Det kan vera eg stikk handa inn i eit skikkeleg vepsebol nå, men eg kan ikkje klara å la vera å stussa over alle fryderopa omkring det at Osama Bin Laden er blitt regelrett likvidert. Ikkje at eg støttar mannen om nokon skulle tru det, men er det rett måte å forhalda seg til han på? Dei fleste av oss er jo heldigvis i mot dødsstraff, men uansett utfall, hadde det ikkje vore rettare å gje mannen ein eller annan juridisk behandling før dei losna skota?
Dette synest eg er kloke ord:
I mourn the loss of thousands of precious lives, but I will not rejoice in the death of one, not even an enemy. Returning hate for hate multiplies hate, adding deeper darkness to a night already devoid of stars. Darkness cannot drive out darkness: only light can do that. Hate cannot drive out hate: only love can do that.» Martin Luther King, Jr.
Og at dei legg ut bilete av liket til folkeforlystelse, eller kva det nå er som er hensikten… Eg hugsar framleis henrettinga av Ceausescu på TV og på forsidene av avisene i 1989 som eit iskaldt grøss nedover ryggen.
Er det ikkje slik framleis at auge for auge- regelen til slutt vil gjera verda blind?
Og ja, eg veit at Bin Laden ikkje var nokon kven som helst, men likevel…
Er eg heilt på jordet?
Heidi
Visst er me her.
like heile
framleis boblande
av takk og livsglede,
litt loslitne i pelsen
litt vinterpjuskete i fjørene
men framleis i god form.
*
Det er tida for å rista av oss frosten
så skal me ut og symja.
la kroppane våre gli
tappert ned i kalde svarte sjøar
i avgrunnsdjupe tjørn
og krystallklart havvatn
*
Eller i det minste
symja i vinden
han som alltid stryk mot oss
tett som tankar og kjærteikn
symja med føtene i sanden
med blikket mot det evige
medan måkane skrik
og luktene av tare og saltvatn
fyller sansane.
***
Me ser
på einannan
ser ansikta endra seg sakte
i takt
med vårt eige bilete i spegelen.
*
Som Ariadne i labyrinten
ber me nøstet i hendene
på spora av den tapte tida.
*
Står her og er besteforeldre
før me har rukke å oppdaga
at me er vaksne.
*
Og klokka tikkar,
sekunderer oss vidare,
medan me nøstar og nøstar
all vår barnlege tru
på at me skal finna
vegen heim att.
***
Plutseleg blømer det
kirsebærtreet vårt
ei veke eller så
før kronblada drysser
som kvit snø
mot graset.
*
Men først
vil eg bare stå der
under kvitbroderte greiner
og kikka opp
på kvite kokosbolleskyer
mellom greinene
og den bleikblå himmelen.
*
Eg vil stå der
og tenkja ut
eit kjærleiksbrev til Gud
Heidi
Mellom notar
sette av fugleføter
i fuktig sand
ser eg våren
koma
mot meg
i rasande fart
ein blakk hest
galopperande
strittande man
flaksande hale og lugg
sanden
vilt fykande
mellom dei svarte hovane.
Skumhestar
frå havet
kjem han vrinskande
til møtes.
Set eg meg
på den iskalde steinen
kan eg fort
bli gammal
eller sjuk,
så eg spring,
spring fort
på røde gummistøvlar
eg som alltid har vore
redd for hestar
med håpet
som ein glorie
om hovudet
spring utan tanke
klar
til å hoppa
på hesten
i fart.
Heidi
Våren
ikkje
bare
eit vipeskrik,
men framleis
frosen jord
og store svarte
kråkeflokkar
med skjerfet rundt halsen
ser du
over halmgule marker
ut
dit bølgjene bur
hylla inn i
den fuktige angen
av rå jord
medan noko smeltar
bak ribbeina ein stad
du fryktar brått
dette unevnelege;
Å koma for seint
til ditt eige liv.
Heidi