Verdens mest tåpelege problemstilling: Cleopatra ligg på kontorstolen min og bare ventar på at eg skal koma. Når eg kjem mel ho så høgt som ein liten motor, og hoppar opp på skrivebordet der ho spaserer rundt omkring, dyttar ein kjøleg snute i halsgropa mi og bare nyyyyt å bli klappa. Etterpå legg ho seg på det allereie litt overfylde skrivebordet , så nær tastaturet som det går an å koma. Der ligg ho og mel like høgt og lukkeleg, og innimellom dyttar ho borti ein eller annan tastaturknapp slik at datamaskinen for eksempel tek til å spela «Du grønne glitrende tre god dag» på full guffe. Sidan eg ikkje finn ut korleis ho klarte akkurat det, skundar eg meg å skru av lyden. Så hender det ho spaserer ein tur og lagar nye og kreative ord medan ho mel litt ertande til meg. Det hender eg mistar tolmodet og kastar henne ned, då tek det fem sekund før ho er på plass att. Visst kunne det fungera å lukka døra inn til kontoret, men kven har hjarte til å høyra den såre mjauinga frå gangen eller frå hagen om eg kastar ho heilt ut dit? Det var dette med å setja grenser då, men det skal innrømmast at ein malande pusekatt ikkje er å forakta, og når katten er ute dansar fingrane på tastaturet… Ho er jo framleis ein katt som likar å jaga utandørs, men det å ta streifturar i krattet eller balansera på naboen sitt takmøne, kan ho like godt gjera nattestid, då skjer det nemleg ikkje så mykje ved datamaskinen.
Elles så har eg i dag det eg betraktar som den første feriedagen, sjølv om eg har ambisjonar om å skriva mest mogleg i ferievekene. Eg har brukt halve dagen til å ta ein overmåte stor oppvask som stod der på benken. Me er mange i huset, og har takka vera oppvaskmaskinen slutta heilt å ta oppvaskøkonomiske hensyn. Den kunsten må me ksankje læra oss igjen, men eg har eit lite håp om at ein ny oppvaskmaskin skal vera på plass innan dagen er omme. Elles er det litt av kvart å henga fingrar og tær i her i heimen, men eg har lova meg sjølv å halda heilag nokre skrivetimar kvar dag, tida på Andedrakt får lov å inngå i den kvoten. I tillegg har eg lova meg sjølv minst ein time kvar dag på tur på sykkel eller til fots. Det er travelt å leggja planar… Og eg har ein stor stabel bøker eg lengtar etter å få lese og eit veldig koseleg strikketøy.
Og apropos vaffelhistoria frå i går, men hadde ikkje mjølk, men eg fekk prøvd ut to variantar av nødløysingar, den eine var å erstatta mjølka med rømme blanda med vatn. Den andre var å erstatta mjølka med vaniljesaus blanda med vatn. Begge deler fungerte. Ein gong løyste eg det same provlemet med å tina ein rest vaniljeis frå frysaren. Betre trådlaus enn rådlaus, som det heiter i eit gammalt norsk ordtak…
Nå kom kjærasten min inn til meg og katten for å fortelja at han hadde ein ny oppvaskmaskin i bilen. Takk til alle gode makter, han inkludert. Eg er ikkje heilt som andre husmødrer, det er meg revnande likegyldig kva merke han er av eller kva han har kosta oss bare han kjem på plass…
Heidi
og månaden har teke meg med i eit forrykande tempoløp. Eg har fått skrive lite, i staden har eg vore festarrangør og sørga for eit par uforgløymelege feiringar av femtiårsdagen min. Så har det vore innspurt i kulturskulen sånn minst til den store gullmedaljen. I dag vart teknikken baksida på medaljen. På grunn av mange mikrofonskift fekk me alt for dårleg tid på generalprøven, og det vart ein del i bestefall sjarmerande småglippar på premieren. I morgon har me tid til å øva og drilla mikrofonskifter før skuleforestillingane, så eg håpar me får ting heilt på plass då. Ungane er flinke og har jobba hardt og det er jo det viktigste. Foreldra er og eit velvillig publikum.
Etterpå skein plutseleg sola etter regnver i fleire dagar. Det kjendest bra. Me har henta heim sommarblomar og plukka fine peonar i hagen til onkel. Det er framleis fullt av fine blomar i stova. I morgon er det juni og då er det vel pr definisjon sommar. Sommaren her kjem me.
Heidi
Av ein eller annan grunn var klokka mi feil. Då eg kom inn i lokalet hadde alle vore der i ein halvtime alt. I det dei såg meg stemde dei i med «Hurra for deg som fyller ditt år.» Dei reiste seg og dansa med hopp og sprett og spring. Eg fekk ei flott bok om brødbakst og ein kjempefin oransje blomsterbukett. Nå har eg blitt feira i ti dagar til endes, eg trur aldri eg har blitt så feira før, stova bugnar framleis av dei flottaste blomar, og på sjenken ligg det ein stor stabel med presangar. Lunsjen i dag var ein gåve frå sjefen for oppvekstseksjonen til oss kulturskulelærarar fordi han var så imponert over jobben me gjorde. Slikt blir ein glad av, me hadde eit nydeleg måltid på thairestaurant.
Teknikken svikta oss då me hadde relaseparty for boka til kunstfag og skapande skriving i vesleaulaen. Powerpointbileta ville rett og slett ikkje opp på veggen same kva me gjorde. I staden måtte me improvisera og finna andre løysingar. Først fem minutt etter at seansen var over, fekk me det til å virka.
Og me har hatt fint besøk og ein fin samtale i kveld. I morgon er det ny urpremiere på oss. It´s a hardknocked life…
Heidi
men er oppriktig og inderleg glad for at forestillingane i dag med «Den store fargeslukaren» gjekk så godt som dei gjorde. Det høyrst kanskje ut som kokettering at eg veldig ofte er nervøs for korleis det skal gå rett før ei forestilling. Det har jo til nå gått godt kvar einaste gong.- Relativt godt i alle fall, men sanninga er at det ofte følest veldig kaotisk like før. Alt ser ut til å likegodt kunna gå skikkeleg gale som skikkeleg bra, og så går det bra likevel. Skal sova nå. Morgondagen blir lang og hektisk. Eg skal bare berga ein marengs med ritzkjeks og valnøter før det brenn seg i omnen.
Og eg har fått sykkel. Fin lilla sykkel med blomar på ramma og korg på styret.
God natt!
Heidi
Eigentleg er eg glad for at eg me handa på hjartet kan seia at det er eg ikkje spesielt oppteken av å vera. Me har vore og høyrt på eit foredrag av ein som er trendforskar. Interessant, ja visst. Han var veldig flink til å snakka og hadde ein humoristisk og underhaldande tone. Han forskar på trendar for å kunna førespegla folk kva som kjem til å vera trendane om eit år eller to. Eg har ein mistanke om at det stort sett blir brukt for å finna ut kva ein kan tena pengar på neste år, men det er vel kanskje ei ærleg sak det. Og ein av dei tydelege trendane er vilje til miljøvern, så kanskje det kan brukast til å finna ut korleis ein kan motivera folk til å ta eit tak for noko positivt? Korleis ein skal få det til å bli ein trend at folk tenkjer nestekjærleik framfor egoisme, fellesskap framfor eigne albogar og dei svakaste framfor dei sterkaste?
Kvelden bruker eg til å baka to kaker til dameselskapet på fredag. Eg har oppdaga at tida fram til fredag ettermiddag stort sett kjem til å gå med til forestillingar, så det var på tide å setja inn eit ekstra gir. I kveld er viss baksten meir tradisjonell enn trendy, eit sukkerbrød som skal bli til bløtkake og ei sjokoladekake. Eigentleg likar eg å vera litt eksperimentell på kjøkkenet men i dag tilsa tidsfaktoren plankekjøring. I morgon kjem mesteparten av dagen til å gå med på å førebu og gjennomføra forestillinga «Den store fargeslukaren». Det er som vanleg litt meir spennande enn det som godt er.
Heidi