og sidan mai for meg er ein heilt spesiell månad, satsar eg på mitt tradisjonelle bloggeprosjekt i mai: Skriva her kvar einaste dag.
Kirsebærtreet har så smått begynt å bløma, bjørkene er i ferd med å bli bjørkegrøne, og andre tre er og i ferd med å bli grøne. Våren er i rute, og snart er det sommar. Men først av alt skal mai månad gå forbi og gjera noko med oss.
Dagen i dag hadde eg gitt meg sjølv i presang. Dette skulle vera dagen for å sova lenge, og for å ikkje jobba med noko som helst. Eg skulle bruka heile dagen til ting styrt etter lyst- og innfallsmetoden, for det er så lenge sidan eg har teke meg tid til slike dagar.
Etter ein lang frokost med Ingrid og Oddvar foreslo Sunniva at eg kunna steika vafler. Det er klart eg kunne det, det var lenge sidan sist. Så tok eg relativt frivillig ein toogeinhalvtimars oppvask. Den siste veka har oppvaskmaskinen vore ute av stand, og mykje hadde samla seg opp. Eg måtte koka tre store gryter med vatn etter at varmtvatnet var brukt opp… Og plutseleg var det langt på dag. Heldigvis har kjærasten min, sterkt assistert av Oddvar truleg klart å fiksa oppvaskmaskinen. Dei fann eit glasskår i pumpa.
Eg har henta Sunniva og fem venninner som hadde sett seg føre å bada i sjøen første mai. Det hadde dei gjennomført. Dei hadde bada i regn og Sunniva hadde symt litt. Eg ser på dette stuntet som ganske sprekt, det kan ikkje ha vore mange varmegradene i vatnet.
Eg og dei store jentene mine har vore hos mor og far og drukke kaffi. Det var noko av det eg hadde lyst til å prioritera på fridagen min. I morgon må eg prøva å skaffa allergitablettar. Augene svir og renn.
Og så er det altså mai igjen. Dette er den sterkaste av alle årstider. Mon tru kva me har i vente?
Heidi
Det er siste dagen i april. Me tek med oss elevane på fotoutstilling. Alle sjuandeklassingane i kommunen har vore med på eit fotoprosjekt. I lag med ein fotograf har dei fotografert kvarandre og nærmiljøet og laga fotoutstilling. Resultatet er djupt imponerande. Bileta lyser av tolv- trettenåringar sin sårbarhet, og av pågangsmot og energi. På bileta vekslar dei mellom å vera barn og tenåring med og uten masker. Noko i meg blir rørt ved på ein så sterk måte at eg må ta meg i saman for ikkje å begynna å gråta.
Det er femte skuletimen. Me har smugla alle elevane inn i gymsalen. Nå sit dei tett i tett på golvet medan Stig ringer rektor sitt kontor og seier at ho må koma og sjekka ut noko som ser farleg ut i gymsalen. Dei fniser og held handa for munnen for at det ikkje skal høyrast lydar på telefonen. Stig klatrar opp i ribbeveggen og gjev oss signal når han ser rektor koma over skulegarden. Nå rundar ho hjørnet, seier han. Spenninga er til å ta og føla på.
I det rektor opnar døra inn til gymsalen blir ho møtt av lyden av 400 barnestemmer ispedd dei litt djupare røystene til undervisningspersonale, sfo-tilsette og vaskepersonale. “Happy birthday to you!” Så blir ho geleida opp til scenen der ho blir oppvarta på alle vis. Heile veka har elevane visst om det hemmelege, me har laga brev, teikningar og songar. Alle har klart å halda tett, ogho har ikkje forstått at det var store ting i gjære.
På fredag er det skulefri, då skal rektor- Berit fylla seksti år. Klart det måtte markerast. Rørt sånn omtrent til tårer, sit ho der med Pippi-Langstrømpe- krone og smykke laga av seigmenn, omkransa av roser, gallakledde lærarar og syngande førsteklassingar. Munnen hennar er full av marshmallovs. Ho sette ny skulerekord med 23 marshmallovs i munnen samtidig, og elevane let seg imponera.
Klokka seks om kvelden er eg på veg til bygdemølla for å feira at Lise har fylt femti år. I rasande fart har eg lukkast i å laga ein ostepai som framleis er varm, og i å kle meg omi full fart tild kjøle med heklekantar. På trappa står ein mann og spelar trompet. Inne er det dekka bord til mange.
Overraskande møter eg Margun frå gymnasklassen min. Det er ikkje så ofte me ser ein annan, og for min og hennar del blir kvelden full av små og viktige forteljingar om det å leva.
Lise blir feira på beste vis. Ho får krans i håret og dikt og songar. Minst fire dyktige musikarar er på banen. Ho dansar mellom borda i lag med mor si medan me syng “Sønnavindsvalsen”, og saman syng me om Öppna landskap, i lyset av stearinlysa til augene blir store og blanke. Ein kunstnar ho kjenner har malt eit bilete som me alle får bidra med å gjera ferdig, og bror hennar som er fødd med Downs- syndrom, held ein varm og rørande tale.
Til slutt er det fleirstemd Taizesong og irsk velsigning.
Me har teke skrittet over i mainatta.
Heidi
“Gras luktar annnleis enn mose. Grass som er klipt med grasklippar luktar annleis enn gras som er blitt til lange brune strå. Jord luktar annleis enn gras. Jord luktar vått og fuktig og rått. Jord luktar heilt nydeleg.
Ein gong då eg var lita dytta eg mose med ein pinne gjennom ei sprekk i flaggstanga. Eg fekk moster til å hjelpa meg sjølv om ho er vaksen og nesten gammal.
Nokre gonger rullar me oss ned ein bakke med gras og høy. Det kitlar i magen. Av og til ligg eg og bror min eller eg og nokon andre tett inn til einannan med armane rundt kvarandre og rullar saman ned den same grasbakken. Det er humpete og kitlar mest endå meir i magen.”
Det er godt å tygga på enden av eit grasstrå. Grøne grasstrå smakar annleis enn dei som er blitt gamle og brune.”
Desse treminutts greiene får meg til å setja ord på små bitar av barndomen min. Det er ganske fascinerande. Det er så overkomeleg å laga bitar av ein tekst som bare skal ta plass som tilsvarer tre minuttar. Eg anbefaler andre å leika same leik som meg: Tre minutts minne frå du var lita. Kanskje festar eg endå fleire til tastaturet utan å vera tilkobla internett, for nå vart eg hekta på denne nye leiken…
Heidi
“Sommardagen luktar maling og nivea.
I ein kvit stige står ein mann med bare solbrende aksler. Han er onkelen min. Han har malekost i handa og eit spann med kvit maling.
På ein stol i hagen sit bestemor. Ho har kvite solbriller med gule glas og plukker solbær i eit spann. Mor heng opp kvite handlkle på tørkesnora, og morfar er i kjellaren og hentar raud brus. Dagen luktar nyslått gras og tjøre frå telefonstolpane.
Den andre onkelen min er elektrikar. Han kan klatra i telefonstolpar med telefonstolpesko. I hagen står eit trebord. Eit rundt trebord med hol i midten. I holet står ein stripete parasoll med spiss i enden som lagar eit nytt hol i grasplenen.”
I klassen min har me begynt med noko nytt. Eg skriv eit stikkord på tavla, og på klarsignal skal alle skriva om det temaet til alarmklokka ringer nøyaktig tre minutt seinare.
Etter at alarmen er gått er det ikkje lov til å skriva meir. Dette virkar faktisk ganske motiverande på alle som er med. Både barn og vaksne blir sitjande att med kjensla: Å nei, er det ikkje lov å skriva meir nå?
I kveld klarte eg ikkje dy meg. Eg måtte gje meg sjølv ein tre minuttars tekst her på andedrakt. Eg fann ut at eg skriv omtrent nøyaktig like fort på tastaturet som eg gjer med blyant. Det har eg faktisk lurt på om eg gjer…
Heidi
ikkje på Godot, men på at Sunniva skal bli ferdig med den pc-en som er tilkobla ein skrivar, kan eg jo skriva litt her…
Eg skal nemleg halda skrivekurs i morgon og snakka om at det er viktig å trena opp den skrivemuskulaturen som går direkte frå tanke til penn og tastatur… Nå må eg bare få printa ut manuset samt norskoppgåver og vekeplan i norsk før eg kan ta kvelden. Det er litt skummelt å halda kurs for ukjende vaksne med pedagogisk utdanning, men nå veit eg nøyaktig kva eg skal gjera, viss alt går som eg har tenkt, og då kjennest det heile mykje tryggare enn det gjorde i går kveld.
Då åt eg andebryst og torsk på blomkålpuré i lag med dei andre foredragshaldarane. Eg kjende opp til fleire av dei.
Sola skin framleis. I dag har eg klappa Waldemar på det silkemjuke hodet hans og gått tur med kjærasten. Fluene har oppdaga at det er vår.
Heidi
Måndagen er komen med nydeleg vårsol. Skuledagen var fin. I dag har eg blitt intervjua av ei som tek doktergrad i pedagogikk og ville dybdeintervjua lærarar. Nitti minutt hadde ho bedd om å få, men me snakka i over tre timar. Det var så interessant å ha nokon som haldt spegelen slik at eg kunne få spegla mitt syn på skulen i meir enn fem minutt om gongen… Og eg kom fram til at eg er einig med meg sjølv og skal våga å stå for det eg trur på…
Eg prøver å begrensa tida eg brukar på jobbrelatert aktivitet. Det er ikkje lett. Av og til fungerer eg på grensa til å vera arbeidsnarkoman. Men det er vanskeleg å sjå korleis eg skulle gjera jobben min bra nok og bruka færre timar… Korleis i all verda fekk eg det til då eg hadde fire relativt små barn?
Eg har ete middag med Sunniva. Indisk kyllingsuppe til meg og tandoori-kylling til henne. Ho er blitt så vaksen. Ho som er den vesle jenta mi… Ho viste meg skrivemappa si, og eg vart imponert. Imponert over korleis ho klarte å setja ord på tankane sine og imponert over formuleringane.
Far til Anne Frank sa at etter å ha lese dagboka hennar var han oppriktig forbausa over kor dårleg han hadde kjend dotter si. Dei levde innesperra side om side i fleire år, han trudde dei stod einannan nær, men då han las dagboka forstod han kor lite han hadde forstått.
Slik er det. Dei er barn av livet med eigne tankar og lengsler, som Kahlil Gibran uttrykkjer det. Og me må la dei ta til vingene og fly.
Sjølv ville eg helst fly langt i kveld, ned til havet eller ut i skogen. Det er så fint ute. Men eg må ned og rydda kjøkkenet, så må eg laga norskopplegget for neste veke og førebu eit kurs eg skal halda på torsdag. Eg skal halda kurs i korleis ein jobbar med skapande skriving med barn og ungdomar. Eg har ikkje tenkt å stå med kompendium og powerpointpresentasjon. Eg har tenkt å få deltakarane til å skriva sjølv for å kjenna prosessane i kroppen og i skrivehanda. Eg håpar eg vil lukkast… Og så lurer eg på korfor eg sa ja då eg vart spurt… Det er ikkje fordi eg har fritidsproblem, og ikkje fordi det vil gjera meg rikare på gods og gull…
På laurdag vart eg barnsleg glad då eg oppdaga at ei av mine salmer er med i det som er eit forslag til ny salmebok for den norske kyrkja. Ei i sjølve salmeboka og ei i salmebokstillegget. Og så ei salme om kjærleik som eg har omsett frå engelsk frå Iona-kommuniteten. Eg veit at det er litt av eit nålauga å koma in i salmeboka og måtte sjekka på internett tre- fire gonger for å sjå om det verkeleg kunne vera sant… Men forslaget skal ut til høyring, så framleis kan det meste skje…
Til rors Columbus. Sola skin, kjøkkenet druknar, og her sit eg…
Heidi
Den siste veka har eg lese Sigrun Slapgaard sin Sigrid Undset-biografi. For ei dame den gode Sigrid må ha vore. Sterk, steil og uforsonleg. Eg elskar biografisjangeren. Det er så interessant å få kikka inn i andre sitt liv og tankebanar.
Ofte kan eg spegla meg i eit og anna av det eg les, men Sigrid Undset er så grunnleggjande forskjellig frå meg at det er fascinerande. I alle fall viss biografen har klart å få tak i mennesket bak det levde livet, og det må ein vel kunna gå ut i frå. Eg kjenner meg stort sett ikkje att i noko som helst av det som blir skildra frå livet hennar…
Eg har høge tankar om forfattaren Sigrid Undset. Eg elskar middelalder-romanane hennar. Minst tre gonger har eg lese dei frå perm til perm. Eg har lese så eg syntest eg kjende dei ut og inn, Kristin og Erlend, Olav og Ingunn. For dei som måtte ha reisa gjennom desse bøkene til gode, de er med dette råda til å gå i gang.
I går var eg på Mari Boine konsert med Karin og Gunn. Scenen var røyklagd, eller kanskje det var damp og ikkje røyk? Lyssettinga mot dette tåketeppet illuderte nordlys og kvite og svarte netter. Røyken og lyset vart til eit veldig spennande scenebilete. Stemmen hennar er verkeleg noko for seg sjølv og stemmekontrollen er imponerande. Ho leiker seg i skjæringspunktet mellom joik, jazz og rock på ein underfundig måte. Ho ser forresten utruleg ung ut til å vera eit par og femti år. Det forsterker lettinga eg følte då det gjekk opp for meg at ein ikkje treng å bli “alt for vaksen”, sjølv om ein blir “vaksen.” Eg hadde nemleg grudd meg heile barndomen til å måtta bli vaksen, og så var det mykje mindre revolusjonerande enn eg hadde trudd… Eg fekk lov til å vera den same som før, eg bare samlar på erfaringar… Eg trur eg var eit vakse barn, og eg trur eg er ein barnsleg vaksen. Begge deler kjennest heilt ok.
Eg er trøytt etter ei intens helg med sol og vår, gjester og husvask og salsakurs. Veka som kjem vil koma til å kreva si dame. Eg får nok leggja meg tidleg i kveld, og heller koma sterkt tilbake etterkvart… Tenk så praktisk det hadde vore å ikkje vera avhengig av søvn…
Heidi
I dag fekk eg helsa på vesle nyfødde Waldemar. Han var innom på personalromet i lag med mor si. Eg fekk halda det bittelille livet, vogga han og gje han pumpemjølk frå flaske.
Ingenting kan måla seg med kjensla av eit nyfødd barn i armane. Det er som om verda opnar seg mot det evige. Nyfødde barn har avgrunnsdjupe blikk, og dei luktar betre enn noko eg kan tenkja meg.
Velkomen til verda. Måtte reisa di bli god.
Eg skulle ynskja at ein aldri vart for gammal, for trøytt eller for travel til å ta hand om eit spebarn til ei kvar tid…
Eg er viss ikkje heilt riktig vel bevart på det punktet.
Heidi
På toget møtte eg ei dame frå Egypt. Ho baud på heimetørka druer. Dei var fem gonger så store som rosiner. Høfleg tok eg i mot to frå den store plastposen ho bar på. Då stakk ho sjølv hånda ned i posen og la to handfuller i fanget mitt. Ho likte å bu i Norge fordi nordmenn var så snille, sa ho.
På vegen heim kom det på ein mann som var langt i frå edru. Han hadde tydeleg eit ganske stort alkoholproblem og hadde litt av kvart i veska si. Han sette seg på setet ved sida av mitt. Snart lukta kupéen så sterkt av oppkast og andre kroppslukter at eg tok med meg veska for å sjå om eg fant ein rolegare plass å slå meg til. Det gjorde eg, og duppa av midt i boka eg hadde med meg.
Eg vakna av den same mannen stod over meg. Han lurte på kor den konduktøren var som hadde teke seg av bagasjen hans, for nå var han kasta av toget. Konduktøren kom og sa roleg til han at :“Ja nå hadde du ingenting å gå på, og det hadde du fått klar beskjed om…” Og eg kjende på kor trist det må vera å bli kasta av toget.
På toget var det ein annan nokså feststemd og høgrøysta gjeng, og konduktøren betrudde meg at tenåringar på femti var dei som det var aller vanskelegast å roa ned, og at han godt forstod at eg hadde funne meg ein rolegare plass
Frå min rolege og skjerma plass i den første vogna fekk eg lese ut
Torvald Tu biografien og halve Sigrid Undset biografien. Gje meg ei veke på toget og ein koffert full av bøker.
Nå er eg komen heim frå siste liturgigruppemøtet i Oslo. Det har vore fint å vera med, og i tillegg har det gitt meg nokså nøyaktig hundre og femti interessante timar på toget.
På veg heim sende Kari meg fylgjande kloke sitat av Margarethe Melin:
“Jeg tror på en kjærlighet som danser og synger uten tanke på nytte, og like selvfølgelig stanser opp hos den som lider og deler smerten.”
Den kjærleiken trur eg og på.
Heidi
… fem, seks, sju…
På fredag var eg på mitt første salsakurs nokonsinne og i salsa tel ein på den måten fordi ein kviler på fire og åtte-.
Det glir greitt inn i rytmen i livet mitt. Det er ikkje alltid eg får med meg alle slaga der heller.
På fredag ramla det inn ei purring på ein legetime eg trudde eg hadde betalt for månadar sidan, men det hadde eg tydelegvis ikkje gjort. På torsdag ringde dei frå ein gullsmedbutikk og fortalde at eg hadde levert to søljer til reparasjon for fem år sidan og aldri henta dei… Då eg beklaga forsikra dei meg om at det var heilt normalt, folk gjorde slikt heile tida…
Salsakurset var eigentleg slett ikkje så verst. Kjærasten min har det med å bli heilt hekta på ting, og det siste året har han vore heilt hekta på dans. Og så får eg dilta med litt sånn av og til. Bonusen med å halda i lag med folk som totalt let seg fascinera av dei mest uforutseielege ting er at det dryp litt på meg og…
I dag har me vandra rundt inne i byen. Som eit alternativ til dei sundagsturane gode nordmenn tek i skog og mark, hender det at me tek bilen inn til byen og vandrar omkring i gatene. Den obligatoriske kvikk-lunsj og appelsinpausen blir då erstatta med kaffi og sundagsaviser på ein kafé i sentrum.
Ei helg går så fort så fort. Eg har rukke å gjera mykje, men skulle gjerne hatt litt fleire timar før det blir kvelden.
I dag var eg forsinka på veg til gudsteneste og snudde fordi eg innsåg at eg var alt for seint ute. I staden fekk eg med meg gudstenesta på radio og fekk vaska eit klissete kjøkken.
Så sant eg kan kjem eg meg i kyrkja på sundagar. Av og til er det eit ork og ei viljeshandling å koma seg dit i tide, men det er noko i kyrkja som ein del av meg alltid lengtar etter. Det er som den bibelske forteljinga om denne perla i åkeren som får finnaren til å oppleva alt anna som bagatellmessig bare ein får behalda perla. I meg har eg alltid drifta til å søkja mystikken og mysteriet, i praksis er det ikkje alltid eg får til å prioria det.
Ute er det skiftesvis blå himmel og skiftesvis lett regn. nokre av trea har fått grønt skjær og grøne museøyrer, og i vårdagen dirrar lett av uroleg vårmelankoli.
Og der ringde nokre venninner og vil ha meg med på eit arrangement i ei kyrkje i nærleiken. Akkurat nå. Eg får bare springa så eg ikkje går glipp av perler for andra gongen i dag.
Heidi