Eit av høgdepunkta i haustturen til austlandet var to billettar til Jesus Christ Superstar på Det Norske Teateret. Me er tidleg ute for å få henta billettane våre, og set oss ned i kafeteriaen i første etasje me kvart vårt glas fullt av boblande vatn. Publikum fyller snart lokala. Det er ei ganske brokete forsamling mef alt frå ungdomar i holete dongeribukser til dresskledde menn og eldre damer i lange strikka husflidskjørt.
I inngangen til salen sit ei dame og tiggar. Ho ser akkurat ut som sigøynerskene på Karl Johan. Handa mi er på refleks ned i veska etter lommeboka, men eg skjøner i same tidels sekundet at ho er ein del av stykket. I programmet står hovudpersonen, best kjend som «Hank von Helvete» , presentert over ei heil side. Då han takka ja til rolla hadde han framleis store problem med tunge rusmiddel, men under innøvinga hadde han klart å bli heilt rusfri.
Scenebiletet er lagd til ei bakgate i ein moderne storby. Tiggarar, prostituerte og andre med relativt låg status blant besteborgarane befolkar gatene. Fremst på scenen er det vatn, som ei elv, ein dam eller eit basseng. Litt lenger bak ser me kryssande jernbanelinjer. Jesusfiguren kjem inn i lang morgonkåpe, i open pelskåpe utan noko under, eller med bar overkropp, tatoveringar og røyrleggarsprekk. Eg tenkjer at det heile er eit ganske modig prosjekt.
Dersom ein er ute etter å sjå ein rå og aggressiv Jesus-figur, så er dette rett plass. Truleg gjer det godt å få røska litt i glansbileta, og her er det lite glansbilete å sjå. Jesus-stemmen er det lite musikal-spenst over, han er rå og raspande, lett ironisk og samstundes sår. Maria Magdalena med masse raudt hår, syng rått og med stor kraft i stemmen.
Eg leitar etter noko eg ikkje heilt finn. Det aggressive og såre finn eg i beste fall heilt på sin plass, men eg leitar samstundes etter noko varmt og karismatisk. Noko som gjer Jesusfiguren truverdig der han står med bar overkropp og blir tiljubla av menneske frå alle samfunnslag. Kva har dei sett som eg er ute av stand til å sjå frå stolen min ytst på rad 21?
Dansarene frå Bordar-instituttet har dette. Dei er intenst inne i rollene sine. Dei klatrar på stolseta i salen, ropar og jublar. Eit par av dei lyser av begeistring og gløder av overbevisning. Hildegunn Rise i raud flommande silke i ei stor snøkvit seng som ein tankeplaga Pontius Pilatus trur eg og på. Ho er like truverdig når ho leiar piskinga av Jesus, ikledd lateksbukse og matchande topp. Truverdig er ho og når ho vasker hendene gong på gong på gong i dammen etter at dommen har falt. Det Høge rådet i ulike uniformer, mellom anna som russarar og nasister, trur eg og på.
Den angrande Judas legg seg i korsfestingspositur i jernbanekrysset og blir påkjørt av toget. Jesus ender opp på eit gigantisk lysande kors av noko som kunne vera plast og pleksiglas. Inni det står ein syngande Hank. Ein augneblink er eg redd for at korset tek overbalanse og tippar framover. I levande framføringar kan alt skje. Heldigvis vippar det tilbake i rett posisjon og stabiliserer seg.
Når Hank von Helvete blir klappa inn for fjerde gongen av eit ståande publikum, lyser det av augene hans. Utstrålinga er rein og ekte glede og ber med seg ein varme som gjer at eg plutseleg ser Jesus i han likevel.
Heidi
Me startar dagen med lang frokost og nydeleg film om «Matheo og korguttene». Så pakkar me hunden i bilen og dreg til Fornebo for å gå tur. Den gamle flyplassen er ikkje til å kjenna att. Det er laga turstier der det ein gong var rullesteinar, det finst utkikkstårn for fuglekikkarar og brygge og stupebrett for dei som måtte ynskja det. For ein som kjem frå ein plass der det har regna i vekesvis, er den kalde klare haustlufta og dei fine haustfargene på trea ei openbaring.
Etter ein herleg tur hankar me med oss tulipanar frå ein blomsterbutikk, müslibollar frå Baker Hansen, ferske fiken, marinerte oliven, fersk fetaost og masse ulike salatgrønsakar frå ein tyrkisk butikk. Alt dette tek me med oss til våre felles svigerforeldre. Me hadde prøvd å forhindra at svigermor skulle styra med mat, men ho ventar oss med nydeleg salat, grove rundstykke og reker. Dette inbyr til ein ganske lang lunsj. Svigerfar resiterer i ei passande stund tre vers av Stenka Raisin på russisk. Det er ganske imponerande i og med at mannen ikkje har lenge att før han er nitti. Ikkje det at eg eller Eva Mari kan overprøva russisken… Me får med oss reprisen på fredspristildelinga til Barack Obama, og direktesend opning av storting med trontale og høgtideleg bukking for kongen.
Fordi me ser einannan så sjeldan og har så mykje me likar å bruka dagane på, så suser damene vidare i bil så snart hunden er avlevert i heimen. Me rekk ein handlerunde og to doble cappuccinoar før me ser Julie og Julia med Meryl Streep. Det er ein koseleg film. Meryl Streep imponerer verkeleg som karakterskodespelar. I rolla som kokebokforfattaren Julia frå femtitalet framstår ho med heile sin framtoning heilt annleis enn eg har sett ho nokon gong før. Ho er rett og slett utruleg dyktig.
Dagen vert avrunda med kyllingsalat, lakriste og ein eksepsjonelt kjælen hund.
Heidi
Før var eg så roleg når det gjaldt allsalgs reising. Eg var der to minutt før tog og bussar gjekk. Kanskje det er eit teikn på aldring at eg nå er livredd for å koma for seint? Fordi eg ikkje kunne bruka bil til stasjonen, spende eg på meg ryggsekken og gjekk i så god tid at eg var på stasjonen 50 minutt før togavgang. Eg måtte gjera meg ærend i butikkar fordi det vart lenge å venta.
Ein mann i oransje jakke sa at eg såg ut som eg venta på langdistansetoget. Det gjorde eg, og han kunne opplysa om at den første timen vart det buss for tog på grunn av arbeid med toglinja. Me vart stabla inn i ein buss, og kjørde av stad gjennom eit haustgult landskap medan lokalradioen underhaldt oss med songen: «Jag trodde änglarna fanns bara, bara i himmelen».
Etter ein time vart me ønska velkomne på toget som nå var eit kvarter forsinka. Etter mindre enn ein ny halvtime stansa toget på grunn av lynnedslag i det elektriske sikkerheitsanlegget. Etter ein time vart det bestemt at passasjerane skulle fraktast eit nytt stykke med buss. Så var det ut av toget og inn i ein ny buss, som skulle kjøra skytteltrafikk. Det var fascinerande å sjå på folk sine reaksjonar. Dei fleste tok det med godt humør, men nokre var tydeleg stressa…
Så stod me på Sira stasjon. Det regna og torna, tett i tett stodd me der. Eg satte ned veske, ryggsekk og paraply, og brukte tida til å senda tekstmeldingar. Etter ein ny time fekk me vita at feilen var reparert, og at toget skulle plukka oss opp igjen.
Først vel inne i togsetet oppdaga eg at handveska mi ikkje var med. Ho stod truleg att på Sira stasjon med pengar, bankkort, billett og nistemat. – Og for sikkerheits skuld låg passet mitt framleis i vesa etter Romaturen. Så var eg altså reisande med ryggsekk og to bøker, men utan billett og alt det andre. Konduktøren etterlyste veska mi på høgtalaren, men ingen hadde sett ho…
Rar kjensle å sitja på toget utan billett og utan mat og utan kontroll over lommeboka. Konduktøren prøvde å ringa opp Sira stasjon, men der var det visst ingen. Det er ein bitteliten stasjon dei har på Sira. Eg prøvde å pusta roleg ut og inn, og søkte trøyst i boka eg hadde med av Martin Lönnebo. Tilfeldigvis handla kapittelet som stod for tur om utfordringa i å våga å kvila i tilliten, og å ikkje vera bekymra. Det passa ganske godt for å seia det sånn…
Først fleire timar seinare fekk eg vita at veska var funnen, og på veg med neste tog. Eg var sjeleglad, og folk i vogna hadde fått med seg litt av dramatikken gjennom samtalane med konduktøren og mobilen. Dei gledde seg med meg…
Eg sende melding til Eva Mari om at toget var to timar forsinka, og at eg måtte venta ein time til på neste tog for å henta veska mi. Ho sa at eg ikkje skulle stå aleine på stasjonen. Ho ville koma for å venta saman med meg. Og omsorgsfullt nok dukka ho opp. Med seg hadde ho varm lasagne pakka inn i plast, handkle og aviser for at det ikkje skulle bli kaldt. Ho tenkte at eg måtte vera kjempesvolten etter ein lang dag på toget utan mat og drikke. Det er omtrent det søtaste nokon har gjort med meg i heile mitt liv. Etter eit varmt måltid i bilen kunne me henta veska på perrongen. Alt låg sjølvsagt på plass oppi der. All grunn til å takka Gud og livet, og til å le litt av seg sjølv…
Heidi
Ein av elevane mine sa: «Me må bara gjær sånn så katten, han tæge sats, og så høppe an…» Dette står for meg som veldig kloke ord. Ofte stansar det i satsfasen… Eg treng av og til å fortelja meg sjølv at «Dæ æ bara å gjæra dæ»-
Sånn som nå for eksempel… Nå må eg gå ned og rydda og pakka, for i morgon skal eg på Oslo- toget. Eg har ferie. I går fekk eg gjort ein solid skrivejobb og gått ein tur i høljeregn… Flott…
I dag har eg vore trøytt og susete og fått gjort mange ting, men ikkje dei tinga eg hadde planlagd. Dei må eg gjera nå, før natta går mot ny dag og eg ikkje har hatt tid til å sova.
I dag vart eg oppringd av ei overentusiastisk dame som tilbydde meg ei gratis treningsveke på helsestudio. Eg avtalte å møta henne for omvisning, men veit verkeleg ikkje om treningsstudio er tingen for meg. Me får sjå…
Halvard har endeleg vore hos optikar. Han hadde minus 1.75 på begge augene, og treng verkeleg synskorreksjon. I neste veke skal han prøva ut kontaktlinser.
Nei, nå må eg ned og rydda. Ta sats for det i alle fall. Sjølv om det er mykje kjekkare å skriva.
Heidi
Og så vart det oktober. Dagane kjem og går i lange rekkjer. Den veka oktober kom tilbake var me på leirskule. Tidleg måndag morgon samla me spende ungar med store ryggsekkjer og koffertar og sette dei inn i bussen. Der sat me tett i tett. Ikkje eit sete var ledig, og forventningane vibrerte medan me kjørde sørover. Me skulle ikkje kjøra så langt før det slutta å regna. Ute var det vakker septembernatur, og inne var det høg stemning. Me fekk dei vel fram. Det mest dramatiske som skjedde var at ein av dei kasta opp på golvet i midtgangen, men såpass må ein rekna med.
Vel framme vart me plasserte i hytter og på internatrom, og karbonadar med potetstappe vart servert i matsalen. Me var der saman om noko som ikkje var skule, og etter maten var det utdeling av redningsvestar og padleårer, og så var det ut i elva. Det var masse vind og mykje straum, så kanoane var vanskelege å styra. Eg kjende meg ikkje spesielt høg i hatten, dette var utfordring i største laget for både vaksne og ungar, men det er kjekt å bli utfordra, og klara utfordringa…. Som sikkert ikkje var spesielt stor eigentleg, for dei av oss som måtte vera konforme med elvepadling.
Dagen etter skulle me på langtur. Nå var det heldigvis mindre vind, og i tillegg strålande sol. Litt skummelt var det likevel at eg som vaksen skulle vera ansvarleg for to av elevane i straumane nedover elva, men eg reknar jo med at desse som driv leirskule på heiltid veit kva dei gjer. Me hadde heile tida fylgje av to motoriserte vaktbåtar.
Av og til trur eg at norsk skule ville ha forskrekka lærarar i land der ein har større respekt for naturkrefter og mogleg ventande lungebetennelse. Etter ein langtur i kano skifta ganske mange av elevane til badetøy og hoppa uti det iskalde elvevatnet som haldt maks ti-tolv grader. På land var det såpass kaldt at dei lærarane som haldt vakt stod der i fjellstølar og med ullgenser og ullundertøy under friluftsdressane sine. Ungane bada lenge. Dei symde ut til ei lita flåte med vannsklie. Me høyrde bare hyla kvar gong dei hoppa uti.
Og ein blir kjend med både elevar, kolleger og medfylgjande foreldre på ein annan måte når ein er i lag med dei 24 timar i døgnet. Ein deler opplevingar, måltidsfellesskap og husvere sånn omtrent utan pause. Etter å ha tørka snørr og tårer om kveldane og hatt lange samtalar på sengekanten med raus utdeling av godnattklemmar, sat me vaksne saman og drakk gloheit kaffi og åt usunne kaker, før me og kraup opp i køysengene der soveposane venta. Klokka halv åtte vart me vekte av kubjøller på gangen, før det var samling rundt flaggstanga med avsynging av nasjonalsong.
Det var rafting og hopping ut i elva frå ein høg fjellknaus med våtdrakt og redningsvest på, det var hogging av bergkrystall og andre steinar frå fjellveggen i ei mineralgruve, og om kvelden i mørket hadde me vannsklie med kaldt vatn og såpeskum ned langs ei skråning. Ein av gutane som er ny her i landet spurde vantru? Men kor skal me bada? Det er jo kaldt og mørkt ute, og det var det…
Då me kom heim fem dagar seinare var me trøytte, slitne og glade. Foreldra venta på parkeringsplassen, og det var mission completed. Leirskulen vart ei veldig fin oppleving. Og nokre av foreldra kunne melda at barnet deira ville ha reist tilbake på flekken om det hadde fått sjansen til det.
Nå er det andre dagen heime. Eg har akkurat kjørt kjærasten min til flyet. Han skal vera i Costa Rica i seks veker, og eg skal bestyra eit hus fullt av ungdomar. Det skal nok gå bra det. Då eg kjørte han lysna det av dag. Sunniva ville vekkast for å vera med og vinka til far sin. Den første hauststormen har vore innom. Mange tre har fått blada sine brutalt rivne av før dei rakk å bli haustfarga. Langs sjøen piska sanden mot bilvinduet, og nokre stadar kjørde me gjennom store vassfloer så spruten stod mot biltaket. Kanskje eg må innsjå at nå heiter det haust og ikkje seinsommar… Men hausten er ei fin tid, og nå skal eg ha haustferie. Eg skal bare skriva eit skodespel eller to og ferdigmekka eit par årsplanar.
Velkomen til oktobersundagen. Eg er klar.
Heidi
Det merkelege med å vera i Roma er at ein plutseleg står midt oppi noko med skikkeleg historisk sus. «Hjelpe meg der er jo Panteon, liksom, midt i ei vanleg gate.» Det er rart å plutseleg vera inne i Colosseum og. Sist eg var der i lag med Anne Mette, Sigrid og Olaug, for sånn ca 29 år sidan, var eg bare på gjennomreise. Interrailturen var så viseleg innretta at me hadde bevilga oss nokre timar i Roma medan me venta på eit tog som skulle ta oss sørover. Plutseleg stod me midt i Colosseum. Denne gongen lurte me på korleis i all verda me kunne ha klart akkurat det. For ved Colosseum var det jo gjerder og køar og guidar og handelsboder. Men viss me ikkje var i Colosseum den gongen, kor i all verda var me då? Sjå det vil me kanskje aldri få vita. I 29 år har me vore overbeviste om at me var i Colosseum, nå må me leva med tvilen… Sjølv om me nå veit 100% sikkert at me faktisk var akkurat der for ei veke sidan.
Denne gongen gjekk me saman med ein guide. Eg syntest formeleg eg kunne sjå keisaren sitja på keisartribunen og vinka med kvite eller svarte lommetørklær medan han peikte opp eller ned med tommelen. Aller øverst på ståtribunen var det rom for slavar og kvinner. Kvinnene måtte i fylgje guiden stå der fordi dei fekk hysteriske anfall ved synet av dei veltrente gladiatorane, og dermed kunne koma til å forstyrra dei i kampane… Gladiatorane var visstnok dåtidas store sexsymbol…
Utanfor Colosseum står ein mann med romerske klede og plastbrynje. Håret er langt og armane tatoverte. Sandalane er vel strengt tatt ikkje heilt tidsriktige. Først forstår eg ikkje korfor han står der, men så går det opp for meg at han håpar på å tena pengar gjennom å bli fotografert saman med turistar, – endå eit at desse merkelege yrka ein kan ha i Roma by. Når me nærmar oss kjem han springande mot oss. «Do you want to take your picture with me?» På ein relativt høfleg måte, takkar me nei. Neste spørsmål blir som fylgjer: «You don`t want to take your picture together with a sexmachine?» Me får håpa at han hadde så pass glimt i auget at den spontane latteren frå fire damer ikkje går på sjølvbiletet og manndomen laus…
Etterpå får me omvisning på Palatinerhøgda der keisarane velta seg i marmor og hadde baderom med varmt og kaldt vatn i tillegg til dampbad. Me såg ruinane frå der keisaren sine gjester låg bekvemt til bords medan dei kunne nyta synet av dansande slavinner gjennom vinduet. Me såg og restane etter keisar Nero sin underjordiske gang til gullpalasset sitt eit stykke unna. Der kunne han gøyma seg om nokon kom for å drepa han. Det kosta å vera kar den gongen og. Frå kanten av høgda ser me ned på Forum Romanum.
Om kvelden et me pasta på ein fortausrestaurant like utanfor Pantheon medan musikarar spelar «I did it my way» på trekkspel og saksofon. Men både musikarar og roseseljarar blir jaga av kelnarane når dei driv oppsøkjande betalingsverksemd ved borda. Så merk3eleg det må vera å bu midt oppi dette… At Pantheon og Colluseum er noko ein passerer på veg til jobb eller når ein luftar hunden om kvelden. Eg grublar halvseriøst over spørsmålet om korvidt ein burde unna seg å bu i Roma eit års tid ein eller annan gong.
Men vaska føtene sine i Trevifontena bør ein definitivt ikkje gjera. Vatnet i fleire av dei store fontenene kjem framleis frå fjella utanfor Roma i ein gammal akvedukt. Det ser ut og luktar som norsk fjellvatn. Eg skjønar godt den godt vaksne dama som i 33 graders varme fall for freistinga å sparka av seg skorne og dyppa føtene i det klare vatnet… Men det gjekk ikkje mange sekunda før lyden av ei ilter politifløyte flerra lufta, og ein uniformert mann med politikølle bana seg fram gjennom folkehavet til ho som var sveitt på føtene. Ho fekk så øyrene flagra. Så ein tullar tydelegvis ikkje med kulturminna i Roma.
Heidi
Første morgonen i Roma regnar det. Heidi og Gry er ute for å handla frokost til oss. Dei kjem heim nokonlunde tørre med nybakt brød, tomater, druer, appelsinjuice og deilig italiensk ost. Me dreg det eine bordet inn under ei markise der me kan sitja tørt. Der sit me og tygg den gode maten medan regnet sprutar og høljar over oss som frå store hageslangar. Ute er det deilig og sommarvarmt. Me har utsikt ut over Roma med to høge kyrkjetårn med kuplar ikkje langt i frå oss.
Dei andre har med seg små praktiske samanleggbare paraplyar. Eg har tenkt at om eg skulle trenga noko slikt er det sikkert å få kjøpt. Når me kjem ned trappa og kikkar ut har det slutta å regna. Og ikkje før har eg sett foten på fortauet, så står han der rett framfor meg, paraplyselgaren med hundre paraplyar i armane sine. Eit sekund gløymer eg at eg ikkje er med i eit eventyr eller ein romantisk komedie, og kjøper den største paraplyen han har. Paraplyen er fargerik og fin med ulike fargar på sektorane mellom spilene. Først då mi langt meir praktiske venninne kommenterer det, innser eg at den paraplyen er mildast talt upraktisk å dra med seg rundt i Roma, og truleg nokså umogleg å få med seg heim på flyet.
Så tek me drosje til Petersplassen. Me hadde tenkt å gå, for vegen er ikkje veldig lang, men me er seinare enn me hadde tenkt på grunn av regnet. Først rotar me oss borti ein amerikansk guide, som garanterer for et me skal sleppa unna køar, men snart skjøner me at han er mildast talt usertifisert. «Who of you guys can guess how tall that statue is?» Eg har aldri i mitt liv høyrt nokon snakka så fort, trur eg… Etter fem minutt klarer me å sno oss unna før me har betalt. Så stiller me oss i køen som viser seg å vera så godt som ingen kø i det heile tatt.
Eg har lese i turistguiden min og ledd litt av at det står der at det er eit kjent fenomen at dei besvimer når dei kjem inn i Peterskyrkja fordi dei blir overvelda av inntrykket. Anne Mette har lova å gå på sida av meg for å vera behjelpeleg om eg skulle kollapsa. og i guiden står det at det alltid er sivilkledde sjukepleiarar i inngangspartiet klare til dyst…
Peterskyrkja ser kjend ut inni. Eg kjenner att baldakinen med dei snodde søylene og høgaltaret frå midnattsgudstenestene på julafta. Det er rart å vera der på ordentleg. Me finn fram Romabøkene våre og guidar kvarandre gjennom kyrkja. Me finn ut at grunnen til at Michelangelos Pieta er bak ei glasrute er at ein sinnsforstyrra person ein gong gjekk laus på statua med ein hammar. I fylgje ein svensk guide som kjem forbi med svenske turistar, så fekk manne lang fengselsstraff etterpå. Eg prøver å fotografera dei to pavane som framleis ligg på ein slags lit de parade under bronsemasker under kvart sitt altar, men det er ikkje så lett…
Ein stad er det eit forheng. Bak forhenget er paven sitt private kapell, og der slepp ein bare inn dersom ein vil inn for å be. Kven som skal bedømma kven som er verdige til å sleppa inn dit med bønene sine veit eg ikkje, men det er klart eg skal inn for å be. Der inne er det stille. Romet er pynta med kvite liljer, og framme i koret ligg munkar og nonner på kne for å be. Eg kneler på eit knefall bak ein benk, og blir ei lita stund ei bøn til Gud. Det kjennest litt spesielt å få vera i bøn i sjølvaste Peterskyrkja. Paven dukkar ikkje opp, men det var vel heller ikkje å venta. Det er viss på sundagar og onsdagar han brukar å gje seg til kjenne.
Sidan ser me alle skriftestolane, og eg leikar litt med tanken på korleis mon tru det kjennest å bruka ein slik. Opningsreplikken «Forgive me father for I have sinned,» kjenner eg jo frå amerikanske filmar, men så spørs det jo kor språksterke prestane er. Skulle eg avlegga eit skriftemål på italiensk, ville eg vera relativt målbunden.
Så ser me på Petersstatua der den eine foten er kyssa glatt og ugjenkjenneleg. Vågar nokon å kyssa foten i desse svineinfluensatidene, mon tru? Ein stad er det ein veg ned til krypta, oppe ved taket er det eit skjelett. Plutseleg står det ein bitteliten mann framfor oss. Han er samankrøka og ser ut som om han er nitti eller hundre år. Auga hans lyser intenst i mot oss. Han stråler mot oss og begynner å snakka. Han snakkar og snakkar og snakkar, medan han peikar ned i krypta. Memente mori, tenkjer eg… Kva han seier veit eg ikkje, men eg klarer å skjelna orda katolsk, evangelisk og protestantisk. Eg vil helst tru at han snakka om at alle står saman i Kristus, og at alle står på like fot. Det kan like gjerne vera noko heilt anna han sa, for italiensken min er heller ustødig. Eg møter blikket hans som er like brennande medan han snakkar og snakkar og snakkar. Eg smiler mot han. «Eg skulle ønska eg forstod deg, » seier eg på norsk. «Eg førstår du vil fortelja oss noko viktig, men eg forstår ikkje kva du seier.» Smilande ser han mot oss før me går kvar til vårt. Kanskje han trur me har forstått alt saman.
Ein time seinare står me i Det sixtinske kapellet og ser figurane langs kanten sitja der og dingla med føtene mot oss. Det er annleis enn eg trudde der inne. Det er mykje mindre enn eg trudde, og alle dei kjende figurane er malte tett i tett. Ei av vaktene har tydeleg til oppgåve å koma med kraftige hysjelydar og seia «Her inne skal det vera stille!» sånn ca kvart tredje minutt… Det finst mange rare jobbar der ute i verda, for eksempel å vera hysjar i Det sixtinske kapellet..
Etterpå er me så svoltne at me let oss lura trill rundt på ein fortausrestaurant i feil gate. Men sjå det er ei heilt anna historie, som HC Andersen ville ha sagt.
Heidi
I det me går ut av flyet på Leonardo Da Vinci- flyplassen utanfor Roma, slår det ein tung og fuktig varme i mot oss. Eg veit at me er tilbake i sommaren, og at det truleg er her sommaren skal avsluttast i for denne gongen. Det tar lang tid før bagasjen vår kjem rullande på bagasjebandet. Eg legg merke til at veldig mange har utruleg skitne og flekkete kofferter. Når min kjem, der sjokkrosa eg fekk låna av Sunniva, ser eg at han er den skitnaste av alle. Dei har tydelegvis fått hard medfart.
Utanfor ventar bilen frå hotellet, som me har bestemt oss for å unna oss å bli henta av i staden for å bruka buss og tog. Trafikken er heftig og rask, og eg takkar Gud for at ingen nokonsinne kjem til å tvinga meg til å kjøra bil i Roma. Snart er me framme på Campo dei Fiori. Me går ut av bilen. Varmen slår igjen mot oss. og får sveitten til å pipla. Hotellet ligg like ved. Det er som å bevega seg i eit kulisselandskap, bare det at kulissene ikkje er kulisser, men heilt ekte hus rundt piazzaer og campoar med fontener og statuer i midten.
Det er seks lange trapper opp til taketasjen der me skal bu. Heisen er bitteliten, eit slags einmannsbur som dinglar i synlege vaiarar. Eg har ikkje heisskrekk, men bestemmer meg for at det sikkert er god trim å frakta seg sjølv og den skitne rosa kofferten manuelt til toppen. Vel oppe er det ein nydeleg takterrasse med benker, bord, parasollar og blomar. Heidi og eg tek det eine romet, Anne Mette og Gry tek det andre. Sigrid vart dessverre sjuk og måtte bli heime. Så er me klare for å erobra Rom. Eg er glad for at garderoben min ber preg av at eg har budd ein månad i Spania i sommar. Veldig tynne sommarklær er det me kjem til å trenga. Eg flettar håret for å få det vekk frå ansiktet, finn fram solkrem faktor 20, og tek på meg dei tynnaste sandalane. Ute viser termometeret 32 grader.
Ute på Campo dei Fiori står Giordano Bruno i hettekappe og minnar om at her har det tidlegare vore ein rettarstad der folk vart dømde til døden. Nå er campoen ein gedigen marknadsstad. Akkurat nå er dei i ferd med å demontera bodene og spyla brusteinane. Det er uterestauranter overalt. Kvar av dei har ein mann med spesialkompetanse på å sjarmera turister, spesielt damer til å setja seg ned akkurat hos dei. Me let oss sjarmera av den første og beste, for nå er me veldig svoltne. Me bestiller bruschetta med ost , bruschetta med skinke, bruschetta med salt og olje, og bruschetta med olivenpaté. Me får vatn med kolsyre,vatn utan kolsyre og ei flaske kvitvin. Me et salat og store pizzaar med botn mest like sprø som flatbrød. Nå har reisa begynt. Ho ha begynt heilt på ekte. Me er akkurat i gang med det me har spart til i fire- fem år, og fire dagar i Roma kjennest framleis som eventyrleg lang tid.
Heidi