innhald

Fuskar i faga

I dag har eg brukt deler av dagen til å laga plakatar til teaterforestillingane våre. Eg har kost meg med det. Eg sat inne ved det store bordet med saks og lim og store stablar kunstblad. Etter at eg hadde laga tre ulike plakatar laga eg fargekopier i A3 storleik av originalane i A4. Plakaten til «Den store fargeslukaren» var eg lovleg seint ute med, for premieren er alt nå på torsdag, men nå heng nå plakaten oppe i alle fall. Lurer litt på om slike oppslag får folk til å koma på ting. Det er relativt sjeldan eg sjølv går på eit arrangement eg har oppdaga gjennom ein plakat, men det hender vel ein gong i mellom. Den viktigste grunnen til å henga opp plakatar er å signalisera overfor skodespelarane at det dei gjer er viktig, og at me vil folk skal vita om premieren slik at dei kan koma. Collagane mine er ikkje stor kunst, men eg kosar meg med å vera kreativ på den måten og sånn av og til.

Planleggingskveld nummer to før neste år er nå gjennomført, så nå kan hauten bare koma. Før ferien skal eg på to barnehagebesøk til og så skal me ha foreldremøte og «Bli kjend dag» for dei som skal begynna i første klasse til hausten. Eg ser fram til å bli kjend med dei. Det er lenge sidan eg jobba med så små barn, eg gleder meg til akkurat det. Det er ikkje så mange små barn i livet mitt lenger. Før var dei overalt i alle døgnets vakne og sovande timar og eg elska det.

I morgon skal eg førebu neste runde med gebursdagsfeiring saman med ca 20 flotte damer på fredag. Her skal ikkje noko gå upåakta hen. Bortsett frå kanskje bryllaupsdagen vår som er i morgon. Det er liksom så mykje å feira akkurat nå.  Kven veit kva me finn på, kanskje kreativiteten tek tak i meg med ein eller annan vill idé?

 

Heidi

 

Så er eg over grensa

til eit nytt tiår. Viss eg er brutalt ærleg, så kan eg nå kalla meg sjølv ei dame i 50-60 årsalderen. Festen på laurdag vart akkurat så fin som eg hadde håpa at han skulle bli. Mange bidrog med både mat og underhaldning og utsikta frå vindauga i det gamle huset var omtrent så vakker som utsikt kan vera. Eit gammaldags sprossevindu ut mot storhavet med høg kveldshimmel over er bare flott. Eg vart talt for, sungen for, dansa for og spelt teater for, og Torhild spelte piano så taklampa svinga og veggene dirra.
I dag har eg fått maksimalt ut av dagen. Eg vakna til morgonsol og trudde klokka var minst halv ni, i staden viste det seg etterkvart at ho heller må ha vore halv sju. Ingen ungdomar på veg til skulen, men så dukka dei opp ein etter ein frå senger og joggeturar. Eg lurte på om heile huset hadde forsove seg, men så såg eg på klokka.

Først på føremiddagen i dag fekk eg tid til å lesa alle korta, telja pengane eg skal senda til Linda i Tanzania og pakka ut dei siste presangane. Eg kan senda nedover nesten elleve tusen kroner, noko eg er svært glad for. Eg veit at pengane kjem veldig vel med. Eg fekk ein tur med Astrid i solskin før noko som minna meir om syndefloden braka laus. Me skulle eta middag på den nye thai-restauranten som viste seg å vera stengd på måndagar, og så vart det kinesisk i staden før eg vende nasen til den gamle arbeidsplassen min for å vera med på planlegging der. Der vart det meir song og tale og blomar og presang. Så har me mekka timeplan og nesten kome i mål. Det er heilt ok å ha eit bein i dørsprekka til mitt vanlege liv og framleis vita at det er nesten tre månadar att før eg begynner for alvor.

Ein riddar av ein ny mannleg kollega spurte om han fekk kjøra jubilanten heim, men jubilanten svara at ho trong stega sine, så ho måtte nok gå. Og det gjorde ho. Regnet hadde stoppa og det lukta syrin og hegg og jasmin ute. Og om ein halvtime renn kvelden over datogrensa. Dagen har vore god.

Heidi

 

Så skimrande var aldri havet

Hadde ei fantastisk feiring ytst i havgapet i går kveld. Familieselskap i dag. Kanskje eg kjem tilbake til det her. Akkurat nå er eg for trøytt… 🙂

 

Heidi:-)

 

 

Nå har vi vaska golvet,

og vi har børi ved. Det er bare så vidt me ikkje har pynta tre og. Å administrera ein fest for over 60 gjester krever litt. Nå skal eg straks ned i lokalet og bruka dei siste to timane på å gjera klar lokalet. Eg gleder meg og et kriblar litt av fryd og gru i magen. Kva som går gale og kva som går etter planen vil snart visa seg. Føremiddagen har me brukt til å plukka blomar, kjøpa roser, omnsteika poteter laga eggerøre av 24 egg, kutta åtti roser i passe lengde til å stå i kvitvinsglas, skore laks i fine skiver og tenkja gjennom programmet ein gong til. Nå er eg kledd og staila av Ingrid som har sminka meg, eg  kjenner meg oversminka, men ho seier at det er så vidt det viser, så då får ho lov til å bestemma i dag. Eg lurer på kor eg skal festa stegteljaren, men det finn eg vel ut av.

Eg fekk denne helsinga av ei venninne som er i Syden:

Langsomt blir allting til

Mørket ble lys

og lyset ild,

og mennesket våknet en dag

og sa; Jeg vil.

Langsomt blir allting til.

Inger Hagerup.

Det er ein fin tanke. Skapinga pågår framleis. Framleis blir du skapt til den du skal vera når du skal møta framtida.

Og så fekk eg med meg dommedagsprofetiene om at verda skal gå under i dag. Men heldigvis såg eg ein time seinare at dommedag var avlyst fordi klokka nå hadde passert det tidspunktet då verda skulle gå under.
Sjølsagt trur eg ikkje på det, men eg må innrømma at slike profetiar alltid er litt ekle. Og eg vil nødig kombinera verdens undergang med 50-årsdagen min… Men som Ingrid sa med eit visst glimt i auget; Du ville i alle fall vera i den aller beste sosiale settinga i det det skjedde…

Ha ein fin kveld. Det har eg tenkt å ha.

Heidi

 

Nå har eg heilt gløymt å skriva her

og i dag blir det ikkje mange setningane. Bordsettinga klar, bordkort og songhefte laga. Serviettane bretta. Overnattingsgjester med hund ankomne. Liste til i morgon ferdig skriven. Sova nå var det viss.
Heidi

Ein morgontekst

Dei er det ikkje så mange av, sidan mitt biologiske ur er slik innretta at eg opplever fleire seine netter enn tidlege morgonar. Nå skulle det kanskje vera på tide med ein liten morgontekst her i frå. Slik er morgonane hos oss i Kong Sigurdsgate:

«Det tusler og det tasler, det braker og det rasler…» Ein etter ein går dei som bur her, meir eller mindre stille gjennom romma for å gjera seg klare til å koma seg på jobb eller for å nå toget til vidaregåande skule og universitet. Cleopatra strekkjer kattekroppen sin etter nattesvevnen, mjauar og vil ut, eller ho skrapar mjauande på døra for å koma inn etter ukjende natteeventyr.

Oscar bjeffar optimistisk mot ein ny dag. I motsetning til Cleopatra som lever sitt eige liv, er han heilt avhengig av respons og oppfylgjing frå dei tobeinte. Han torer ikkje eingong å gå i trapper endå, så kontrasten er stor til kattedyret vårt som elskar å balansera på takmønet til naboen, og som står flatt på golvet på loftet, tek sats og hoppar rett ut takvindauget. Samanlikna med henne er vesle Oscar ein litt klumsete og keitete valp med eit litt overregulert ego. Men søt er han, det skal han ha. William kvitrar i buret sitt, der han er relativt trygg for klørne til andre syr, og når katten er ute hender det at han får dansa på bordet eller ta seg nokre svingar rundt taklampa før han landar på eit hovud eller ein skulder.

Det suser i røyra av folk som dusjar, og kaffitraktaren spreier lukt av morgonkaffi rundt i huset. Omtrent i det sistemann lukkar døra bak seg begynner dagen min. Eg vaklar ut på kjøkkenet til ferdig kaffi og så set eg meg ned med macen min for å starta dagen.

I dag måtte eg opp, for å gratulera 18 åringen min med dagen. På bordet stod det ei skål med druer, blåbær og bringebær, ei skål med engelsk lakriskonfekt, eit koseleg kort frå farmor og eit englekort frå oss. I eit hus der alle ekstraordinære godsaker forsvinn før nokon får tenkt seg om, var eit grovt frokosthorn frå bakaren stilt opp saman med presangane på bordet. I tillegg til ein pengepresang fekk ho to cd-plater, ei bok om fototeknikk, ei hummingbird bakebok og ei rosa retrointeriørbok. Ho var strålande fornøgd og Sunniva er eit slikt menneske som verkeleg kan stråla. Det lyser av henne når ho er glad, både av auga og resten av ansiktet.

Godt fornøgd pakka ho ranselen til eksamen, i ein isboks pakka ho litt oppmuntrande niste, druer, vannmelon og to slikkepinnar. Eg håpar det går bra. «Teater i perspektiv» er eit spennande fag. Eg og ho har utført eit lite djupdykk saman nå under eksamenslesinga, og eg kjenner at teatervitenskap er noko eg verkeleg kunne tenkt meg å studera. Men det spørs om eg nokon gong får tid til å studera meir, kven skal gjera dei andre tinga i livet mitt medan eg tek eksamenar. Eg vil gjerne fokusera på skriving, og må vel innsjå at dei tilmålte daglege timane mine ikkje blir lenger same kor mykje eg riv og slit og tøyer dei…

Dette skal og bli ein dag med mykje innhald om han går som eg trur. Nå skal eg laga ei stor gryte med kjøttkaker som skal serverast i kveldinga ein gong. Så skal det bakast litt, eg skal prøva å få vaska loftet slik at det kan visast fram for overnattingsgjester i overmorgon, eg skal baka litt, laga bordkort til festen på laurdag, legga siste hand på songhefte og program og dessutan stikka innom skulen for å oppdatera meg på livet i første klasse til hausten, og vera med på eit overføringsmøte i den eine barnehagen elevane våre kjem frå.

Det blir travelt å koma tilbake i full jobb. Dette skuleåret med skrivepermisjon, som heldigvis skal vara i tre månadar til har vore heilt fantastisk. For eit par veker sidan sat eg med ein gjeng kolleger med namnelister over elevar som skal begynna hos oss. Då fekk eg den litt kriblande gledekjensla eg har kjend før når eg har site med slike lister. «Dette er namna på dei ungane eg snart skal bli kjend med og glad i.» Det er eit stort privilegium å jobba med ungar. Akkurat det har eg elska frå første dag i skulen. Visst er det mykje anna som kan slita ein heilt ut, men akkurat det å leva så tett innpå sprell levande barn og gå saman med dei gjennom ulike utviklingsfasar, akkurat det er heilt vidunderleg.

Og nå ventar dagen på meg som eit stort grønt eple eg snart skal setja tennene i så hardt at safta sprutar og den sterke syrlege safta gir meg tårer i auga. Måtte dagen vera velsigna.

Heidi

Om tolv minutt

er Sunniva teknisk sett vaksen og myndig. Då er det bare eit «barn» att i huset, og det varer bare eit drøytt år så kryssar han den same grensa han og. Me har dekka bordet inne med kort og presangar og litt godt å eta slik me pleier å gjera det når ein av ungane fyller år. Ho rekk akkurat å opna pakkane før ho må i veg til toget for å koma tidsnok til eksamen i teaterhistorie. Måtte det gå bra. 18.årsdagen bør helst ikkje vera dagen for ein skikkeleg mislukka eksamen.

Nå er huset i ferd med å fyllast. I dag har eg henta Odd Christian på toget etter at han nesten mista ferga i Bergen fordi han hadde gløymt studentkortet heime og måtte snu. Ingrid har eg og henta på toget etter 17.-maituren til Porsgrunn.

Nå er det eksamenstider for alle ungdomane som høyrer til huset, og innimellom skal me legga til nokre skikkelege omgangar med gebursdagsfeiring. Det blir flotte greier det. I morgon etter eksamen har Sunniva bestillt familiemiddag med heimelaga kjøttkaker og grønn ertestuing. Håvard skal vera med heim til middag og om kvelden skal dei treffa venner. Grundigare feiring får venta litt.

Og eg får avrunda ein lang dag. I dag stod eg tidleg opp sjølv utan vekkerklokke for dagane er så korte for tida.

Heidi

Urettferdig over landet

Overskrifta er ikkje eit forsøk på samfunnskritikk. Det er bare teksten på nasjonalsongen slik eit av barna mine lenge trudde han var. Sidan ho på det tidspunktet, akkurat som nå, var ei bestemt og viljesterk dame, måtte eg verkeleg jobba for å overbevisa henne om at den rette teksten var det ubegripelege «furet værbitt over vannet». Av erfaring visste eg at måten å overbevisa henne på var å apellera til fornuft og logikk. «Men kva i all verda meiner du at «urettferdig over landet» betyr då?» spurde eg. «Det er jo så mykje som er urettferdig,» sa ho. Og det måtte eg i grunnen gi henne heilt rett i.

Dagen starta med at eg og Sunniva åt jordbær til frokost. Det var jo trass alt 17. mai. Etterpå skulle eg ut og festa verandaflagget. I fjor fann me det ikkje… Men i år visste me kor det var. Eg huska at sist eg skulle ha det op, måtte det bindast på, sidan flaggfestet ikkje var der lenger. Til mogleg underhaldning for naboar, stod eg der med hyssingen og flagget og prøvde på alle måtar å binda det opp utan å lukkast. Eg prøvde å binda det på utsida av rekkverket, på innsida av rekkverket og rett og slett på ei av søylene opp til taket. Ingenting lukkast, flagget datt bare ned. Eg gjekk litt lenger til høgre for å prøva der, og oppdaga plutseleg… flaggfestet. Det eg hugsar opp fastbinding må truleg vera frå i fjor då eg måtte festa vanlege «17.maitogflagg» til rekkverket med hyssing fordi me ikkje fann verandaflagget… Jammen godt eg ikkje rakk å utføra det eg eigentleg hadde tenkt; nemleg å finna ein plass der dei hadde flaggfeste til salgs…

Eg hadde sagt til meg sjølv at i år kunne eg godt droppa barnetoget fordi eg ikkje hadde verken barn eller elevar der i år, men det kjendest litt feil, så visst var eg der. Det var grått og vasskaldt, men ikkje ein regndrope har det vore heile dagen på trass av ikkje så gode vervarsel.

Deler av dagen har eg brukt på å lesa TIP saman med Sunniva, som har kome opp i «Teater i perspektiv til eksamen». Det vil i praksis seia teaterhistorie. Pensum er veldig interessant, men ganske kompakt, med masse ting å halda styr på. Eg, som heldigvis ikkje skal ha nokon eksamen, lærde mykje. Mellom anna at i romerske mimespel i antikken hende det at skodespelarane mot slutten av stykket vart skifta ut med dødsdømte fangar, slik at det kunne enda med at hovudpersonane bokstaveleg talt døydde på scenen, for eksempel gjennom korsfesting. Det skulle gjerne flyta ein del blod på scenegolvet. Groteske greier.

Me såg Sunniva flagra gjennom folketoget forkledd som gresk orakel med fane, og høyrde Synneva halda ein flott 17.maitale. Då det nærma seg kveld, såg eg at eg hadde litt for få steg i dag. Derfor måtte eg by opp min danseglade mann til Fritjof och Carmencita og andre variantar av tango. Det hjalp litt, men eg er framleis litt i manko på steg for å nå mine eigne mål Det får vera slik i dag, for nå er eg veldig trøytt, og eg har tenkt å ta det med ro slik at halsvondtet forsvinn. Kanskje eg er klar for hardkjør i morgon? Då blir det rydding, vasking, gebursdagsførebuingar og meir teaterhistorie.

Sounds like a plan!

Heidi

16.mai om kvelden

Etter å ha gjort eit heiderleg dagsverk, med evalueringsmøte, mekking av årets bok laga av kunstfag og skapande skriving, medarbeidarsamtale med sjefen og ein intens innspurt med dramagruppa og «Den store fargeslukaren», er eg ør og sliten og skal nyta å ha eit par fridagar med fokus på å laga ei fin gebursdagsfeiring. Eg veit ikkje om det har noko med å ha blitt klissvåt i regnet fleire dagar på rad å gjera, men i dag har eg vore småfrossen og hatt litt vondt i halsen. Eg har skeia ut med ein pakke råmelkstablettar, sjølv om det sikkert er råmange karbohydrater i den slags. Her gjeld det å berga helsa, for det ville passa ekstra dårleg å bli sjuk nå.

Det er kvelden før den store dagen her i landet, men eg trur det ligg an til ei rolegare feiring av nasjonaldagen enn nokon gong her i heimen. Ungane er store, og ingen skal i veg for å gå i barnetog, ikkje har eg elevar ein gong å vinka å ropa til. Det er litt uvant, men akkurat nå i dag kjennest det litt deilig og, for eg har hatt det så travelt og har desse store prosjekta mine å planlegga, to store gebursdagsfeiringar og to teaterforestillingar og i tillegg vil eg gjerne laga ei fin familiefeiring for Sunnigull som blir 18. år. Vermeldingane er ikkje så gode, og det kjennest heilt ok å tenkja at eg faktisk kan velja å ta det litt med ro i morgontidleg viss eg kjenner for å gjera det. Ingrid er reist for å besøkja Oddvar i Porsgrunn, så me er barnevaktar for ein stk entusiastisk hund.

Kanskje eg bør klargjera Sunniva si bunad, sjølv om eg trur ho har planar om å vera heime og lesa delar av dagen, ho skal nemleg ha eksamen i teaterhistorie den 19. mai,- på 18-årsdagen sin, og sidan ho spelte teater i helga fekk ho ikkje lese så mykje då. Eg er klar til å hjelpa til så godt eg kan med å gjennomgå og strukturera fagstoffet. Teaterhistorie høyrest jo kjempeinteressant ut.

Dagen har vore fin, me kom mykje lenger enn sist med forestillinga, og boka me lagar blir kjempefin om eg torer å seia det sjølv. Nå må eg bare prøva å pleia halsen slik at eg held meg på beina… Katten kjem inn med fuktig pels og spaserer med våte potar over songane, som det skal lagast songhefte av til laurdag. Malande stikk ho hovudet sitt opp i halsgropa mi før ho legg seg langflat på skrivebordet i varmen frå lampen.
Heidi

Jubal og Jabal og Tubalkain

Det står masse merkeleg og underfundig i Bibelen. I 1.Mosebok står det om  Jubal, ættefaren til alle som spelar fløyte og lyre, Jabal, ættefaren til alle som bur i telt og held buskap, og Tubalkain som er ættefaren til dei som smir reiskap. Dei tre er brødre med same far og to ulike mødrer, Ada og Silla. Namna er så flotte at eg får lyst til å laga ein song eller eit barnerim om dei. Det står og om Noah som hadde den mogne alderen av 500 år då han vart far til Sem, Kam og Jafet, som om ein tek dette heilt bokstaveleg, burde vera trillingsønene til ein nybakt far på 500 år, og dette er bare starten på historia om Noah, så kanskje ein ikkje bør fortvila om ein etter alle solemerke nokså snart skal gå hen og fylla femti i aller næraste framtid. Nå i kveld har eg laga songar til songhefte. Eg ville gjerne ha med «Men går jag över ängerna»; men Torhild meiner det er ein vanskeleg allsong. Kanskje eg får nokon til å synga han for meg?

Elles så har me handla blomar til hagen og serviettar og lys til borda, og vore på befaring i det gamle huset der me skal arrangera selskapet. Det er veldig vakkert der nede sjølv om det regnar slik det gjorde då me var der i dag. Etterpå var eg innom onkelen min og fekk levande historiar frå hans barndom på trettitalet. Han fortalde at alle kvinnene gjekk og kjøpte mjølk i dropsspann om føremiddagane, fordi dei var mykje billligare enn ekte mjølkespann. Eg visste heller ikkje at folk kokte middagen sin på primus fordi det gjekk fortare enn på vedkomfyren og fordi elektrisiteten framleis ikkje hadde kome hit på den tida. Eg trudde at Oslo-frokost var noko dei fekk på skulen, men i følge han var det eit forsøksprosjekt der alle skulebarn var pålagd å ha heilt lik skulemat for å sikra at alle åt sunt og fekk i seg næringsrik mat. Den matpakken bestod av to grove brødskiver med ost, eit knekkebrød med brunost og eit eple eller ein bit rå gulrot eller kålrabi.I tillegg skulle dei ha med ei flaske med mjølk. Sidan onkelen min ikkje likte mjølk fekk han lov til å ha mjølka halvblanda med havresuppe. Dei fekk ikkje drikka mjølka før maten var oppeten og frukta eller gulrota skulle etast etter mjølka.  Dei hadde aldri før hatt knekkebrød i huset, men nå var det bare å kjøpa det inn, læraren var ansvarleg for å sjekka at alle hadde korrekt skulemat. Det var sikkert eit løft for folkehelsa i ei tid der folk gjerne åt sukker eller sirup på brødet, men kanskje vanskeleg å gjennomføra, for ordninga vart avskaffa igjen.

På veg heim fekk eg århundredets høljeregnsbyge i hovudet og vart gjennomvåt i dag og. Eg sit her og frys og kjenner halsen er i ferd med å bli sår, men eg skal ikkje bli forkjøla, nei. Det har eg ikkje tid til.

Heidi