Luke 8-22


Storkyrkjan i gamlebyen er for tida innepakka i plast pga oppussing. På muren utanfor såg me at det var eit oppslag om ignatiansk meditasjon og bønn. Det ville me finna ut meir om. Det stod på plakaten at dei som ville vera med måtte møta under kyrkjeorgelet inne i kyrkja torsdag klokka fire. Me vart nysgjerrige og fann ut at dette ville me vera med på.
Me var litt tidleg ute og fekk beskjed om å venta inne i kyrkja. Der inne foregjekk det korøving. Eit barne- og ungdomskor øvde til Luciakonsert. Dei song så vakkert at eg nesten begynte å grina mens dei øvde på å koma inn, gå opp til altaret og så ned midtgangen medan dei song. Det er alltid kjekt å sjå andre pedagogar i arbeid. Dirigenten var flink.
Etterkvart var det kome fleire som ville vera med på bøn og meditasjon. Leiaren, som eg kanskje trur var presten, førde oss opp ei lang og mørk steintrapp til eit lite kapell på loftet.
Her sskulle me setja oss på kvar vår stol. Først var det pusteøvingar og avslapningsøvingar. Så las presten ein bibeltekst. Den same teksten vart lesen 3 gonger. Me skulle så utføra enkle tankeøvingar, men mest av alt skulle me konsentrera oss om pusten og å vera open og lyttande.
Klokka fem fekk me beskjed om å samla tankane og gjerne slå krossteiknet for kroppane våre. Etterpå skildest me med eit amen, og folk gjekk like stille som dei kom. Om dei andre kjende einannan anar eg ikkje. Kanskje det var ein del av opplegget å bare konsentrera seg om meditasjonen?
Det var fint å vera der. Ein time på ein stol med lukka auge, roleg pust og rolege tankar gjorde godt. Ikkje ein einaste gong hadde eg lyst til å smugkikka på klokka, og ikkje gleda eg meg til det var over. Det var bare fint, og det vart ei litt ny og annleis oppleving.
Etterpå gjekk me ut i det levande, pulserande livet og den iskalde kvelden. Me kjøpte oss varm gløgg på ein julemarknad like i nærleiken.
Heidi