Gå til innhald

Luke 7- 22

desember 7, 2022

På veg ned til nordiska museet gjekk me forbi ein butikk der det stod ei vakt utanfor i uniform. Det gjorde oss såpass forvitne at me måtte sjekka nærare kva det var. Butikken Svenskt Tenn viste seg å vera ein relativt eksklusiv møbel- og interiørbutikk med særpreg. Biletet over viser korleis julebordet var dekka. Eg kjende at eg i grunnen kunne tenkt meg å ha eit slikt julebord om eg hadde det som skulle til.

Nordiska museet var heilt fantastisk fint det og. Guiding via høyretelefonar er gode greier. Det er så fint å få historiane fortalde medan ein ser. Eg får aldri nok av historiar.

Dagens mest overraskande hending var at ei ukjend dame kom bort til meg då me drakk kaffi på ein liten kafé. «Ursäkta mig, men jag måste bara… Vilken underbar kofta du har på dig. Färgerna er helt fantastiska. Jag älskar färger». Eg vart ikkje mindre smigra enn at eg følte meg kalla til å fortelja at kofta var heimestrikka og sjølvkomponert. Eg meiner slike som meg som vassar rundt blant elegante damer med rufsete hår, lilla lue, store ullvottar og ullsokkar i joggesko reknar ikkje med å bli rost offentleg for antrekket… Kanskje eg bør nevna at ho som sa det var ein finsk turist og hadde på seg ein tunika med figurar frå mummidalen, noko eg hadde lagt merke til med det same eg kom inn.

Me ligg ikkje på latsida når me er på ferie. Reisekameraten sprett opp halv sju kvar morgon. Hotellet vårt har super beliggenheit, vennleg betening og god frokost, men romet er lavbudsjett og knøttlite. Senga så liten og innebygd at me må klatra over kvarandre for å koma opp og ut. Me har gått og gått i heile dag, så nå er eg skikkeleg trøytt i beina. Får håpa dei er friske og raske til i morgon. Eg treng dei då og.

Dette eer juletreet på nordiska museet. Det er pynta av ein kunstnar som har malt mange naivistiske ansikt og hengt på med ei stor sol på toppen. Bodskapet var eit inkluderande og samlande samfunn og ei unkluderande julefeiring. Det går me for sånn avslutningsvis i dag.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: