Gå til innhald

Luke 5- 22

desember 5, 2022

På veg til toget frå Bryne var eg innom biblioteket for å sjekka om dei hadde den boka me skal lesa i litteraturgruppa mi. Det hadde dei, og eg var glad. Det einaste var at eg nok hadde fortrengt at boka var på meir enn tusen sider og kom til å ruva godt i kofferten. Om eg hadde visst at eg fekk tak i ho, kunne eg i alle fall latt dei tre bøkene eg allereie hadde med meg vera heime.

Nå kan eg fortelja at det er ei fantastisk fin bok, ein roman som følgjer ein familie frå Georgia gjennom seks generasjonar og eit århundre. Det slår meg kor lite me, i alle fall eg veit om den delen av verda. Det er hjarteskjerande å lesa om krigar og kriser og om maktmisbruk frå mektige menn.

Det er trist at det framleis er slik i verda at folk blir dregne inn i brutale krigar, at menneske blir soldatar og sende ut for å drepa mot sin vilje. Det er tragisk at krig ikkje lar seg stansa sjølv om nesten alle menneske bare vil leva fredelege liv saman med familien sin og dei dei er glade i. Eg låner barneblikket til femteklassingane mine som skriv i lystenningstekstane sine at dei vil tenna lys for at alle krigar må forandrast til fred og for at det aldri meir må starta store krigar.

Elles har me brukt mesteparten av dagen på tog. Sidan togforbindelsen mellom Stockholm og Oslo framleis ikkje er heilt gjenoppretta gjekk turen via Göteborg. Det var fint å kikka ut på svenske landskap som var skiftevis kvite av snø og skiftesvis snøfrie.

Her i Stockholm kom det store mengdar snø for ei drøy veke sidan, men nå er gatene bare igjen. Det ligg bare ein og annan snøhaug på opne plassar og framleis står det skilt i gatene om at ein må sjå opp for takras og fallande istappar.

Me kom fram tidleg på kvelden og fann hotellet som ligg like ved stasjonen. Me åt middag på ein asiatisk restaurant og så fann me vegen ned til Gamla stan der me drakk ein kopp kaffi. I morgon skal me sjå byen i dagslys, det blir fint.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: