Nå har eg site og skrive to nye etter å ha laga ferdig diktbloggen. Eg fall for freistinga å leggja det eine rett ut saman med dei andre dikta, men eg veit det er dumt av meg. Dikt må heva som brøddeig, tørkast som spekekjøt og gjærast som vin før dei er klare til å leggast ut…
Men sidan eg er så godt i gang med publiseringa, så legg eg det andre her så lenge…
Medan japanske kirsebærtre
blømer jublande
andre veka i februar
og snøen fell
som store krystalliserte saltflak
over kyrkjegardane
i Bærum
der menneske
med store luer
løfter hundane sine
med svarte hundeposar
i anorakklomma
og hundelekkja
kring den høgre polvotten,
bles det orkan på Jæren
og trea legg seg flate
langs dei bare
brugule markene,
bøyer seg mot steingardane
og frys.
Men snart skal gåsungar
og forsythia
snøklokker og viper
koma hit
med våren
i nebb og støvberarar
og med gleda som springbrett
få logikken til å sprengjast,
gleda til å sprella
og verda til å le.
I vårt nye
våralternative budsjett
skal stortinget utnemna
ein minister for hjartevarme.
Heidi
på http://deterbarelivetditt.blogspot.com
Fotografia har kjærasten min teke, bortsett i frå nokre få som eg har teke sjølv.
Det kjem meir der etterkvart.
Tek gjerne i mot tips om ting som burde/ kunne vore annleis.
Heidi
Eg sit her og jobbar med ein blogg der eg skal legga ut dikt og andre tekstar saman med foto. Eg har strevd fælt med å få det til, sjølv om eg har fått mykje hjelp frå sambuarar som sukkar tungt på ein «er-det-verkeleg-mogleg-at-ho-ikkje-kan-dette»-aktig måte. Men eg har ikkje for vane å gje meg viss eg verkeleg vil noko, og eg reknar med at kæringskurva er bratt. Dessutan er det så triveleg arbeid at eg mistar tidsbegrepet. Det gjer eg litt for ofte når eg jobbar med tekstar, men eg går ut i frå at det er eit luksusproblem.
Undervegs tenkjer eg fram og tilbake: Kva bør eg leggja ut på denne bloggen? Vil nokon kjøpa ei eventuell diktsamling viss dei like godt kan lesa på nettet? Bør eg ordna det alfabetisk? Må eg spørja nokon viss eg legg ut tekstar eg har omsett frå andre språk? (Det går eg ut i frå at eg må.) Skal eg leggja ut teaterstykke eg har skrive eller bare bitar av det?
Og ute skin sola så fint, eg har på programmet å koma meg ut og gå, i går venta eg for lenge og sola vart eten opp av mørke før eg kom meg ut. Vinden er iskald så sola er ein opplagd plussfaktor for ein spasertur.
Eg sit med så mange minne og lurer på kva eg skal skriva ned og ikkje. Og eg skal jobba med to teaterstykke, og skriva tekstar for Hilde, så fingrane skal ikkje bli arbeidsledige så fort.
I det siste har eg blitt heilt hekta på å strikka babytøy. Utan mønster sjølvsagt, det kjekkaste er jo å finna ut korleis det blir etterkvart som arbeidet veks fram. Det seier litt om mine arbeidsmetodar at eg har tre gensarar og to kjolar under produksjon. Det blir nok ferdig til slutt.
På lørdag tok me med oss svigermor på bytur, og var innom både Fretex og ein gjenbruksbutikk. Eg veit ikkje kva det eventuelt seier om mitt biologiske ur, men eg kjøpte to bittesmå dokkekoppar til fem kroner stykket fordi eg bare ikkje kunne gå i frå dei. Eg har dessutan fått så forferdeleg lyst til å sy dokkeklær og laga dokkehus av gamle pappkassar.
Eg og Eva Mari kunne ha ønskja oss ein stor felles verkstad der me kan samla masse vakre ting frå loppemarknadar og fretexbutikkar og så skulle me gå heilt amok med alle slags skapingsprosesser. Nå har eg i og for seg ikkje spurt Eva Mari om ho verkeleg har lyst til det, eller om det bare er noko eg trur, men om ho les dette kan ho få uttala seg sjølv.
Og kvar dag sit eg med boka til Lönnebo, som eg sjølvsagt fekk tilbake frå hotellet der eg gløymde ho, med Kristuskransen i handa og ber Gud om hjelp til å ta dei rette vala her i livet kor det går så mange vegar på kryss og tvers.
Heidi
Me kom inn i det eg går ut frå var gymsalen, der stod dei oppstilde. Gospel Oak Primary School i London rekrutterte elevar både frå strøk der dei fleste var ekstremt rike og strøk der dei fleste var ekstremt fattige. Skulen hadde to satsningsområde; gym og musikk. Alle elevane fekk opplæring på eit messinginstrument, og skulen hadde fem brassband. Det er ganske imponerande sett i lys av at dei sluttar på den skulen når dei er ca 11 år gamle for å gå vidare til Secondary School. Bak i klasseroma stod det stabla velbrukte instrumentkassar.
I det me fekk sett oss ned på nokre benker langs veggen i gymsalen, kom resten av bandet marsjerande inn med instrumenta sine under armen. Eit par vaksne skuleassistentar hadde med seg musikkinstrument dei og. Dirigenten tok opp sitt eige instrument, og saman spelte dei med upåklageleg speleglede «Eye of the tiger.» I nokre små passasjar gjekk ho bort til ein av gutane som kom litt ut av det og nynna melodistemmen han skulle spela ståande ved sida av han.
Akkurat der og då kjende eg plutseleg at eg høyrer heime i skulen mellom masse levande ungar i utvikling, og i eit glimt gledde eg meg verkeleg til å ta fatt att til hausten. Enn så lenge nyt eg intenst å vera i skrivepermisjon.
Heidi
To gonger i løpet av opphaldet i London, var eg på det same store teateret. Begge gongene for å sjå folk strekkja armane mot himmelen, klappa rytmar og ta av frå kvardagen.
Først, på fredagen, såg me «We will rock you», Queen-musikalen der Galilei Figaro og Scaramouche leitar etter musikkinstrumenta det er totalforbod mot slikt i eit teknologisk og totalitært samfunn. Sjølv har eg aldri hatt noko spesielt sterkt forhold til Queen, og fleire av låtane var meg heilt ukjende. Likevel var det flott. Eg lar meg imponera veldig av profesjonell sceneopptreden og dei fantastiske sceneløysingane og scenografien dei alltid har på slike store musikalar. Eg trur at ein del av scenedekorasjonane var lyshologram, som altså var lysskapte illusjonar som ikkje var der på ekte, men heilt sikker er eg ikkje.
Før musikalen begynte, opplevde eg eit lite under; på grunn av sjukdom hadde me nokre billettar til overs, som me gjerne ville selgja. Ho som haldt dei mista den eine ned på bakken, og eg bøygde meg for å plukka han opp, og presterte å mista brillene ned frå nasen og inn i eit hav av trampande føter med sko på. Eg hylte til i forskrekking, og var sikker på at dei i løpet av sekund ville bli trampa i småbitar, og at eg måtte forhalda meg til resten av opphaldet i storbyen i halvblind tilstand… Eg tapte brillene av syne og såg dei ikkje att, men etter kanskje ti sekund så stod det ein mann der og haldt dei like heile framfor nasen min. Ein av kollegene mine meinte at eg måtte ha ei innebygd spesialbeskytting mot at ting eg mistar forsvinn for godt eller kjem til skade, og det er jo i og for seg ein hyggeleg tanke.
Sundag formiddag var eg i det same lokalet på Hillsong-gudsteneste. Me vart tekne meir enn godt i mot av smilande unge menneske i mottakskomiteen som baud på varm kaffi eller te og så fyldest teatersalen på ny. Denne gong med lovsong, der folk stod ganske lenge, med eller utan løfta armar og lot songen fylla sansane. Eg var litt spent på forkynninga, men syntest talen var veldig fin. Talaren snakka om at det det moderne mennesket slit med er det som på engelsk heiter «Connection». Dette å våga å knytta seg til andre menneske og våga å knytta seg til Gud. Dette å våga å gje så mykje slepp på sitt eige liv og sine eigne behov at ein bli kombatibel til andre. Etterpå snakka han mykje om «gamle dydar» som det ikkje blir snakka så mykje om lenger: Evna til tålmod, til å vera audmjuk, til å stilla opp for andre sjølv om ein ikkje til ei kvar tid får betalt for det. Det er ikkje det same som å vera sjølvutslettande, det er snarare å halda fast på sin eigen substans, samtidig som ein seier, eg er her for deg, same kva som skjer, og eg har styrke nok til å halda ut i det som er prosjektet mitt. Kloke ord spør du meg, sjølv om det eg skriv her sjølvsagt er silt gjennom mine eigne tankar og mitt eige mottaksapparat.
Men eg trur det er rett. Verda treng menneske som ikkje automatisk stiller spørsmåla «Kva har eg igjen for å gjera dette?» Kva har du å selgja meg?» «Kva er du interessert i å kjøpa av meg, og kor mykje får eg for det?» Og verda treng menneske som framleis hugsar kva tålmod er for noko. Då er det ikkje så viktig om ein løftar hendene og rockar laus, eller ein vel å takla det meste med stoisk ro.
Heidi
På kunstformidlarseminaret vart me presenterte for verket me skal visa for elevane «Det lille galleri III» av Elise Storsveen. Bileta er collagar sette saman i rammer til eit pentagon. I går fekk me besøka Elise på verkstaden. Der var det høge bunkar med ulike blad og magasin, ei hylle full av rare gamle bøker og eit stort arbeidsbord. Eg fekk så utruleg lyst til å laga collagar sjølv, sånn til husbruk… Eg kjende meg så veldig att i trongen til å samla saman rare ting, klippa og lima og laga noko nytt og merkeleg. Bra det er fleire av oss samlarar her ute… Eg gler meg til å leika kunstformidlar igjen og visa denne utstillingar til store mengdar ungar.
Heidi
Eg er eit slikt menneske som sjeldan lengter vekk. Eg har det bra der eg er. Likevel er eg glad i å reisa, men dersom det å koma seg frå A til B involverer å forflytta seg gjennom lufta, blir eg som regel angripen av reisefeber.
Før hadde eg skikkeleg flyskrekk, eg førebudde meg på å måtta sjå døden i kvitauget kvar gong eg gjekk inn i eit fly. Nå reknar eg meg som helbreda frå flyskrekk, dei siste fem åra har det gått kjempefint å fly, men eg må innrømma at slike turar framleis er forbundne med ein viss uro.
Det første som skjer med meg når eg er uroleg eller veldig stressa, er at motorikken og konsentrasjonen sviktar meg litt. Andre kan bli sure, irritable eller lynande effektive. Eg blir fomlete og gløymer kor eg har lagt ting. I går kveld leitte eg etter flybiletten i noko bortimot panikk og fann han att på golvet på arbeidsromet.
Eg skal på studietur til London. Det blir faktisk den andre studieturen til London for mitt vedkomande. I oktober var eg der med kollegiet i kulturskulen, og i dag reiser eg med kollegiet frå grunnskulen. Eg er sjølvsagt djupt takknemleg for at slike som meg, som er i midlertidig permisjon, og får lov til å vera med. London er ein kjempefin by, og eg er heilt sikker på at det blir ein fantastisk fin tur når me bare kjem oss dit.
Me kjem heim ved midnatt sundag kveld, og grytidleg måndag morgon må eg på flyet til Oslo der eg skal vera med på eit kurs i kunstformidling, så her går det unna. Det blir faktisk ein av dei første gongene eg reiser aleine med fly… Elles så tek eg alltid toget så sant det let seg gjera. Toget er utan tvil mitt framkomstmiddel nummer ein, og eg gler meg til å ta det heim att… Men reint logistikkmessig er det ingen veg utanom fly måndag morgon… Men den tid den sorg. Det kjem så klart til å gå så fint som bare det… Og først er det London…
Heidi
Det har vakse opp eit høghus i den vesle byen vår. I attande etasje er det eit selskapslokale, og når ein sit der kan ein sjå ut i alle retningar, langt utover havet i vest og mot landskapet i aust som byggjer seg oppover frå den flate landstripa ytterst ved havet.
Når ein tek heisen opp dit, blir dei av oss med litt høgdeskrekk ståande og svaia litt innvendig ved første blikk ut vindauget. Det er høgt ned og det er ope og fritt slik at ein svimlar over utsikta.
Ein gong før har eg vore der på arrangement, så eg har endå ikkje rukke å bli van med det. Denne gongen er eg her for å høyra Synneva lesa dikt. Ho har med seg Erlend Lygren på slagverk og rytme og ein eg ikkje kjenner på saxofon og rytme.
Orda er Helge Torvund sine. Ho meislar dei så tydeleg ut for oss at bileta blir ståande like klare som røyndom og dirra over jærlandskapet. Han skriv om kjærleik, om det å vera levande, elska og vera til, og tonane løfter det opp. I det ho tek imot applaus og blir takka flyg fem langhalsa svaner forbi like utanfor vindauget. Etterpå blir me serverte mat. Kvit skrei på ei seng av grilla rødbeter med eit rosa posjert egg på toppen og ein saus eg aldri før har smakt.
Om kvelden er me i femtiårs dag hos Jane, barndomsvenninna mi. Ho har dekka langbord i eit gammalt stamphus. Etter at me har sett oss til bords får me ein varm velkomst. Ho går rundt bordet, tek på kvar og ein av oss og fortel kven me er og korfor ho er glad i oss. Det blir så fint at eg får ein klump i halsen, her er tante, onkel, naboar, barndomsvenninner, mor og kolleger i ein herleg blanding. Me et smørbrød og ho held tale der ho snakkar om kor mykje gost livet har gitt henne og at det er fint å fylla femti.
Sønene held talar, varme talar, og dei viser oss bilete frå tida som har gått. Ein lite barnebarn har ho fått, og den vesle smilande babyen helsar oss frå ein storskjerm. Etterpå et me kaker og drikk kaffi og så dansar me til melodiar frå syttitalet. «By the rivers of Babylon, where we sat down, there we were, when we remembered Zion».
Og femtiåra er truleg eit interessant kapittel i livet som i beste fall kjem og kjem.
Heidi