Me sit på ein gatekafeteria og skal drikka kaffi, Sunniva, kjærasten min og eg. Dei har laga kremtopp på cappuccinoen og sjokoladesaus oppå der igjen, dei er rause med slike ting her. Plutseleg er det nokon som tek meg på armen. Eg snur meg, og ser rett inn i dei store auga til ei lite jente som ved første augekast ser ut til å vera tre år, men som ved nærare ettersyn nok må vera fire- fem år gammal. Først forstår eg ikkje kva ho vil, og smiler vennleg og spørrande til henne. «Ho tiggar, mamma,» seier Sunniva. Først har eg vanskar med å tru at så små barn blir brukte til tigging, men jenta strekkjer ut ei bittelita hand, så Sunniva har nok rett.
Eg tek opp lommeboka, men før eg får funne fram småpengane, er jenta blitt jaga av dei som jobbar i butikken. To og eit halvt minutt seinare står ho der igjen, denne gongen saman med storesøstera, som kanskje kan vera ti. Eg kjem i ein slags lojalitetskonflikt. Eg skjønar jo at dei som driv butikkar ikkje vil ha tigging med borda, men jenta såg jo at eg var i ferd med å ta opp lommeboka, så det følest som å lura henne om ho ikkje får noko. Eg prøver å smila beklagande til småirriterte serveringshjelper, og gir jenta ein seddel, tilsvarande litt over ei krone. Jentene spring, og eg ser ei dame, som truleg er mora, stå lenger nede i gata og venta.
Frå ein annan fortausrestaurant i byen har eg sett ei anna jente i ti-tolv- årsalderen bli kasta ut fleire gonger i løpet av ein halv time. Når ho blir kasta ut omtrent med fysisk makt, så set ho opp ei mine eigna til å driva vaksne frå vitet, før ho heilt respektlaust lurer seg inn att tre minutt seinare. Oppe i gata har eg sett mange tiggarar frå Rom-folket, som sigøynarane helst vil bli kalla, som held til der dagleg. Ein liten gut i rullestol blir rulla bort til brua der mange turistar passerer kvar dag, og ein mann med bein som av ein eller anna grunn har visna vekk, sit på eit rullebrett og tiggar.
Det gjer så vondt å sjå på at ungar blir lærte opp til tigging frå dei er tre-fire år, og det gjer vondt å sjå kor openlyst desse ungane blir forakta på gata, og kor fiendtlege miner dei set opp for å beskytta seg sjølve. I utkanten av sentrum er det eit slumliknande område der eg trur det må vera Rom-folket som held til i nokre falleferdige rønner. Eg har ikkje gått gjennom området fordi eg då ville føla meg som ein kikkar eller ein inntrengar. Eg spør meg sjølv kva sjansar desse ungane har til å få skulegang, utdanning og seinare arbeid i eit samfunn prega av arbeidsløyse. Kva sjansar har dei for nokon sinne å få det me rike, og sikkert til tider fordomsfulle utlendingar, vil tenkja på som eit anstendig liv?
I går hadde me besøk her av ein som har starta eit prosjekt for å hjelpa sigøynarar, og spesielt ungane deira. Han følte dette som eit konkret kall frå Gud at han skulle bruka tida og kreftene sine på å hjelpa desse barna, men han var open om at han først måtte bearbeida fordommane i seg sjølv. Romfolket er som ein pariakaste her. Sikkert ikkje heilt utan grunn, meiner folk flest at dei ikkje er til å stola på, og mange kvir seg for å vera i kontakt med dei i det heile tatt. Han meinte at det var bortkasta å gå inn med hjelpetiltak av typen «Kom til oss og få hjelp». Dei dreiv arbeid som mellom anna gjekk ut på å gje ungane engelskundervisning, slik at dei kunne hevda seg i noko på skulen. Dei hadde tatt med barna og foreldra deira i å bygga opp eit senter der dei kunne få undervisning og leksehjelp. Ein frivillig medarbeidar frå Nederland hadde laga animasjonsfilmar i lag med barna, og dei tok med barna på turar i skogen og på skøytebanen for å gje dei nokre av dei same opplevingane som andre barn får. I tillegg hadde dei sjølvsagt bibelgrupper og gudstenester der foreldra og var inviterte til å ta del, men eit av hovudprinsippa var at desse tiltaka skulle alle barna kunna ta del i uansett religiøs bakgrunn.
Tidlegare var mange av desse ungane ikkje på skulen i det heile tatt. Nå var dette med skuleplikt innskjerpa, men mange lærarar hadde i fylgje denne mannen meir eller mindre gitt opp ungane frå Rom-folket. Dei hadde høgt fråver, gjorde ikkje lekser, hadde ingen oppflgjing heime og ville ikkje tilpassa seg systemet i skulen. Derfor vart mange av dei skuletaparar som bare var til stades utan å få noko særleg læringsutbytte, og få av dei ville truleg få vidare skulegang.
Det synest så innlysande at det som skal til for å hjelpa desse barna er å gje dei aksept, varme, kjærleik, gode opplevingar, bekrefting og tru på at dei kan. Likevel er det så innvikla å få til. Og eg skjøner og at det er truande for foreldra at barna skal inn i samfunnsnormer som ikkje er deira eigne. Det lettaste er jo å læra ungane opp til det livet dei sjølv kjenner og beherskar.
Men eg blir så glad for å høyra at nokon gjer noko, og at nokon tenkjer på denne måten. Men dei som driv arbeidet får nok høyra at det er nyttelaust, og at dei er dumsnille som trur at det har noko for seg å satsa på sigøynarungar. Hjarteskjerande er det å sjå kor innvikla dette er. Eg kjenner at dette er eit arbeid eg får lyst til å støtta. Eg skulle faktisk ynskja at eg kunne gå inn i det sjølv. Så får eg heller diskutera alvorleg med meg sjølv om det er rett å gje noko i den utstrekte handa til ein mager fireåring med store auge eller ikkje…
Heidi
Det bodde en underlig gråsprengt en på den ytterste nøkne ø…
I dag hadde eg ei fin oppleving av å vera, ja kanskje sånn omtrent «en underlig gråsprengt en», eller i det minste litt sær, kanskje… Elisabeth frå Bærum som er her med menigheten sin syng på ein måte som rører ved hjarte og sjel. Ho hadde høyrt at eg skreiv salmer, og kom bort på stranda for å snakka litt om salmer og sånn. Det viste seg at me hadde ein felles pasjon for dikt og songtekstar og vart sitjande på stranda i Macedonia og sitera songtekstar og berømte dikt for einannan. Først var me gjennom deler av Haugtussa, der me delvis siterte dikta samstemt eller i munnen på kvarandre og at ho song. Ho hadde laga ein nydeleg melodi til «Den galne guten min hug hev dåra, eg fanga sit som ein fugl i snåra…» Og om dei som låg rundt oss ikkje kunne eit ord norsk, så håpar eg at dei gledde seg over den nydelege songen.
Etterpå imponerte ho meg djupt og oppriktig ved å sitera heile Terje Vigen utanåt, eg har fleire gonger hatt lyst til å læra meg det diktet utanåt, men alltid gitt opp fordi det er så uendeleg mange og ganske lange vers. Ho las med stor innleving og eg snufsa i smug i det nest siste diktet eller noko slikt der Terje tilgir den engelske lorden som ein gong senka båten hans med to tønner rug i slik at kone og barn døydde av svolt. Eg prøvde å kvittera med å sitera Bonden Pavo, som eg trudde eg kunne utanåt, men eg gjekk meg vill i orda og må nok gjenoppfriska gamle kunstar. Etterpå mora me oss over Wessel der bakar vart retta for smed, og diktet om hundemordet før eg fekk ho til å synga «Eg veit i himmelrik ei borg» og «Kven kan seia ut den gleda» for meg. Sola hadde forsvunne bak nokre halvtunge skyer, og me sat der og hutra litt, men det gjorde ikkje noko. Stunda var magisk på den måten stunder heilt plutseleg og uoppfordra plutseleg kan bli det.
Og nå har eg lova meg sjølv å pugga Terje Vigen, bare for at det må vera fint å kunna…
Heidi