Eg abonnerer på eit tidsskrift som heiter «Strek». Agendaen for magasinet er å vera » et uavhengig og tverrkirkelig magasin, som ønsker å fordype seg i hva det vil si å følge Jesus Kristus på 2000-tallet». Dagen min har starta med å lesa siste nummeret av Strek, og som vanleg klarte eg mest ikkje å legga det vekk. Det som står der er ofte ting som går direkte til både hjarte, erfaringar og tankeverksemd. Det er og ei styrke at dei lar ulike stemmar koma skikkeleg til orde rundt det same temaet, slik at forfattarar med ulik ståstad og ulik erfaringsbakgrunn balanserer kvarandre og teiknar eit meir fullstendig bilete at noko som kan vera komplisert og mangefasettert. – Og nå fekk eg det viss til å høyrast litt lite tilgjengeleg ut, ser eg. Det var ikkje meininga. Eg meinar det er lesestoff som er eigna til å engasjera uansett kva ståstad ein måtte ha både på den eine og den andre måten. Her er det menneske som skriv om ting dei brenn for, og her er det plass for både sterke meiningar, tvil og undring.
Noko av det mest velsigna med sommaren, er at ein får tid til å lytta. Tid til å lesa, tenkja, høyra radio, lytta til musikk, sjå filmar, observera livet – både det ukjende og det ein kjenner i frå før, og ikkje minst; ha tid til å leita fram dei gode og viktige samtalane, og verkeleg lytta til det den andre seier. Dette med å ta seg tid til å lytta er ein av dei tinga eg svært gjerne vil bera med meg gjennom heile det komande permisjonsåret mitt. Det å lytta og det å uttala seg burde vera tett knytta opp mot einannan. Eg håpar at eg har tid til å lytta så mykje at eg har noko fornuftig å seia når eg sjølv skal finna orda, med stemmen eller på tastaturet. Eg håper og at eg skal vera open nok til verkeleg å lytta etter Gud sin stemme, både gjennom dei kanalane eg allereie har nemnd og på andre måtar. Som det står i den gamle bedehussongen: «Jeg vil lytte etter lyden av hans trinn.»
Dette kan kanskje sjå svermerisk ut, ser eg. Men for meg kjennest det veldig grunnleggande og jordnært. Det å formulera verkeleg viktige ting er vanskelegare enn å formulera viktige ting. Og nå stoppar eg her, før eg rotar dette til til å bli heilt utilgjengeleg.
Den nye dagen er her forlengst. Eg skal skriva, rydda, lytta og leva. Eg skal lena meg mot sommaren og sjå kva som skjer.
Heidi
og vel så det. Dagane dreg seg langsomt mot august. Sommaren er ein tilstand. Ein tilstand av å sviva i det romslege, frodige og ikkje planlagde. Det er ein tilstand eg er svært glad i. Og kvar sommar, når kvilepulsen er på plass og dagane kjem og går som dei vil, så undrar det meg at me verkeleg orkar å ha det så travelt resten av året. Me er omstillingsdyktige. Nå skal eg inn i ein spesiell form for arbeidsår denne hausten. Eg tenkjer mykje på korleis det er klokast å innretta seg, og kva slags struktur og rutinar eg skal pålegga meg sjølv å leva etter. At eg ikkje kan tillata meg sjølv å sviva for mykje rundt utan struktur er eg nokså sikker på at eg ikkje kan ta sjansen på, for tida er dyrebar, og eg vil bruka ho best mogleg. Skal eg vera målretta å gå for heilt strukturerte prosjekt, eller skal eg ta sjansen på å la kreativiteten bobla og setja i gang med alt som dukkar opp av innfall? Me får sjå. Det kjennest som eg kunne hatt nok idear til å skriva på heiltid resten av livet, men det er eit år det dreier seg om, og framleis veit eg ikkje heilt korleis dette kjem til å bli. I alle fall synest eg at eg er kjempeheldig som får denne sjansen, og eg takkar Gud og livet for at eg skal få lov til det.
Bloggen min skal eg bruka flittig trur eg. Det er ei kjelde til å sleppa tankane fri, og ein måte å trimma dei indre skrivemusklane på. Dessuten liker eg å tenkja at det eg skriv her kanskje er ord som ein og annan kan ha glede av å plukka med seg, og ikkje minst noko eg kanskje kan bruka sjølv til eit eller anna. Eg samlar på ord og setningar på same måten som eg samlar på alt for mykje av alt mogleg. Eg er ein samlar.
Me har vore austpå hos svigerfamilien. Me har kjørt over fjellet frå vest til aust og så frå aust til vest att, og det tok fire dagar frå me reiste til me kom heim att. Som alltid ser eg på det norske med litt nye auge når eg nettopp har vore i utlandet. Det er så lyst her, og frodig, grønt, reint og kanskje ein tanke kjøleg? Naturen er fantastisk. Eg har nytt synet av masse ville revebjøller, blakskurde fjell, stadar der dei framleis hesjar høy på same måten me gjorde då eg var lita.
I dag stoppa me i Valle for å eta litt på ein kombinert bensinstasjon og gatekjøkken. Då me gjekk ut av bilen song eg frå første verset av Lillebjørn Nilsen sin song om «Valle auto og bensin.» Då eg to minutt seinare kom inn på toalettet der, hang same songen på veggen i laminert utgåve. På eit bord i kafeteriadelen låg det interiørblad og eit par bøker. Den eine heitte «Kunsten å vera snill», eller noko i den duren. Eg fekk sjølvsagt lyst til å bla i boka, og på første sida stod det skrive med kulepenn. «Værsågod å ta med boka viss du vil…» Kanskje den første eigaren hadde lært noko av å lesa ho? Eg fekk meg ikkje til å stappa boka i lomma…
Og forresten NRK P2 på radioen er med på å gjera opplevinga av å kjøra over fjellet gjennom sommaren endå sterkare.
Heidi
Plutseleg hugsa eg ein del av det eg eingong lærde av PIM i kunsthistorie. Denne veldig gamle basilikaen som vart restaurert fleire gonger og var høgkyrkja i Bysants før Istanbul vart teke av muslimane og kyrkja gjort om til moske. Mellom anna på grunn av biletforbodet i islam, vart dei kristne motiva malt over og arabiske ornament malte og sette opp i staden.
Under Ataturk vart moskeen gjort om til eit museum, og deler av veggene restaurerte slik at dei gamle bibelske mosaikkane har kome fram att. Heilt utruleg at det har latt seg gjera, og motiva var verkeleg vakre. Eg vart ei viktig brikke for min fotograferande mann… Ikkje fordi han ville kombinera motiva med ansiktet mitt, men rett og slett fordi hovudet mitt kunne fungera som fotostativ når han tok bilete med lang lukkartid…
Byggverket var meir enn imponerande, spesielt dei gamle mosaikkane gjorde inntrykk, men minst like spennande er det å sjå på alle turistane som er der, guidane som tek dei rundt, restauratørane som sto på stillas osv. Det var heilt tydeleg eit reisemål for muslimar og kristne i skjønn forening. Ei mor og ei dotter med lange skjørt og hijab, bad ein kinesar om å ta eit bilete av dei to. Begge var så vakre med nydelege ansiktstrekk. Dei smilte litt sjenert til fotografen. Etterpå bad kinesaren dei om lov til å ta eit bilete av dei to saman med dei to kinesiske damene i reisefylgjet hans. Dei nølte først litt, men så stilte dei seg opp saman framfor høgaltaret, fire damer frå to ulike kuturar med armane rundt ryggen på kvarandre.
Ein kvit katt, med halen stolt løfta, kom plutseleg spaserande på ein svært sjølvsikker måte gjennom rommet. Han strauk seg inntil leggene på folk i håp om å få kos. På eit av galleria sat det ei kvit due som og hadde klart å koma seg inn. Mange frå Istanbul tilbaud sine tenestar som private guidar for folk, og i den store steinsalen gjorde akkustikken at lyden av menneskestemmar låg som eit lydteppe i bakgrunnen heile tida, i ein salig kakofoni av alle tungemål.
Heidi