Gå til innhald

Luke 4 – 22

desember 4, 2022

Det er godt for sjel og sinn med rolege morgonar med kaffi, adventlys, strikketøy, musikk på radioen og godt selskap medan det seine desembermorgonlyset vaknar utanfor vindauget. Sidan eg er overbevist om at det av og til er sunt å vera litt usunn, tek eg sjansen på å visa bilete av ettermiddagskaffien vår andre sundag i advent, beståande av glovarm chilisjokolade med kremtopp, lefse og peparkaker med marmelade og blåmuggost. Det gjorde godt i litt kalde desemberkroppar.

I dag fekk me vera med på å feira svoger Einar som fylde år på fredag. Det er ikkje så ofte dei fire brørne med svigerinner er samla til felles lunsj. I tillegg fekk me vera i lag med to av nevøane våre, ei niese og tre av Einar sine fire barnebarn. Den yngste, vesle Emilia hadde me aldri møtt før. Det viste seg at ho hadde akkurat dei same gulloransje krøllene som Hella, og var like glad i å sitja på fanget til mor si som Hella var på same alder. Me åt glovarm trøndersodd med flatbrød til, og Einar fekk gebursdagskake med tende stjerneskot og med vakker song til.

Me har hatt fine dagar her, og i morgon er det meininga at me ser oss på toget som tek oss til Stockholm via Göteborg. Viss nokon har gode tips til kva ein bør få med seg der i adventstida, så tek me gjerne i mot råd.

Vinterfin hage utanfor stovevindauget tiø Einar. Dette var stova til svigerforeldra mine i mange år.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: