Gå til innhald

Sikk sakk, vi drypper på tak, tikk takk, det regner i dag

Me har hatt så fint ver i år. Så fint at me har gløymt kva slags ver me eigentleg pleier å halda her. I dag vart me minna om det. Då eg gjekk ned for å ta toget til skrivetur med elevane på skapande skriving var veret ganske brukbart. Då me kom fram til Eigersund regna det, og det har det gjort sidan. Verken eg eller jentene hadde venta regn, fleire av dei hadde tynne sommarjakkar og tøysko. Me vart rimeleg våte, men ikkje ei sur mine såg eg, alle var smilande og positive. Sjølv fekk eg kjøpt meg ein paraply, og me varma oss inne på kjøpesenter. Men det luktar så godt ute når det regnar om forsommaren. Det lukter bjørk og gras og etterkvart syrin og hegg.

Då eg om heim var eg kald og våt og la meg på sofaen med avisa og to teppe for å få i meg varmen. Det hjalp og med varm krydderte. Etter å ha ete fenalår og eggerøre var det ut att for å sjå Sunniva si forestilling på mølla. Eg var imponert over dei tre skodespelarane. Både mormor og morfar og Hilde, som var barnevakt for Sunnigull i mange år, kom for å sjå. Etterpå var det open scene med standup-show og spontansong. Hilde eg og kjærasten gjekk ein lang omveg heim i regnet. Det surkla i sko og sokkar og det draup frå paraplyane. Nå er alle i hus og Ingrid og Sunniva har ledd høgt og lenge. Eg forstår kva Astrid Lindgren meinar når ho lar Mio sin far, kongen, seia fylgjande: «Mio, min Mio, du må då forstå at for meg er ingen lyd vakrare enn lyden av son min som ler i rosenhagen.»

Heidi

 

Fredag den trettande

kom ikkje med nokon form for ulukke. Tvertimot så har det vore ein fin dag. Eg har vore i litteraturgruppe i kveld. Denne gongen hadde me lese ei bok frå Libya «ingen i verden» av Hisham Matar. Boka er ein oppvekstroman og gav meg, i tillegg til å vera ei fin barneskildring, innblikk i Gadaffi sitt land og regime. Boka er med dette anbefalt.

Eg har rosa peonar i ein vase på bordet, og har fått nye trekk på sofaar og lenestolar, så nå er stova som ny. Den neste veka blir med skarpt blikk framover mot stor feiring neste helg, men først av alt skal eg reisa sørover med toget på skrivetur med skriveelevane mine. Det skal bli fint. Nå må eg koma meg i seng. Det kan ikkje bli ein livsstil med desse alt for korte nettene.

Kirsebærtreet er avblomstra for denne gongen, og temperaturen har sokke til omlag 10 grader, men du verda så grønt og fint det har blitt.
Heidi

Vel blåst

Eg er stuptrøytt etter å ha hatt skrivekurs for vaksne og barn heile dagen, men er glad for at det gjekk så bra. I går kveld fekk eg det for meg at eg var litt dårleg førebudd, så det ende med at eg sat oppe og jobba til klokka to. Litt seint når eg måtte opp før seks i dag morges. Eg hadde ikkje trengt dei ekstra timane såg eg i dag, men, men… Førebuingar er ikkje tungt å bera. Det kjennest alltid litt godt når ein har teke ein utfordring og det har gått bra. 🙂 Men nå blir det tidleg kveld. Kjem tilbake seinare.
Heidi

Makeover

Nå har eg sett på oppvaskmaskinen etter å ha send ein gjeng venninner heim. Me har kost oss med foccaciabrød, nanbrød, salat, laks, spekeskinke, eggerøre, fenalår og jordbær. Skikkeleg sommarmat og skikkeleg føresommar. Tidlegare i dag hadde eg besøk mor som var på bytur med ei venninne. Det var veldig koseleg det og. Innimellom har det blitt ein tur. Dessverre ligg eg litt bak meg sjølv. I morgon skal eg ha skrivekurs for lærarar og elevar på ein skule i nærleiken. Det blir spennande. Eg er ikkje heilt ferdig med opplegget, så det får eg bruka resten av midnattstimane til. Det blir nok bra til slutt.

I dag fekk me ein spennande pakke i posten. Eg oppdaga at det fantest ein stad på nettet der ein kunne bestilla trekk til ikea-møbler. Nå skal dei gode gamle terracottaoransje Ängbysofaane vår og dei to lenestolane få full makeover. Trekka er raudare enn dei me har, så nå får me raud sofa og raude lenestolar. Fargen er varm og går litt mot brunt, så det skal bli bra trur eg. Me har ikkje hatt tid til å prøva trekka endå, men eg går ut frå at dei passar. Det er jo ein genial måte å fornya på. Eg har likt desse møblane veldig godt, men trekka er blitt stygge, skjoldete og oppklorte etter hard og kjærleg bruk frå barn og dyr. Eg gleder meg til å sjå koss det blir. Det kjennest så meiningslaust å kasta ein god sofa,- jo då, putene ber nok litt preg av å ha blitt brukte, det innrømmer eg, bare fordi trekket er blitt slitt. Eg er ikkje så flink med bruk og kast. Spesielt det siste har eg store problem med, noko heimen min ber preg av… Men førebu morgondagen var det viss eg skulle, ja…

Heidi

Du ska få en dag i mårå

Ikkje det at ikkje dagen i dag har vore noko tess. Han har vore fin og veldig hektisk. Heldigvis fekk eg og Ingrid tatt med oss Oscar på tur i føremiddag, for resten av dagen har vore full fart med teaterøving, kostyme og kulissemekking. Det har vore utruleg intenst, og som vanleg kjennest tida farleg knapp på dette tidspunktet.

Med den eine gruppa var det mykje som ikkje fungerte optmalt, dei snubla i replikkar, gløymde når dei skulle inn og var litt ukonsentrerte. Eg forstår at det ikkje er bare bare å vera dei heller, mange av dei er midt oppe i konfirmasjonar og eksamenar og eg veit ikkje kva. Konklusjonen på dagens innsats for deira vedkomande vart at me må legga inn ei ekstraøving i neste veke om me skal koma i mål. Heldigvis var dei enige i det sjølv, det var ingen protestar. Det blir nok bra til slutt, og i den store samanhangen er det ikkje eit spørsmål om liv og død.

Og det har gått opp for meg at nå skal eg i løpet av eit veldig kort tidsrom arrangera to store selskap fordi eg fyller femti. I tillegg fyller Sunniva 18. Det blir den eine gongen i livet at begge feirer ein veldig stor dag med få dagars mellomrom. Eg blir litt sveitt med tanke på alt som skal fiksast, men det er ikkje første gongen eg har den følelsen, og pustar ein roleg då går det bra. På torsdag skal eg halda skrivekurs for lærarar og elevar på ein skule eit stykke her i frå. Det blir ei ny erfaring.

Heidi

Bøker, kostyme, skriving og sommarregn

I føremiddag sat me og kobla teikningar og små tekstar til ei bok om sinne og glede som skriveelevane mine har laga i lag med to av klassane på kunstfag. Det ligg ganske mykje arbeid i det å ferdigstilla ei slik bok, men eg ser at det skal bli kjempefint. Etter at malen til boka var sånn nokonlunde på plass, så hadde eg ein stor jobb med å finna kostyme til dei to forestillingane med teatergruppene våre: «Den store fargeslukaren» og «Frå oldemor si bokhylle.» Arbeidsdagen vart avslutta på Fretex der eg leitte etter knickarsar, bukseselar og skjorter som ser gamle ut. Eg fekk tak i nokre stripete skjorter med kvit krage. Dersom eg klipper av kragen over snippen, kjem det til å sjå ut som skjorter frå 1800- talet. I morgon skal me øva i mange timar, og med begge gruppene, og eg har tilløp til panikk fordi me bør vera i mål nå, og det kjennest ganske langt fram dit.

I dag hadde eg ein gjeng damer her. Me har starta ei slags kreativ gruppe og deler med kvarandre av det me kan. Sist var me hos Hilde og malte, i dag var me her og skreiv. Det var veldig kjekt.

Ein tur i mildt sommarregn vart avslutninga på dagen. Eg har verkeleg fått dreisen på det å gå. Akkurat nå går eg fleire timar kvar dag. Det tek tid og må prioriterast, men eg har bestemt meg for å gjennomføra det i nokre månadar som eit slags eksperiment. Det er i alle fall veldig deilig å vera ute på den måten, eg får verkeleg observert at sommaren inntek naturen både ved vatnet, i skogen og på stranda. Eg prøver å kjenna att fuglane eg ser, og har faktisk vurdert å kjøpa meg ein cd med fuglelyder for å kunna skilja dei ulike songarane i skogen frå einannan. Akkurat det er eg dårleg på. Eg trur eg kjenner att vipe, gauk, kråker, måker, lerker, ender og duer. Alt anna er eg usikker på.

Heidi

Kom sommarvind

I dag har det blåse her. Blåsa gjer det heile tida, og i dag har det vore ekstra friskt sånn reint vindmessig. Det seier litt i ein del av verda der det heiter seg at på vindstille dagar bles det bare ei høne på sjøen. Me har vore ute og godt i den milde, varme vinden, og så lenge han er varm, er det slett ikkje så gale å få litt ekstra fart på hår og tekstilar.  Det er kanskje i heftigste laget når fleire av glasa fyk av bordet medan me et grillmiddagen vår, og kassen me oppbevarer puter i to gonger bles ned frå verandaen…

Noko av det finaste eg har gjort i dag var å legga meg på magen på terrassen i sola og lesa ei bok, det gjaldt bare å finna ein plass der det let seg gjera at boka ikkje bles vekk, og då må ein nærast mogleg bakken. Dessverre var det ikkje bare lett å få fred der. Oscar var over meg som ein liten propell og slikka håret mitt og leikebeit i øyreflippane. Etter at han var send inn, kom Cleopatra og insisterte på å ligga oppå boka og mala medan eg las. Etter å ha servert katten middag for å få lesefred kom barnebarnet til naboen og lurte på om han kunne få litt hjelp til å leita fordi veslebroren hans hadde kasta eit lite leiketøy inn i hagen vår. Slike søte så sjarmørar let seg ikkje avvisa sjølv om ein er midt i ei bok, og under befaringa måtte eg konstatera at hagen vår er noko nær eit katastrofeområde. Ein av styrkene mine er at eg kan sitja med ei bok eller eit skriveprosjekt og konsentrera meg hundre prosent sjølv om tak og vegger ramlar ned rundt meg… Og det hender det faktisk at dei gjer, om ikkje i 100% bokstaveleg forstand. Det fine med det er at eg har eit liv med plas til mykje kreativitet og ro midt i alt som skulle ha vore gjort. Ulempa er at ikkje alt som skulle ha vore gjort blir gjort.

Men sundag er då kviledagen, og går ein ikkje rundt med stegreknar, derfor blei det eit par tre timar med tur i den fine sola i staden for husarbeid, og då eg kom heim hadde eg lova Sunniva litt hjelp med ein stor historieprøve ho skal ha i morgon. Sunniva sitt dilemma er at livet hennar er så fullt av aktiviteter at ein del av skulearbeidet får eit visst skippertakspreg. I dei siste to timane har me jobba oss gjennom seinmiddelalder, svartedauden, reformasjonen, humanismen, renessansen, kolonitida, slavehandel, unionstida og invisisjonen. Heldigvis er historie eit av yndlingsfaga mine, så ei slik reis gjennom tidsepokar er eigentleg bare kjekt, sjølv om eg nok hadde ønska at me hadde betre tid på oss. Får håpa ho hugsar det meste til i morgon.

Og visst burde eg vaska håret før eg legg meg etter å ha blitt rundslikka av ein hund, som sjølvsagt ikkje burde ha fått lov til å leika med hår som flagrar i vinden.

Heidi

Konfirmasjon i sommarvind

I dag har eg fått vera med på konfirmasjonen til Fryd i nydelege omgjevnadar i eit friluftshus oppe i det som er eit skiområde om vinteren. For å koma dit må me kjøra forbi den vesle kyrkja me gifta oss i ein gong for lenge sidan, og bare det i seg sjølv er litt nostalgisk for det er så sjeldan eg kjører der.

Kjenninga av sommarvind frå midnattstider i går viste seg å vera vedvarande, i dag har det vore eit heilt nydeleg forsommarver og nå er viss alt som finst av tre og buskar sprunge ut. Alle dei intense nyansane av grønt gjer det så vakkert ute at ein reint kan få tårer i auga, det vere seg på grunn av allergi eller sentimentalitet.

Eg hadde tilbydd meg å hjelpa til litt i konfirmasjonen i dag. Mor til Fryd er ei venninne av meg som er ganske foretaksom når ho set i gang. Ho hadde laga ein heil buffet sjølv, med ulike former for kylling, kjøttbollar, laks, eggerøre, karbonadar, gryterettar og salatar i tillegg til å baka ulike former for brød. Det tok si tid når ulike rettar skulle lagast og varmast opp og me ikkje fann heilt ut av komfyr og steikeomn. Men dagen var av det mest innbydande slaget til å sitja ute og venta i sola, og Fryd spela ein liten utandørskonsert på celloen sin medan folk venta på maten.

Langt utpå kvelden rydda me saman det vesle flyttelasset av blomar, lysestaker, krystallskåler, puter, kaker og mat og reiste heim att. Det var nesten midnatt då me kom fram, og nå er eg litt sliten i bein og armar etter ei lang og intens arbeidsøkt på kjøkkenet, men det var veldig triveleg, og eg var glad for å gjera litt for å laga ein fin konfirmasjonsdag for ei flott jente.

Og gamle songar får liksom ein slags sentimental renessanse på denne årstida. «Det er vel fagre stundar når våren kjem her nord, og atter som eit under nytt liv av daude gror,» Og ikkje minst «Gud signe vårt dyre fedreland og lat det som hagen bløma, lat lysa din fred frå fjell til strand og vetter for vårsol røma…»  Den songen luktar av bjørk og musikkorps. Sjølv dei mest rasjonelle av oss her i nord får vel ein liten smak av noko overjordisk i mai når naturen eksploderer seg inn i sommaren.

Heidi

Sjette dagen i mai

eg vakna med hovudverk innfor panna, noko som eg tilskreiv det ublide møtet med ei fallande eldfast form i dag. Det var derfor lett å seia ja til Ingrid som foreslo å begynna dagen med ein lang tur langs stranda, sjøluft er god medisin mot hovudverk, og saman med 500mg paracet så gjorde det susen. Det var nesten folketomt på stranda, og regnet kom ikkje før me var nesten tilbake til bilen. Så vart dei ei skriveøkt før me sette kursen opp til foreldra mine, for nå var det så lenge sidan sist me var der. Det vart blomkålsuppe og kaffi og meire til før me reiste heim att i regn.

Eit fat med fingermat til Synneva si feiring: camembert med spekeskinke og oliven, så fann me fram paraplyane og spaserte bort for å gratulera. Der var det mange hyggelege menneske, fint pynta stove og god mat. Vesle Hedvig i silkekjole og med alvevenger serverte gjestene jordbær. Det gjaldt bare å lukka augene og opna hendene så kom feen med godsakene.  Synneva er kjempeflink med å få feiringane sine til å bli veldig trivelege. Eg kjenner så mange utruleg flotte folk som fyller år nå i desse dagar. Det må vera noko med årstida.

I dag har det vore mykje kaldare i lufta enn på lenge, men den siste veka har trea nærast eksplodert i bjørkegrønt og bøkegrønt og lindegrønt og i alle fargar som høyrer fruktbløminga til, og nå luktar det både gras og bjørk ute. Då me gjekk heim att rundt midnatt var det plutseleg mildt og deilig ute igjen. Det er akkurat slike milde netter som plutseleg kjem som eg hugsar frå mai andre år og. Og hovudet gjer nesten ikkje vondt lenger. Og i gangen til Synneva står det to gjengløymte paraplyar, den eine er grøn med kvite prikkar, og den andre er regnbogefarga og kjøpt på gata i Roma.

Heidi

Ver så god neste

Eg skal ikkje påberopa meg å ha ekstrem tannlegeskrekk, likevel må eg innrømma at det er nokså mange ting eg heller ville gjera enn å gå til tannlegen. Og tannlegeår går viss endå raskare enn andre år, for eg var der då nettopp…

Uansett, i dag var eg innkalla, eller rettare sagt hadde eg forhandla meg fram til fordi den første timen for ein månads tid sidan ikkje passa. Eg hadde fått ei hyggeleg påmelding om timen på sms i går,  så her var det ingen unnskuldningar for å sleppa unna. Og korfor gruar eg meg eigentleg? Tannlegen er ein blid mann med masse humor, tannlegestolen er rett og slett behageleg, og ut frå vinduet hans i andre etasje ser ein rett på eit blømande kirsebærtre.

Eg rakk å bli erklært fri for hol før han fann ei sprukken fylling etter å ha kikka nærare på røntgenbiletet, så eg har fått ein ny time i juni, og bestemt meg for at det då verkeleg ikkje er noko å grua meg for. I tannlegestolen prøver eg å smila roleg til tannlegen medan eg fører ein intens indre dialog av typen «Skjerp deg, du har hatt fire keisarsnitt med lokalbedøving, dette er då ingenting.» og så er ein plutseleg ferdigbehandla for denne gong, (her kan alle som såg norsk barne TV på 60 og 70-talet synga saman med Pernille: Når timen er slutt foor denne gang, foor denne gang, foor denne gang…) Og eg sprang letta ut i livet og feira dagen med ein tur på biblioteket. Der delte dei ut roser i dag fordi det var verdens bokdag, og dei som kom for å betala for bøker dei hadde hatt for lenge fekk så vidt eg skjøna gjelda ettergitt.

Eg lånte to av bøkene til Sven Edvin Salje, dei eg slukte då eg var femten år. Eg har lese dei om att ein gong for nesten like lenge sidan, og er spent på om eg finn att magien nå i ein heilt anna fase av livet. Gift, av Tode Ditlefsen bestemte eg meg og for å lesa om igjen. Eg toppa det heile med å kjøpa ei korg belgiske jordbær, som såg nesten norske ut, og ein bukett rosa peonar bare fordi dei var så vakre.

Eg inviterte Ingrid på jordbær, og då eg opna kjøleskapsdøra fekk eg ei diger ildfast form i fajanse som stod oppå kjøleskapet i hovudet med eit smell og forma knuste.  Etterpå måtte eg forsikra meg sjølv om at eg var like heil, og det såg eg faktisk ut til å vera bortsett frå eit ømt punkt i panna der forma traff meg. Etterpå foreslo Ingrid at me skulle eta jorrdbæra før annan sunn mat slik at me fekk dei i tilfelle jorda snart skulle gå under eller det skulle skje nye ulykker…

Og sidan har dagen vore tur og skriveundervisning. Eg er litt sliten i beina etter tjue tusen steg og har litt vondt i hovudet etter møtet med forma. Det skal bli godt å legga seg med ei bok, ja.

Heidi