Gå til innhald

Kjærleik og omsorg

Før har eg tenkt at om ein har gleda så klarer ein det meste. Med det meiner eg at bare livsgleda er der så klarar ein omtrent kva som helst og når livsgleda er borte, kan ein sitja i eit gullpalass og eta marsipan medan ein blir tiljubla av heile verda utan at ein har nokon glede av det.

Og kor kjem så gleda i frå ? Og er det mogleg å ha eit godt liv sjølv om ein ikkje har glede i seg? Dette er tankar eg har hatt veldig lenge. Då eg for 26 år sidan gav ut den første diktboka mi, kalla eg ho «Døtre av gleda». Den direkte ideen til namnet hadde eg fått i ein GT- (for meg betyr GT som oftast Gamletestamentet i bibelen, ikkje gin and tonic…) time på MF der forelesaren fortalde at ein talemåte i gammalhebraisk var at ein kunne kalla seg son av vrede, eller son av sorg, dersom ein var sint eller trist.

I går las eg i den siste skattekista ag har funne av ei bok, denne gongen og av Martin Lönnebo ei utfordring til å be Gud kvar einaste dag om å få evna til kjærleik og omsorg og verkeleg fokusera på at desse tinga er det viktigste i heile livet. Eg trur eg utvidar gledes- filosofien min med dette: Det som verkeleg betyr noko i livet er å i størst mogleg grad ha evna til kjærleik og omsorg.

Og eg trur fleire enn meg må gå nokre rundar med seg sjølv i kvardagen viss målet for alle handlingar er kjærleik og omsorg. Det høyrest naivt og merkeleg ut, men eg trur det er verd å prøva ut.

Me lever i ein verden der det å vera snill ofte blir likestilt med å vera litt dum. Dei store spørsmåla har blitt. Kva kan du selgja meg som eg får nytte av, og kva utbytte får eg av å gjera dette?

Men nå ropar kjærasten min at middagen er ferdig, og det kjærligste er vel å koma med det same, så han slepp å føla seg nedprioritert… Liv og lære…

Heidi

Silkeband på stålstenger

Eg hadde ein veldig sterk og engasjerande draum i natt som eg må skriva ned før han forsvann. Eg drøymde at eg var i eit landskap eller på ein scene der det gjekk store stålstenger i buar og på kryss og tvers over oss. Det likna på slike leiker eg har sett der barn kan føra små trekuler på stålstrenger som svingar og buktar seg.

Nokon fortalde meg at oppgåva mi var å tvinna silkeband eller silkesnorer mellom desse spilene for at landskapet skulle bli vakrare å sjå på, og for at stengene skulle bindast saman på ein god måte.

Eg gjekk i gang med stor iver og opplevde oppgåva umåteleg engasjerande og fin. Om dette var ein oppgåve på ein scene eller i det verkelege livet er eg ikkje heilt sikker på.

Då eg vakna og hadde forsove meg til mitt planlagde program var den første tanken min at det eg gjorde i draumen var mykje viktigare, og at det var godt eg hadde fått litt meir tid på meg der.

Om dette skuldast dei mange teaterstykka og forestillingane eg skal skriva og setja i scene, om det skuldast den fantastiske dokumentaren på NRK 2 i går om arbeidet med ballettproduksjone «De fire årstidene», eller rett og slett dei mange strikketøya som eg er i ferd med å dikta meg veg gjennom med masse fargar… Nei det sa soga ikkje noko om.

Men silkeband i vakre fargar er ikkje det dummaste… Det har jo klare linjer til kristenlivet og. «Bind oss i sammen, ja bind oss i sammen med bånd som ikke kan brytes…» eller «velsigna band som bind Guds folk i saman her…» Og sjølv må eg halda tunga rett i munnen for ikkje å vikla meg inn i mine eigne garnnøster…

Nei, det er på tide å ta opp tråden og begynna på den vakne arbeidsdagen.
Heidi

Dagen opnar seg mot æva.

Eg tenner eit turkisblått lys, set dei to små rosene på bordet, tek kristuskransen i handa og seier innleiingsorda: I namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande. Så er det duka til kort gudsteneste for ein person ved kjøkkenbordet mitt. Eg har kome over ei perle av ei bok, det skjedde faktisk på sånn «fem-bøker-for-hundre-kroner-sal». Boka er «Bibelens perler» av Martin Lönnebo. Eg anbefalar ho sterkt til alle som har lese «Veven» av den same forfattaren, til alle andre og, faktisk. Her er eit lite sitat frå teksten for i dag:

» Hjelp meg når jeg er i mitt livs ørken, på bunnen av min tomme brønn. Hva skal jeg da lage meg vinger av? En engel ser ned i dypet og sier med mild stemme: Av din maktesløshet.»Martin Lönnebo.

Dagane har vore intense og innhaldsrike. Det kom heldigvis mange menneske på festen i kyrkja, som me hadde lagt så mykje innsats ned i. Det var godt over 500 personar der. Det var ei stor oppleving å få fortelja «Guds gjøglar» saman med barneskodespelarar, barnekor, kyrkjeorgel, munnspel og ein profesjonell sjonglør. Det var skikkeleg konsentrasjonsarbeid under innøvinga, for å få alle brikkene til å falla rett på plass, men då det kom til framføringa gjekk det av seg sjølv.

Og det har vore ei stor glede å sjå Sunniva, Vilde og vennene deira spela teater for meir og mindre fullsette salar i storstova. I går var det siste forestillinga, og i dag skal ho bruka skuledagen til å terpa endå meir på «Portrett av en varulv», stykket dei spelte i sist veke. Dei gjekk vidare i ein slags konkurranse og skal spela det igjen på lørdag i lag med alle andre stykka som har gått vidare. Vinnarane går til landsfinale i Oslo, men det er jo eit stykke fram, og det viktige er å få erfaringa av å setja opp store teaterstykke og framføra dei for eit publikum. Heldige er dei som får gå på Vågen vidaregåande, ein skule for kreative fag. Sunniva er blitt kjend med mange kreative ungdomar som er kjempedyktige med teater, song, dans og musikk. Det er mest så eg blir litt misunneleg på at ho får ta vidaregåande skule etter denne modellen.

Men grunn til å misunna nokon har eg absolutt ikkje. Sit eg ikkje her og leikar meg med kreativiteten kvar einaste dag. Det einaste litt triste med det er at tida går så forrykande fort når ein syslar med å skapa. Kanskje eg må ned og finna meg ein lang og kjedeleg skranke- eller butikkø ei stund kvar dag, slik at eg får kjensla av å halda fast litt tid… Ehhh eller så kunne eg bruka meir tid på rydding og jogging.

Heidi

78-plater og juletrekuler

Hvite måke, hils mine kjære

song honningstemmen

frå kabinettet,

som var laga slik

at ein 78-platene låg i stabel

og datt roleg ned

ei for ei

*

sjølv om bestemor var litt engsteleg

for at dei skulle kunna bli skada

då dei datt frå den lange stålarmen

ned til stifta som likna ein slangemunn

kvit med streker til nase og to tenner.

*

Ein kunne laga

lange spelelister

til langvarig bruk

medan ein pakka

juletrekulene

forsiktig frå treet.

*

Dei skulle pakkast

ei og ei

i appelsinpapir

og så i skoøskjer

og i ei større øskje av tre

med lok på.

*

Til slutt lysa og stjerna

og kyrkja i papir

som hadde kome med

eit eller anna vekeblad

ein eller annan gong

på femti-talet

*

Og som i jula stod

på skjenken

der den omdreiande

niagarafosslampen

elles hadde plassen sin.

*

og så kunne loket

setjast på øskja

før onkel bar juletreet ut

gjennom døra til hagen

for å få minst mogleg dryssing

*

og eg fekk sopa opp barnålene

med ein liten kost

på eit feiebrett av metall

og kasta inn i omnen

til koksen

for å få god lukt i stova.

*

Brent granbar og appelsinskal

det lukta så godt

*

og ein rikmann hadde

jo for lengst

fått møllerens Iren.

*

Og eg lyrde på

koss det kjendest

når

pigehjertene

som var ingenting å feste seg ved

banket ofte for en og to

men også for tre.

*

Heidi

Vasedikt og livet elles

Eg sit og leikar meg litt med dikt som nok ikkje kan brukast heilt som dei er…

Som dette:

*

Æva ligg i havkanten

og syng om livet

for dei som måtte

ha øyrer å høyra med.

*

Ein og annan

vandringsmann

på joggesko

og i regnklede

*

går der

og kjenner

på svara

utan heilt

å kunna tolka.

*

Ein mops

i regnfrakk

spring lukkeleg

etter pinnane sine

og alt er for øvrig

såre vel.

*

Høghuset

På Bryne

strekk halsen

mot skyene

men i skodda

ser ein ikkje langt.

*

Menneska

subbar skorne

over glaserte fortau

og klamrar seg

med kalde fingrar

til husvegger og gjerder.

*

Om det framleis

fantest telefonstolpar

og stolpesko

kunne ein like godt

teke den vegen.

*

Med prikkete paraply

kanskje?

og strutteskjørt i tyll.

*

I Garborgstova

på biblioteket

serverer dei

fransk og varm

sjampinjongsuppe.

*

Og så

pakkar mørket seg

om oss

og januarkvelden.

*

Eller dette:

*

Det er mørkt

fullmånen

kikkar ned på oss

med eit litt

fordømmande blikk.

*

Det er ikkje

kvar dag

månen har

eit ansikt,

men han har det i dag

*

og forøvrig

er det fint

å vera menneske,

*

fint og litt sårt

er dette livet

og ein balansegang

mellom karbohydrat

og kalorier

*

det er dei

eksistensielle

spørsmåla i

ein litt haltande verd,

*

ein kan alltid

setja spørsmålsteikn

bak det meste

Eller kanskje dette:

***

Det er ikkje fargar nok

på paletten
eller bokstavar nok i
alfabetet
til å festa livet til eit ark
eller eit lerret.

*

Alt har ein ende
at snart kanskje
om ikkje nå,
skal dører
som lukka seg
ei for ei,
døra til farmor sitt kjøkken,
og alle andre dører.
for om lenge,
om ikkje før
skal alt takast i frå oss.
*
Men framleis
står eg her
og skapar
dagane mine
møblerer dei
som roma i eit dokkehus.

Framleis kan eg sitja
her
ved farmor sitt kjøkkenbord
medan ho trippar
til og frå
med vaffelfat
og saftmuggar,
*

og framleis hoppar eg inn
i baksetet på bilen
til faren min
som framleis ordnar opp
når eg er lita jente
og ikkje torer å kjøra bil på glatta.
*
Akkurat nå
er me her
alle saman
men det er kvar vår tur
til å gå inn på scenen
og kvar vår tur til å gå ut.
*
Entré og sorti
dei brennande minutta
med heftig samspel,
brennande dialogar
og ein og annan
einsam monolog
*
Glimtvis kjem tida
for å fly,
men eigentleg
så trivest eg
kan henda betre
med beina på bakken,

*

heldigvis
så er det
som oftast der dei er.
*
Men ei og anna

fergereis,
ja visst,
dei kjem tett
eller sjeldan
men dei kjem,
og ikkje har eg snubla
på landgangen
eller falle i sjøen
*
Ein eller annan gong i livet
kjøper eg kanskje
to kornettar
og ein pakke rosenkål
før frukost,
slikt er ikkje lett å vita.
*
Eg bur framleis

i eit hus
der nokon

nesten alltid
går i ei dør
og fyller stilla

med ord
akkurat

når eg nettopp
hadde klart

å fanga henne
eg treng tillegg i tid
etter denne omgangen og.

Bunker av papir

skal ein
sortera, kasta tømma
smila til
og kasta høgt opp i lufta
og så kan ein eventuelt
ta tilbake
det som landar
når vinden har teke sitt.

Eg har jo på ingen måte
tenkt å snu meg
slik denne tankelause
kona til Lot gjorde .

Eg må dagleg
takka
alle gode makter
ordi eg ikkje
er blitt ei saltstøtte.

Og det eg ikkje har vore
Kan eg framleis bli

Kven er det som sit
med briller
og blikk
og jobbar
på det store tidsbiblioteket?

Ja takk
eg vil gjerne låna tida
litt lenger,
Sa du tre veker til?
Og lånet kan fornyast,?
Via datamaskin og mobil?

Ja visst har eg lånekort
det skal det vera det siste
eg gjev slepp på.
Så lenge eg kan krumma fingrane
mine rundt eit lånekort
så er det der dei skal vera.

***

Dette er nok tekstar som må bearbeidast ei stund til, og dei kjem kanskje aldri til å bli brukt til anna enn dokumentasjon av tankar, og nå faktisk deler av eit innlegg på andedrakt.

Men eg drøymer om å skriva og eg skriv, eg lever draumen min med andre ord.

I går såg eg og Ingrid Sunniva og Vilde dansa og spela teater i Storstova, kulturhuset vårt. Eg elskar å sjå teater, og sidan dette var generalprøven, så skal eg sjå stykket to ginger til. Nokre dagar er livet mitt teater. Eg treng 35 masker med stong til ein intro. Dei finst i svar, men eg ville helst ha dei kvite.

Nå må eg koma meg vidare i timeplanen, så kjem eg nok i mål i kveld og.

Heidi

Nok ei helg utan mykje program,

og av og til er det akkurat det ein treng. Eg brukte forresten lørdagskvelden til å støvsuga og vaska stova og til å rydda arbeidsrom. Ikkje akkurat det ein lengtar etter å få bruka helgekveldar til, men det var veldig godt å få jobba skikkeleg i papirer og sånn. Det var litt for lenge sidan sist, og plutseleg var det plass på skrivebordet att. Unaturleg god plass, faktisk, for i går måtte me gje opp heimepleien og levera macen til macsjukehuset inne i den store byen. I beste fall er harddisken uskadd, dei trudde det var startmotoren som hadde takka for seg for å seia det veldig folkeleg. I morgon får eg han tilbake , og eg er litt spend på kva eg får høyra, for ein del av det som ligg der har eg ikkje back-up på. Heldigvis så er det viktigste berga, og datafiler er vel djupast sett bare jordisk gods det og? Og det aller viktigste er berga, alle dikta eg har skrive i haust, i alle fall dei eg er ferdig med, om lag 80 sider med tekst. Eg takkar Gud for det, og ikkje minst kjærasten min, som fekk meg til å bevara fila då datamaskinen begynte å bli kranglete. Så pass gangsyn hadde eg nemleg ikkje sjølv.

Sidan me måtte inn til byen i går, kombinerte me det med litt gatevandring og lunsj på ein Thai-restaurant, slikt er aldri feil. Eg er ein pasjonert gatevandrar og kafegjest når det er det om å gjera. Så har eg vore på kafé med Synneva på biblioteket, og fekk sjølvsagt med meg ein pose bøker der i frå og. Mellom anna har eg lånt ei interessant bok om filosofen Hannah Arendt. Med bøker og strikketøy skulle ei kva for helst slags helg kunna vera berga, men sidan eg har oppdaga kor fort eit skriveår renn vekk mellom hendene, så er eg ganske flink til å prioritera skriving. Skriving og trimturar og lesing av bøker utover nettene, det er ikkje ein dum måte å leva på.

I dag har me vore på stranda, eg vandra ein tur langs havkanten i råkald januarskodde, og såg kjende og ukjende dukka ut og inn av tåka. Brillene vart så fulle av dropar at dei kunne eg bare gi opp, så det vart ekstra spennande å prøva å fanga ansiktstrekka til dei forbipasserande. Ingrid brukte strandturen til å trena Oscar på valpedressur i det litt lunare landskapet mellom sanddynene, og kjærasten min leika fotograf med stativ og det heile. I dag har me sånn sett leika kunstnarkollektiv, eg har skrive songar, Ingrid har malt «Madonna med mops», kjærasten min har fotografert og Sunniva har hatt sceneprøvar heile dagen. Halvard har  dyrka kunsten å slappa av, og den er han på 16-åringars vis ganske flink til Eit besøk hos onkel fekk me og tid til før eg og Ingrid laga middag, ovnsbakt laks med løk, paprika og gulrøter, salat, agurksalat, avocado, poteter og bernaisesaus. Eg må passa på å skriva slikt her av og til, for Halvard sa her ein dag at han ikkje akkurat hadde hatt nokon vanleg oppvekst og oppdragelse. Då eg litt indignert lurte på kva i all verda han meinte så sa han: «Det er jo ikkje akkurat slik at me har fått middag på bordet til faste tider og visst at me har forskjellig pålegg i kjøleskapet.» Han fekk vita at det ikkje var synd på han.

I kveld har eg vore på temakveld i kyrkja. Det var fint. Og så er eg svak for mannskor der alle er over 60 og syng songar med tre trekkspel og to gitarar i to tredjedels takt. Det er mest så eg får tårer i auga når dei dreg i gag med «Dit hvor roser aldri dlr» og «Hvite roser fra Athen.» Og nå er eg ikkje ironisk, bare ærleg. Etterpå var det som seg hør og bør kaffi.

Denne veka blir misdast talt teatralsk. I morgon skal eg på generalprøve på «Game on» i Storstova, der Sunniva dansar, syng og spelar teater. På føremiddagen er det møte om tiandeklasseforestillinga me set opp i april, på tysdag er det tid for dramagruppene mine, på onsdag skal me sjå Sunniva spela varulv på Vågen vidaregåande i stykket «Fortellinger om en varulv». På fredag og sundag skal eg sjå forestillinga «Game on» og på sundag skal eg opptre sjølv som forteljar på eit stort arrangement i kyrkja. Eg skal fortelja legenda «Guds gjøglar» saman med dramaelevar, eit barnekor, mange meir og mindre profesjonelle musikarar og ein profesjonell sjonglør. Det blir litt av ei veke.

Midt i alt det fine, så blør hjartet mitt litt for nokon eg kjenner som er midt i ei stor sorg. Måtte me vera kloke nok til å vita kva me kan gjera for å visa omsorg når livet klappar saman for nokon som ikkje er i den heilt næraste krinsen.

Heidi

Dagane flyt som elv i straum.

Og dei fyllest av innhald. For ei veke sidan var eg i gravferda til far til ei venninne. Bror hennar hald ein minnetale som var så vakker og varm at avdøde vart skildra med varme streker for våre indre auge. Eg har jobba og skrive. Tanken på å få rydda kontoret ligg der og dirrar, det skulle verkeleg ha vore gjort, men eg synest ikkje eg har tid til å prioritera det… Eg har vore på kino med syster og sett «Another year», ein film som skildrer optimisme, livsglede, det vakre i eit heilt vanleg liv og dei såre tinga som dukkar opp og som me må hanskast med. Eg anbefalar filmen.

Niesa mi vart plutseleg sjuk og måtte ta ein heilt uventa operasjon, men heldigvis gjekk det bra, ho er heime og er øm og nyoperert, og me ser at livet av og til byr på skremmande overraskingar som ingen kunne ha sett for seg på førehand. Eg har vore på eit veldig bra skrivekurs, og blitt endå meir motivert til skriving, og i går var eg hos farmor for å gratulera med  nyleg overstått 94 -årsdag. Me stansa på ein blomsterbutikk for å kjøpa blomar, og eg la merke til at gratulasjonskorta stoppar på 90 år. Kanskje fabrikantane må justera aldersstigen etterkvart. Ei grandtante av meg runda nettopp hundre. Eg har ikkje sett henne på fleire år, men i følge ryktene er ho framleis relativt sprek. Kanskje kort med «Gratulerer med 100- årsdagen» ikkje blir den største salsboomen foreløpig, men det er faktisk bruk for dei. Turen til farmor gjekk i strålande januarsol med fullmåne på veg heim. Far spanderte billetten, og pølse på meg og mor på vegen heim.

I byen møtte eg kjærasten min, og me var på andre delen av tangokurset me har begynt på. Eg har ikkje heilt blitt smitta av den voldsomme danseiveren min kjære har hatt dei siste fire åra, men akkurat tango er ganske kjekt.

For to dagar sidan krasja macen min. Eg anar ikkje kva som er gale, men i beste fall er harddisken intakt om eg bare kunne få starta maskinen. Heldigvis fekk eg i grevens tid, kvelden før han takka for seg, teke back-up, slik at eg fekk berga det meste av tekstar frå skriveåret mitt. Back-up.kjære lesarar, ikkje gløym å ha back-up. Det kunne ha gått heilt gale dette… Det er ein teori i heimen om at katt på tastaturet kanskje ikkje er så bra for datamaskinar. Men stakkars vesle vennen dom har fått for vane å ligga der og mala ein stad mellom tastene og skjermen medan eg skriv…

Nå var eg nettopp kalla ned til litt konsulentverksemd i kjellaretasjen. Ingrid sit og jobbar med eit maleri av noko bortimot «Madonna med mops,» og sjølv om ho sit med linjal og rutenett og diagonalar for å få proporsjonane rette, så er det frykteleg vanskeleg å få heilt rett vinkel på ein veslefingar eller ein mopsenase. Ho er flink og sta. Eg hadde ikkje hatt sjanse til å få det til. Sunniva jobbar med to store teaterforestillingar som skal ha premiere i neste veke. Eg gleder meg til å sjå dei begge.

Og nå må eg tilbake til den eigentlege skrivinga. For det må jo bli tid til litt trim og ksnakje eit minstemål av husarbeid før kveldsjobben. Nå snakkar ho som er i permisjon…  Har ikkje tid til å skriva, for eg skriv liksom… Og eigentleg skulle eg ha skrive noko anna før eg skriv det eg skal skriva nå. Eg høyrest ut som Den stundesløse eller Erasmus Montanus…

Ha ein fin januardag…
Heidi

Eg plukkar smil på gata.

Eg plukkar smil på gata,

eg tek dei frå ansikta til folk

og gøymer dei i lommane.

*

Eg samlar varme blikk.

Ikkje alle er til meg,

men det betyr lite.

*

På bussen

høyrer eg lyden av det gode

eg ser ofte gode fotspor

i varm sand.

*

Kanskje dei

Som går forbi på gata

har englevenger

under jakkene sine

slikt kan ein aldri vita.

*

Det finst kjærlege auge

dei skulle me bruka.

*

Det er ein kunst å luka vekk

for å gje plass for det gode.

i ein haug midt på bordet.

*

Så kan eg seia hei her er eg,

ein samlar av det gode.

*

Forresten så er eg

ei gåve sjølv og.

*

Ei gåve med pust

med hjarte og rørsle.

*

Finn fram glas og krukker

for nå skal du samla liv.

La dropane fylla glaset

til det er fullt.

*

Så kan du drikka det

eller kanskje du heller vil

gje det vekk?

*

til ei gammal tante kanskje

eller rett og slett

til ein tilfeldig forbipasserande?

*

Heidi

Om fjell og sånt.

Når alt det galne

plutseleg ligg der

og stenger oss inne.

*

Når utsikta blir fjelltoppar

med problem på.

*

Og alt me ikkje orkar

lyser kaldt i mot oss.

Då skal me gripa sjansen

snu oss rundt

gå ein annan veg,

leggja oss ned i graset

kikka opp på himmelen.

*

Det er då me skal samla mot,

og la fjella liggja

der dei ligg.

*

Heilt til me ein dag

klare til kamp,

finn fram hakker og spader

puttar  fisherman i lomma

og brettar opp erma.

*

Sånne som oss gjer ikkje opp,

men det kan

rekka å ta litt om gongen.

*

Fjell spring aldri i frå deg.

*

Nokre gonger

er det like greitt å gå rundt

som å klatra over,

seier eg til andre og til meg sjølv.

*

Det er

slett ikkje alle dagar

som er laga

for å klatra over fjell.

*

Men så kan det koma

ein og annan dag,

med skarp luft

og passe mykje sol og skugge,

og ein oppmuntrande vind i nakken.

*

Då skal me snøra på oss klatreskorne

me skal rapellera

som om me aldri skulle ha gjort anna

med isøksa dinglande kjekt i beltet

om det skulle falla seg slik

at me skulle få bruk for ho.

*

Då skal me klatra med fryd

i leggmusklane

og triumf i brystet.

*

Og visst skal me stå der

på toppen til slutt

med rett rygg

og trøytte aksler og armar

*

Kom igjen

når den rette dagen er der,

då finn du oss

med fritt blikk

oppe ved varden.

*

Heidi

Pyyyyse

Eg har aldri vore så veldig redd for å innrømma at på enkelte felt i livet er eg ei skikkeleg pyse. Eit av desse felta heiter bilkjøring. I si tid, sånn omtrent når 70-åra vart til 80-åra vakte det både humor og underhaldning i venneflokken då eg skulle ta sertifikat. Eg vart liksom aldri ferdig. Eg kjende meg redd og utrygg bak rattet og hadde mareritt om nettene om sjåførlæraren min. Ein gong måtte han bremsa ned fordi eg reagerte feil i ein stressa situasjon, og fortalde meg at eg var heilt i stand til å kjøra bil, men at eg var livsfarelg i stressa situasjonar. Fint å vita, liksom…

Etterpå har eg i grunnen aldri likt å kjøra. Småturar i nærområdet går heilt fint, men eg skal ikkje lenger enn til næraste halvstore by før adrenalinet stig og er blir småskjelven bak rattet. Dette er ein slags dårleg kombinasjon med at eg har verdas dålegaste stedssans. Eg deler den manglande evna til å finna fram med mor mi og niesa mi, og eg har med handa på hjartet aldri møtt nokon som rekk oss til knea når det gjeld evna til å rota seg vekk… Det grensar til ein vag funksjonshemning, eg trur at eg lir av den ikkje heilt oppdaga lidelsen dysspatiali, og at om tjue år vil slike som oss ha rett på gratis gps. Dette gjer at når eg tek mot til meg og kjører til ein plass der eg er lite kjend, så brukar eg store deler av tida mi til å rygga ut av einvegskjørde gater fordi eg rotar meg vekk og alltid havner i skikkelege labyrintar som for det meste inneber rygging eller snuing ein plass der det eigentleg er for trongt til å snu.

Dei smartaste av lesarane har for lengst drege den heilt korrekte konklusjonen at eg lurer meg unna bilkjøring så godt eg kan. Eg ligg paddeflatt i terrenget og håpar at nokon andre foreslår at dei godt kan kjøra. Sidan kjærasten min er ganske glad i å kjøra og lite glad i å sitja på med meg, blir det mest alltid han som kjører når me er ute saman.

Spesielt redd er eg for glatte vegar, eg har opplevd å få både skrens på bilen, skli ukontrollert framover og å bli ståande bom fast i ein bratt bakke ute av stand til å kjøra opp på grunn av spinning og uta av stand til å rygga ned att fordi det ikkje gjekk å kontrollera bilen bakover heller. Det ende med at bilen vart ståande på tvers av vegen, medan eg sjølv sprang gråtande opp til svogeren min på toppen av bakken for å få hjelp, i beste fall før nokon kom på stive hjul ned bakken og ikkje klarte å stoppa når dei såg den feilplasserte bilen. Det gjekk bra. Ein annan gong skulle eg på foreldrekonferranse heime hos foreldra til ein elev. Eg gjekk ut av min den gongen automatgirde bil for å høyra med far i huset som stod utanfor kor eg kunne parkera. Bilen tok ut på eiga hand, gjennom stakittgjerdet og ned i hagen deira. Gjett om eg kjende meg profesjonell… Eg tok med glede i mot tilbodet frå faren til eleven min om at han skulle få bilen opp av hagen sin og finna ein parkeringsplass.

I kveld var eg bedd til syster saman med nokre andre damer. Utsiktene til å få sitja på med nokon eller å bli kjørt var små, så eg sa i frå om at viss det var veldig glatte vegar så kom eg ikkje. Alt såg veldig bra ut i går, vegane var så godt som isfrie etter mykje regn, og det var meld plussgrader til i morgon. Eg gjorde meg derfor klar til å reisa dit rett frå kveldsjobben min, vaska håret, fann fram strikketøyet og gjorde meg klar. Imidlertid begynte det med sludd og snødrev i kveldinga. Eg tenkte framleis at eg skulle opp dit, men var for sikkerheits skuld innom yr.no for å sjekka kjøreforhalda. Der skreiv dei og om at plussgradene skulle halda seg til over midnatt, men dei advarte mot veldig vanskelege kjøreforhald i fylket og advarte med at det var kort veg frå to plussgrader til to minusgrader, og at det fort kunne slå over på frost sjølv om det var meld så vidt +. Nullgradersføre er noko av det skumlaste eg veit. Då eg kom i bilen viste termometeret i bilen 0 grader, og ein raud krøllstrek på dashbordet melde om glatte vegar. Eg sende melding til syster om at eg hadde fått litt kalde føter, og ho melde tilbake at det ikkje var glatt, men at eg måtte fylgja magekjensla viss eg ikkje våga. Det er ganske smale vegar opp til henne, typisk ein slik plass det kan bli fæle vegar, i alle fall i min litt forskrudde fantasi.

Eg kjørde inn på ein parkeringsplass for å tenkja meg om og vega for og mot, medan klokka tikka så fort at eg til slutt burde ha vore der. Eg tenkte på koss eg kom til å grua meg til å kjøra heim att, og bestemte meg for å bli heime. Nå vart det liksom gale enten eg valde det eine eller det andre. Eg valde å bli heime, men angra sjølvsagt så fort eg hadde bestemt meg, det ville eg ha gjort uansett… Slik er det å vera ei skikkeleg glasttkjøtingsspyse… Sjølvsagt burde eg ta meg sjølv i nakken og tvinga meg til bilkjøring i store porsjonar for å bli tryggare bak rattet, og kanskje til og med ta nokrekjøretimar, og det burde eg nok… Men så er det så mykje eg heller vil bruka den dyrebare tida mi til… Det eg er verkeleg redd for er forresten å skada andre i trafikken. Novella «Att döda ett barn,» sit som spikra i ryggmargen. Det fører til at eg kjører alt for forsiktig og blir ein fare for aggressive trafikkantar som irriterer på seg alt for høgt adrenalin i møte med slike som meg… Eg forstår ikkje kor vanlegvis velbalanserte folk henter agressiviteten sin i frå i trafikksituasjonar.

Eg vart sitjande heime i staden for å dra i selskap, og var ikkje heilt fornøgd med meg sjølv, sjølv om eg altså fylgde magekjensla, noko som skal vera godt og rett… Og det gav meg så pass adrenalin i ryggmargen at eg fekk teke eit par telefonar eg har grudd meg for å ta.  Så ikkje så gale at det ikkje er godt for noko. Så får me venta på mildare tider med bare vegar og fuglesong… Og så er eg jo på ein del ting faktisk eit relativt modig menneske… Men ikkje bak rattet…
Heidi