Gå til innhald

Luke 9 – 22

desember 9, 2022

Bak luke ni skjuler det seg ein togtur og og to fotballkampar.

Me stod tidleg opp for å nå toget vårt og stod klar og venta då dei låste opp døra til matsalen klokka halv sju. Ute var det kaldt og eit tynt lag med snø då me gjekk den korte vegen mellom hotellet og jernbanestasjonen.

I går vart me litt urolege for om toget kom til å gå som lova, det var nemleg ein stor sak på svenske nyheiter om at dei frykta totalt togkaos i helga på grunn av eit nytt digitalt togkoordineringssystem som skulle setjast ut i live. Datoen for å gå over til det nye systemet var komande sundag, men allereie nå vart det ein del kansellerte tog.

Heldigvis gjekk vårt tog heilt på minuttet etter tabellen, og tok oss fjennom nydelege vinterlandskap medan det lysna ute. Det var reine julekortstemninga og veldig juleaktig å strikka, drikka kaffi og sjå ut vindauget.

Personalet på toget var nesten påfallande hyggelege, blide og imøtekomande, og det slo meg kor mange vennlege menneske me hadde møtt i Sverige denne veka. Enten har heile Sverige vore på smilekurs og gått med veldig gode karakterar, eller så finst det veldig mange positive, greie og vennlege menneske i verda. Eg held ein knapp på det siste.

Vel «heime hos Henrik» har me slappa av og sett på fotball. Vanlegvis er det ikkje favorittsysselen min, men i dag, etter veldig tettpakka dagar var det deilig å ta det med ro, og to straffespark- konkurransar er jo spennande underhaldning. Så kokte me god blomkålsuppe frå Trines matblogg med blomkål, løk, kvitløk, poteter, sitron, creme fraiche og eit dryss av sprøsteikt og oppsmuldra spekeskinke. Det var veldig godt.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: