Gå til innhald

Eit dikt til alle elevane mine

Etter 38 år i skulen tenkjer eg framleis på alle elevane eg har hatt som «mine». Eg har vore så heldig å ofte ha fått fylgja elevane mine i mange år om gongen, så dette gjeld ikkje fullt så mange barn som ein kanskje kunne tenkja når ein ser antalet år. Det er mange yrke eg kunne ha tenkt meg å ha, eg trur eg kunne ha trivdest som psykolog, prest, blomsterbindar eller forfattar på heiltid, men eg held på at det yrket eg har hatt, og framleis har, er heilt fantastisk. Som lærar får du brukt alt du måtte ha av krefter, tålmod, fagkunnskap og kreativitet. Du får brukt det kvar einaste dag og heile tida. Ofte kunne du ønska deg fleire og lenger armar og fleire timar i døgnet, men samtidig gir det deg ei sterk kjensle av å til ei kvar tid vera midt i det mest levande og vibrerande livet.

Lærarar vil sikkert svara ulikt på kva som har vore det aller finaste. For meg har det vore å få tette relasjonar til sprell levande ungar ,og det å få gå ved sida av dei gjennom ulike utviklingsfasar. Eg trur at det er mange eigenskapar som er gode å ha om ein ynskjer seg inn i dette yrket, men eg trur at det aller viktigste kanskje er det å vera glad i menneske og det å vera interessert i kva eit menneskeliv kan romma.

Dersom du som les dette faktisk er ein av elevane mine gjennom tidene, så ta det til deg som ei spesiell helsing frå meg. Alle de andre kan lesa det som om det var skrive av ein av dine lærarar…
Collagane er laga av to barn som er elevar på trinnet mitt akkurat nå. Eg har ikkje fått spurt dei om lov, men reknar med at dei ville synast at det var greitt…

Eit dikt til alle elevane mine.

Eit dikt til alle elevane mine,
til dei som fekk mine første lærarår,
dei uslepne og entusiastiske åra
med brennande iver
ispedd mange prosjekt
eg aldri heilt fekk landa.

Takk for alle bøker og eventyr
me fekk ta fylgje gjennom saman.
Takk for alle dei gode og levande samtalane,
som stundom tok oss langt vekk
frå det eigentlege læringsmålet for den timen.

Takk til Emil, og Ronja Røverdotter,
eg har hadde dykk begge i klassen,
meir enn ein gong.

Takk til Pippi Langstrømpe,
med og utan hijab,
for alle dei herlege utemma ideane,
og for ditt store og sjarmerande mot.

Eg sender dykk varme tankar,
ikkje minst til Bolla Pinnsvin,
som kom nykjemma roleg og trygg
til skulen kvar dag i god tid før skuleklokka ringde
alltid med nistemat og pennal på plass i sekken din.
Takk for at du sat der og gjorde så godt du kunne,
sjølv om du tenkte litt på mammaen din
og lengta heim i ein og annan mattetime.

Takk til Helene Harefrøken
som aldri klarte å sitja stille på stolen
meir enn sju minutt på gangen,
og som ufiltrert kom med
vidunderleg sprettande tankar,
som alltid fekk meg til å le.

Takk til Nøtteliten,
som ofte hang etter føtene i eit tre
då det ringte inn,
og som heller ville stått på ein scene
enn å læra norsk grammatikk.

Eit dikt til alle dykk
som har fått hjartet mitt til å vibrera
og tankane mine til aldri heilt å ta helg eller påskeferie,
til alle dykk som har fått adrenalinet mitt til å brusa,
og som har gitt meg hjelp til å temma tålmodsmuskelen.

Eit dikt til dykk som fekk meg til å le høgt og uhemma
når eg langt heller burde blitt streng,
til dykk som likte så godt å mala
at eg heilt upedagogisk let dykk halda på til siste slutt
og sjølv vaska penslane etter timen.

Eit dikt til deg som ofte varma hjartet mitt
med klemmar og små sjenerte smil,
og med fine feilstava helsingar på små utrivne papirlappar,
og til deg som laga fargerike teikningar,
som nesten fekk meg til å kontakta eit kunstgalleri.

Varme gjenkjennande tankar til deg
som alltid ende med flekkete genser og flokete hår.
Eit dikt til deg som lyste av omsorg for andre,
og til deg som ofte drøymde om å overta klasseleiinga
og kjøra strame taumar.

Eit dikt til dykk som fekk min første kjærleik,
og til dykk som akkurat nå
får den mognaste, siste etappen av lærarlivet mitt.

Eit dikt til dei finaste folka nokon kunne drøyma om å ta fylgje med.
De har gitt meg store venger og mykje glede.

Heidi

Det store eventyret

Det eldste barnebarnet mitt vart tidleg veldig oppteken av eventyr, akkurat som eg veit at eg var det då eg var lita. Det begynte med Bukkene Bruse og Rødhette, og dei eventyra skulle forteljast om igjen og om igjen, helst med dei same detaljane og med diverse innspel frå barnet.

Då eg studerte forteljarteknikk lærte me at det å fortelja barn eventyr var med på å bearbeida framtida og gjera dei sterke nok til å bera sine eigne liv. Eventyra handlar nemleg i litt forkledd form om alt som seinare skal skje dei.

Desse tankane fekk meg til å skriva dette diktet. Eg byr altså på eit dikt frå bunka mi i dag og, og tek gjerne i mot innspel om form og innhald. Eg sit her og leitar fram tekstar eg har skrive dei siste fire åra og prøvar å finna ut kva som er godt nok til å ta med meg vidare. Eg har minst 250 dikt, og tenkjer at eg kanskje må luka ut halvparten og jobba med å gjera den andre halvparten bra nok for utgjeving. Det er spennande og vanskeleg arbeid. Eg er på ein måte litt engsteleg for å bare gjenta meg sjølv og ting eg har skrive eller sagt tidlegare.

Så får me sjå kor langt eg kjem. I dag har mesteparten av dagen blitt brukt til nødvendig rydding og til ein koseleg middag i lag med foreldrene mine. Sommardagane går så fort, akkurat som alle dagar går så fort. Det hjelper bare litt at nettene er lyse. Eg gjentek ønsket om fleire timar i døgnet. Eg er til og med medlem av ein veldig liten klubb som jobbar for det målet, men så langt har me på ingen måte lukkast.

Eventyret

Du veks og lærer om tramping
på trollet sine bruer,
om blomsterplukking
i ulven sine skogar,
for snart er det du
som skal sova som Tornerose,
kyssa froskar i lag med andre prinsesser,
og sleppa det lange håret ditt ut frå tårnet,
akkurat som Rapunzel.

Du skal ri på kvitebjørnen,
dansa med dvergar,
stikka deg på lange torner,
og bita forsiktig i forgifta eple.

Du skal dansa deg til Soria Moria slott
og bli flydd av ville svaner
i eit fletta nett over havet.

Du skal gå barbeint over myrene
og samla myrull og brennenesler
for å veva kvite skjorter.

Du skal slå fylgje med Hans og Grete
og brekka forsiktige bitar av kakehuset.
Du skal nesten målbinda Askeladden,
og fly til fjerne land med Tommelise.

Du skal gjera det umoglege, barn,
klatra opp på det brattaste berget
og berga prinsen din frå heksa.

Du skal leva og veksa deg sterk nok
til å løfta livet som ein prikkete hest
på strake armar over hovudet ditt.

Heidi

Hør hvor det stormer der ute

… her er det fredfullt og tyst…, står det i ein gammal bedehussong. Dei fleste av oss forstår at på nokre plan er det ei sanning med modifikasjonar.

Då me var i Søgne i St.Hans-helga, kom me i snakk om den gruppa som blir kalla Menigheten Samfundet. Då eg budde i Kristiansand, vart dei på folkemunne kalla «Lomelendere» , og heimefrå kjende eg til dei som litt respektlaust vart kalla «Pera-sektå», og som heldt til i Eigersund. Desse familiane var lette å kjenna igjen på gata fordi jentene på den tida alltid gjekk kledde i skjørt og hadde lange fletter. Eg fekk nå vita at det var lenge sidan «skjørt og fletteforbodet» vart oppheva, og at dei nå kledde seg som alle andre ungdomar, men at trua og mykje av levemåten framleis var som før.

Eg har alltid synest det er spennande med menneske som lever alternativt, og for så vidt og trur alternativt. Då eg var barn var eg veldig interessert i å finna ut mest mogleg om «Pera- sektå», og prøva å tenkja meg fram til korleis det måtte vera å vera fødd inn i ei slik kyrkje.

På fredag kom eg over denne boka i bokhandelen, og visste med det same at den måtte eg kjøpa. Forfattar og journalist Bjørn Markussen har fulgt den i utgangspunktet 19 år gamle Robin i sju år. Dei har hatt jamnlege samtalar gjennom alle desse åra. I boka får me følgja nøye prosessen frå Robin begynte å tenkja at han måtte melda seg ut av Menigheten Samfundet fordi han ikkje lenger trudde på det dei stod for, og fordi han ikkje lenger ønska å leva innanfor dei trange rammene kyrkja forventa at medlemmane skulle tilpassa seg til. Me fekk fylgja han gjennom dei første vaklande tankane om at han åra som fulgte.

Dette er ei hjartevarm og hjarteskjerande historie på same tida. Eg synest Bjørn Markussen har løyst oppdraget sitt på ein svært respektfull og klok måte. Få menneske visste om samtalane mellom dei to, og heile tida var forfattaren i tvil om dette nokon gong kom til å bli ei bok. Dette med tanke på personvern, og ikkje minst med tanke på at heile Robin sin familie og nettverk kom til å bli utleverte på ein måte dei i utgangspunktet ikkje hadde ønska.

Samtidig som me får fylgja Robin gjennom sju år, fortel Bjørn Markussen oss på ein informativ og etterretteleg måte om utviklinga av Menigheten Samfundet, kva dei har stått for og står for, og om indre splittingar og strid. Eg set pris på at han gjer dette og på ein respektfull måte, og med mange fotnotar. Det er tydeleg at han ynskjer å gjera ein grundig jobb og visa alle partar rettferd.

Det som overraska meg litt var kor utruleg lukka dette kyrkjesamfunnet er i forhold til andre menneske som trur. Det blir rekna som eit grovt overtramp å setja foten sin innanfor i andre kyrkjer eller å delta på gudstenestar utanfor kyrkja. Dersom eg forstod det rett støtter ein aktivt vranglære og vranglærarar om ein skulle velgja å gå naboen si gravferd i ei kyrkje som tilhøyrer eit anna kyrkjesamfunn.

Tidlegare praktiserte dei full utestengning om nokon melde seg ut. Slik er det heldigvis ikkje lenger i praksis. Robin hadde gjennom dei åra me får fylgja han framleis ganske god kontakt med den næraste familien sin. I fleire av desse åra budde han heime hos foreldra sine som han var veldig glad i, men dei kunne av samvitsgrunnar ikkje vera til stades når han gifta seg med ei jente som ikkje kom frå Samfundet, og hadde dei hadde problem med å kunna forsvara å besøkja han i leiligheita der han levde som sambuar. Han måtte i tillegg fylgja husets reglar som å praktisera bordbøn, og hadde forbod mot å snakka med dei yngre søskena om vantru tankar.

Det som heldigvis kjem godt fram i boka er Robin si gode tilknytning til familien sin. Han synest at foreldra er «skikkeleg fine og gode menneske», og han synest at han på mange måtar har hatt ein trygg og god barndom. Han fortel og om det tette og varme forholdet han har hatt til bestefaren, som i ein lang periode var forstandar i kyrkja.

Det gjer sterkt inntrykk på meg å høyra kor vondt han hadde av familien sin i denne prosessen. Han var oppriktig fortvila over den store sorga dei opplevde, og var redd at dei skulle bli psykisk skada eller sjuke av påkjenninga det var å sjå eldstesonen sin gå fortapt. Boka skildrar og korleis det sleit på psyken til Robin å ta dette steget. Alle i samfundet er forplikta til å senda barna sine til skulane dei sjølve driv. Alle dei vaksne han kjende godt, og i tillegg alle vennene hans, var knytta til kyrkjelyden hans og forsvann på ein måte meir og meir for han.

Han hadde i utgangspunktet ein kjærast som han hadde møtt utanfor kyrkjesamfunnet, familien hennar støtta han og tok vare på han, og han prøvde aktivt å få nye venner. Det siste vart ein uventa vanskeleg prosess. Dei gamle kameratane delte hans kultur og erfaringsbakgrunn. For andre var det nesten umogleg å forstå bakgrunnen hans, og han klarte ikkje å knytta seg til dei. Han beheldt kameratgjengen sin frå samfundet, men opplevde å bli sett på med mistru, spesielt frå foreldra deira, som sjølvsagt var redde at han skulle påverka deira søner til å gjera det same som han hadde gjort.

Eg gjer meg mange tankar etter å ha lese boka med stor innleving og interesse. Eg ser og forstår veldig godt at ein kan ha eit trygt og godt liv innan rammene for eit lite og særprega trussamfunn. Det blir framheva kor sterkt folk innanfor stiller opp for kvarandre. Familiane er tette og ofte store, og vennskapa og opplevinga av å vera ei samansveisa gruppe gir heilt sikkert både livskvalitet og tryggleik. Alle menneske treng ein trygg flokk, og det å bryta ut frå ei kyrkje og samtidig mista flokken sin, er utan tvil ei stor og voldsom påkjenning.

Heldigvis er det stort sett ikkje lenger slik at dei ulike kyrkjene er sikre på at det er dei som forvaltar sanninga. Det å tru at ein kjenner sanninga og heile sanninga, og at alle andre tek feil, har alltid stått for meg som ei nokså arrogant innstilling. I Samfundet er det i fylgje boka framleis slik. Dei reknar med at deira kyrkje er den einaste kjende sanne kyrkje. Dei opnar for at det kan vera rett-truande kyrkjer andre stader i verda som ein ikkje veit om, men seier samstundes at alle kjende kristne kyrkjer er vranglærarar som ein ikkje skal lytta til.

I Samfundet har det gjennom tidene vore fleire lærestrider som har ført til splittingar. Samfundet har derfor tre greiner som heiter omtrent det same. På folkemunne har desse blitt kalla Lomelendarane, Perane og Larsane, oppkalt etter leiarane. Kvar av gruppene er sikre på at det er dei som trur rett. Når folk blir alt for skråsikre på at dei har den hundre prosent rette læra, har det hend at eg har tenkt eller sagt: «Tenk om det er Larsane i Egersund som er dei einaste som har funne sanninga?» Då denne gruppa brøyt ut hadde ho 70 medlemmar. Nå er dei i fylgje boka omtrent 50 praktiserande medlemmar att. Det er eit oppdragande tankekors at «Larsane» trur at dei er dei einaste i verda som forvaltar sanninga.

Eg skriv ikkje dette for å latterleggjera det å ha ei litt eksotisk tru. Eg skriv det heller ikkje bare for å fortelja historia om kor vondt det kan gjera å bryta ut frå noko ein ikkje lenger identifiserer med. Eg tenkjer litt at denne historia og kan inspirera oss til å halda spegelen litt opp for oss sjølve.

Det slår meg at eg på sett og vis kanskje tilhøyrer ei lita gruppe eg og. Eg har ikkje noko behov for å vera mest mogleg A4, men dersom ein vil kan ein tenkja mykje om meg som eg sjølv opplever begrensande eller nesten komisk. «Nynorskbrukar, halvgammal dame frå bibelbeltet, medlem i soknerådet og aktiv i kyrkja, skulelærar, gift med same mannen i snart førti år og mor til ein stor barneflokk, medlem i ei nasjonal salmeforening… Ikkje drikk ho alkohol heller? Jo, takk, eg kjenner typen, fri og bevare meg vel for å omgåst med slike ..»

Sommaren 1994 var me på sykkeltur i Danmark i lag med Heidi og Per Inge og dei tre barna deira. Sjølv hadde me med oss tre barn og Halvard budde i den allereie veldig tydelege mammamagen min, klar til å fødast i begynnelsen av oktober. I tillegg hadde me tatt med oss ein gut me var støttekontaktar for. Fylgjet vårt må ha vore litt av eit syn med barn i sykkeltraller, barn på små barnesyklar og fire vaksne, den eine tydeleg gravid. Me hadde teke inn på eit ungdomsherberge, og hadde den gode ideen at me vaksne kunne passa barn for kvarandre slik at alle fekk ein vaksen kveld utan barn. Så stod eg då på kjøkkenet på herberget i ein uformeleg sommarkjole, med flette i det lange håret fordi det var så varmt, og steikte fiskekaker til sju trøytte, svoltne barn. Det minste barnet var eitt år og dei seks andre såg ut til å kunna vera fødde sånn ca eit kvart år dei føregåande åra. Eit åttande barn levde synleg i magen min. Leif prøvde å få alle ungane til å sitja ved bordet mens eg gjorde klar til servering.

Fleire middagssvoltne gjester kom inn på kjøkkenet, eg såg at dei stirra på oss, utveksla blikk og kviskra saman. Det gjekk opp for meg at dei nok gjekk ut frå at heile barneflokken var vår, og at dei lurte på kva slags sekt me tilhøyrte. Eg ser ikkje vekk i frå at dei syntest litt synd på oss. Eg mora meg over situasjonen og gjorde ikkje noko for å forklara scenarioet.

Kva vil eg med dette? Eg trur det er ei slags oppfordring om å opna oss for mangfaldet og ikkje byggja unødige murar. Spesielt må me passa oss for å setja opp murar for andre og vera alt for skråsikre på korleis dei burde leva liva sine. Dette gjeld og i dei tilfella «andre» faktisk er barna våre.

Eg må innrømma at det ville ha vore ei glede dersom barna mine meinte og trudde det same som meg. Dette gjeld både samfunnssyn, politiske standpunkt og religiøs tru. I tillegg gjeld det menneskesyn og andre «syn» som for meg er viktige. Gudstrua mi har for meg vore ei god og viktig ballast i livet, og ei kjelde til styrke og håp. Eg veit likevel at barna mine må få lov til å navigera seg fram til eigne standpunkt i livet. Alt anna ville vore overgrep.

Eg har sjølv fått stor fridom til å velja livet mitt, og det må eg gi vidare, i respekt for det eg trur på og for dei vaksne barna mine. Her må eg skunda meg å fortelja at valga barna mine har teke ikkje er milevis frå mine eigne. I alle fall ikkje på dei fleste punkta. Eg trur likevel det er viktig å vita ein stad i bakhovudet at eg ikkje har nokon rett til å velja for dei eller til å prøva å overtala dei til å tru og meina det same som meg.

Det å snakka saman, diskutera, fortelja og lytta til kvarandre er sjølvsagt noko heilt anna enn det å prøva å pressa noko på nokon. Det er både lov og bra å vera tydeleg. Grensa går ved å vera invaderande og å prøva å pressa andre til noko som ikkje kjennest rett for dei. Heldigvis risikerer verken dei eller eg at deira val for konsekvensar for deira forhold til meg, storfamilien, eller venneflokken vår, noko som er ein situasjon eg nesten ikkje klarer å

Det å setja nokon fri kan vera hardt arbeid. Eg anbefalar boka, ikkje bare for dei som vil læra meir om Menigheten Samfundet, men og til alle som interesserer seg for det å vera menneske.

Heidi

Norsk sommar

Som dei fleste veit så er ikkje norsk sommar heilt det same som sommar i syden. Skal me vera brutalt ærlege, så er nok ikkje norsk sommar heilt det same på vestlandet som på austlandet heller… Men dersom me legg til sides tanken på antal varmegrader og antal solskinsdagar me synest me har rett til å forventa av ein sommar, så vil eg slå eit slag for at vestlands-sommar, eller endå meir spesifikt, sommar på Jæren.

Sommaren på Jæren har mange kvalitetar og er heilt fantastisk så lenge du ikkje bare ser for deg lange dagar på eit handkle på stranda eller å symja rundt i behageleg varm sjø. Slike dagar kjem nesten kvart einaste år, men ein kan aldri planleggja når dei kjem. Ein må bare snu på hælen og gripa dei i lufta mens dei er her.

Etter høljeregnet i går hadde dei lova oss opphaldsver, solgløtt og pålandsvind i dag. Torun og eg bestemte at det måtte vera ein fin dag til ein langtur langs strendene. Sidan me bokstaveleg talt er mest bevandra frå Borestranda og sørover, fann me ut at me ville gjera det motsatte i dag. Me starta ved båthusa på Sele og gjekk nordover. Me vart ikkje skuffa, naturen der er heilt fantastisk. Bortsett frå nokre surfarar nordst på Hellestø og nokre vassande personar på Vigdel, hadde me strendene nesten heilt for oss sjølv. Det er ein luksus ein ikkje finn så mange andre stader i verda, milevis med fantastisk flotte strender der ein slepp å gå i kø, eller å liggja nesten oppå handkleet til andre som er der.

Lyset var fantastisk, havet blenkte i alle nyansar av blått og kvitt, grønt og lilla. Svalene flaug lågt langs havkanten, truleg for å snappa til seg tanglopper. Tjelden vassa rundt med høgfrekvente skrik, ærfuglar duppa i bølgjene, og måkane sviktar aldri.

Me gjekk langs steinstrender og sandstrender, og nokre gonger litt oppe i marehalmen og sanddynene for å koma fram. I enden av Hellestøstranda fann me oss ein lun plass til medbrakt salat, kaffi og lefse og lappar frå jærbakaren. Me hadde planar om å bada, men sjølv om sola skein heile tida var vinden så pass kjøleg at me i første omgang nøya oss med litt vassing.

Då me kom tilbake til bilen juksa me litt og køyrde vidare til Ølberg. Der visste me at dei sel sånn omtrent den beste softisen i heile verda, og i tillegg tenkte me at det kanskje var litt mindre kald vind med tanke på bading. Eg er glad i å bada, men må innrømma at eg er ein lystbadar som helst ikkje piner meg uti iskaldt vatn med mindre det er varmt nok til å kunna kosa seg i vatnet når ein først har gjennomlevd prosessen med å koma seg under… Torun er derimot ein pasjonert badar nesten uansett temperatur, og eg hadde nesten lova henne at eg skulle bada i lag med ho. Eg klarte det nesten. Badedrakta vart i det minste våt på den nederste brøkdelen. Eg prøvar å læra ungane på skulen at det er lov å seia nei og visa respekt for eigne grenser, akkurat det praktiserte eg i dag, medan den langt tøffare venninna mi som meiner at ein må symja minst sju tak for at eit bad skal vera gyldig, gjorde akkurat det…

Etterpå var det på med varme jakkar, og så vart det softis på ein gammal trebenk. Etterpå kjøpte Torun med seg nykokt krabbe heim til faren sin. Då me stoppa hos oss for at ho skulle få med seg tilbehøyr frå plantekassane våre som dill og persille, insisterte ho på at me måtte få nokre klør slik at me og fekk smaken av krabbe. Det gjorde me. Det smakte sommar av eit krabbesmørbrød med grovt grytebrød, smør, salatblad, sitron, majones og dill.

Dersom nokre treng sommartips for gode dagar i vårt hjørne av verda, slår eg eit slag for vandringar langs strendene. Det er ein fantastisk måte å nyta naturen, god tid og lange samtalar med ein du liker å ha lange samtalar med. Som eit alternativ går det utmerka godt an å vera tause og, det er så mange andre lydar der at det aldri vil vera feil det heller.

Og i fare for å bli oppfatta som litt einspora: I morgon lovar eg å skriva om noko anna enn jærstrendene.

Heidi

Døra på gløtt til hypokondar-romet

Kanskje eg med dette kan gi eit ansikt til noko mange kjenner seg att i? Eller opna døra på gløtt til noko du aldri har kjend på kroppen.

Dei som kjenner meg godt veit at eg nesten aldri er sjuk, og at eg samtidig tenderer til å vera skikkeleg hypokonder. Eg er alltid livredd når eg har møtt fram til mammografi eller liknande og føler meg dødsdømt heilt til eg får svaret i posten om at eg ikkje har noko å bekymra meg for. Eg trur eg må ha nesten norsk rekord i å ta hurtigtestar for korona, for å forsvara meg sjølv litt, så var det mest fordi eg visste at eg som ansatt i barneskulen var veldig eksponert for smitte, og eg var livredd for å smitta andre. Det kan kanskje kallast sekundærhypokonderi? Redselen for at nokon skal døy av korona fordi eg har smitta dei…

Eg og syster mi har det likt. Me er mellom dei få eg veit om som er redd for at ein tur til optikaren eller tannlegen kan avsløra alvorleg langt framskriden sjukdom. Me har ein teori om at det ligg i genene etter at bestemor som lita jente mista mor si og nesten alle søskena i tuberkulose. Det at slike opplevingar kan setja genetiske spor har faktisk fått eit slags vitenskapeleg belegg dei siste åra, sjølv om dei fleste er skeptiske til teorien når eg nemner han for dei.

Nå har eg igjen for litt over tre timar sidan på ny fått livet i gave. Eg har i eit års tid gått og kikka på ein føflekk og tenkt at den burde eg sikkert få sjekka. Dei siste vekene har eg følt meg forfulgt av artiklar om føflekk-kreft og høyrt om andre som har fjerna føflekkar som viste seg å vera noko ein ikkje burde gå med. Eg tenkte at det kunne vera eit teikn på at eg måtte koma meg i veg for å få vist flekken min til nokon som hadde greie på deg.

På fredag bestemte eg meg, og sykla til M44 med klar agenda om å få scanna den gjeldande føflekken. Eg måtte svara på mange spørsmål, og dei fotograferte føflekken med noko som likna på ein butikk- eller biblioteks-scanner. Ho som gjorde det lurte på om eg ville sjå flekken på skjermen. Det kunne eg godt ha takka nei til, for på skjermen i sterk forstørring såg han heilt forferdeleg ut. Så vakla eg ut der i frå og gjekk inn i den redde venteperioden eg visste måtte koma. Eg klandra meg sjølv for ikkje å ha gjort dette for lenge sidan, for nå kunne det fort vera for seint. Eg fekk beskjed om at eg ville få sms -beskjed når hudlegane hadde sett på flekken, og at dei ville ringa i tillegg viss dei fant noko bekymringsfullt. Det kunne ta ei til to veker å få svar. Eg førebudde meg på alle moglege tilbakemeldingar. Mest på dei aller verste.

Eg tenkte at nå vart det to veker i alarmberedskap, der eg skulle bli nervøs kvar gong eg fekk ei melding, for ikkje å seia ein telefon. Det viste seg at eg fekk sms-en allereie i dag. Eg skalv sånn på hendene at eg nesten ikkje fekk til å slå inn dei to kodane eg trengte for å opna svaret. Det viste seg at eg slapp i frå engstelsen med liv og helse denne gongen og. Flekken dei hadde scanna var heilt ufarleg, med eit fint latinsk namn. På norsk vart det på folkemunne kalla ein «gammelmannsflekk». Det namnet får eg heller leva med.

Eg veit at verken liv eller helse er sjølvsagte greier. Kvar dag som helst kan me få ein takstein i hovudet eller noko endå verre. Eg føler at eg nok ein gong har fått livet i gave. Det kjennest veldig godt sjølv om den innerste delen av hypokonderhjernen min kviskrar at hudlegar og kan ta feil.

Det var i grunnen bare den gleda eg ville dela i dag sidan eg nå ein gong har opna ein sommarblogg. Pass godt på deg sjølv og ikkje vent med å få det sjekka dersom du er engsteleg for noko. Sjølv feirer eg livet med blomsterbuketten på biletet og kald rabarbrasaft. Moreller kjøpte eg og med meg heim.

La oss vera glade for å ha kvarandre.

Heidi

Ein smak frå skriveøkta

Nå sit eg her på eit nestenrydda kontor og flikkar på tekstar eg har liggjande. Sidan eg opna ein sommarblogg i går kan eg jo by på eit av dikta eg jobbar med.

Eg har tenkt mykje på kva som gjer ein barndom trygg og god, og kva som gjer at barn kjenner seg elska og ivaretatt. Eg trur ikkje det finst fasitsvar. For meg var besteforeldre ein viktig faktor i barndomen medan andre barn kan ha ein utmerka barndom heilt utan besteforeldre. I diktet prøver eg å få fram at det uperfekte kan vera meir enn godt nok for eit barn. Nå lurte eg på om eg skulle sletta dette avsnittet, fordi eg synest folk skal lesa dikt utan å bli fortald kva dei handlar om. Nå, ja. Det får vera som det er. Det er ikkje sikkert at dette diktet kjem på trykk eller at det blir slik som dette, men det får duga som ei føremiddagshelsing frå meg.

Eg er usikker på om bestemor kjende til blomen blå valmuesyster, men ho var veldig glad i blomar og elska akkurat denne blåfargen. Derfor gir det meining å illustrera teksten med dette biletet.

Bestemor sitt kjøkken

Bestemor sitt kjøkken hadde vore lyseblått
med flortynne blondegardin
og smårutete vindu om ho hadde fått bestemma.

I det verkelege livet var skapdørene brune,
og i dei syntetiske gardina var det små hol
brennemerka av morfar sine rastlause sigarettar.


Luktene på kjøkkenet var som ho hadde ønska,
varme lukter av nysteikte kjøttkaker
og nykokt havresuppe,

sommarfarga lukter
av nykokt saft og syltetøy
solbær, rips og stikkelsbær,
med kokte glovarme flasker
i rekkjer og rad på benken
klare for å fyllast med varm saft og korkast igjen.

Kaffikjelen alltid klar på plata,
kaffisilen på benken ved sida av
sukkarbiter i ein opna pakke på benken
og asjettar med wienerbrød frå Sverres konditori.

Lag på lag med wienerbrødflak,
tytebærsyltetøy i midten,
ei stripe gul eggekrem på toppen,
den eg likte å spara heilt til slutt,
tjukk stiv, kjøleg melisglasur heilt øverst.

På ein stålstol med blått plastsete
sit den vesle tynne morfaren min
sixpencelue med trykk-knappen i panna kneppa igjen.

Han drikk kaffi med mjølk frå eit lyseblått tefat.
og et wienerbrød
sjølv om munnen er nesten utan tenner.

Bestemor sitt kjøkken var brunt og ikkje lyseblått.
Bestemor sitt kjøkken var ein god plass å vera barn.

Heidi

Sommarblogg 2023

Nå har det allereie gått ei veke av sommarferien, og me er inne juli månad som eg trur må vera den absolutte favorittmånaden min. Kanskje saman med august, men medan august er pakka inn i mogning og vemod har juli framleis venteglede og ny sommar i armane.

Sommar har me hatt ei stund, for det vart mange fine dagar i juni. Før skuleferien starta hadde eg ei nydeleg og veldig varm langhelg i Oslo, der eg var på salmeseminar og fekk med meg årsmøtet der eg avslutta styrevervet mitt i norsk hymnologisk forening. Det har vore interessant å vera med i to år, men akkurat nå har eg det for travelt til å kunna skjøtta ei slik oppgåve så godt som eg gjerne ville. Det er godt å kunna plukka ned nokre ballar, for dette skuleåret har vore veldig travelt. Me fekk landa det greitt, men eg trur aldri eg har hatt eit så travelt år før, og det seier ikkje så lite. Eg må skunda meg å seia at det er ikkje bare på grunn av jobben det har blitt slik, eg har lett for å ta på meg litt for mykje ansvar fordi det er så mykje eg har lyst til å gjera.

Eg har alltid likt at sommaren kjem med romslegare dagar og god tid slik at ein kan finna att kvilepulsen og få tenkt tankane sine ut. Ein bonus med eit styrverv i Oslo har vore at det har blitt nokre ekstra turar dit. Med to barn, eit barnebarn og anna nær familie i hovudstaden, er det alltid stas å koma seg dit. Å få vera med og bera kengurubarnet Tage medan han ennå er nokså ny her i livet er stort. Helst ville eg at alle barna mine og spesielt barnebarna skulle ha budd i mi gate her på Bryne, men Oslo er ikkje det verste alternativet. Ei halv dagsreis med tog så er eg der.

Straks skuleferien starta, reiste me til Søgne for å feira St. Hans-helga med gode venner. Det vart så fint å få ei helg i saman med to vennepar me har kjend godt dei siste 30-40 åra. Eg samlar på venner og er alltid open for å finna nye, men det er noko eige med dei som kjenner deg og historia di, og der me alle veit så mykje om kvarandre at me på ein måte bare kan skriva eit nytt kapittel i ei bok alle er godt kjende med. Jan og Hilde bur i eit hus med fantastisk utsikt utover sjøen. Desse lyse nettene rundt Jonsok er heilt magiske. På grunn av tørkeperioden me har vore gjennom fekk ingen tenna bål eller grilla, men me koste oss med open dør mot havet og spekemat på bordet.

Då me kom heim fekk me besøk av Sunniva og Tage, og eg fekk fortsetja løpet som kengurumormor.
Den vesle vennen er blid og sosial, men liker seg best når han sit på fanget eller er spend fast i beresele tett inntil ein vaksen kropp. Det er fint å sjå barna mine i rollen som omsorgspersonar, og det er aller best å få prøva seg i rollen som omsorgsperson sjølv og. Etter å ha vakse opp med fire fantastiske besteforeldre som alle kjendest som ganske nære personar, har eg høge tankar om kor viktig besteforeldre er.

Nå er dei to feriegjestene tilbake i Oslo, og Ingrid og Oddvar har teke med seg jentene og reist på ferie. Det vil seia at tida er komen for at mormor må gjera litt andre ting enn å bera barnebarn, leika og kosa seg. Her er det store mengdar rot å rydda opp i. I går haldt eg på i time etter time på arbeidsromet, eit forsømt rom og kapittel over litt for lang tid. Nå kjem det seg, men framleis er det nok å ta tak i. Samstundes hadde eg håpa at eg i løpet av sommaren kunne få gå gjennom alle tekstane og dikta eg har liggjande ferdige og halvferdige i bunker og notatbøker. Det er fire år sidan siste eg gav ut diktbok, så nå synest eg tida kunne vera mogen for det igjen. I samband med det var eg inne og leita her på bloggen min, for eg visste eg hadde nokre tekstar der eg kanskje kunne bruka.

Då eg sat og las meg fire år tilbake vart eg glad for alt eg har skrive her. Om ingen andre skulle hatt interesse av å lesa det, så er det for meg ein form for levd liv i hermetisert form som eg set pris på å ta med meg vidare. Det var då eg tenkte at eg måtte skriva sommarblogg i år og. Det var bare å koma seg i gang.

Noko anna eg har ambisjonar om å gjera i sommar er å vera flink til å koma meg ut på tur. I dag lurte Leif på om eg hadde lyst til å bli med ut og sykla. Det var ganske fint ver ute, og etter eit par våte, grå og kjølege dagar passa det godt å koma seg ut på sykkel.

Me tråkka oss gjennom sommardagen sørover Jæren, og eg kjende på kor glad eg er i dette landskapet mitt med beitemarker og åkrar, markblomar i grøftene, masse fuglar, beitande kyr og sauer og forblåste vindskeive tre. Får me ein sommardag på Jæren med 18 varmegrader, sol frå lettskya himmel, forsiktig vind som ikkje er iskald, då er me godt nøgde og har det godt. Det gjer ikkje noko om ein må sykla med ein strikkejakke over sommarkjolen eller om me for å vera litt tryggare har med oss regnklede i sidetaska på sykkelen. Får me ikkje bruk for å plukka fram det siste, så er det rein bonus.

Me sykla ned til Wiig-stranda i dag der havet gjekk høgt og skummande. Det lukta av rotnande tang og tare og av salt sjø. Me hadde ikkje med oss badetøy, og det var heilt i orden for det var avkjølande nok å vassa litt. Eg har eit sterkt og intenst forhold til jærstrendene. Av og til må eg bare ned dit. Pulsen frå bølgjene og den vide opne horisonten får noko i livet mitt til å falla på plass. Det høyrest voldsomt ut, men eg får ikkje til å forklara det betre, og dei som har det på same måten som meg veit kva eg meiner…

Utpå ettermiddagen fekk me veldig gildt besøk av Torun. Heldige meg som kjenner så mange gilde folk. God juli, alle saman!

Heidi

31.mai

Arbeidsdagen er i praksis nettopp avslutta, og eg og katten slappar av i sofaen i nesten fullt dagslys klokka ti om kvelden. Lyset på denne årstida er heilt fantastisk. I eit dikt eg kan finst fylgjade linje : «mens Gud ennå trodde på menneskene, skapte han juninettene.» Eg skal ikkje gi meg ut på dogmatiske utleggjingar om det teologiske innhaldet i linja, men eg speglar meg i diktaren sin tanke.

I dag fortalde eg elevane mine at dette er den siste vårdagen, i morgon er det juni og då er det sommar. Eg måtte samtidig konfontera dei med den litt mørke sanninga at eg ikkje kan garantera at dei får bruk for tynne sommarklede med det første.

Datoen i dag tilseier at når det gjeld maibloggen, så er han fullend med dette innlegget. Eg kan fornøgd med eigen innsats setja klistrelappen «mai-23» på det store digitale syltetøyglaset og setja det på den store hylla saman med dei andre 17 årgangane…

Så kan eg diskutera med meg sjølv kva eg skal med 18 årgangar mai. Det er ikkje sikkert eg kan gi eit godt svar. Dokumentera livet ? For meg sjølv? For andre? For etterkomarar og samfunnsforskarar? Fordi eg ikkje er typen som er i stand til å gi slepp på noko som helst. Kanskje litt alt saman…

Det kjennest godt å framleis ha stor glede av å skriva, og det kjennest litt godt å kviskra eit oppmuntrande «Oppdraget utførd for i år!» til meg sjølv.

Takk for fylgjet, gode venner. Eg kjem nok til å skriva ein del simmarblogg etter kvart… God juni, til alle saman.

Heidi

30.mai

Om omtrent eit døgn frå nå kryssar me grensa til juni månad, og me tek i fylgje kalendaren steget inn i sommaren. For nokre år sidan oppdaga eg at sommaren var mi favorittårstid. Lenge ville eg nok ha svart at eg likte våren best, men nå er eg ikkje i tvil om at det er sommaren som toppar det heile.

Desse mogne rolege vekene med alle blomane, luktene og dei lange lyse kveldane er sjølve hjartet i årsløpet. Det å pusta roleg utan å heile tida skulle nå noko, og dette å ha ein kalendar med god plass, er truleg ei nødvendig vitamin-innsprøyting for dei av oss som har ein tendens til å enda opp med litt overmøblerte avtalebøker.

Kveldane og nettene er allereie vidunderleg lyse, det er bare synd at morgonen kjem så tidleg. Elles skulle eg med stor glede følgt livsvisdomen i songen som seier at sumarnatta er for ljos til å sova burt. Eg har stor sans for tanken om å «vandra i saman ute under dei lauvtunge tre». Eg kjenner til og med eit par menneske eg truleg kunne lokka med meg på vandringa… Me får ta det igjen etterkvart. Kanskje det blir varmare og?

Men framleis er det ein dag igjen av månaden mai. Den skal me ta med oss.

Heidi

29.mai

Melding frå Torhild i går då eg akkurat hadde rydda inn frå solettermiddag i hagestova i ly av nordavinden:

Torhild: Lyst til å besøkja oss?

Heidi: Nå med det same?

Torhild: Ja, for eksempel…

Sidan me ikkje har lyst til å slutta heilt med å vera spontane, og sidan det alltid er kjekt å vera ønska ein plass, kom me oss i bilen i løpet av eit kvarters tid.

På den innebygde verandaen til Torhild og Per Magne fortsette innandørs-sommaren med jordbær, is, banan, peanøtter, granateplefrø og kaffi. Det vart ein veldig koseleg kveld, og eg fekk med meg heimestrikka sommarskjerf i regnbogefargar i gebursagspresang.

I dag var det duka for sundagssamling, eller kanskje heller måndagssamling i heimen. Eg fekk ein idé om å gjera om kjøkken og stove til pannekakerestaurant. Det rekna eg med måtte kunna utviklast til ein grei kombinasjonsmeny for alle generasjonar. I fantasien min skulle ein stor stabel varme pannekaker serverast med sprøsteikt bacon, oppskoren frukt, ferske jordbær og bringebær, banan, non-stop, varm bærsaus, piska krem, vaniljeis, sukker og smør, og så kunne alle forsyna seg med det dei måtte ønska.

Ideen var slett ikkje verst, men det tok mykje lenger tid enn eg hadde trudd å steika løvtynne pannekaker av ti egg og to liter melk, og det gjorde seg ikkje sjølv å førebu alt det andre samtidig med steikinga. Det ende med utløysing av røykvarslar som måtte koplast ut og steiking for vidopen verandadør. Ingenting vart klart då gjestene kom, men det blei det etterkvart, og når alle gjestene er familie er det heilt greitt å måtta hjelpast åt litt…

Etterpå arrangerte mitt organiseringssøkjande eldste barnebarn diverse konkurransar, som ho delvis fekk heile forsamlinga med på. Kanskje endar dei med jobb i skulen både ho og lillesøstera på to – og eit halvt, som har oppdaga at ho får merksemda og ordet dersom ho med ei betydningsfull mine klappar ein rytme og ventar til alle ser på henne?

At oldefar var ein kløppar på å bretta papirfly overraska meg ikkje, men det viste seg at oldemor kunne det ho og. Så måtte alle skriva namnet sitt på flyet med ein kulepenn før dei skulle kastast lengst mogleg. Både mormor og oldemor lurte seg unna neste konkurranse som vart hopping i form av høgdehopp og stille lengde.

Eg fekk meg ei ny ladning med syrinar til å fylla vasane med, og oppdaga etterkvart at eg sikkert hadde hatt pannekaker nok til 8-10 personar til. Resten vart delt ut i plastboksar til dei som ville ta med heim, og resten vart frose ned.

Barnas morfar har sykla til danskebåten, og har planar om å bruka det komande tidsromet med å sykla på danske hærvegar. Nokre av oss blir att i heimlandet for å halda samfunnshjula i gang. Og nå har kvelden nok ein gong innhenta oss igjen.

Ein ny dag ventar på andre sida av vekkjarklokkealarmen.

Heidi