Gå til innhald

Pinsedag

I dag starta eg og dagen ganske seint med å gjera meg klar til at me skulle sykla til Timekyrkja på pinsedagsgudsteneste. Datoen og dagen tatt i betraktning, så hadde eg vurdert å ta på ein sommarkjole. Etter ein kikk innom yr vart det langbukse og ullkofte under kåpa, og i tillegg ullvottar på hendene.

Eg må innrømma at ikkje alle mine kyrkjebesøk er ut i frå eit reint lystprinsipp. Akkurat som eg uti frå rutinane mine står opp og går på jobb kvar morgon, og akkurat som eg i beste fall tek på regnklede og går ein tur sjølv om det regnar, så prøver eg å koma meg i kyrkja på sundagane, fordi eg har ei overbevisning om at det er godt for meg, og etterpå er eg alltid glad for å ha vore der.

Av og til får eg ei sterk oppleving av det som står i salmen:» Som når eit barn kommer hjem om kvelden, og blir møtt av en vennlig hånd». Slik var det for meg i dag. Det var veldig fint å vera i kyrkja, salmene var fine og sommarslege, det stod fine sommarblomar på altaret og prosten vår, Lars Sigurd, kledd i pinseraud stola, klatra opp på preikestolen, som er såpass høg i Timekyrkja at eg ofte har lurt på om eg ville bli lamma av høgdeskrekk om eg vart nøydt til å stå der oppe og tala. Så langt har eg ikkje blitt utfordra på det.

Eg fekk og gratulert Kristine og Erik som bar sin vesle Henrik til dåp i dag. Det var fire dåpsbarn, og som alltid blei eg veldig rørt av å sjå babyane omgitt av glade stolte familiar. I det heile tatt er nyfødde barn noko av det som rører meg aller mest i heile verda.

I ein av dei gamle salmene, kanskje Grundtvig eller Lindemann, song me om korte lyse netter med nattergalens sang. Kanskje me ikkje kan leggja skulda for dårleg nattesøvn på nattergalen her på Jæren i Nordavindland. Men visst blømer det fleire og fleire markblomar i grøftene for kvar dag som går, og i dag vaiar det norske flagg mellom dei kvite og grøne bjørkene i anledning pinsedag.

Her heime har eg teke grep og flytta meg med radio, mobil, strikketøy, bøker, kaffi, mobil og skrivebøker ut i utestova. Her er det faktisk blitt veldig godt og varmt, så her kan eg leika sommar og kjenna på den gode solvarmen. Ei kjøttmeis flyr til og frå og forsyner seg med frø frå fuglemataren, og sommarblomar og urter frå Vik-gartneri står fine utanfor glasveggane.

Eg sit og og kikkar på alt som skulle vore gjort av rydding og fiksing, men i dag har eg bestemt meg for å la det vera. I dag vil eg halda kviledagen heilag, og tenkja at alt som skulle vore gjort kan eg få sleppa å gjera i dag, med mindre eg plutseleg skulle få ein ustyrleg sterk trong til å gjera det. Det er då ein fantastisk tanke?

Kanskje eg skriv nokre pinsedikt, eller kanskje ein salme? Det fekk eg lyst til då eg sat i kyrkja i dag. Me får sjå kva veg vinden bles meg…

Heidi

27.mai

Eg starta dagen i dag og med å lesa ei bok, bare fordi eg kunne. Eg las «Uro i koronaen sin tid» av Bent Høie. Det er allereie merkeleg å tenkja tilbake på den lange tida me var inne i koronabobla. Tenk at det verkeleg var slik me hadde det nokså nyleg… Og tenk at me tilsynelatande er trygt ute på den andre sida og lever omtrent som før. Heile perioden med nedstengning og frykt for. Smitte virkar nesten litt uverkeleg. Det første me gjorde om morgonen var å sjekka smittetal, og me sat benka som barn framfor barne-tv når Hans, Erna, Espen og Camilla dukka opp på sine hyppige seansar for å opplysa, trøysta og fortelja oss kva som var lov og ikkje lov denne veka.

Som biletet viser, så brukte me deler av dagen ute i det grøne. Me hadde til og med med oss ryggsekk med kaffi, knekkebrød og eit par melkesjokoladebitar, og hadde heilt bokstaveleg talt lunsj ute. Sjølv om me har begynt å lengta etter varmare dagar, så tyder mykje anna på at det nok blir sommar i år og. Grønfargane er akkurat så hypnotisk vibrerande som dei bare er på skkurat denne årstida seint i mai. Skogstjerner, gauksyre, lupiner og mykje anna set og farge på naturen, fuglane syng, og humlene er på plass.

Vel heime i stova skrudde me på varmeovnar og varmepumpe før eg pakka meg inn i eit teppe og fann fram strikketøyet. Eg har ikkje hatt tid til strikking på fleire veker, så det kjennest nesten luksuriøst.

For første gong henta me med oss sushi frå den nye restauranten i Jernbanegata. Det smakte veldig godt.

Og viss nokon skulle lura: Eg har imgen sponsoravtalar med sushibransjen eller bokbransjen…

Heidi

26.mai

I dag fekk eg melding frå far om at han hadde vore innom og lagt liljekonvall og syrinar i vasken på badet nede. Kanskje det var ein kommentar til at eg nesten påstod på bloggen min i går at ingen av desse blomane hadde sprunge ut endå?

Fine var dei i alle fall, og eg vart veldig glad. Begge deler høyrer til under mine absolutte favorittblomar saman med blåklokker, tiriltunger, kornblomar, valmuer og solsikker og sikkert mange fleire viss eg får tenkt meg om. Fleire presangar har eg og fått i dag. Så mange gilde folk eg kjenner.

I dag var det absolutt fantastisk å kunna ta ein sein og roleg morgon. Eg gav meg til og med lov til å lesa ut ei bok eg begynte på i går kveld, Ingebrikt Steen Jensen si bok om å leva med demens. Han skriv om ein av dei sjukdomane dei fleste av oss er livredde for å få, men det er på mange måtar likevel ei livsbejaande bok med mykje livsoptimisme.

Kveldane er lange og lyse, nå ventar me bare på varmen. Akkurat som i mai alle andre år lurer eg litt på kor dagane blir av. Dei renn som sand mellom fingrane eller bles vekk med nordavinden. Men fine er dei, og me klamrar oss fast så godt me kan. Det kjem rolegare dagar etter dette…

Heidi

25.mai

Dagens bilete er barnekunst frå kunst og handverkstimen i dag. Eg stolar på at kunstnaren, som forresten heiter Magnus, ville gitt meg lov.

Sidan eg jobbar ein kveld i veka i kulturskulen, styrer eg fredagen frå «heimekontor». Det er nydeleg å sova utan aktivert vekkerklokke. Sidan summen av stillingane mine i år blir ca 100%, seier det seg nesten sjølv at eg ikkje får unna alt lønna arbeid på fire dagar. Det blir ganske mykje jobbing med skule og kulturskule på fredagar og, men det er er fint å kunna styra tida sjølv og gjera noko heilt anna sånn av og til.

Denne torsdagen er eg veldig klar for helg, med to planleggingskveldar og ein kveld i kulturskulen har det gått heilt i eitt sidan måndag morgon.

I dag har me forresten bryllaupsdag, me gifta oss for 38 år sidan viss eg reknar rett. Eg skulle plukka syrinar, men det vart ein sein vår, så det vart liljekonvall i buketten i staden. I år har eg ikkje sett liljekonvall heller, så denne våren må vera endå seinare.

Me har feira med middag på gjenopna Møllehagen restaurant. Lakseplanke smakte veldig godt. Det viste seg at kvar torsdag byr dei på gratis dessert og kaffi, så det kunne me nesten ikkje takka nei til.

38 år er forunderleg lang tid når ein skriv talet ned og ser på det. Me får sjå kvarandre inn i auga og gratulera med dagen. Eg synest me har klart oss godt.

Heidi

Frans av Assisis bønn

Eg og elevane blir liksom ikkje heilt ferdige med Frans av Assisi. I dag skulle me lukka døra til temaet med ei lita oppsummering, men fleire insisterte på å få lov til å gjera seg heilt ferdige med teikningar, maleri, presentasjonar og filming, og slik iver klarte eg ikkje å stå i mot.

Nokre av dei som var ferdige spurte om dei kunne prøva å byggja Assisi, Frans, fuglane og ulven i minecraft-versjon. Det var eit såpass kreativt forslag i seg sjølv at eg gav dei lov, så to av jentene prøvde å byggja som på det berømte maleriet der Frans kler av seg og fråseier seg farsarven. Dei meinte at det eine huset var malt alt for smalt, og det tenkte eg var ein interessant observasjon.

To av gutane sat i eit fargeblandings- og ikonmalingsprosjekt, medan ei av jentene let seg filma på grupperomet i skapnad av Frans som ville liggja på eit hardt og kaldt steingolv og venta på syster Død som skulle henta han. Han insisterte at kroppen hans skulle gravleggjast på same måten som farlege forbrytarar vart gravlagde fordi dei var dei mest forakta i samfunnet. Syster død kom inn på grupperomet og begravde henne under ein gammal skuleplansje for å visa at sjela hans vart henta…

Omtrent slik kan det gå for seg i ein krle-time på 5.-trinn. Teikningen over er laga av ei av jentene som har teikna etter eit bilete ho fann på nettet.

Eg trur det er noko ved Frans av Assisi- skikkelsen som appellerer til elevane akkurat som eg hugsar at eg vart fascinert av å lesa Frans av Assisi si bøn i ei lærebok då eg sjølv gjekk på skulen.

Bøna er ikkje skriven av Frans sjølv, men truleg av ein ukjend forfattar like etter 1.verdskrig. Bøna oppsummerer mykje av det Frans stod for, og er så fin at eg spanderer plass på dagens blogg…

Herre gjør meg til redskap for din fred!
La meg bringe kjærlighet der hatet rår.
La meg bringe forlatelse der urett er begått.
La meg skape enighet der uenighet rår.
La meg bringe tro der tvilen rår.
La meg bringe sannhet der villfarelse rår.
La meg bringe lys der mørket ruger.
La meg bringe glede der sorg og tyngsel rår!

Å Mester!
La meg ikke søke så meget å bli trøstet som å trøste.
Ikke så meget å bli forstått som å forstå.
Ikke så meget å bli elsket som å elske!
For det er gjennom at man gir at man får.
Det er ved å glemme seg selv at man finner seg selv.
Det er ved å tilgi andre at man selv får tilgivelse!
Det er ved å dø at man oppstår til det evige liv!
Amen

Heidi

Tar man livet som det falder

går man gennem livets haller

altid i sin beste alder —Kumbel

*

På ein del felt i livet er eg ganske barnsleg. Eg synest for eksempel at det er litt stas å fylla år.

Eg kjende glede over å pakka opp nokre spennande pakkar med veldig fint innhald før dagen for alvor tok til.

*

Då eg kom inn til første time bytta min kjære kollega Kari om på det eg hadde av planar. Ho fekk med elevane på song og dans og hadde med musserande rabarbradrikke (alkoholfri sådanne), og is til alle saman. Ho fekk alle i romet til å seia fine ting til meg, og det vart nesten litt tåredryppande å skulla ta i mot alt saman. Ei av jentene sa: «Heidi, du er den mest vimsete læraren eg veit om, men du er det på ein fin og god måte…». Det får vera dagens attest. Og eg som trudde eg klarte å skjula den sida av meg sjølv i mitt profesjonelle virke…

Eg veit ikkje kva det er med denne datoen. Det må vera den optimale datoen for planleggingskveld på Bryne skule. Eg har ein følelse av at minst to av tre bursdagar dei siste 36 åra har blitt feira på denne måten. Ein får bare omfavna sin skjebne og erklæra at det må då vera den ypperste feiringsforma som tenkjast kan…

Sidan me i år ikkje haldt på til langt på natt, så rakk me jammen å eta sein kveldsmat med nokre venner. Nå skal eg krypa til sengs og trøysta meg med at det framleis er nokre år igjen både til «When I’m sixty-four», og «Når man blir seks og seksti, først da tar livet til.»

Tusen takk for alle fine helsingar på facebook, instagram og sms. Eg vil gjerne svara på alle etterkvart, men dersom det skulle gleppa, så vit at eg har sett stor pris på kvar einaste helsing.

Heidi

22.mai

Lillegut er reist tilbake til Oslo, og det er tomt i huset. Me har hatt planleggingskveld på jobb, så det er ikkje så lenge eg har vore heime heller.

Etter planlegginga sykla eg til Ingrid det eg hadde fått lov til å plukka rabarbra. Så sykla eg heim i kveldsregnet. Det lukta sterkt og krydra av nyutsprungen bjørk.

Vel heime reinska eg rabarbra og laga deig. Så mellomlanda eg i ein sofa og var så trøytt at kaka vart i overkant godt steikt før eg orka reisa meg. Eg får finna på noko lurt før paien skal serverast. Det er mangt og mykje som let seg retta opp…

Heidi

Streif av sommar

I dag var plutseleg sommaren her, i alle fall viss ein har ein «liven udeplass» slik som Ingrid og Oddvar.

Føremiddagen var av det trivelege slaget som bare lagar seg sjølv på uventa vis. Først hadde me koseleg sundagsfrokost med overnattingsgjestene våre, så dukka det opp venta og uventa gjester. Plutseleg stod min gamle venn og kollega Stig i stova vår. Eg trudde nesten ikkje mine eigne auge, for han bur for tida veldig langt unna. Det er den typen overraskelsar eg kan lika. Dessverre stod me nesten på farten, men ein liten prat blei det tid til mens eg trødde i han det siste lille sjokoladekakestykket som var igjen på fatet.

Hos Oddvar og Ingrid var det full sommar. Der hadde me familiemiddag og koste oss med nydeleg pizza bakt i uteovnen. Min eldste svigerson imponerte som pizzabakar og toppa det heile med heimelaga iskake. Ungane koste seg i sommarantrekk og leika på plenen med onklane sine. Min yngste svigerson imponerte med sjongleringskunstar så her kjem kompetansen flytande til familien.

Sundagen vart avslutta med rigging av bønevandring og kveldsgudsteneste i kyrkja med besøk frå Kirkens bymisjon og song og musikk av Jarle Obrestad.

Kirkens bymisjon har som mål å spegla og respektera alle menneske sin eigenverdi og å visa alle menneske kjærleik og omsorg. Det er målsetningar eg har sansen for.

I morgon reiser gjestene og eg skal tilbake på jobb. Med andre ord er eg innhenta av kvardagane. Heldigvis er dei fine dei og.

Heidi

20.mai

Etter ein iskald 17.mai har temperaturen vore stigande. I dag var det 14 grader og nesten varmt. Spebarnslivet fortset i heimen, me byssar, kosar og djupdykkar etter babysmil. I dag har den unge mannen hatt ein god dag med opptil fleire smil og lite sutring. Det blir tomt og trist når han reiser, men det har me ikkje tenkt å bekymra oss over endå.

I løpet av dagen har fleire vore innom for å helsa på det nye vesle mennesket me har i hus for tida. Det har vore fint. Elles har Sunniva lært oss nye knep i pizzalagingens kunst. Me har hatt besøk av to små jenter som har rigga dokkesjukehus i eit hjørne av stova og brukt store mengder plaster på dokkesår og skadde dokkebein.

Nokre dagar spring forbi utan at ein heilt veit kor dei har teke vegen. Dette er ein av dei. Då resten av husfolket gjekk til ro og barnet var byssa og sov i nestet sitt skulle eg skriva blogg og diverse anna, men då sovna eg like godt i sofaen ved sida av han. Nå er skaden retta opp, og me får vel tusla oss inn i senga.

Heidi

19.mai

I dag har me feira Sunniva sin tretti-års-dag. Alle var friske etter ei veke det fleire av gjestene har hangla litt. Det kjendest veldig bra at feiringa kunne bli etter planen.

Me hadde bestild bord på Drivhuset kafé og bageri. Sola skein utanfor dei store vindauga, og inne var det deilig sommartemperatur. Alt er så estetisk vakkert der, nokre menneske har bare evna til å skapa vakre rom som det kjennest godt å vera i. Me hadde buffet og koste oss der i eit par timar før me reiste heim til oss til kaffi og kaker, der tre gjester til hekta seg på feiringa.

Oldemor, oldefar og tante May Brit fekk helsa på det vesle nye familiemedlemmet.

Han klarte seg heilt utmerka i selskapslivet, og sjarmerte alle saman i senk. Dagens antrekk var ein liten dress med vest og tversoversløyfe, ein presang frå tante Ingrid og familien.

Med ein nyfødd liten gjest i heimen har eg fått gjenoppfriska tilveret med eit menneske som er veldig ny i livet. Eg har vore barnevakt om kveldane og byssa vesleguten gjennom dei urolege ettermiddagstimane dei siste to dagane. I kveld fekk en meg ein time og halvannan med ein litt uroleg og kavete gut i beresele på magen, og i natt fekk eg jammen lov til å prøva meg på ei nattevakt, noko som i praksis vil seia å prøva seg på svæving av spebarn som nettopp har blitt amma og som ikkje har tenkt å sovna att.

Den vesle vennen starta nattegildet med å lysa opp i dei nydelegaste babysmila nokon kan ønska seg, ei hjarte- og sjelevarmande forestilling for ei mormor nettopp henta ut av nattesvevnen. Kanskje eg burde teke det som eit hint om at han ikkje hadde tenkt å sova burt nesten-sumarnatta. Min strategi var byssing, bering og song, og til slutt, etter ein dryg halvtime, måtte han litt motvillig gi tapt og la auga gli igjen sånn omtrent i overgangen mellom Bonnie banks of Loch Lomond og Fagert er landet… Og så sov han heilt til tidleg morgonsmat, og endå lenger etter ein solid frokost.

Nå ligg han her i eit babynest og søv sin søtaste søvn medan foreldra får sjansen til å ta igjen litt av søvnunderskotet oppe på gjesteromet. Og kroppen min hugsar korleis det er å bera rundt på eit nytt lite menneske med litt for lite søvn innabords. Det er ei veldig sterk og levande kjensle…

Heidi