Eg er ikkje heilt god når eg skal ut og reisa med fly. Forlegg ting eg har lagt fram og leiter etter briller og nøklar. Nå har eg brillene på nasen og kjærasten min har tatt hand om passet, så då får det stå til. Eigentleg flyskrekk har eg vel ikkje lenger, men masse sommarfuglar i magen, og går heilt i surr med kva som bør tenkjast på og ikkje. Men nå er magnoliatreet planta bak i hagen, og det er ikkje lite bare det. Heldigvis så pleier kaoskreftene å roa seg så fort turen er i gang. Me satsar på sol og sommar, for denne gongen har me stort sett latt varme klede ligga att heime. Vermeldingane er varme, og skulle me frysa, så er det vel ullteppe, klede og sjal å få kjøpt.
Ferien kan begynna. Me har hatt lasagnefrokost i hagen, og to av venninnene til Sunniva er komne for å seia ha det bra til henne. Nå blir det ropt frå førsteetasje om «ready for take off, så då går me…
Heidi
sa Margreth Olin på radio i dag, og eg kjende at det var eit utsagn som traff noko viktig i meg. Margreth Olin lagar, for dei som ikkje måtte vita det, heilt fantastiske dokumentarfilmar. Ho var gjest i eit kulturprogram på radioen og sa at ho ynskja å vera like mykje lyrikar som journalist når ho laga film. Det synest eg at ho lukkast med på ein overbevisande måte.
Plutseleg innsåg eg at det er min agenda og. Til dømes er det det eg ynskjer å gjera på denne bloggen. Det høyrest kanskje ut som ei heller svulstig programerklæring, men det er rett og slett slik det er. Eg ynskjer å fanga livet i svevet og løfta det opp for dei som måtte visa interesse.
Eg har møtt mange som stiller seg heilt uforståande til det å skriva blogg. Kva interesse skulle det ha for andre kva eg et til middag, liksom. Det er eit synspunkt eg har stor respekt for. Sjølv har eg den pasjonen at eg er grunnleggande og djupt fascinert av livet og av menneska som lever det. Eg har hatt denne litt sære interessa så lenge eg kan hugsa, og meiner sjølv at eg kan minnast heilt tydeleg at eg systematisk smuglytta til dei vaksne då eg var i treårsalderen, og at eg på den måten fekk servert fragmentariske bitar av liv som eg sjølv ikkje kjende til eller hadde erfaringar med, som eg prøvde å setja saman til ein heilskap. Dette har eg aldri klart å slutta med. Eg trur eg kunne ha sitte på eit tog i vekesvis og bare lytta til kva folk snakkar om. Ikkje for å latterleggjera det dei seier, eller for å sladra om det til andre, men fordi eg er oppriktig nyssgjerrig på korleis desse menneska opplever dette å leva. Eg veit jo bare korleis det er å vera meg, og snautt nok det om ein skal sjå veldig filosofisk på det. Eg kan jo opphøya det heile til at eg drøymer om å skriva bøker, og dåmå ein driva research, men eigentleg trur eg ikkje det er det det handlar om.
Eg har alltid slukt biografiar og dokumentarar om enkeltmennesket på TV og på film. Det seier seg sjølv at for slike som meg så må det å lesa bloggar vera som å forsyna seg i ei stor konfektøskje. Eg les ganske mange bloggar kvar dag, og set spesielt pris på å lesa bloggar skrivne av menneske som har fundamentalt ulike liv og erfaringar som det eg sjølv har. Og eg torer mest ikkje seia det høgt, men ja, det interesserer meg å vita kva folk har til middag, men endå meir interesserer det meg kva dei tenkjer og trur. For meg er dette langt meir interessant enn å samla på frimerke eller spela golf.
Og sjølvsagt vil eg prøva å dokumentera mine eigne erfaringar med livet og. Helst på ein lyrisk måte, på same måten som til dømes Margreth Olin og Wera Sæther har gjort det. Dette er på ein måte agendaen min med alt eg skriv. Eg skriv blogg i håp om å vera akkurat ein lyrisk dokumentarist. I tillegg vil eg gjerne nå fram til andre om det som kjennest viktig i mitt eige liv. For meg rommar ordet viktig både erfaringar, tru, verdiar og slikt eg undrar meg over. Kanskje me kan undra oss saman, og kjempa i lag for det me har tru på… Og på ein måte håpar eg dette kan bli agendaen for skriveåret mitt, som eg nå, teknisk sett gjekk inn i for fem dagar sidan.
Akkurat dette, eller i det minste omtrent dette, var det eg måtte få skrive ned før eg gløymde det. Nå får eg gå ned att for å halda fram med å vaska golv og bretta reine klede. I tillegg skal eg småeta av ein liten haug moreller i ei keramikkskål på kjøkkenbenken. Mens eg gjer alt dette, kan eg undra meg litt over om nokon kjenner seg att i det eg har skrive, eller om dette bare høyrest rart ut for andre menneske.
Heidi
I hovudet mitt har eg døypt dei siste vekene for festreisene. Det er eit uttrykk eg har frå Salmenes bok i bibelen, og eg må innrømma at eg ikkje har det teoligiste innhaldet heilt klart for meg. Eg innbillar meg at det til dømes er eit uttrykk som blei brukt om det å reisa til Jerusalem for å feira påske, men heilt sikker er eg ikkje.
Desse siste par vekene har eg hatt det så travelt på scenen i det ekte livet, at eg ikkje har hatt tid til å smyga meg ut i kulissane for å skriva blogg, men nå innleiar eg eit nytt og spennande avsnitt i livet mitt og er på banen att. Denne helga har eg stort sett sett av til landing og avslapping, og slik har det fungert og.
Det viktigste eg har gjort sidan sist er å avrunda sju skuleår saman med ein flokk ungar eg har fått god tid til å bli veldig glad i. Skulle eg synga kjenslene mine for dei, så ville kanskje det næraste vera å få med seg eit storband med skikkeleg swung i og sunge » I got you under my skin». Me har rydda og avrunda, skrive rapportar og ordna elevmapper. Me har hatt fin fest med lærarar elevar og foreldre med sang og dans, varm mat og talar. Me har sykla tur til stranda i sol og nordavind, og eg har danna baktroppa medan me suste forbi grøne marker, beitande hestar, kvilande kyr og duvande markblomar. Det anga gras og mold og fjos og sjø og naturen var så vakker at det var til å gråta av. Dei tøffaste ungane bada i sjøvatn som må ha vore kaldare enn ti grader. På veg heim fekk eg brukt spisskompetansen min i tålmod og oppmuntrande tilrop, og til slutt hadde me fått alle med oss heim att.
Ein dag tok eg med meg alle elevane opp i hagen til Syster der me grilla, spelte gitar, hoppa på trampoline, åt kaker og skulebollar og spelte krocket. Det viste seg og at me hadde nok pengar i klassekassen til å ta med elevane til Kongeparken ein dag. Nest siste dagen kappåt dei lakris med raude hjarte i midten. Siste dagen hadde eg fri, men kunne ikkje halda meg vekke. Eg sneik meg inn i aulaen gjennom bakdøra. Då såg eg femti sjuandeklassingar stå oppstilde framme i aulaen syngande «When I find myself in times of trouble mother Mary comes to me, whispers words of wisdom: Let it be…» Akkurat der og då går det endelege i situasjonen opp for meg. Eg blir varm i auga og må tørka vekk ei tåre.
Eit band frå elevane våre og to songsolistar går fram. Songarane får kvar sin mikrofon; og så kjem det meir trøystande tonar frå The Lillos repetoar; «Jeg sitter ned på berget og ser utover havet, en sommerdag i ferien min. I sommer skal jeg surfe, stå på vannski og bade, ja denne ferien tror jeg blir fin. Har du det bra? Takk skal du ha, jeg har det bedre enn de fleste her til stede, jeg smiler hver dag, for di jeg er glad. Det er så fint å leve, si meg kan du ikke se det, og blir du med og lyser etter krabber? For krabber er det beste jeg vet…»
Etter sermonien i aulaen samlar me elevane for å seia endeleg ha det bra til dei. Eg har med meg ei skål med raude smågodthjarte og vil gje dei kvar sitt symbolske hjarte saman med avskilsklemmen. Eg var ikkje førebudd på at det skulle bli så mange tårer. Ikkje frå meg, men frå elevane. Når lærarane har drukke kaffi og ete kaker i halvannan time etter at elevane gjekk heim står det framleis gråtande jenter på gangen som synest det er så trist å forlata barneskulen for siste gong. Det får bli endå ein runde med klemming før dei siste av dei endeleg legg på heimveg. Og eg har fått kort og blomebukettar, dikt og bøker og eit magnoliatre med rosa blomar som eg skal planta i hagen. Eg har fulgt to kull elevar ut av skulen før i lærarlivet mitt som nå faktisk er blitt 25 år langt, men eg hadde viss gløymt kor overveldande det kjennest.
Og det å senda avgangselevar ut i verda er på langt nær det einaste som har skjedd dei siste vekene. Boka eg har laga med elevane på skrivekurset er blitt ferdig, og me har hatt releaseparty med opplesing og servering av kaffi, saft, kanelkake og lappar til foreldre og besteforeldre. Det vart fint og koseleg og litt høgtideleg akkurat som eg hadde håpa. Eg har høyrt Sunniva synga Maria- Mena -musikk på kulturskuleavslutninga og fått frysningar på ryggen av alle dei flinke songarane. Og så har eg i full fart smurt 25 smørbrød på tre store fat som eg bar med meg til Halvard si tiandeklasseavslutning, som var høgtideleg og vakker. Elevane kom marsjerande inn i lokalet i bunadar og mørke dressar til feiande marsjmusikk medan foreldra stod tåreøygde og klappa. Så var det underhaldning, fin mat, talar og utdeling av vitnemål. Kjenslelivet mitt er viss kobla nær opp mot syngande barn og ungdomar, for då konsentrerte bunadkledde jenter med stort alvor song «Hallelujah» av Leonard Cohen måtte eg fortelja meg sjølv med min indre fornuftsstemme at dette var på ingen måte noko å gråta av. Det faktum at ein er så utruleg sliten på slutten av eit semester er med på å forsterka emosjonane som alltid truer med å ta overhand på avslutningsfestar i desember og juni. Og om kveldane har det vore rydding for kolleger skal få overta klasseromet og arbeidspulten min så fort som mogleg. Heilt ferdig vart eg likevel ikkje, så i morgon skal eg ned og rydda opp i det som står att og få skrive dei siste evalueringane. Så begynner sommarferien og forfattaråret mitt.
Og midt i desse intense vekene var me sist helg på ei heilt ekte festreise. Me reiste til Hamar for å vera med på Astrid og Lars sin felles femtiårsdagsfest. Det vart ei flott oppleving. Me var ein gjeng gamle venner som framførde ein slags heimelaga cabaret for dei. Festen varte til dei små timane var i ferd med å veksa seg store, og dagen etter var det å setja seg i bilen att og kjøra dei 55 mila eller kva det nå er, tilbake over fjellet. Eg er så glad for at me reiste. Det vart ein strålande fest som vart avslutta med frokost rundt langbordet i stova deira morgonen etter.
Og denne helga har vore avsett til landings- og kvilehelg. Kva skjer ei slik helg? Då var det venninnekveld på fredagen, ein snartur til Ikea lørdag føremiddag, drikka kaffi og eta restar av fruktsalat i sofaen framfor fjernsynet medan ein tek del i eit kongeleg bryllaup. I dag har me vore ein snartur i Ryfylke saman med Ingrid og Oddvar og sett den fine utstillinga til Sissel. Etterpå vart det soving i sofaen med ei avis eg eigentleg hadde tenkt å lesa, servering av Arme riddarar til eldstesonen, og ein timeslang telefonsamtale med Torhild som eg ikkje har hatt tid til å snakka med på lenge. «Sånn går nu dagan…» som dei ville ha sagt det i nordnorge.
Og nettene er eigentleg for lyse til å sova bort.
Heidi