Luke 6 – 22

Me har hatt ein innhaldsrik dag. Først koste eg meg med å kikka i butikkar i Gamla Stan medan reisekameraten var på museum. Ganske ofte er det nok for meg å kikka, men eg skal innrømma at det vart litt handel og. Eg er svak for gammaldagse leikebutikker med dokkehus, dokker, koppestell, treleiker, bøker og papirdokker. Dei får barnet i meg til å vakna.



Og så var eg på eit polkagriskokeri der dei laga polkagrisar mens kundene såg på.
Etter eit tips her inne spaserte me ut til Fotografiska museet. Det var ein fin plass å vera. Me fekk med oss ei fastutstilling av pressefotografi gjennom hundre år samt to separatutstillingar, ei av portrettfotograf og kunstnar Hans Gedda og ei av den senegalesiske fotografen Omar Viktor Diop.
Dette biletet er frå utstillinga Allegoria som viser mennesket i forhold til itrydningstrua natur. Han er sjølv modellen i dei fleste bileta sine, så dei blir ein form for sjølvportrett.

Ein kunne og prøva å fotografera med proffe fotolampar, så det måtte me prøva på.

Etter mange fine timar på museet gjekk me tilbake til gamlebyen for å eta middag på ein koseleg italiensk restaurant.
Me tok ein annan veg tilbake til hotellet og snubla over ein koseleg julemarknad langs vegen vår.

Det kjennest godt at me har fleire dagae her, for det kjennest som me bare så vidt er i gang med oppdagingane.
Heidi