Gå til innhald

Æ leeit etter ein hybel i Trondhjæm…

Eldsteguten flytta til Trondheim for fjorten dagar sidan. Han skulle studera engelsk. Han hadde ikkje klart å finna seg ein stad å bu, men rekna med at det skulle ordna seg.  Det viste seg å vera lettare sagt enn gjort. Etter fjorten dagar med studier kombinert med hybelleiting, hybelvisning og endelause spaserturar rundt i byen, er han stadig like huslaus. Han har budd rundt hos snille menneske han kjenner, og sove på madrassar og sofaar med eit pledd over seg. I går var han så sliten av det heile at han spontant  heiv seg på nattoget frå Trondheim i går klokka elleve, og så  reiste han vidare med dagtoget heim. Nå skal han driva hybelspaning frå datamaskinen heime, medan han puggar grammatikk og les pensum. Dersom nokon skulle vita om eit krypinn i Trondheim, så vil han og foreldra hans bli djupt takknemlege.

I dag har eg vore på tur med far min. Me har vore hos farmor. Så i dag er det barnebarndagen min. Det er deilig avvekslande med ein dag i rollen som barn og barnebarn før ein vender nasen heim til eigne vaksne barn. Og så er det veldig koseleg å ha Odd Christian heime, sjølv om han altså helst vil til Trondheim. Nå ventar eg bare på at yngstemann skal koma heim. Dei fire andre var så trøytte alle saman etter skuleoppstart at dei søv allereie. Det drøymer eg og om å gjera.

Heidi

Z @

Sett at rettskrivinga vart frigitt ungdomelege forkortingar frå msn og sms… Kva ville det ha gjort med språket, mon tru? Er det der me kjem til å enda?

Eg må ha hjelp for å tolka ein del forkortingar, men mykje har eg lært. Sjølv skriv eg tekstmeldingane mine prektig og lærarflinkt med korrekt nynorsk staving, fulle setningar og komma på rett plass. Det er i allefall intensjonen min å gjera det… Ei venninne av meg sa at ho visste at viss ein sms kom over tre meldingar på grunn av plassen, så kom meldinga frå meg…

Elevane mine lurer allereie på korfor dei ikkje får lov til å skriva xtra L U og lol, når dei skriv tekstar, og på skrivekurset sist vart eg klar over kor mange engelske ord barn synest det er naturleg å blanda inn i norske tekstar. I reklamen får me vita at tunfisk biter, og at butikkane har lamme lår. Ungane går på sjino, og dei hentar seg eit par sjeks og litt kald drikke frå sjøleskapet. Det er blitt heilt umogleg å skjøna om ein ungdom meinar den 7. eller den 20.september. 

Alt dette er sikkert naturleg språkutvikling, og eg liker ikkje å tenkja på meg sjølv som ein bakstreversk grinebitar av ein lærar med raudblyanten klar til angrep.

I morgon startar eg eit nytt skrivekurs for barn, og kjærasten min synest at det er veldig gammaldags, og nærast litt på grensa til det komiske, at me ikkje brukar dataromet på skulen. Eg forsvarer meg med at det er så mykje teknisk som kan gå gale i systemet at eg orkar ikkje tanken på alt tullet det kjem til å bli med datamaskinane samtidig som eg skal tenkja kreativt.

Så er det det at eg er svak for langborda på heimkunnskapsromet. Eg liker å sitja der med tende stearinlys, og kanskje litt dempa musikk, medan blyantane skrapar mot papiret. Eg synest ikkje det er ein dum idé med rykande varm kakao i store krus heller når det er kaldt og mørkt ute.

Av og til nyt eg å få lov til å vera skikkeleg gammaldags… Og så ender det nok med at eg kjem diltande etter sånn etterkvart… Akkurat slik eg pleier…

Heidi

Yr

Han står framme i kyrkja og ventar. I hendene har han ein mikrofon og eit munnspel. I ein instrumentkoffert ligg det fleire munnspel og ventar. Kyrkja blir fylt av lyd. Lyden av bølger ute frå Sele, lyden av ei heimelaga vindharpe, lyden av keramikk som blir hamra, eit keyboard. Han begynner å bevega seg. Han tek eit par steg og rører armane sine. Han set munnspelet mot leppene og rommet blir magisk.

I kyrkja er det glassvindauge bak altertavla. Eg ser at det regnar ute. Det yrar små dropar som ein kan sjå om ein konsentrerer seg om å sjå det. Seinare blir det meir musikk. Salmer og klassisk musikk. Solomunnspel og samspel med kyrkjeorgelet. Dei såre bluestonane set seg i brystregionen ein stad. Her er me. Det er me som er her. Me som skal vera kyrkja med den opne famnen. Slik det står i visjonane.

Stille går folket fram til alterringen. Me går saman og på same tida aleine. Me går fram og tek i mot vin og brød.

Etterpå varmar me oss på kaffien. Steinar seier det er for seint å drikka kaffi, og eg seier at han ikkje må vera så fornuftig.

Ute er det framleis yr. Lufta er full av bittesmå dropar. Dei er så små at eg ikkje blir våt av dei. Eg tek jakken av og går heim med bare armar medan augustmørket kjem sigande. Det er framleis sommar. Eg går aleine heim. Yr og ør av liv.

Heidi

x-ar og y-ar

Ikkje x-ar i tydinga tidlegare kjærast, men x-ar og y-ar som ukjende faktorar for ein dag og for eit liv. Dei er det mange av, uansett kva grad av vanemenneske ein måtte rekna seg å vera. Nokon synest det er tryggast med dagar som er timeplanlagde og rutinelagde frå ende til annan, andre vil helst vita minst mogleg på førhand om ein optimal dag.

Men uansett, det meste veit ein ikkje på førehand, og det er vel like godt… Plutseleg kan ein bli stansa heilt av faktorar ein ikkje ante skulle koma. Dei siste vekene har eg tilfeldigvis vore i kontakt med fire personar som eg kjenner, som alle plutseleg opplevde at livet deira vart snudd opp ned av alvorleg sjukdom. Fellesnevnaren etter desse fire samtalane er at dei fleste av oss har ei sterk livsvilje og ein djup kjærleik til livet når me kjem i ekstreme livssituasjonar. Det merkelege er at det kan vera så vanskeleg å hugsa dette på vanlege kvardagar.

Eg les akkurat ei bok av Jostein Gaarder, slottet i Pyreneene, der gjennomgangstemaet er ei slags drøfting om kor vidt verda er tilfeldig sett saman, om det går synlege skjebnetrådar gjennom eit menneskeliv, eller om høgare makter har ei meining med menneska sine liv. Nå hadde eg skrive masse, som bare forsvann på grunn av ustabilt internett. Kven veit, kanskje det ikkje var meininga at det skulle stå på trykk…

Så då får dette bli lause tankar. Eg skal til kveldsgudsteneste, og må gå nå om eg skal nå det. Kor vidt livet mitt er nøye regissert, eller det meste blir tilfeldig skapt frå minutt til minutt, om det tenkjer eg ulikt etter tid og dag og situasjon. Men for meg gjev det meining å synga: Jeg er i Herrens hender, med alt som med meg skjer…

Og nå må eg altså gå viss eg skal få tid å greia håret og klina på meg ein tanke leppestift.

Heidi

What a wondeful world.

Det tek si dame å koma i gang med eit nytt skuleår. Men nå er me der. På onsdag måtte eg stoppa opp eit sekund og tenkja over om dette var første eller andre veka med elevar. Det er eit godt teikn…  Livet i skulen er nemleg slik at når ein står midt oppi det med begge beina, så kan ein ikkje hugsa at ein nokon gong eller nokon sinne har vore nokon annan plass.

Nå er seinsommaren her, akkurat like vemodig og akkurat like vakker som kvart år, me bare gløymer det mellom kvar gonng me er her. Det er så fint å ha Ingrid heime. Kvar ettermiddag og kveld ender eg opp med å besøkja henne i leilegheita i kjellaren vår, og der blir eg sitjande…  I går skulle eg og ho gå tur rundt vatnet. Midt i alle  «Skal-bare-aktivitetane» før me kom oss i veg, sette det inn med torever. Regnet fossa frå opne sluser og det tordna over takvinduet. Etter å ha vurdert risken for lynnedslag i håret, bestemte me oss for å legga i veg likevel.

Då me kom fram regna det ikkje lenger. Det lukta slik som det luktar i august når det nettopp har regna over mold og grus og lyng og gras. Vatnet var heilt svart på farge med kvitt skum i krusningane. Overalt blømde det lillarosa røsslyng som eit teppe over bakken. Raunbæra hang i tunge klasar over lilla lyng og grå steinar, akkurat som eg broderte landskapet inn i jentene sine bunadar.  Langs vegen vaks det tett med raude fluesoppar fulle av kvite prikkar, og på det svarte vatnet flaut det kvite vannliljer.

Eg måtte smaka på mikkelsbæra, for dei smakar av barndom, men krekling hadde eg ikkje tid til å leita etter. Ein stad undervegs begynte det  drypa att frå himmelen, og eg tredde over meg den side grøne regncapen, som får meg til å likna på ei hufse frå Mummidalen.

Heime venta det store skåler meg sprengmogne plommer. Alle plommene blir mogne sånn omtrent den same veka, og om ein ikkje et dei fort så blir dei øydelagde. August smakar plommer, rips og stikkelsbær. Kunsten er å stoppa i tide, før ein får vondt i magen.

Akkurat nå held to personar på å laga musikk til ting eg har skrive. Det er noko av det mest spennande eg veit å vera i slikt samarbeid. Nå ventar dagen på meg.
Heidi.

Var det ikkje deg eg såg?

Og aldri var du vakrare. Av og til lurer eg på kor flinke me er til å sjå einannan. Me navigerer rundt mellom tusenvis av ansikt og kroppar, men har ofte ikkje tid til å stansa opp og sjå.

På fredagskvelden hadde me den årlege garasjefesten heime hos sjefen min. Ho og mannen innreiar garasjen med gardinlengder langs veggene, langbord og levande lys.

Denne gongen regna det. Det silregna store deler av kvelden, og når det var på tide å trekkja ut av garasjen sat me tett saman under eit stort markisetak. Der under var det varmelampar og utepeis. Store deler av kvelden sat eg på ei trapp, tett, tett saman med andre og med eit felles teppe rundt flest mogleg av oss. Det var fint. Orda la seg som ei sky rundt oss og låtten steig mot himmelen.

I morgon kjem elevane. Me er klare nå, trur eg.

Heidi

Under over alle under,

alt tilgav han meg en gang.
Om hans underfulle nåde, vil jeg synge glad min sang.

Eg har vore i gravferd i dag. Der var det glad song, og ikkje tradisjonell sørgemusikk. Avdøde var soldat i frelsesarmeen gjennom eit langt liv, og far til ein god venn av meg. Dei siste to åra, vart han dregen lenger og lenger inn i ein demenstilstand. Noko av det siste som sat fast, var songane han hadde sunge saman med dei andre soldatane på gata og på møte.

Songen over; “Han skal åpne perleporten så at jeg får komme inn,” kunne han synga, med alle versa omtrent ordrett, sjølv om han hadde gløymt det meste av slikt som andre ting folk normalt går rundt og hugsar. Songen runga til glade tonar i kyrkja, med både piano og kyrkjeorgel på refrenget:

Han har åpnet perleporten,
så at jeg får komme inn,
for med blodet har han frelst meg,
og bevaret meg som sin.

I minnetalane var han igjen den aktive frelsessoldaten som sette andre før seg sjølv, og som utrøtteleg, og med glede og engasjement, gjorde det han følte seg kalla til for å gjera verda litt betre for medmenneska sine.

Før første salma, kom æresvakter frå frelsesarmeen inn med frelsesarmeen si fane. Det var kvite band på fana for å markera at det var ei glede å vera “Forfremmet til herligheten”, som det heiter i armeen. Under heile sermonien stod dei oppstilte rundt kista, med ansikta mot døra, som var dei klare til å ta han med seg og marsjera like til perleporten. Eg vart djupt rørt over alvoret og engasjementet deira, og over måten nærveret deira prega heile atmosfæren.

På eit tidspunkt i sermonien, kom strengemusikken inn og
song om Jesus som stod i himmelporten for å seia “Velkommen, venn!” Eg opplevde det sterkt og rørande at songane hadde eit anstrok av glede og jubel, snarare enn av sorg.

Då dei bar kista ut, gjekk dei framfor med fana, og då kista hadde blitt senka, og barn og oldebarn hadde lagt på kvar si raude rose,- då presten hadde skuffa på tre skuffer jord, vart fana senka tre gonger over kista. Den eine gongen hadde det festa seg ei raud rose i frynsene.

Gravferder kan vera veldig ulike einannan.
Det må vera godt å bli sungen ut av frelsesarmeen.

Fred over minnet.

Heidi

To dagar att av ferien.

Men ikkje av sommaren. Eg har nemleg bestemt oss for at nå går me inn i ein ny, lang og veldig vakker epoke som heiter seinsommar.

Kva eg skal bruka denne dagen til er eg ikkje sikker på endå, men noko fint skal det bli. Akkurat nå sit eg her med bare skuldre og bare føter og framleis ukjemma sommarhår. Eg drikk kaffi av det fine turkisblå kruset eg fekk av Sunniva ein gong. og pustar roleg ut og inn. Eit alternativ kunne vera å bruka deler av dagen til å få bukt med papirbunkene her på skrivebordet. Eg får kjenna litt etter om det er ein god nok nestsistedagsaktivitet…

I går fekk eg unna ein ganske stor skrivejobb, som har ligge meg litt tungt på skuldrene. Det kjennest veldig bra.
Syster og Elisa kom til sein middag etterpå. Ingrid laga spaghetti og kjøttsaus med masse kvitløk, og eg skar salat. Etterpå havna me på sofaane nede hos Ingrid med kaffi og sjokoladeis, lappar og bringebærsyltetøy. Syster og eg hadde gleda av ein lang pratekveld med dei store jentene våre, medan Halvard fylde huset med overnattingsgjester. Då eg la meg klokka halv to, lo og hoia dei der inne med TV-spel og ferdigpizza. Eg veit ikkje heilt om dei har stått opp endå…

Nå har eg tenkt å henga klesvasken ut på tørkestativet, sjølv om dei strengt tatt lovar regn på vermeldinga. Ein form for risikosport må vel eg og få driva… Det gjeld å velja sine arenaer. Oddvar går og verker med håpet om at han og kameratane skal klara å få kjøpt seg strikkhopp frå ei hundre og femti meter høg bru før sommaren er omme.

Om eg bare kunne hugsa kor eg har lagt hen alle korta i lommeboka som eg valde å ikkje ta med meg til Spania…
Eg får prøva å kobla på logikken…

I ein artikkel om bønneliv og meditasjon las eg om ei som hadde fått som råd å vera i ordlaus stille bøn 20 minutt to gonger til dagen. Ho jobba i ein kyrkjeleg stilling, og hadde fått lov til å gjera det i arbeidstida om eg hugsar rett. Det rare er at eg synest det høyrest så fint ut. 20 minutt stille bøn to gonger til dagen. Eg prøver forsiktig å nærma meg.

Heidi

Summen av liva våre.

Eg har nettopp avslutta ei bortimot magisk lesaroppleving etter å ha brukt morgonen til å lesa ferdig “The Sum of Our Lives”, av Isabel Allende. Eg hadde desperat behov for reiselektyre på flyplassen i Alicante, og klarte å skyta blink då eg skulle plukka i det relativt sparsommelege utvalet av engelskspråklege bøker.

Isabel Allende har skrive ein slags sjølvbiografi stila til dottera Paula som døydde av Porphyria, kva nå det måtte vera på norsk, for om lag tjue år sidan. Ho ville fortelja dottera alt som hadde skjedd sidan dei måtte skilja lag.

I boka skjer det noko magisk. Vanlege kvardagshendingar og vanleg levd liv blir løfta opp til å bli noko heilt spesielt, bortimot heilag for å strekka det langt.
Nå kan ein sjølvsagt innvenda “Vanleg og vanleg liv…” Er livet til Isabel Allende eit vanleg liv. Då blir sjølvsagt motspørsmålet; kven har eit vanleg liv då? Ikkje eg i alle fall, og heilt sikkert ikkje du heller. Kva ville skje med oss dersom me vart litt flinkare til å sjå magien i såkalla vanlege dagar?

I går kom Sunniva heim frå leir, så trøytt som bare det. Vilde kom og, og somna straks på sofaen i stova. Ho hadde nemleg ikkje kasta vekk leiren til å sova. Sunniva prøvde å rista såpass liv i henne at ho skulle få i seg eit par varme ostesmørbrød, men lukkast ikkje heilt. Etter ein ettermiddag i tilnærma koma på sofaen vår, vart Vilde henta av far sin. Ho måtte heim for å gjera seg klar til treningsleir i Danmark. Ingen kan beskylda jentene våre for å ha kasta bort ferien på å gjera ingenting.

Eg vart send ut for å kjøpa lørdagsgodt. Bestillinga frå Halvard gjekk ut på at det burde innehalda mest mogleg e-stoffer… Halvard havna på romet sitt med nokre sære filmgreier, medan Sunniva og eg vart inviterte ein etasje ned for å sjå film i leilegheita til Ingrid. Der låg me på to sofaar og knaska epler med godteskåla framfor oss på bordet og såg film, medan me prøvde å halda oss vakne.

Det er merkeleg at desse langbeinte, lyshåra unge damene er dei to små jentene mine. Sunniva måtte takka for seg før filmen var slutt fordi ho bare sovna. Eg fekk med meg handlinga fordi Ingrid var snill og oppdaterte meg når eg duppa av. Klokka elleve ringde Oddvar og spurde om eg ville ha aure. Han brukte lørdagskvelden på å dra aleine ut å fiska.

Og det ville eg. Eg har eit mest litt sentimentalt forhold til steikt aure. Då eg var barn og me var hos farmor og farfar om sommaren, rodde me ut på vatnet og fiska aure med oterfjøl. Sjøauren var heilt rosa i kjøtet akkurat som laks. Då me kom heim vende me han i mjøl med mykje salt og pepar i, og steikte han på steikepanna til sein kveldsmat. Steikeskorpa knaste mellom tennene.

Det er sundag, og eg skal prøva å samla og ordna livet mitt slik at eg blir ajour til skulestart i neste veke. Ein sommar går fort. Dei har allereie begynt å spela den der “En sommer er over”, som dei alltid spelar i radioen i august i tilfelle nokon skulle ha gått av akkurat den informasjonen… Dei er tidleg ute i år…

Heidi

Rips og grøne stikkelsbær.

I natt kom Oddvar og Ingrid frå Danmark. Eg hadde lova å vera roleg på morgonen slik at dei skulle få sova, men Ingrid er mykje meir A-menneske enn meg, så i dag morges var det ho som kom inn til meg for å klemma meg velkomen heim. Ho ynskte seg heimebakte rundstykke til frokost, og slikt kan ein ikkje seia nei til etter å ha vore frå ein annan i over ein månad. Ein time seinare sat eg, ho Oddvar og Hallvard ved kjøkkenbordet og åt varme rundstykke med ost og smør.

Eg har ikkje hatt bil desse dagane, men nå var han kome heim att. Eg hadde avtale med mor og far om å koma å plukka bær. Sidan bæra var godt mogne, og dei melde regn i morgon, tenkte eg at dagen gripast. Eg fekk med meg Oddvar og Ingrid, så slapp eg å kjøra sjølv.

Kvar gong eg har vore lenge borte ser eg på det norske livet mitt med nye auge. Eg ser huset mitt med friske auge, legg merke til kor mykje ungane har vakse, og oppdagar den norske naturen på ny. Eg ser at det er grønt og frodig og blondt, og eg ser kor fint det er med steinar og gras og masse sauer langs vegen.

Eg plukka ti liter sprengmogne rips, og far plukka ti liter grøne stikkelsbær til meg med hjelp frå Oddvar.
Så fekk me kaffi og mat ved kjøkkenbordet i foreldreheimen min.

I kveld har eg hatt venninnebesøk med rømmegraut med sukker og kanel, spekemat, eggerøre, mozarellaost med tomater og basilikum og friske bær med is og vaniljesaus til dessert. Ikkje dum meny i det heile tatt. Snart skal me til Roma. Det blir fint. Akkurat nå har eg forøvrig nok med å prøva å landa i Norge med heile meg.

Klokka går mot halv fire om natta, og eg er ikkje ferdig med å rydda etter gjestene. Eg lever med andre ord etter den lyriske teksten om ikkje å sova burt sumarnatta…
Problemet er bare; Når i all verda skal eg ta meg tid til å sova?

Heidi