Gå til innhald

Kveldslyset er utruleg nå i kveld.

Eg ligg på magen på golvet hos Aller Kjæraste Syster og skriv på den berbare datamaskinen til Vilde Marie. Halvard, Vilde og Sunniva går og klirrar med magedansbelter frå Istanbul. På bordet er det oransje gladiolusar og brennande lys. Syster har og hanka med seg ei stor vannpipe frå Istanbul som står på eit bord i hjørnet. Ho har invitert meg til å prøva, men eg har takka høfleg nei…

Syster har nettopp guida meg litt i facebook, som eg til nå aldri har vore inne i. Eg trur framleis at eg skal stå over det kapittelet. Eg har jo mitt eige kryp-inn her på andedrakt. Før var det ankomst bare for inviterte men nå ynskjer eg velkomen inn med vidopen dør. Akkurat nå driv kjærasten min og syster instruksjon i korleis ein legg ut bilete på Flickr. Familien Datanerd?

Eg feira pinsedag med høgtidsgudsteneste i kyrkja. Det var fint, og postludiet løfta oss ut av romet og vidare. Eg har av og til intensjonar om å vera raskt heime att etter gudstenesta for å få maksimalt ut av resten av dagen, men eg klarer det aldri. -Og det er sikkert eit godt teikn…

Etter ein tur innom jobb for å henta litt forskjellige ting til småpusling i heimen, fekk eg melding på mobilen om at dei andre hadde dradd til golfbanen. Eg var så trøytt, og så sovna eg likegodt og sov i fleire timar. Kjærasten min vekte meg med wokmat. Kinesiske grønsaker, kjøttbollar og oksekjøt i saus av karri og kokosmjølk, eller noko slikt.

Dagens innsats for Jeppe på Bjerget var å gjera klar kjeledressen til rottefangaren. Eg har klipt ut bokstavar i raud filt og ei rotte i grå filt og sydd fast på ryggen. Det gav meg assosiasjonen til jakken eg hadde då eg var russ. Det var ein svart speilfløyeljakke med namnet mitt i raude filtbokstavar og eit kristenruss-symbol i filt. Og det er faktisk meir enn 27 år sidan den kvelden eg sat heime på romet mitt og sydde det på.

Eg har sett film i lag med Sunniva, Halvard og Vilde. Eg elskar å pakka meg tett saman med ungane mine i ein sofa med tepper og puter rundt oss på alle kantar og sjå film.

Den ikkje heilt uventa sorga til morgonen i dag, var at fugleungen låg død i buret. Eg hadde ei kjensle av at me trass iherdig innsats på matingsfronten i går, ikkje kunne klara å overta etter foreldre med venger og instinkt for kva ein puttar i nebbet på gapande små dunkledde liv.
Eg hadde advart Halvard og sagt at dette hadde me ikkje særleg gode sjansar for å lukkast med, men han er optimist i det lengste.

Minneorda på den vesle kista denne helga var kort og fyndig og på engelsk: “We tried!” -og det gjorde me verkeleg, sjølv om eg trur den velse skapningen hadde hatt vel så store sjansar til å klara seg om dei hadde latt han liggja i fred på bakken der dei fant han.

Og eg har blitt fortald at i-poden eg fekk til gebursdagen min ikkje er ein i-pod, men ein mp3- spelar. Eg har aldri lært meg kva som er forskjellen. Kjærasten min har fylt han opp med musikk. Kanskje det er innan rekkevidde at eg lærar meg korleis eg gjer det sjølv.

Det er fri i morgon og. Andredagar er fine saker.

Heidi

Blind date i Storgata.

Eller kanskje “Som pinseaften på kjerringa?”

Nokre dagar er det vaskeleg å velja heading…

Eg vakna ikkje før klokka var mest elleve, og då vakna eg av at fugleungen på Halvard sitt rom ropte på mat. Hovudverken eg vakna til er ei fylgje av at eg kan stå på så lenge som helst når eg held tempoet oppe, men så kjenner eg kor trøytt eg er når eg kan lena meg tilbake.

Eg ordinerte for meg sjølv to paracet, ein kopp varm sterk kaffi og morgonavis. Dessverre viste det seg at me var heilt tome for kaffi. Sidan sola skein så fint og byen vår kokte av menneske akkurat i dag, vart medisin nummer to å gå ein lang bedageleg tur og kikka på liv og menneske.

I Storgata var det liv over alt. Det var sal av varme lappar med jordbærsyltetøy og grillpølser rett frå grillen. Det vart spela musikk, og det var moteshow og mattelt på torget. Utanfor banken stod to handfullar frelsessoldatar og song med tonefylgje frå gitar og mandolin: “Send bud på Han som alle ting gjør vel.”

Det spennande med Storgata slike dagar er at du er garantert å møta folk du kjenner, men du veit aldri kven. Sånn sett blir det noko bortimot ein form for blind date. Eg møtte nokon eg ikkje har sett på kjempelenge. Eg møtte mellom mange andre, ei eg har kjend i heile mitt liv, som mista mannen sin for to veker sidan. Det var fint å få gitt ein klem og utveksla nokre setningar.

Eg kjøpte med meg napoleonskake, og gjekk bort til onkelen min, som for tida ikkje kjem seg så langt på grunn av vonde kne. I hagen hans plukka eg ein gigantisk bukett med liljekonvall omkransa av raude alperoser. På veg heim gjennom Storgata var det fleire som kommenterte dei fine blomane. Det er skikkeleg luksus å ha fritt leide til å forsyna seg.

Presangane dryp framleis inn. Fryd og Gry har vore innom med post-it-blokk der der står “med klem frå Heidi” på alle lappane. Gerd kom med oleander og ein anna plante i to små potter. Det står at plantene veks i buskformasjon og kan bli 2-3 meter høge. Betyr det at dei må plantast inntil ein vegg med espalier, mon tru?

I går kveld fekk eg i-pod av kjærasten min. Det blir spennande, det har eg aldri hatt før, men eg må få hjelp til å leggja inn musikk. I kveld kom Jan og Bjørg og Ida og Tonje innom med teklype, te og teboks.

Etter turen ut sette eg meg til med kaffi og aviser, og kjærasten min sa at me ikkje måtte venta alt for lenge med å handla i tilfelle dei stengde tidlegare på pinseaften. Eg sa at det sikkert var sant og klokt, og så drakk eg endå meir kaffi.

Då eg kom til butikken klokka fire, stengde døra rett framfor nasen min, og det viste seg at fire var stengetid på alle butikkar i dag. Kjøleskapet vårt var endå tomare enn vanleg, og saman med andre menneske med manglande kontroll over livet sitt vart eg ståande i kø på ein bensinstasjon, der eg fekk kjøpt kaffi, mjøl, potetgull, farris. brus og lørdagsgodt… Så reiste eg heim og bakte bollar for å ha noko å by barn og gjester på…

Fugleungen er framleis i live, og ungane legg ned blankt veto mot å setja han ut, fordi dei er overbeviste om at han ikkje kjem til å klara seg. Eg er redd oddsa ikkje er så høge her hos oss i eit hamsterbur heller, men han er framleis ved godt mot… Ca kvar halvtime ropar han på oss og stiller seg så opp med gapande nebb slik at me kan mata han rett i gapet. Han har fortært oppbløytt brød, solsikkefrø, linfrø, hamstermat og små munnfullar med kjøtdeig… Her er det pleie av døyande hamsterar den eine helga og livberging av stareungar den neste…

Kanskje eg nå skal gå ut og planta oleander før plantene tørkar opp? Eg skal gjera eit forsøk i alle fall. Kanskje fingrar plutseleg kan bli grøne? Ute på haugen et kyrne gras heilt øverst på bakketoppen. I fylgje Inger er det eit godversvarsel. Og godversvarsel er me svake for.

Kjærasten min lastar ned Imagine av John Lennon for meg. Jeppe skal nemleg vakna i baronen si seng til akkurat den musikken og tru at han er i himmelen.

Heidi

I midnattstimen,

då mørkret omsider hadde pakka seg kring huset mitt, sat eg på kjøkkenet mitt i lag med Sunniva og Vilde og åt tomatsuppe. Dei hadde vore på Saron, og kom svoltne heim, og eg var svolten eg og. Me varma kvitløksbaguettar i steikeomnen, og me kokte makaroni i ei lita gryte. Det lukta så godt.

Dei to jentene diskuterte musikk og lovsong, med og utan løfta hender, og dei diskuterte russetid med og utan alkohol. Heldigvis er det framleis ei stund til russetidproblematikk for deira vedkomande…

Og me har vore på teater og kost oss med “Då Hana møtte henne,” ein fin og underfundig cabaret om alt som dirrar mellom menn og kvinner.

Flyet var i rute slik at kjærasten min nådde teateret og me kunne feira bryllupsdagen vår i saman der. Heimvegen gjorde me til ein omveg langs strendene. Det var så fint lys i kveld, og det var lyst ute til langt på natt.
Me har sklidd mest umerkeleg inn i den lysaste delen av året. Det har ikkje vore nokon sommarvarme endå, så det kjennest litt uverkeleg at det er så sommarlyst.

Ingrid sit barnevakt for vesle Hedvig. Eg har lova å henta henne klokka to. Trur eg treng ein kopp kaffi slik at eg held meg vaken.

I morgon får me sleppa ut stareungen. Eg trur nemleg at det er ein stor stareunge Halvard har bore med seg heim. Truleg er han ikkje skadd, bare ikkje så driven i skrivekunsten endå… Den eine katten står heilt oppglødd og mjauar framfor døra og vil inn til fuglen…

Eg er fascinert over at eg faktisk kan skriva på pc utan å sjå på tastaturet, for det har eg aldri lært meg via noko system. Eg ville vore heilt ute av stand til å teikna inn korleis bokstavane ligg på eit tastatur, likevel finn fingrane mine fram tilsynelatande heilt mekanisk. Hjernen er ein snodig sak.

Heidi

Blå himmel, kvite skyer, grøne bjørke

og grønt gras. Det er det eg ser frå vinduet mitt i dag.
Eg har fri i dag og det er herleg. Det er marknadsdagar i den vesle byen min og folk håpar på noko så banalt som fråver av regn. Då er me stort sett fornøgde, me som klorer oss fast i nordavinden her ute på kysten av sørvestlandet.

Gladmeldinga for i dag er at det ser ut som om me klarer å styra unna skjæret i sjøen som eg så kryptisk skreiv om i går. Det viste seg at ein av gutane kom opp til tentamen i matematikk på premieredagen, som bestod av fire forestillingar. Det kunne ikkje bli snakk om å spela stykket utan han på så kort varsel heller. Og me som trudde me hadde sjekka og dobbelsjekka at slikt ikkje kunne skje…

Heldigvis ser det ut som om ting kjem til å ordna seg. Me får til å flytta heile forestillinga med publikum og kulisser ei veke fram i tid. Det er eit kunststykke eg var redd ville bli heilt umogleg på denne årstida med avslutningar, eksamenar og skuleturar, men det ser ut som om det går… Takk og lov!

I dag er det ein spesiell dag, slik som mange av desse dagane i mai faktisk er det. For tjueto år sidan stod eg hand i hand med kjærasten min framfor altaret i ei lita kvit trekyrkje, med liljekonvallar i håret, og lova høgtideleg å bli hos han i gode og vonde dagar resten av livet. Då preludiet sette i, og far skulle føra meg opp midtgangen, høyrde eg den første gauken gala det året. Det tok eg som eit godt teikn.

I dag er han i Trondheim, og eg har ikkje sett han endå, men viss flya held seg etter ruta så møter eg han utanfor teaterhallen inne i den store byen klokka kvart over åtte i kveld. Me skal sjå ei forestilling om å leva saman, i lag med ein gjeng frå jobben min.

Menasjeriet her i heimen ser ut til å vera utan begrensningar. Det siste er at Halvard kom heim med ein fugl, som nå held til i det eine hamsterburet. Det ser ut som om han har skadd den eine foten sin. Eg er vel ikkje veldig sikker på om det er lurt å ta han inn, og slett ikkje sikker på om han kjem til å klara seg, men eg har problem med å stå i mot entusiasmen og omsorgen som min yngste son viser alle dyr. Det er lett kaotisk å leva i hus med dokter dyregod.

Pr akkurat nå har me to kattar, hamster, tretten rumpetroll og ein skadd fugl inne i varmen. For ikkje å snakka om at me har ein god gjeng småfluer inne på kjøkkenet som eg prøver å jaga vekk…

-Kan eg hjelpa deg med noko?
Eg var inne på butikken og vart møtt av ein tidlegare elev som geleida meg fram til makaronien. Han sjarmerer meg framleis like mykje som han gjorde då han var sju år. Eg er blitt gammal nok til å møta tidlegare elevar i alle settingar. Det er bonusen etter tjue år på den same lokale arbeidsplassen. Helst ville eg pleia jamnleg omgang med dei alle saman, men det let seg ikkje heilt gjera i praksis.

Og ein kopp kaffi og mange koselege småpratar klarte eg å skaffa meg i Storgata i dag. Eg hadde store ambisjonar, men har stort sett vast rundt heile dagen. Det har vore heilt vidunderleg.

Heidi

Månen setter i vannet

sine sprikende tær, alt betyr noe annet,
ingen vet hva det er…

Dette er ikkje mine ord, dei er Inger Hagerup sine… Det var bare det første som kom til meg då eg skulle skriva i dag…

I dag var eg mykje vaknare enn i går, og det kjendest bra. Skuledagen gjekk med til keramikk og historie, og begge deler er noko det er lett å leggja sjela si i. Men det som interesserer meg endå meir enn fag, er alle desse sprell levande ungane eg er sett til å dela dagane mine med. Det krever eit visst overskot å ta i mot alt livet dei ber med seg, men det gjer dagane mine utruleg innhaldsrike.

Eg stakk av i lag med Jan Ivar så fort eg kunne. Me åt lunsj på den nyaste utestaden her i småbyen. Det vart ein liten fredeleg time medan me fekk oversikten over kva me måtte ordna før øvelsen. Me fann ut at det einaste me verkeleg trong nå, var eit termometer til å måla feberen på Jeppe i baronen si seng, og ein knallpistol som baronen skulle skytast med i den siste scenen. Eg investerte 100 kroner i ein knallpistol og opplevde ei viss skuffelse over at smellet når ein skaut høyrdest meir ut som eit klikk enn som eit pistolskot… Men kålhovudet frå sist veke kunne me bruka om igjen…

Vel oppe på skulen konstaterte me at skulen ikkje eig sjampanjeglas, så det må me ha med oss heimefrå. Under øvinga dukka det opp eit stort og uventa skjær i sjøen, men me får håpa at det heile ordnar seg.

Sunniva trong litt inspirasjon og assistanse til skrivedagen ho skal ha i morgon på skulen, så heilt fri var eg ikkje, sjølv om eg kom heim sånn etterkvart. Kjærasten min, som er langt meir framsynt enn meg har allereie oppretta ein reiseblogg til Canada-USA turen. Halvard vil høyrast i engelske sterke verb, og Odd Christian vil chatta på nynorsk for å varma opp språket til i morgon. Treng ikkje Ingrid hjelp til noko, mon tru?

I morgon har eg fri, så då er det på sett og vis helg att… Her går det unna… Og nå blir eg kalla ned for å beundra Halvard sine veksande rumpetroll som sym rundt i ein balje på romet hans…

Heidi

Å feira ein alt anna enn rund dag.

Eg er heilt i ørska i det eg vaknar. Natta har vore i kortaste laget. Likevel legg eg merke til at barnet som er ein del av meg hugsar med det same at det er ein spesiell dag.

På same måten gjer det meg barnsleg glad at kjærasten min og hugsar det med det same han står opp.

Ingrid kjem med pakke frå seg og storebror. Ein skikkeleg hårbørste i tillegg til bodylotion og dusjsåpe. Ho har lagt merke til at eg grer det lange håret mitt med alt frå lusekammar til babybørster med halvparten av børstene borte i mangel av betre ting.

På personalromet er overtyren til dagen “Happy birthday” og mange mjuke klemmar. Eg har barnsleg glede av klemmar og. Syster mi kjem inn i klasseromet med ei diktbok, som eg får pakka opp medan elevane ser på, og tre av jentene i klassen min har laga ei bok i A3 format med eigne dikt og teikningar. Rørande som bare det.

Eg er søvnig og tung i kroppen etter alt for mykje jobbing, og kollegene mine har det heilt likt. Me blir enige om at me må bruka dette som ein “ta lett på jobben dag,” og me klarer det nesten…

Ei eg kjenner som har vore akutt sjuk står plutseleg i trappa og er sånn omtrent frisk. Me utvekslar nokre fraser over gjennom ein etasje trapper, og blir samde om å snakkast snart. Eg blir glad.

I matpausen sendar eg ordenselevane ut for å kjøpa is til klassen. Litt får ein by på på slik ein dag. Etter jobben har eg avtalt å møta mann og barn og Oddvar på kinarestauranten. Pekingsuppe og okse i kvitløkssaus med grønsaker.

Meldingane flyt me jamne mellomrom inn på mobilen. Synneva sender ei melding som kan vekslast inn i eit kafébesøk, minste jenta mi kjem med kaffikrus, matboks, stearinlys og serviettar i same nyansen av blått.

Eg hadde tenkt at dette var ein dag ein gjekk stille forbi, men plutseleg kjem Laila på besøk med blåtonelys frå ikea og fiskeforma skåler, og så dukkar Astrid opp med
ein prikkete orkidé. Og plutseleg er eg meir feira enn nokon intensjon skulle tilseia, og nå skal eg leggja meg tidleg og prøva å sova meg inn. Morgondagen vil kreva si kvinne, og veit du, det er meg som skal ut og leva…
Har eg tenkt i alle fall…

Men først skal eg lesa Martin Lönnebo sitt kapittel om allkjærleiken ein gong til. Allkjærleiken som handlar om tillit og som ein kan lena seg i mot. Måtte me alle våga å opna oss for det som er det gode.

Og ikkje merkbart eldre… Bare bittelitt…

Heidi

Planleggingskveld nummer to

her på jobben. Eg har laga leselekser om jernalderen og vore ute og handla meg litt salat. Nå sit eg her og tygg, og prøver å henta meg inn før møtet med timeplanar og årsplanar…

Det er intenst, men dagen har vore veldig fin så langt. Eg har hatt tre timar om bronsealderen i tre ulike klassar, og dei har vore veldig interesserte. Nå er eg søvnig, men får få meg litt kaffi. Eg får håpa toppetasjen min fungerere eit par timar til. Leggja meg tidleg i dag, ja…

Nå får eg pakka meg nedover mot personalromet snart. Me kom lenger i går enn eg hadde tord å håpa på, så i beste fall kjem me veldig godt på veg nå. I eit friminutt hadde eg vakt på fotballbanen. Eg gjekk der i forsommarregn og såg at der var ungane med på spelet enten dei kunne norsk eller ikkje, og same kva problem dei elles slit med. Eg blei rett og slett ein slags fotballfan…

Nyt kvelden enten du har fri eller skal jobba…

Heidi

Can`t you feel the love tonight?

I dag har eg vore med på ei sånn “once in a lifetimeoppleving”. Kulturskulen eg jobbar på er plukka ut som demonstrasjonsskule, som ein av to i landet. Dette er noko som heng høgt. Me vil få tilført midler, omtrent ein million kroner fordelt på to år til utviklingsarbeid og prosjekt. Rektor, i fylgje med oppvekstsjef og ordførar, har vore ein snartur i Trondheim for å ta i mot. Med dei vel heime att vart det markering i aulaen med elevopptredenar, talar og ordføraren med kjede… Etterpå var det fin mat og marsipankake i kantina for alle ansatte og spesielle gjester. Ein gut som er songelev, song frå Løvenes konge, og fekk synga overskrifta på innlegget mitt for i dag.

I dag var eg skikkeleg stolt over at dette er min arbeidsplass. Eg har fantastisk flotte kolleger på begge arbeidsplassane mine, som praktisk nok held til i dei same bygningane. Til neste år blir me tre personar som har stillingane delte mellom desse skulane. Fordelane er mange. Ulempene er at det er kan kjennast vaskeleg å få til å avgrensa to deltidsstillingar…

I dag har eg stått bokstaveleg talt med eit bein i kvar jobb. I skulen held me på å leggja timeplanar for neste år. Det er alltid eit skikkeleg kaosarbeid med mange ukjende faktorar og ein kabal som ikkje går opp, men i år ser det faktisk bra ut så langt. Det er bra at nokon på trinnet er flinke å tenkja skjema og kabal, for det er ikkje mi styrke. Bortsett frå fire timars undervisning har me sitte i møte stort sett heile dagen.

Det luraste me gjorde i dag, var å ta ein felles matpause. Me på trinnet bevilga oss ein times besøk på salatbar frå kvart på fire til kvart på fem. Me sat ute i sola og pusta inn litt lys og kvile før neste økt.

Då eg skulle heim, var eg oppom kontoret for å førebu morgondagen litt. På gangen utanfor klasseroma lukta det frykteleg. Eg måtte snusa meg fram til stank-kjelda…
Nokon hadde kasta ein full mjølkekartong i korga med attgløymte klede, og denne kartongen hadde det etter fleire veker gått hol på… Eg hanka med meg dei sørgelege restane ut i søppelet, men kleda i korga stinkar nok framleis. Eg orka ikkje gjera noko med det klokka ti om kvelden, men i morgon må me nok få heile innhaldet over i ein vaskemaskin med høg temperatur og mykje såpe…

Ei mørkeraud rose frå ordføraren står i vase og markerer
kulturskulefeiringa. Jammen fulgte det ikkje med ein klem på kjøpet og… Nå er hovudet fullt av ull eller noko som liknar, så de får bera over med eventuelle uforståelege stravefeil. Og Odd Christian skal ha ped-eksamen i morgon. Lukka til til han…

Heidi

Jeppe, din idiot…

…er vår norske oversettelse på den danske tittelen “Jeppe dit fjols”. Det stod at me ikkje hadde lov til å endra tittelen, men ei omsetjing må vel vera lov…

Me hadde ei kaotisk sundagsøving. Ungdomane snubla stadig i teksten, og hadde store problem med å halda seg konsentrerte. Plutseleg måtte fire av tiandeklassingane gå. Dei er midt oppe i eksamenslesing, stakkars, og samtidig driv nokre av dei i desse dagane med opptaksprøver til en vidaregåande skule i distriktet med linjer i musikk, dans og drama. Dei lever med andre ord eit travelt liv.

Me permitterte eksamenskandidatane. Me avtalte ei ny ekstraøving på tysdag, og så øvde me vidare med dei som faktisk hadde tid til å vera der.

Eg kjenner me kjem i eit slags dilemma. Det er det same som skjer på idrettsbanen når trenaren så veldig gjerne vil vinna ei forballturnering og ser ut til å gløyma heilt at dette faktisk mest av alt er meint å vera leik…

Me vaksne har så lyst til å få det bra, og så balanserer me på ein slags knivsegg med kor mykje me skal stressa og pressa ungdomane. Eg meiner jo at dette og mest av alt er leik, og at prosessen er like viktig som produktet.
Likevel, ein må nok operera i dette grenselandet til ei viss grad om ungdomane skal gå styrka og glade ut av prosessen og ha eit flott resultat å visa fram.

I ettermiddag serverte me bløtkake i heimen for å feira at både eg og Sunniva i desse dagane blir eit år eldre.

Nå skal eg dra med meg kjærasten min på ein liten spasertur i det etterkvart ganske milde og lyse maiveret. På vegen skal me ta ein kunstpause på skulen min for å sjekka at eg slo av kaffitraktaren då eg laga styrkedrikk til Jan Ivar, Stig og meg under øvelsen i dag.

Eg har fått bok i gebursdagsgave av syster mi, “Pilgrimsreisen”, av Paulo Coehlo. Eg gler meg til å lesa.

Heidi

Det ligg ingenting på bordet…

Sunniva sin replikk trengjer rett inn i draumen min, og eg fattar straks situasjonen sjølv om eg ikkje er heilt vaken.

Når nokon i familien fyller året ligg det alltid presangar på spisestovebordet, og nå ligg det ingenting der…

“Det var fordi me la oss før dokke,” svarar eg me halvvaken stemme. “Derfor kunne eg ikkje leggja presangane fram i gårkveld.”“Det er greitt,” svarer yngstejenta tappert, men eg høyrer på den knapt høyrbare undertonen at det er er bare så vidt det er akkurat det…

Nokre ting skal helst vera som dei skal. Julestrømpa skal henga oppe på julaften, påske-egga skal liggja bak gardiner og sofaputer første påskedag, og på gebursdagar skal bordet vera dekka av noko som kan pakkast opp…

Her er det bare å koma seg tappert ut av behageleg søvn og varme dyner. Snart er det heile på plass: Rollerblades, sølvkors, to T-skjorter og pengar frå farmor, pengar frå mor sin onkel og ein jakke frå far sine tanter. Frå sine eldste sysken får ho kvit handveske, parfyme og halsgropsmykke.

Så er det frokost. Ho har to overnattingsgjester, syskenbarn og hjertevenninne Vilde, og bestevenninna Irene. Me et i stova på duken frå i går. Nytint loff og rugbrød, spekepølse, smør og to sortar syltetøy.

Så må me forhalda oss til eit ikkje heilt uventa dødsfall. Hamsteren ligg pladask i buret sitt og pustar ikkje lenger. Det er nok alderdomen som innhenta han. Det blir felt nokre tårer. Då Sunniva fylte ti eller elleve, fant ho begge hamsterane sine døde. Det var synd at dette skulle skje igjen. Men Halvard og Sunniva trøyster einannan me at me dei siste dagane har gjort alt i vår makt og litt til for at det vesle dyret skulle ha det bra. Og i hamsterboka eg smuglas på dyrebutikken i går stod det at gamle hamsterar ikkje hadde det vondt, dei vart bare så veldig trøytte…

Halvard og meg mekkar kiste av ei litt for stor skoøskje som me forminskar og teipar saman, men like før me er ferdige kjem Sunniva. Ho har funne kiste ho og. I ei mykje mindre kolsvart skoøskje blir vesle Shadow lagt til evig kvile, liggjande i kvilestilling på sida med opne svarte kulerunde auge. Han er innetulla i ein heilt ny rosa vaskeklut oppå ei seng av rosa blomstrete serviettar. Med seg i kista får han friske salatblad. Så blir skoøskja surra med gullfarga band og Vilde lagar bårebukett av liljekonvallar og blå klokkeblomar. Sunniva skriv skilt til kista.

RIP
Shadow
Den beste hamsteren i verda.

Kista blir sett på stovebordet til den som tek utfordringa å grava eit hol i bakhagen. Så blir dei siste tårene tørka og dagen kan begynna.

Heidi