Gå til innhald

x-faktorar

Noko av det fascinerande med å reisa med tog er at ein får eit uforpliktande møte med det ukjende.

Her hadde eg skrive om togreisa mi, og så mista eg teksten…

Eg hadde skrive om mennene som stod lenge på stajonen i Kristiansand og tok avskjed med kvarandre. Eg hadde skrive om ho som ville ha konduktøren til å opna togdøra med makt, om stolar i feil retning, og om å få stavsprangstavar ut av eit tog.

Eg orkar ikkje skriva alt om igjen, og selskapet får få ein eigen tekst. Nå er eg for trøytt.

Heidi

Ytterst ute og innerst inne

er tankane vare, sårbare og lite formulerte. Då er det kjenslene som rår. Dagen i dag har vore litt tannhjulaktig den og, men tannhjula har ikkje vore av stål. Kanskje delvis som musikk…

Som den observante lesar vil kunna fastslå så er eg litt trøytt og ør, men det kan jo vera eit fornuftig nok utgangspunkt for ein tekst…

Me har hatt tiandeklassefest. Tiandeklassingane kom rett frå muntleg eksamen, og eg går ut i frå at dei var veldig trøytte og øre dei og. Men konsert vart det. Med folketonar, jazz, gospel, Guns and roses, fiolinar, saksofonar, song og diktopplesing. Diktlesarjentene mine var til dels litt ukonsentrerte, men rødt vart eg.

Sunniva gjorde det ikkje fullt så godt på eksamen som ho hadde håpa, og ho var litt lei seg. Ho fekk vita at ho hadde bomma litt på oppgåva. Heldigvis var ho rask til å tørka tårene, få timar etter skulle ho synga solo, Georgia on my mind, dansa afrikanskinspirert dans, og vera med på å framføra to poetiske tekstar.

Før konserten hadde eg ein lang skuledag, mellom anna med prosjekt “Gjera ferdig alt på tekstilen.” Me putta inn alt me hadde av vaksne me kunne unnvera, stabla inn alle som ikkje var ferdige å sy forkle, og gav resten av elevane utetime.

Symaskinane gjekk seg varme og røde, nålene knakk i takt, og undertråden snorla seg til både her og der. Men me var målbevisste og behjelpelege, så nå er dei aller fleste ferdige med forklea sine. Me får ta eit oppsamlingsheat neste veke og.

Innimellom har eg teke telefonar og skrive mailar i håp om å få til ein busstur til Arne-Garborg-land komande onsdag. Det einaste som manglar på at det går i boks er om me får velvilje til å låna ein kommunal nøkkel. Det får eg prøva å finna ut av frå toget i morgon?

I tillegg hadde dei gjort feil på trykkeriet, slik at illustrasjonar og tekstar ikkje stemde overeins i boka vår… Det er ser ut til å ordna seg det og, etter at kulturskulerektor tok tak i saken. Eg er fullstendig ueigna i klagesaker…

Og i dag var dagen me hadde lova å rydda kostymelageret… Eg er nå heimom for å pakka kofferten og skriva blogg. I morgon klokka halv sju set eg meg på toget austover. Det skal bli uforpliktande og deilig.

Heidi

zeit, von, zu

aus, bei, mit, nach… Framleis sit tyske preposisjonsramser som spikra, og litt sånn kjennest dagen. Ein er på, i, under, ved sida av, oppi, bak, framfor det meste heile tida.

I dag har eg gjenoppdaga Charlie Chaplin. Sjølvsagt elska eg han då eg var barn. Då var stumfilmar framleis heilt topp barneunderhaldning, til og med om me ikkje høyrde lyden… Eg hugsar me stod utanfor fotobutikken heime på dagen for offentleg juleutstilling, og pressa nasane mot ruta for å sjå på Donald- filmar utan lyd, som vart viste på veggen innfor vindauget. Det høyrest ut som om det er 100 år sidan, det er det ikkje…

Sunniva har hatt prøveforedrag for meg to gonger i dag framfor eksamen i morgon. Der har ho klipp frå Charlie Chaplin sin legendariske “Modern Times” frå 1900.

Eg elska Chaplin då eg var lita, etterpå har eg tenkt på filmane hana som litt barnsleg underhaldning, litt avlegs og litt naivt. I dag oppdaga eg det på ny. Det er jo stor kunst. Denne vesle mannen med dådyrauge og sjela utanpå som slåst mot maskinar og tannhjul.

I dag har eg sitte med nødvendige skjema. Slike som skal fyllast ut om dette og hint ved skuleslutt. Eg skjønar dei er nødvendige, og ser at det ligg ei viss kvalitetssikring i det… Likevel, det er noko litt chaplinsk eller kafka- aktig ved det heile… Eg har aldri latt meg overbevisa om at verda, langt mindre levande menneske, kan fangast i eit skjema… Av og til let eg meg rett og slett provosera over alt ein skal ha ei meining om og alt som skal protokollførast med kryss i rett rubrikk. Det blir litt sånn
aus, bei, mit, nach, zeit, von, zu… og så er alt under kontroll…

Og litt Chaplin- i- tannhjul-aktig kan me vel alle føla oss av og til… , nå ringer for eksempel alarmklokka mi for å fortelja at eplekaka som står i omnen i anledning 10.-klassekonserten i morgon kanskje er ferdig nå…

Eg har litt av kvart eg burde finna av klesplagg framfor komande dagar. Eg må ta ein tur i vaskekjellaren og leita. Er eg i godt lune kan eg nynna som Kasper og Jesper og Jonatan: Jeg er sikker på jeg hadde dem i fjor…

Heidi

Ære til all god vilje.

I dag kom Sunniva opp til eksamen i norsk muntleg. I utgangspunktet var ho glad for det, for ho er flink i norsk og har gode karakterer i faget.

Då eg kom heim var ho nokså fortvila, for oppgåva var vid og uhandterleg. Ville moderne tider seia dei siste tiåra? Det trudde ho først, men i følge norskboka var “moderne tider” frå 1900 og fram til andre verdskrigen. Læraren hadde viss sagt noko om dei siste 50-60 åra, så her var det vær så god å bli forvirra, – og det var ho… På torsdag skal ho bruka 20 minutt på å overbevisa sensor og eksaminator om sine refleksjonar i emnet.

Nå er ho mykje rolegare og ved godt mot. Me har sett på det saman, og nå er både Henrik Ibsen, Edvard Munch, Amalie Schram og Jan Eggum fletta inn i oppgåva. I tillegg viser ho filmsnuttar frå YouTube med Charlie Chaplin og reklame for telenor. Får håpa ho får det til å bera seg. Dei har lov til å få hjelp, men kunsten er å hjelpa akkurat passe mykje, for det vil truleg avslørast nokså fort viss det ikkje er deira eigne tankar og refleksjonar som kjem fram.

Ingrid har site i kjellarleiligheita si og malt havhestar i dag. Tante Eva Mari har ønska seg eit havhestmaleri, og nå ser det ut til å ordna seg.

Sjølv har eg mekka på skrivekursboka via telefon. Ho ser fin ut, men stadig oppdagar eg småting me har oversett, eit manglande komma, eit bilete som står feilplassert… Eg gløymer alltid kor mykje arbeid det ligg i å ferdigstilla eit produkt.

Torun feirar sølvbryllaup i dag. All ære til henne og Torbjørn. For 25 år sidan var eg forlovar. Me sneik oss til
å gå polonese, sjølv om det var forbode å dansa i bryllaupslokalet. Noko av det eg hugsar best frå heile bryllaupet er ansiktsuttrykket på svigerfaren hennar då han gjekk polonese… Og lausriven bruddstykke frå bryllaupssongane. Ting med rim og rytme i klistrar seg til hjernen min. Ho bur for langt borte til at eg kunne gratulera med blomar på døra, men ein telefonsamtale kosta me på oss… Og etterpå gjekk det opp for meg at eg har vore gift med kjærasten min i nokså nøyaktig halve livet mitt.

Nå er det bare åtte skuledagar att før sommarferien. Eg synest me held dampen godt oppe. Det har ikkje vore så veldig mange veldig varme dagar, så me har unngått å ta mental ferie på grunn av sommarkjenningar.

Og eit og anna står det sanneleg att å gjera før eg tuslar heim og tek ferie…

Heidi

Øyre å høyra med.

Den som har øyre å høyra med høyr… Slik står det fleire stadar i bibelen, og heilt frå eg var lita har eg syntest at der er ei høgtideleg og snedig uttrykk. Kva då øyre? Kva då høyra? Det er så mange stemmar og me har så mange slags øyre… Kanskje sjela har øyre som høyrer vel så godt som dei reint fysiske? I den grad ein trur at mennesket har ei sjel?

Eg har blitt skikkeleg forkjøla, – viss det då ikkje er allergi som tettar hovudet og nasen. Eg har slafsa i meg både c-vitaminer og allergimedisin. I beste fall hjelper ein av delene. Ein tidleg kveld under dyna med ei god bok skulle kanskje heller ikkje vera så dumt?

Eg har fått fin og rørande presang i dag. Ingrid har malt til meg. Ho har malt ein narr med symbol for tru, håp og kjærleik på drakta. Ho veit at eg er svak for narrar og klovnar, og at eg ganske ofte lurar på om me rett og slett er klovnar i eit større skodespel.

Etter å ha ete kyllinggryte til middag, samla eg dei tre avgangselevane mine på drama for å øva til avslutningskonserten for alle tiandeklassingane våre komande tysdag. Først hadde me tenkt at dei skulle få spela ei scene frå “Snedronningen,” men me fann ut at det vart for innvikla å riva deira tre rollefigurar ut av handlinga. I staden skal dei lesa dikt.

Eg serverte jordbær og bollar og ein stabel dikt og diktbøker. Eg ville at dei skulle få velja sjølv. Og resultatet vart bra trur eg. Dei har vald ut to tekstar;
“Om barn” av Kahlil Gibran, og “Våg å være” av Hans Olav Mørk. Det blir eit dikt til dei andre ungdomane, og eit dikt til foreldra. Det blir bra slik… Her er smakebitar frå begge tekstane:

Da sa en kvinne som fulgte han:
Snakk til oss om barn.

Dine barn er ikke dine barn.
De er livets sønner og døtre med egne lengsler.
De kommer gjennom dere, men ikke fra dere,
og selv når dere er sammen med dem, tilhører de dere ikke.

Dere kan gi dem deres kjærlighet, men ikke deres tanker,
for de har egne tanker.
Dere kan gi hus til deres kropper, men ikke til deres sjeler.
For deres sjeler bor i morgendagens hus,
dem kan dere ikke besøke,
selv ikke i deres drømmer.

Dere kan strebe etter å ligne dem,
men ikke prøv å få dem til å ligne på dere.
For livet går ikke bakover,
og det dveler ikke ved i går.


Våg å være sårbar.
Ingen er av stein.
Våg å vise hvor du står.
Stå på egne bein.
Sterk er den som ser seg om
og velger veien selv.
Kanskje de som gjør deg vondt
er svakest likevel.

Og så skal dei fly ut i verda, som piler frå buen, for å bruka Kahlil Gibran sine bilete.

Eg har drukke isvatn frå kjøleskapet. Eg har ei mugge ståande med ein delt sitron frå Joffe sin spanske finca oppi.

Det er bra slik.

Heidi

Å stava eit sommaralfabet.

Eg vakna til ein sein morgon som smakte godt. Etterpå laga eg eplekake i den nye hjarteforma, for å ta med til onkel som fyller år i dag. Eg brukte omtrent dobbel så mange epler som vanleg. Dei låg tett i tett i heile hjartet med sukker og masse kanel på toppen.

Eg fekk lasta kake, hagebok og gammeldagse stripete drops i bilen til Oddvar. Sjølv ville eg helst gå. Heime hos foreldra mine regna og hagla det i føremiddag. Her hos oss, femten kilometer sørvest for dei, har det ikkje regna ein drope. Me dekka med blå duk på rundt hagebord i hagen til onkel. Så grilla me pølser og karbonadar. Nitten menneske var me til saman, og sola skein. Ungdomane spelte volley-ball og peonane stod frodige i bedet.

Så var det kaffi og bløtkake pynta med dei første norske jordbæra for i år, som var så gode at det mest vart gledeseksplosjonar inne i munnen. Men dei hadde vore frykteleg dyre og vart strengt rasjonerte. Syster kom med kanelkake og eg med eplekake, og så vart det sommarfest på oss i dag og.

I morgon skal eg prøva å fortelja heile historia om Haugtussa for alle elevane i 6. klasse. Eg kjem til å få hard konkurranse, for helsesyster kjem for å gje elevane vaksine. Truleg kjem ho til å henta dei ut i små grupper, og då vil det nok krevja det eg har av pedagogisk kløkt, og truleg endå meir, for å få dei til å halda fokus.

Eg måtte inn på nettet for å leita etter endå meir bakgrunnsstoff om Haugtussa. Av alle ting kom eg over ei oppgåve skriven av ein svensk songstudent, som hadde øvd inn songar frå Haugtussa til Grieg sin musikk. Til mi store overrasking fann eg ut at Veslemøy, eller Gislaug som ho eigentleg heiter, heiter Ingrid på svensk. – Ingrid, sannsigerskan…

Rart var set og å lesa hennar historie om Ingrid. Slik ho såg det for seg vaks Ingrid opp i den norske fjellheimen i lag med mor si og ein flokk geiter. Mi Veslemøy går og gjeter sauer på dei runde små haugane med utsikt over havet og det flataste landskapet i heile Norge.

Men oppgåva hennar var veldig mogen og interessant. Eg skulle svært gjerne høyrt denne jenta synga frå Haugtussa om Ingrid som forelskar seg i Jon.

Og nå skal eg leggja meg og meditera over dei same tekstane. Begeistringa mi for Haugtussa veks kvar gong eg les denne diktsyklusen, og det har eg i allefall gjort ein 6-7 gonger nå. I morgon skal eg prøva å sjarmera meg fram hos kultursjefen, slik at eg kan få låna nøkkel og ta med meg elevane mine inn i barndomsheimen til Arne Garborg… Me får sjå koss det går.

Heidi

Stor og rund sølvfarga fullmåne

heng like over horisonten i aust medan sola fargar himmelen med gult og oransje og gull over havflata i vest. Den opne, store juniblå natthimlen ligg som ei stor osteklokke over grøne enger og markblomane i grøftekantane.

Me er inne i den månaden då me ikkje burde sova fordi det er alt for vakkert ute, men samtidig er me inne i den månaden eg alltid ber på eit visst søvnunderskot og helst burde legga meg grytidleg.

I går kveld var eg på sommaravslutning. Det kjennest som om desse årlege festane med personalet kjem i tette rekkjer. Var det verkeleg eit år sidan sist? Det er svimlande å plutseleg vera planta i den aller vakraste årstida att. Eg var jo nettopp der, og så med eitt er eg her igjen og ser meg litt fortumla rundt.

Me hadde ein fin kveld med grilling av sommarmat, allsong og dans. Jan Ivar song “Woman in red” for meg saman med plata medan me dansa, og det kunne ha vore meg, for den raude silkekjolen låg klar i veska med høghæla raude skor, men eg kom aldri så langt at eg fekk skifta av meg dongeribuksa etter grillinga.

Kvelden gjekk forferdeleg fort, men eg takka nei til å bli med på nachspiel etterpå. Eg var trøytt etter travle veker, men det var så lyst og fint ute. Eg lengtar etter lange, lange kveldar med late morgonar etterpå. På slike kvelder skal ein sitja på ei trapp eller på ein stein langt ute i havgapet og føra lange samtalar medan natta langsomt går mot neste dag. Gitarspel og allsong kan og duga, eventuelt lange turar i måneskin heilt til det begynnar å bli lyst att.

Dette var dagen då eg skulle rekka det meste. Og noko har eg rukke, men langt frå alt… Eg har fått rydda og vaska stova og kjøkkenet. Så har eg og Ingrid vore på handlerunde. Først var me innom eit gartneri og kjøpte bleikrosa og lyseblå blomar. Så kjørte me til eit kjøpesenter og handla god mat.

Eg har planta blomane i det store bedet mpt vegen. Det er ei besynderleg blanding der av alle slags blomar i alle slags fargar. Så får me sjå til slutt om det blir kreativt, frodig og fargerikt eller bare rotete.

Dei store ungane er rett og slett blitt så store at det er heilt ok å vera heime ein laurdagskveld utan å kjenna at ein går glipp av noko stort. Både Odd Christian, Ingrid og Oddvar har vore i lag med oss her heime i kveld. Me har ete heimelaga pizza og kvitlauksmarinerte scampi. Så har me spelt alias og steikt vaflar. Det høyrest sånn omtrent overdrive idyllisk ut, og var veldig koseleg. Så var me ute og øvelseskjørte med Ingrid langs landevegane ute ved kysten, samtidig med at sola gjekk ned i havet. Nå sit eg her og prøver å festa ein fin dag til den digitale skriveblokka mi. Det er ikkje heilt lett med ein malande katt som insisterer på å spasera fram og tilbake på tastaturet medan ed skriv.

Månen er blitt bleikgul, og himmelen mørk indigo. Månen står i akkurat den vinkelen der ein ser andletsdraga hans mest tydleg. Eg trur han smiler.

Heidi

Cry me a river

Midt på dagen i dag hadde eg ei nydeleg oppleving. Ein tidlegare elev ved kulturskulen der eg arbeider hadde blitt tildelt noko dei kallar drøymestipendet. Me var inviterte til å vera med på overrekkjenga med ordførar ikledd ordførarkjede og andre viktige personar personar til stades. Sidan eg elskar å høyra Hege synga, var eg glad for å få vera med. Etter å ha teke i mot pengesjekk, diplom og masse blomar, haldt ho ein minikonsert for oss.

Under songen “Cry me a river” sat me kulturskulelærarar i mødrealderen og snufsa om kapp. Nokon har bare evna å formidla og berøra, og den gåva har ho fått. Eg sat omtrent og beit meg i leppa for ikkje å hulka høgt, for det hadde ikkje passa seg…

Om veldig kort tid skal eg gjera meg klar for sommaravslutning for personalet. Me er i avslutningssesongen. På onsdag var det sommaravslutningskveld med foreldre og elevar. Foreldra hadde planlagd ein forsommarkveld på stranda, og det fekk me.

Rett nok måtte me finna oss ei hole mellom sand-dynene eit stykke i frå sjølve stranda, for sjølv om sola skein så var vinden bitande kald. Fleire av dei tilstadeverande sat med vinterluer på, og ei av mødrene hadde funne fram selbuvottane. Men er det noko me har erfaring med på mine kantar av verda, så er det å handtera kald vind og anna utfordrande ver. me varma oss med pledd og minigrillar, og hadde det i grunnen ganske deilig…

På torsdag kveld var det siste kvelden med skrive-elevane mine. Me øvde litt til framføringa av tekstane våre på måndag om ei veke. Eg var tidleg på pletten og bakte sjokoladekake til dei som eg pynta med nonstop-blomar. Micro-popcorn hadde eg og planar om å bidra med. Etter oppskrifta på pakken stilde eg microbølgeovnen på fire minutt, og stod ved sida av for å passa på. Plutseleg gnistra det til, og så var det full brann inne i ovnen…

Eg vurderte om det luraste var å prøva å kvela elden, men det ende med at eg fekk den brennande posen over i vasken og pøste på med vatn. Ved sida av,i aulaen,var det høgtideleg møte for neste års førsteklasseforeldre med open dør mot gangen… Eg var litt redd for at popcornbrannen skulle kunna utløysa brannalarmen, eller at rektor og inspektør skulle koma springande inn fordi dei kjende lukt av røyk… Heldigvis fekk eg rydda opp og avverga større katastrofer.

Det var ei fin siste samling med høgtøesing og sjokoladekake. Fleire av dei skreiv lange brev i loggbøkene sine om kor kjekt det hadde vore å gå på skrivekurs, men at dei ikkje trudde dei hadde tid til å gå eit nytt kurs neste år. Eg forstår dei godt, på ein måte er dette eit avslutta kurs. Dei har vore glade og entusiastiske. Likevel strever eg litt med å gje slepp, same kva det skal vera at livet seier eg skal gje slepp på. Eg hadde ein klump i halsen då eg rydda, fordi eg kjende eg var i ferd med å avslutta eit kapittel. Slik har eg det alltid, same på kor høg tid det måtte vera å lukka den aktuelle døra. Aller anfang ist schwer, heiter det på tys. For eigen del vil eg leggja til: Aller Abscluss ist schwer… Viss det nå er det det heiter på tysk. Eg begynner å bli utrent i tysk grammatikk…

Og nå skal eg servera min eldste son pannekaker. Og så er det styling, well…, påkledning til festen. Eg sluttar omtrent der eg begynte, med å sitera den siste songen Hege song for oss…

I sing because I´m happy,
I sing because I´m free.
His eyes are on the sparrow,
and I know he wathces me.
His eyes are on the sparrow,
and I know he watches me.
He watches me.

Heidi

Ethel Ericsson

var det ho heitte ho som skreiv boka Flickan som inte fick finnast. Eg skreiv feil etternamn på forfattaren sist eg skreiv om boka.

Denne pocketboka raska eg litt tilfeldig med meg sist eg var bare såvidt over svenskegrensa. Eg likar best å lesa skandinaviske bøker på originalspråket, men dessverre er det vanskeleg å få tak i dei. Som regel er svenske og danske bøker omsette til norsk før dei kjem i hyllene i bokhandlar. Kanskje det har med omsetjarane sine arbeidsvilkår å gjera.

I alle fall; eg sprang omkrig i Töckfors, eller kor det nå var, og leitte etter ein bokhandel, noko det viste seg å ikkje vera i det heile tatt der i byen. Nok ein gong lurde eg på om eg var ein skikkeleg raring som ikkje primært kom til sverige for å kjøpa flesk og sprit og sigarettar…

Men på eit på daglegvarebutikken med uendelege hyllemeter kjøledisk med flesk og skinke fann eg eit lite stativ med pocketbøker. Eg fekk plukka med meg to av dei, og begge gav meg store lesaropplevingar.

Etter å ha lese og snufsa meg gjennom berndomsskildringane der ein får oppleva frå innsida korleis det er å vera eit barn som lever med mobbing på skulen og omsorgssvikt, mishandling og alkoholmisbruk i heimen, slo tanken meg at noko av dette ville eg lesa høgt i 6.klassen min.

Nå har eg snart lese heile boka. Eg trur dei vil bli klokare menneske av å ha fått vera med og dela desse mørke livserfaringane. Me har snakka mykje om det me har lese undervegs. I går las eg utdrag frå boka for skrive-elevane mine som er litt eldre. Det gjorde sterkt inntrykk på dei og.

Eg har mykje eg har lyst til å skriva, så eg kjem truleg tilbake seinare i dag. Akkurat nå ville eg bare oppfordra alle vaksne som les dette til å behandla alle barn dei har med å gjera med respekt og varme. Det kan vera det som gjer at livet deira blir til å halda ut, til å leva med, og til å veksa i. Me veit ikkje kva erfaringar unger ber med seg utan å våga å seia det høgt, men me veit at felles for alle løvetannbarn som klarer seg mot alle odds, er at nokon som var nære dei eller til og med meir perifere vaksne, gav dei livsmot og varme nok til at livet deira gjekk i pluss.

Ein av plussfaktorane i Ethel sitt liv var ein lege ho kanskje møtte 4-5 gonger i sitt liv. Han gav henne eit bilete av katten sin med ei personleg helsing bakpå…

Heidi

Junikveld…

Mai har forlete oss og slept juni til. Eg har fullført prosjektet eg har hatt i mange år om å skriva ein tekst kvar dag i mai, men eg klarer ikkje la vera å skriva litt i dag og.

Me helsa den første junidagen velkomen på ein verdig måte. Me stod tidleg opp, og klokka sju var me klare for “operasjon-henta-eldsteguten-heim- Bergen.”
Dette må vera den finaste av alle årstider, spesielt når sola skin frå klar himmel allereie tidleg på morgonen. Sjølv om me bomma på ferga, og måtte venta i femti minutt før ho kom, så var morgonlyset verd ein tidleg oppstandelse. Eg kjøpte meg eit plastkrus med tomatsuppe på ein automat ved ferjeleiet, la meg på magen på ein solvarm benk i lag med magasinet “Strek” og brukte den gratis timen på å prøva å setja meg inn i tankane i den nyaste boka til Magnus Malm.

Sjøen var spegelblank, og me sat ute på dekk i lag med spanske turistar som verkeleg lovpriste den norske naturen. På slike dagar kan ein verkeleg lura på kva som får oss til å reisa på ferie når paradiset finst her heime.
Ryfylkeøyane ein solblank junimorgon er så vakre at ein kunne vera frista til å ta til tårene, – og så gløymer ein kor surt og blåsande og kaldt det kan vera her resten av året, og om sommaren med…

Odd Christian kom og møtte oss etter at me hadde klart å rota oss litt vekk i nabolaget hans. Så kom den store oppgåva å få tinga hans inn i bilen. Til slutt vart det odelsguten som fekk dirigera, for me fann ut at han var den mest strategiske bilpakkaren. Sjølv meinte han at alle timane han hadde brukt på å spela tetris kunne forsvarast som vel anvent tid…

Bare det store skrivebordet me eingong kjøpte til han på Ikea, hadde me ikkje sjanse til å få med oss. Det var ikkje lett å få tak i Fretexfolk heller på 2.pinsedag. Det enda med at han og guten han har delt leiligheit med monterte det på ny, og håpa at husvertinna ville akseptera det som eit tilskudd til den delvis møblerte leiligheita. Ho var ikkje til å få tak på på telefon, men ho får heller ringa oss dersom det er eit problem.

Eg reiste heim med 12 glas, ei veske og ei dyne i fanget, og Odd Christian var omtrent begravd av gjenstandar. Senga og den store Afika- ryggsekken min tok me på taket i lag med bokhylla, og kryssa alle fingrar for at det heile skulle bli liggjande der til me kom heim… Det gjorde det…

Nå i kveld har eg halde fram med det veldig lystbetonte, men ganske store arbeidet å tilretteleggja delar av “Haugtussa” av Arne Garborg til bruk i sjetteklasse.
Eg sluttar av frå i kveld med nokre utruleg vakre linjer derifrå med temaet somma-regn:

Sunnan- regn,
sumar- regn
droplar lint frå lettslørd himmel
svalar sælt den heite lufta
doggar mjukt dei brende bakkar
drys og droplar godt og lenge
lækjar jorda, laugar våren,
held så etter velgjort arbeid
mildt og roleg opp mot kvelden.
Og det opnar seg og andar
blom og blad og alt som lever,
stylk og strå og friske lyngtopp
pors og brisk og beiske triblad,
andar ut si varme sæle,
i dei tusen, tusen angar,
til som balsam lufta fløymer.

Arne Garborg.

Heidi