Å ha slikt ver som dette dag etter dag etter dag, er meir enn me er vane med på desse kantar. Det er sånn ver me bare drøymer om. Me går tur midt på nettene og vaknar varme og øre klokka ti om morgonen.
I natt drøymde eg at eg forsov meg til jobben og vakna klokka ti. Det gjekk ei stund etter at eg hadde vakna før det gjekk opp for meg at eg faktisk har ferie. Kanskje det spøkte litt ein stad i hjernen at Odd Christian ikkje måtte forsova seg til den tidlege morgonvakta, etter at han hadde hatt fleire nattevakter og kveldsvakter på rad og var veldig trøytt i går kveld.
Det andre litt spesielle i draumen var at ein god del av sjetteklassingane våre hadde flytta inn her i huset, og var ein slags fosterbarn hos oss. Kanskje noko eg burde vurdera…
Blomane mine tørsta etter vatn sjølv om dei vart vatna i går ettermiddag. Kanskje me burde hatt større potter?
Eit nummer av Korsveimagasinet hadde landa i postkassa, og vart frokostkaffilektyre ute i sola. Korsveifestivalen går me glipp av i sommar. Det er litt trist, for det er noko a det finaste eg veit. Eg skulle gjerne ha høyrt på Magnus Malm, Ylva Eggehorn og dei andre som skal ha seminar der, og eg skulle gjerne ha vore på konsertar og site ved leirbåla om kvelden. Men nå blir det Spania i år, og det skal bli veldig fint det og.
Korsveibevegelsen er opptekne av korleis ein skal navigera i ei til tider såra og kald verd. Korleis skal ein bidra positivt til å lega alt som har gått gale, korleis skal ein vera eit godt medmenneske, og korleis skal ein bringa Kristus med seg ut i samfunnet? Dette er spørsmål som opptek meg og sterkt.
I bladet stod det om menneske som var innstilde på å danna nye og meir forpliktande fellesskap der ein forplikta seg til å gjennomføra daglege tidebøner, og forplikta seg til ulike ting som går på livsstil. Så haldt ein kontakten gjennom kvardagane og møttest ein gong i året til samtale og oppmuntring. Eg må innrømma at eg har tenkt på slike ting ei stund og kjenner dragninga. Eg må finna ut meir om dette er noko som eg verkeleg har lyst til å forplikta meg på og gå inn i.
Eg får avslutta tidsriktig med eit par linjer av Michael Jackson:
Heal the world, make it a better place, for you and for me and the common human race…
Og Lina Sandell har eg alltid med meg.
Hjälp mig Herre, at vad hälst mig händer,
taga ur din trogna Fadershand,
blott en dag ett ögonblick i sänder,
tills jag nått det goda land.
Ha ein nydeleg sommardag.
Heidi
Då eg hadde bittesmå barn lærde eg meg noko viktig: Ein kan ikkje venta på å ha tid og inspirasjon til å skriva, ein må plotta inn ein time eller to eit par gonger i veka og bestemma seg for at der og då skal eg skriva. Eg erfarte at det faktisk fungerte, og har sidan insistert på at visst let det seg gjera å skriva på kommando.
Dei sånn omtrent daglege innlegga på andesdrakt er resultat av noko av det same: Nå har eg eit kvarter ledig, nå vil eg skriva. Det å la eit eller anna, til sine tider nokså uoverveid, bli skrive her er mellom anna ein måte å trimma skrivemuskelen på…
I dag når eg skulle jobba med stykket mitt opplevde eg det som av og til kjennest bortimot magisk. Eg har strevd litt med å koma i gang, og i dag hadde eg lova meg sjølv at eg i allefall måtte prøva å bli ferdig med ein song.
Plutseleg var eg liksom inne i flyt og rytme, og så kom orda fortløpande, side opp og side ned med dialogar, monologar, songa og rappar. Eg skreiv som ein galen i seks timar, og kunne ikkje stoppa for å eta eller gjera andre ting fordi eg var redd for å koma ut av flyten. Til slutt sat eg der med noko som liknar veldig på eit manus, i alle fall på eit førstutkast. Før eg fekk tid til å tenkja meg om, sende eg det til samarbeidspartnerane mine med ei lang innleiing om at dette var å betrakta som eit førsteutkast, at mykje truleg ville bli forandra på, og at det meste kunne gjerast om.
Litt skummelt er det jo at eg faktisk har send det. Eg veit jo at det er uhøvla og upolert, og kanskje dei vil få feil inntrykk av kva eg er god for… Men då får det bare vera slik. Det er ei stor lette at eg er komen så langt…
Og dette vil gå inn i historia som den dagen verda vakna opp og fekk vita at Michael Jackson var død. Nokre dødsfall vil alltid sitja som spikra. Eg hugsar nøyaktig kor eg var då eg fekk vita om dødsfalla til Elvis Presley, Grace Kelly, John Lennon, Olof Palme, Kong Olav og
prinsesse Diana. I dag kom Ingrid inn og fortalde om Michael Jackson før eg hadde stått opp. Ikkje så å forstå at han har vore ein av mine store heltar. Mest av alt synest eg at historia hans er til å gråta av. Han var så openlyst full av talent, og så mykje gjekk så veldig galt.
Veret har vore heilt vidunderleg. Ved midnatt gjekk me ein times kveldstur. Ein kunne gå ute i tynne sommerklede, og det lukta så godt ute av jord og gras og jasmin og grillar, av utepeisar, tjøre og bork, og av gjærbakst med kanel. Er det ikkje rart at alle lukter kjennest sterkare og meir intense når det ikkje er heilt lyst ute?
I morgon skal eg ta meg råd til å vera ute i sola, ikkje bare skriva. Ingrid og eg brukte forøvrig føremiddagen på eit koseleg besøk hos foreldra mine, så det var ikkje bare tastaturaktivitet denne dagen heller.
Heidi
Heidi
margeritter, blodsdrope, hortensia, lavendel, basilikum og sitronmelisse. Eg tok Ingrid med meg til hagesenteret. Tidlegare har eg ikkje hatt tid, overskot og pengar til å prioritera hagearbeid. Det har eg vel forsåvidt ikkje nå heller, men eit fint bed framfor huset kunne vel la seg gjera? Og mange blomar i krukker på verandaen. Eg har alltid vore så glad i blomar.
Dessverre er markblomar, som eg aldri klarer å la vera å plukka, ein dårleg kombinasjon med høysnue. Eg plukkar til eg kjenner kitling nedover halsen, kløe i nasen, svie i augene, og får desse merkelege stramningane i hovudbotnen. Det er verd det, i alle fall ein gong av og til. Hageblomar går betre. Dei er truleg meir foredla enn prestekrager, kløver og blåklokker frå grøftekanten. Det er i grunnen god nok grunn til å kjøpa mange.
Seint på St.Hans-kvelden tok kjærasten min og eg oss ein tur ut for å fotografera. Veret var heilt nydeleg, akkurat slik me ville lika å framstilla norsk St. Hans i ein reklamefilm for Norge. http://www.flickr.com/photos/leif/3657614498/
http://www.flickr.com/photos/leif/3656818335/
Og visst er det vakkert?
I går føremiddag kjørte me Sunniva til flyplassen. Ho skal få vera på ferie i Hellas i tre veker i lag med Vilde, Elisa, tante og onkel. Eg ser henne ikkje på fire veker, for når ho kjem heim er eg reist til Spania. Eg saknar henne allereie, men så heldig ho er som får den sjansen.
Veret har vore ubegripeleg fint heilt sidan sundag, og dei melder at det skal vara sånn omtrent i ei veke til. Heldige oss. Eg prøver å fordela tida mi på å gå turar, skriva, gjera nødvendig arbeid i heimen, sola meg og ta kaffipausar med folk som måtte stikka innom.
Eg slit litt med å koma skikkeleg på innsida av skriveprosjektet mitt. Eg har drive mest research til nå for å finna ut kva eg skriv om. Eg har googla byhistorie opp og i mente, nå må eg bare prøva å fatta meg kort og enkelt. Målgruppa er små tilskoderar frå eitt til seks år. Det er truleg litt begrensa kor mykje eg bør leggja ut om folkevandringstida.
Heidi
whatever will be will be. Plutseleg spelte dei denne songen på radioen. Det er ganske merkeleg, for eg har gått og tenkt på denne teksten i dag. “The future`s not our to see, que sera sera…
Bestemor hadde denne plata i norsk versjon med Nora Brocksted. Ho hadde ein stabel store 78-plater med kvite papirkonvoluttar utpå med rundt hol i midten slik at me kunne lesa tittelen på songane. Eg fekk lov til å spela desse platene aleine, men eg måtte vera veldig forsiktig, for 78-plater hadde lett for å gå i stykker. Eg trur eg hugsar dei fleste tekstane i repetoiret utanåt framleis: Der björkarna susa, Å flyvende måke fortell, Møllerens Iren, Blåveispiken, engelskspråklege Adios amigo, adios my friend, og altså Nora Brocksted med “Det som skjer det skjer, jeg kan ikke si deg mer, hva fremtiden din vil gi, hva den enn må bli…” Allereie då trur eg at eg oppfatta teksten nokså fatalistisk, utan at eg hadde ord for det.
“Nå har jeg selv fått barn som spør; Hva tror du mamma, hva skal jeg bli, vil jeg bli vakker, vil jeg bli rik? Da kan jeg bare si: Det som skjer det skjer…” Eg hugsar at eg sat der og var fem år gammal og lurte på om det var slik det var, at eg ville få barn som ville stilla meg slike spørsmål…
Og barn har eg fått, men at venleik, lykke og rikdom ikkje ligg i mine hender har dei truleg forstått nokså tidleg. Men som menneske stoppar me vel opp med jamne mellomrom og spør: Kva har me i vente?
Det er godt å slippa å vita alle svara. Sjølv finn eg nok famleis meir trøst i utsagn som “fremtiden i våre hender” eller “framtida i Guds hender” enn “Que sera sera”, som eigentleg er nokså mager trøst.
Livet er sårbart. Ei eg kjenner gjennomgår truleg ein stor operasjon i dag. Tankane mine har vore mykje hos henne. Eg håpar at alt går bra.
Elles så sit eg her på nettet og rotar med framtid, fortid og nåtid på same tida. Eg har eit stort bestillingsverk eg skal arbeida fram nå i ferien. Det er tekstane til eit musikkspel for veldig små barn i samband med eit byjubileum i nabobyen. Det skumle med slike oppdrag er at ein sel skinn før ein har sett ein einaste bjørn… Men bjørnane brukar å koma, så eg let meg eigentleg ikkje stressa. Men eg finn ikkje så mykje historiske fakta som eg hadde håpa på internett. Eg må kanskje innom biblioteket i morgon. Eg har lova meg sjølv å jobba nokre timar kvar dag med dette prosjektet frå og med i dag av. Innan fredag kveld bør eg ha nokre songtekstar klare, tenkjer eg.
Det er jonsokaftan. I barndommen var det ein stor og viktig kveld med stort bål, trekkspel, syngande naboar, brus med hol i korken, og pølser på lange pinnar. Dei skulle vera så svidde at dei knaste mellom tennene og la att eit svart sotlag rundt munnen. Bare Gro Ingeborg hadde pølsene sine innepakka i metallfolie slik at dei ikkje skulle bli svidde. Fru Ousdal var forut for si tid. Ivar Murvold hadde med seg trekkspelet sitt, og litt utpå kvelden song han: “Trondhjæm, Trondhjæm at æ rest i fra dæ, at æ koinne finn på nokka slikt…”
Jonsokfeireinga har moderert seg kraftig. I kveld kan det tenkjast at me tek ein vaksentur ned til havet når det mørknar for å fotografera bål og solnedgang. Sunniva feirer med 7-8 vener på verandaen. Dei griller pølser og hamburgarar på grillen. Sunniva og Irene har laga fruktsalat ved kjøkenbordet og dekka bord der ute. Lillebror har fått amnesti til å vera med om han har lyst, me andre er diskret blitt oppfordra til å halda avstand…
Årets lysaste netter, den som kunne halda tida fast. Skandinaviske juninetter er det finaste eg veit.
Heidi
Eg hadde mest ikkje trudd at eg skulle koma i mål på ein dag, men det gjorde eg. Trommevirvel… Eg har ferie!
Sunniva sov på stranda i natt i lag med dei andre som nettopp gjekk ut tiande klasse. Ei litt bekymra mor innsåg at jenta er stor nok til å klara seg ei natt på stranda. Klokka fem i dag tidleg var ho inne for å seia i frå om at nå var ho og Vilde komne heim.
Eg skulle møta venninner i kveld på Kinarestaurranten på Klepp. I tråd med trimløftet mitt, så fann eg ut at eg skulle gå dit i staden for å kjøra bil. Det er godt og vel
6 1/2 kilometer dit, og med gåing til og frå jobben med innlagd butikktur og diverse turar opp og ned trapper med store bokbunker, så trur eg at dagens innsats må seiast å vera meir enn godkjend.
I radioen i føremiddag høyrde eg intervju med ei dame som hadde vore på Mont Everest og diverse andre høge fjell. Ho meinte at cluet var å setja seg eit mål og så gå for det. Merkeleg nok snakka me om akkurat slike ting i Sirdalen på fredag. Eg har aldri forstått heilt korfor nokre menneske bare må bestiga “Eversten” eller gå aleine på ski over Grønland sjølv om ein manglar begge armane…
Sett i relieff til desse tinga, skjønar eg utan vidare at ein fottur til Kleppekrossen er relativt puslete greier…
Tenk om eg får det for meg at eg bare må gå aleine over Antarktis… Eg torer ikkje tenkja på kva idear ein faktisk kan koma til å få…
Heidi
for å sitera Arne Garborg nok ein gong, og det bør ein absolutt gjera av og til.
Minst ein gong kvar sommar må eg opp på Tinghaug og sjå ut over Jæren. I føremiddag bestemte eg meg for at den gongen var i dag. Sola skein, det var passe varmt ute, og det passa godt inn i konseptet med å gå mest mogleg turar i ferien.
Så vandra eg opp den bratte Tinghaugbakken, der eg kan hugsa at eg gjekk med morfar lenge før eg begynte på skulen. Langs den smale, bratte grusvegen blømde og lyste det av markblomar, kløver, lupiner, luseblomar og mykje anna tett inn til steingardane. Vel oppe var det den same fantastiske utsikta som det alltid er i klart ver, utover heile Jæren og med strendene som ein bua blå mur i vest. Eg siterer ein førsteklassing som var me oss på skuletur på Tinghaug: “Nå ser eg at jorda er rund,” sa han og snudde seg i alle himmelretningar mot den sirkelforma synsranda som omgav oss på alle kantar.
På veg ned att frå sjølve haugen, falt eg for freistinga å legga meg på magen i graset for å slappa av litt i sola. Ein del slike ting kjennest det heilt ok å gjera når ein er to i lag, men når ein er aleine blir det annleis. Eg var snar å koma meg på føtene då eg oppdaga at det var andre i nærleiken… Dei som kom hadde med seg duer i trekassar. Eg lurer på om det kunne ha vore brevduer som skulle sleppast frå Tinghaug.
Vel ute på grusvegen att høyrde eg intens song frå det eg trur var ei lerke. Eg må innrømma at eg ikkje er så veldig flink på fuglelyder, men etter tirlinga å dømma trur eg at det må ha vore lerkesong. Jærnaturen ein fin dag rett innunder jonsok må vera nokre av dei vakraste kulissane ein kan ha kring eit menneskeliv.
Av alle ting fekk eg med meg ei hundeutstilling eg tilfeldigvis passerte på veg heim. Eg enda opp med å bli ståande for å sjå. Mellom anna deltok den mest stayla kongepuddelen eg nokon gong har sett. Løvemanken var krittkvit og fluffy, rundt aklar og hale hadde han kuleforma duskar. Til og med på ryggen hadde han to runde kvite snøballduskar. Hudffargen på dei områda der pelsen var kortkilpt, var så mørk at det såg ut som om han hadde på seg tronge svarte bukser… I dag på TV såg eg nokon som hadde kjøpt ei tatovering til hunden sin i form at eit kjøttbein. Verda er ein merkeleg plass.
Heidi
Det er sundag. Ferien har begynt. Dei seier at dette er den lysaste dagen i året. Eg pustar roleg ut og inn. I går klokka fem opna porten til ferien seg. Og i dag har eg leika min eigen dokter og foreskrive kropp og sjel ein heilt roleg dag der alt eg gjer skal kjennast lystbetont med låg puls.
På fredag sende me elevane heim for siste gong på befriande lenge. Kvelden før hadde eg laga 25 smørbrød pynta med jordbær, mandarinskiver, minitomatar og snackagurkar. Dei var laga på oppdrag til Sunniva sin avslutningsfest. Festen var tåredryppande vakker, med sekstenåringane marsjerande inn i prosesjon, kledde i bunadar og dressar: Niandeklassingane hadde ein kjempefin cabaret som dei framførde for oss. Halvard høyrde eg bare lyden av. For anledninga spela han piano, og eg kunne ikkje sjå han i det heile tatt frå der eg sat.
Sunniva og Kirsten haldt tale for foreldre og elevar, og eg vart oppriktig imponert av dei. Enten eg valde å betrakte det drå synsvinkelen “mor til den eine” eller “dramalæraren til dei begge”, kunne eg vel kanskje ikkje seiast å vera heilt nøytral. Sidan Eilen og eg var dobbelbooka denne kvelden, fekk ho idéen at me måtte ta snarvegen ut. Me kraup rett og slett under bordet for å ta bakdøra ut og koma først i den lange køen av menneske som skulle ned trappa. Dette gjorde me medan tiandeklassingane truleg hang rundt halsen på kvarandre og gråt over avskjeden…
Så småsprang me ned til mølla der feststemde kolleger var inne i siste avdeling av hyllingsfesten for vår høgt elska og verdsette inspektør, Sigvald som går av med pensjon. Han hadde merkeleg nok ikkje skjøna noko før sonen sette han av der tidlegare på kvelden. Spesielt sette eg pris på å få med meg Jens framføra songen eg hadde skrive til han Sigvald på melodien “Håvard Hedde”, akkompagnert av Anne Kristine. Nummeret vart finare enn eg hadde drøymt om.
Neste dag var det herleg å bare bli sitjande i ein stol på personalromet med restane frå festen i går, og drikka kaffi med kolleger som var sånn omtrent like utlada som eg sjølv. Levering av diverse skjema og frammøteprotokoll, samt rigging av ny arbeidsplass utsette eg glatt til måndag. Ein bør ikkje slutta av alt for brått…
Etter skulen bar det sånn omtrent rett i bilen for å møta barndomsvenninnene mine frå første klasse. Tre av oss skulle til Sirdal for å besøkja ei fjerde venninne som har busett oss der. Det er så nydeleg natur oppover, det var midsommarnattlyst ute, og veret veksla mellom sol og regn med ein fantastisk regnboge over Gjesdalkyrkja der eg gifta meg ein sommar for veldig lenge sidan.
Kvelden var blitt natt då me kjørde heim att, likevel var det så godt som lyst ute. Siste etappa heim, etter å ha takka dei andre for ein veldig fin kveld, kjørde eg sjølv. Eg kjende at søvn hadde vore ein mangelvare den siste månaden, og eg beit meg i underleppa medan eg kjørde for å vera sikker på å halda meg vaken. På radioen spelte dei nydeleg klassisk musikk.
Vel heime var det å stilla vekkerklokka på kvart over seks. Eg hadde nemleg lova å henta Chitu, sonen til mi venninne Linda i Morogoro, Tanzania, på nattoget og vera vertskap for han. Han skulle i eit norsk bryllaup om kvelden. Chitu har fått norsk vernepleieutdannign for nokre år sidan, og er nå i Norge for å ha sommarjobb på ein institusjon. Han er ein lett person å vera vertskap for. Saman såg me på bilete frå Mehayo, prosjektet Linda driv for psykisk utviklingshemma barn og ungdom. Det er ikkje først og fremst ein institusjon, men livet hennar og heimen hennar. Eg kjende at eg lengta tilbake til Morogoro og menneska eg møtte der. Afrika er ei anna verd, og eg kjem nok alltid til å lengta litt tilbake dit.
Etter å ha levert Chitu til hotellet der brurefolket skulle samla seg, reiste me rett til planleggingsmøte for sommarjobben min på Solgården seinare i sommar. Me åt melon og is og kaffi, snakka, lo og gledde oss til å koma ned.
Klokka fem i går begynte ferien. Fram til då hadde programmet våre tettpakka, og eg visste at der var målstreken. Med løfta armar passerte eg mål, og var trygt framme i sommarferien denne sommaren og. Vel heime åt me suppe med kjøttbollar og så parkerte eg på sofaen. Eg sov, les aviser og såg på eit program om kunstnaren Paul Klee. Eg hadde bedd kjærasten min ta ansvaret for at dei yngste tenåringane våre kom seg trygt heim, og la meg grytidleg. Nyyydeleg.
Visst har eg eit og anna og ordna med i sommarferien og, men denne dagen har eg fri. Den lysaste dagen i året. Det er ei berusande god kjensle at eg ikkje har noko som helst som skal vera klar til i morgon.
Heidi
Underleg å leva. Og godt.
Turen til Garborgheimen og Knudaheio vart veldig vellukka. Sola skein, bussen kom som avtalt og eg mista ikkje nøklane som eg var grundig formant om å passa godt på…
Eg elskar å fortelja om ting som interesserer meg. Historie er så spennande, og det å snika ein skotupp inn i ei tid som ikkje er mi, og inn i tankane til eit liv som ikkje er mitt. Det liker eg. Men eg vart liggjande å lesa til langt på natt for å ha mest mogleg å fortelja i tillegg til det eg visste frå før.
Han hadde ei fantastisk utsikt utover havet frå jærhytta si, Arne Garborg. Det er ikkje rart at han likte å sitja der og skriva. Begge plassane fortalde eg delvis ute for alle femti elevane, og delvis tok eg dei inn i husa i smågrupper.
I hagen i Knudaheio sat ungane i det høge graset i livd av steingarden og åt matpakkane sine. Plutseleg var det ein hoggorm der, ein ekte hoggorm med diamantmønster på ryggen. Det var skremmande og spennande på same tida, så forsvann han inn i steingarden og vart borte.
Etter skuleturen åt eg sommarlunsj med dei andre i kulturskulen. Oddny haddde kokt kyllingsuppe og brenneneslesuppe. Begge deler smakte heilt nydeleg. Me sat ute i hagen og nøyt junidagen.
Så var det tilbakelevering av nøkkel, og ja takk, det gjekk så fint så, det var veldig kjekt, og tusen takk for lånet.
Eg hadde sett for meg litt effektiv rydding vel tilbake på skulen, men eg var så trøytt at det gjekk heller trått. Det var mykje koselegare å sitja og snakka med Kirsten og Helen, først på personalromet, og så ute i sola som plutseleg, utan at me heilt oppdaga korleis og når gjekk over til ute i regnet.
Etter ein spurt heimom var det tilbake til åstaden for å vera med på Sunniva si danseforestilling, og så var det innkjøp og laging av middag. Nå har eg site her og hatt problem med å tiva meg laus frå skjermen. Den einaste avvekslinga den siste timen var å sjå ein veldig spennande straffespark-konkurranse i lag med dei tre gutane mine som sat og hylte framfor TV-en. Me vant…
Nå må eg ta tak i hestehalen som eg slett ikkje har og dra meg sjølv baklengs ned trappa. Eg er for trøytt til å rydda, men må bare få gjort det. Og kofferten min, ja den har eg lova meg sjølv å få pakka ut og sett bort i løpet av dagen.
Og her er dagens lenke til oppslag i lokalavisa om boka eg har skrive i lag med skrive-elevane mine.
http://jbl.no/modules/module_123/proxy.asp?C=17&I=33431&D=2&mid=21
Eg spurtar mot mål med pulsen dunkane i øyrene. Framleis har eg heile oppløpssida igjen, men det skal gå greitt…
Heidi
Eg bles med vinden. Prøver å kvila på han og ikkje stritta i mot. Eller kanskje det er akkurat det eg ikkje gjer. Kanskje eg står med begge bein solid planta i molda og bare let vindane blåsa gjennom håret mitt? Det er vel eit definisjonsspørsmål det som mykje anna.
Nå har eg bare to skuledagar at av dette skuleåret, for på fredagar har eg fri. Eg har nå tenkt meg nedom ein tur på fredag likevel, for å stryka elevane mine over håret og ynskja dei god sommar. Eg er trøytt, så det skal bli godt med ferie. Eg er trøytt som i søvnig, ikkje som i utsliten.
I går somna eg på sofaen etter å ha hatt skuledag og planlegging og skrivekursforestilling med presentasjon av den nye boka vår… Og så forsvann den dagen utan at eg rakk å pakka ut kofferten etter helga.
Sundagen hadde eg jo heime. Den dagen vart ein kombinasjon av litt av kvart. Først var det radiogudsteneste med rydding og vask av kjøkkenet, så øvelseskjørde Ingrid ut til den gamle prestegarden der me to var på kunstutstilling og kunne registrera at me ofte likar dei same bileta best. Så gjekk me tur i det landskapet som eg er overbevist om må vera blant dei vakraste på jorda.
Seinare på sundagen laga den store jenta mi ei stor gryte perfekte heimelaga kjøttkaker med ein saus som eg bare kunne misunna henne å ha fått til. Sjølv bidrog eg med poteter, gulrøter og varme vafler til dessert. Med Oddvar og Vilde er me åtte til bords. Eg likar ideen med storfamilie. Det er bare nødvendig å kunna kunsten å la rosa serviettar med kvite prikkar og levande lys i lysekrona overskygga alt som ikkje er i den orden og stand det helst skulle ha vore…
Nå skal eg ut og sjekka ut stoppestadane på Garborgekspedisjonen eg skal ta med elevane i morgon.
Alltid lurt å vera i forkant.
Heidi
Feiringa av Joffe sin 60.års dag vart ei veldig fin oppleving. Sidan dei bur i Venezuela nå, ser me alt for lite til dei.
For å vera sikker på at svigermor og svigerfar skulle orka å koma dit, hadde dei rett og slett lagt feiringa til stova deira.
Borda var dekka med kvite dukar, markblomar, liljekonvall og gule, raude og blå tallerknar og glas. Først fekk me store kvite nykokte asparges med gul hollandaise- saus. Så kom det
inn store fat med allslags skalldyr, reker, krabbe, sjøkreps og kongekrabbe, saman med sitron, loff, kviteseidsmør og majones. Det smakte så heilt utruleg godt, og plutseleg var det så veldig sommar.
Svigerfar haldt tale om den første tida med den nyfødde vesle guten for seksti år sidan i ei bittelita leiliheit der dei i staden for gardina dei ikkje hadde råd til, hengde opp gasbindlengder som svigermor hadde malt border på.
Det var så fredeleg og fint å sitja saman og eta den gode maten, og innimellom var det små talar. Denne familien har eg vore ein del av i meir enn 25 år, så på ein måte er det blitt min familie og, sjølv om det i utgangspunktet ikkje er det. Av og til tenkjer eg på at eg har hatt privilegiet av å høyra til i fem familiar, hos mormor og morfar, farmor og farfar, i familien der eg var barn med mor og far, bror og syster, i svigerfamilien, og i min eigen familie der eg er mor til fire ungar. Desse fem familiane er vidt forskjellige og gjer at eg har fått ei mangfaldig oppleving av ulike familiekulturar og familiestrukturar. På kvar sin måte har dei oppdradd meg.
Etter ei natt på sofaen hos Henrik og Eva Mari vart me vekte med nykokt kaffi og frukost med egg og bacon. Neste dag hekta me med oss hunden og spaserte tilbake til svigermor og svigerfar. På vegen kjøpte me fire korger norske jordbær, og så var eg innom Baker Hansen og kjøpte to papirposar fulle av muslibollar, noko som eg vil kalla den optimale nytinga av karbohydrat.
Så vart det eit nytt kalas, denne gongen ute i hagen der markjordbær og forglemmegei strålte uoppdragent mellom hageblomane. Åra går så fort. Dei eldste blir eldre og dei små blir vaksne. Livet er forgjengeleg, men framleis er det her alt saman.
Eg minner meg sjølv om dei kloke orda frå forkynnaren i bibelen. Lær oss å telja dagane våre, så me kan få visdom i hjartet.
Heidi