
For ei glede, i føremiddag hadde eg tre barnebarn rundt meg. Dei to jentene var glade og stolte over å få helsa skikkeleg på dette nye vesle søskenbarnet sitt. Eldstejenta lyste av meistringsglede då ho fekk halda han i fanget, og minstejenta gjorde det same då ho fekk gje han tutten.
I ettermiddag tok eg ut på trilletur med vogna slik at foreldra til vesleguten fekk kvila litt og slik at eg fekk ein tur ut med barnevogn. Barnet var nysteld og nyleg mata, så eg rekna med at han ville sova seg gjennom dei nitti minutta eg hadde avtalt å vera borte.
Soving viste seg å ikkje vera planen til han i vogna det han låg og smågrynta mot livet og dagen. Eg var overbevist om at han kom til å sovna til slutt, men det siste kvarteret klaga han meir og meir høglydtpå at maten ikkje var innan umiddelbar rekkevidde.
Etter fleire rundar med byssing, amming og bering, sovna han til slutt i fanget mitt. I natt har eg lova å vera back- up om det blir vakne periodar etter ammepausane. Får håpa barneforeldra har vett til å benytta seg av tilbodet…
Heidi

Tenk at me har fått vera med på veslegut sin aller første 17.mai. Han møtte dagen i ny blåstripete kort selebukse med kvit strømpebukse og ein body som fungerte som t-skjorte fordi eigaren hadde rukke å veksa ut av plagget før førstegongs bruk. Me skulle i veg og sjå jentene gå i tog på Tu og fekk det ganske travelt. Me hadde nesten gløymt kor mykje tid ein må leggja til når ein har med seg ein baby.
Visst nådde me det, slik me har nådd toget kvart einaste år, ofte småspringande med knappast mogleg margin medbrakt barn som skal rekka å stilla opp før korpset dreg på med «Norge i rødt, hvitt og blått» eller «Dixiland strut», og alle skal begynna å gå.
Det var mykje ver ute, sjølv om sola skein var det 2-3 regndropar som fløyg i med nordavinden. Med 5-6 kalde varmegrader låg me godt under universaltemperaturen på 12 grader som me ofte held oss med både på julafta, jonsok-afta og 17.mai. Me høyrde rykte om at det var over 20 grader i Oslo, og Sunniva mumla noko om å vera klimaflyktning medan me stod der med ullkofte under kåpa og småfraus medan me venta på toget. På eit av bileta av den vesle familien som marsjerte i toget står Iben sitt livlange hår som ein glorie rundt heile henne i eit intenst vindkast medan Oddvar hutrar under ull-lua.
Me samla storfamilien rundt eit langbord i Kåsenhallen der glade onklar, tantar og søskenbarn fekk beundra veslegut for første gongen, det var tale, korpsmusikk, allsong, pølser, kaker, lynlotteri, is og lapskaus.
Etterpå var eg og Leif på besøk på Figgen og åt lunsj med foreldra mine, syster og svoger, medan dei andre var ute på andre ting. Medan småbarnsfamilien sov litt alle saman, gjorde eg i stand til kaker og kaffi og meir 17.mai-feiring.
Den sistfødde er ganske roleg og fornøgd så lenge han får «vera på hendene». Det å liggja ein plass aleine er ikkje så stor stas, så barnet si mormor får rik anledning til å bera, kosa, byssa og synga beroligande voggesonger som eg reknar med at dei andre taust ber over med fordi lydalternativet er endå meir auditivt stressande…
Ikveld sov han på fanget mitt gjennom nesten ein heil fotballkamp. Det er så utruleg ro i det å ha eit sovande spebarn i armane.
Eg har ambisjonar om å passa baby så ofte eg kan slik at trøytte foreldre i verste fall får henta inn litt av søvnunderskotet. Med slike planar burde eg ikkje sitja oppe til langt på natt og skriva medan alle andre, babyen inkludert ligg og søv.
Det er nok best å konkludera med at det har vore ein fin nasjonaldag og koma meg i seng jo før, jo heller…

Heidi

I dag har me øvd på 17.mai- songar og pynta klasseromet ferdig til kafé. Eg sende elevar ut for å plukka løvetann som me pynta med i vindaugskarmane. Eg håpar dei fortsatt er fine i morgon I siste time fekk dei vera med og gå i øvingstog opp til Bryneheimen.
Vesle Tage kom i dag. Flyturen hadde gått veldig bra. Nå heng 17.mai- antrekket hans nystroke over ein stolrygg og ser bittelite ur. Me håpar at han ikkje har vakse frå det før førstegongs bruk. Han veks i høgt tempo og er alltid svolten, og forøvrig det vakraste og søtaste vesen ei mormor kan drøyma om. Nå har eg stroke, rydda pynta litt og pynta ei kake etter at dei andre gjekk til ro.
Nå skal eg koma meg i seng for nå sovnar eg mens eg skriv. Dei melder opphaldsvêr og nordavind i morgon n. Akkurat nå høyrer eg lyden av ei kraftig regnbyge. Håpar ho har regna frå seg før barnetoget, og at alle i huset får litt nattesvevn.
Heidi

Sidan kvelden alt er her, og eg framleis har litt å gjera, skal eg utfordra meg sjølv til å skriva kort i kveld…
Ettermiddagen er brukt til å prøva å gjera klar til den store hendinga i morgon: Vesle Tage sitt første besøk hos mormor og morfar. Stellebordet er på plass, babynestet ligg i sofaen, og ammeputa er henta opp frå kjellaren. Loftstova er rydda og vaska for første gongen på veldig lenge, og eg er til og med på gli til å gje nokre av leikene som ligg der til gjenbruksbutikken. Eg har problem med å kasta ting, og eg kan jo ikkje gi bort yndlingsbamsen til eldsteguten eller dokkene frå min eigen eller jentene mine sin barndom…
Men det er nok ein del andre ting der oppe som kan gjest vekk… Eg har likt tanken på at eg og ungane kan laga ein velutstyrt dyrepark og ei fin gardsbesetning av alle kosedyra, men eg innser at det er så mykje leiker der at det blir mest kaos….
Ein del av dei ubrukte skattane frå loftet, fingerdokkene på biletet over, har eg lagt i premie-øskja mi. Den hentar eg fram ein sjeldan gong, og i morgon skal nokre av dei som gjorde ein ekstra god jobb på lesebingoen frå sist veke få velgja seg noko frå den.
Så har eg bakt to kaker og lytta til Drivkraft på P2 der Ingebrigt Steen Jensen har snakka om å ha ei positiv tilnærming til det å ha fått ein demens-diagnose. Det er ei interessant problemstilling. Han meinte mellom anna at han var blitt flinkare til å setja pris på dagane sine og at han hadde fått ein nærare relasjon til barna sine og vennene sine. Det er jo litt trist viss det må så sterke verkemiddel til for å innsjå kva som er viktig i livet.
Nå skal eg rydda litt på arbeidsomet før eg landar dagen heilt. Denne gongen og må eg innsjå at eg ikkje heilt presterer den velordna og ryddige heimen eg hadde tenkt å tilby gjestene mine. Eg må innrømma at ei gruppe menneske eg misunner litt er desse mellom oss som alltid har det reint og ryddig rundt seg. Eg ville så gjerne, men eg har aldri fått det til… Nå deler eg hus med ein pensjonist som har planta sommarblomar, vaska vindu og golv, sett rundstykkedeig og mykje meir for å få oss sånn nokonlunde i mål… Ære vere han…
Heidi

Nå har eg akkurat lagt nest siste hand på elevboka frå skapande skriving. Eg manglar bare eit foto av ein av elevane, så kan eg bestilla bøkene. Det kjennest veldig godt. Eg er aldri sikker på at alt verkeleg er i orden før ordren er send, og bekrefta, men det stolar eg på at eg skal få oppleva i morgon. Som ei avveksling frå dei «prydelege» bileta eg pleier å ha her, så pyntar eg dagens post med forsidebiletet på boka, ein collage ein av forfattarane har laga. Tittelen på boka er henta frå ein av tekstane og er som fylgjer: «Det er mykje rart som fyk forbi». Etter veldig mange arbeidstimar kan eg kjenna på ei viss meistringsglede, ikkje for det litterære, men for det tekniske. Eg har klart å få inn alle tekstane, lasta inn foto og fått dei på rett plass, og eg har til og med fått til å skanna inn nokre bilete. Det siste rett nok med litt hjelp frå husguruen min.
Elles har dagen gått veldig fort slik mine dagar har ein tendens til å gjera. Me hadde ein fin start på dagen i kyrkja der eldstebarnebarnet sitt kor song og der fireåringane i kyrkjelyden fekk utdelt barnebiblar. Det var ein familiegudsteneste etter mitt hjarte med stappfull kyrkje, stor grad av barnemedverknad, barn som las tekstar, las bøner, song i kor, song solo, dansa, tende lys, skreiv bøner, spelte fløyte og ringde med kyrkjeklokker. Det var gøymd mange kvite lam rundt i kyrkjeromet som barna fekk koma fram med då den gode hyrden dukka opp med sauekledde små og store skodespelarar. Likevel viste det seg å mangla ein ved nøyare oppteljing, og til slutt dukka sauen Shawn opp. Han hadde vore på ville vegar ute på gangen men dukka til slutt opp i fullt kostyme. Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi, saft og kaker til alle som var til stades, og hoppeslottet vart pumpa opp til barna.
Seinare har eg brote sundagsfreden med å prøva å få klargjort huset litt til 17. mai og endå viktigare til besøk av nyfødde vesle Tage og foreldra hans. Eg har hatt besøk av to små jenter som har hjulpe til med vanning av dei nyplanta blomane i potter på verandaen. Dei hadde med seg heimesteikte lappar dei hadde vore med på å laga og her i huset vart det litt enkel middagslaging. Eldstejenta er blitt veldig flink til å laga eventyr som ho fortel med stor innleving. Dei viser litt kva som sviv i følelsane til eit barn på fem år, kva som er den største frykten av alt ein kan tenkja seg, og kva som er dei store draumane.
Det eine eventyret vart så trist at ho bestemte at me ikkje skulle skriva det ned. Det handla om ei jente som måtte flytta heimefrå fordi foreldra ikkje var glade i henne lenger. Ho flytta til bestemora, som var glad i henne, men så kunne dei ikkje gå ut av huset fordi ein ulv, eit troll og eit spøkelse stod utanfor og ville eta dei. Dei kom seg ikkje ut for å kjøpa mat, så dei måtte eta gammalt brød og gammal agurk, og til slutt dei døde insekta på loftet. Ulven og trollet prøvde å lura dei, dei lot som om dei hadde besvimt. Då gjekk bestemora og jenta ut, for dei måtte jo ha mat, men då åt ulven og trollet dei opp, og så var eventyret slutt. Eg spurte om det ikkje kunne koma ein jeger eller noko å hjelpa dei ut, men det gjorde det ikkje. Det måtte bare vera som det var. Etter eit par minutt syntest ho nok at ho måtte trøysta meg litt, og sa at det kunne jo henda det kom ein jeger, det kom me aldri til å få vita heilt sikkert…
Eit finare og meir antikapitalistisk eventyr handla om ein godterimann som hadde ein stor godteributikk, men ingen ville kjøpa godteriet hans. Då vart han veldig fattig, for han fekk ingen pengar. Han kunne ikkje kjøpa mat ein gong. Men ein dag kom sjølvaste kongen og ville kjøpa ein slikkepinne. Slikkepinnen var kjempegod, og når kongen kjøpte ville alle ha. Alle folk kom og kjøpte av han og til slutt var det ingenting godteri igjen. Det smakte så godt at alle folk kjøpte godteri for alle pengane og nå vart alle fattige og godterimannen veldig rik. Heldigvis kom godterimannen på at alle kunne dela på pengane og snopet, og så vart alle glade. Snipp, snapp, snute, og mormor var glad for at minst eit eventyr ende godt, og det gjorde nokre av dei andre eventyra og, så me får tru at det er håp for verda…
Nå gleder eg meg villt og uhemma til vesleguten skal koma på besøk. Me har fått låna bilsete og babyseng, og det er blitt strikka ny bamselue sidan den andre var bare akkurat stor nok. Dei kjem på tysdag allereie og blir til måndag. Eg kryssar fingrar og tær for at dei i familien som er sjuke skal bli friske att i morgon og at ingen fleire skal bli dårlege. Heldigvis held husfolket her seg på beina. Det har me tenkt å fortsetja med.
Og forresten, her er baksida av bokomslaget:
Heidi


I dag har me vore på familietreff på Mæland i Skjold, på den garden der oldemora mi budde då eg var lita. Nå bur syskenbarnet mitt, Jan Rune, der med familien, og eg likte så godt vegskiltet han hadde laga på eigedomen.
Minstejenta på to og eit halvt år var feberfri i dag morges, og hadde sjølv denne kommentaren : «Bæhre i dag!» Så blei det bestemt at me skulle reisa alle saman som planlagd. Me reiste i fylgje, så sjølve turen med fergedistanse blei ein del av det heile. Småjentene hadde bare båterfaring frå ein tur med danskeferga.
Det var utruleg koseleg å møta igjen onklar, tantar og syskenbarn. Nokre av dei har eg møtt med jamne mellomrom, andre hadde eg ikkje sett på kjempelenge, og dei nyare generasjonane hadde eg til dels aldri møtt. Slike treff er jo ei påminning om at tida går om me nå skulle ha unngått å leggja merke til det…
Sola kom etterkvart gjennom havskodda, og me kunne sitja ute og inne eller i kombinasjonen av dei to om me trakk mot partyteltet.
Onkel Harald hadde ein presentasjon av farmor og farfar og bakgrunnen deira, og far fortalde om oppveksten på Sjurseike under og etter krigen. Det meste visste eg frå før, men det var ein fin presentasjon, og for generasjonen under oss var det nok mykje nytt.
Me åt gode gryterettar, åog drakk kaffi og kaker mens me prøvde å få snakka litt med dei forskjellige. Det var veldig fin uteplass for barna der med trampoline, disser, leikehytte og andre ting. Iben samla skrukketroll, plukka løvetann og dansa på trampolinen. Av spennande ting var det òg ein liten kattunge som dei kunne klappa. Minstejenta leika i sandkassen med solhatten på, tutten i munnen og kosen i den eine handa. Etterkvart vart ho veldig trøytt og ville sova på fanget, så det viste seg at heilt ferdig med å vera småsjuk var ho nok ikkje.
Vel heime stranda den planlagde arbeidsøkta på sofaen, men det går nok helt fint. Dagen i mirgon er ein ganske romsleg dag.



Etter nokre usedvanleg travle veker var det godt å få ein morgon utan vekkjarklokkevekking. Målet for i dag var å koma lengst mogleg med elevboka frå skapande skriving og elles få gjort litt av alt som gjerast burde…
Me fekk ein fin tur til gartneriet på Vik, og fekk handla sommarblomar, urter, salat, vårløk og purre. Me er alltid optimistar i mai, og trur at dette er sommaren då me skal få intens bløming, grøn vekst og grøne fingrar.
Ute var det fin blå himmel og strålande sol, men då me nærma oss havet kom skodda, først som trådar og flak, og så som eit dansande grått teppe. Det er så vakkert ute nå. Kvart år kjennest det litt som om mai månad dansar i veg og nesten spring i frå oss før me får gripe skikkeleg tak.
Eg hadde lyst til å hoppa ut av bilen og fotografera for kvar sving me passerte, enger fulle av løvetann, viper i lufta og på bakken, kråkeflokkar i trolsk grå skodde, lam på beite… Kanskje det er eit sannsynleg søvnunderskot som gjer meg sentimental, og kanskje det er litt for masse pollen som gjer at auga blir blanke? Av og til er det så fint ute at eg får lyst til å gråta.
Det vart ein ettermiddagstur til Ingrid for å sjå om Iben sin bunad kunne brukast utan omsøm i år. Me bestemte at det går heilt fint å bruka han som han er, sjølv om skjørtekanten stoppa eit stykke opp på leggen. Den avgjersla sparer meg for eit ganske stort arbeid som eg strengt tatt ikkje har tid til.
Minstejenta var ikkje heilt i form i kveld. Eg har eit håp om at ho er frisk i morgon, eg har gleda meg til å ta med meg mine til slektstreff i Skjold. Me får sjå koss det ligg an nå den tida kjem.
Klokka er snart ein halvtime over midnatt. Eg har skrive heile kvelden og er godt fornøgd med innsatsen. Nå skal eg bare pynta ei kake, så går eg inn for landing.
Heidi

Eg synest dette elevarbeidet, malt etter eit Frans av Assisi-ikon, kan vera eit passande bilete for dagens tekst. Den danske visesongaren Trille, som var ein av mine favorittmusikarar tidleg på 80-talet, har ein fin visetekst om desse små glimta av godleik som me vel alle opplever å sjå midt i dei vanlege kvardagane våre. Ho seier det så vakkert :
“Sådan ser jeg ofte striber af lys, ofte striber af varme, som når en hvisken høres bedre enn et råb».
Sjølv har eg opplevd dette fleire gonger i dag: Miljøarbeidaren i klassen som henta varm kaffi til meg, ein gut på trinnet som kom med to avbrekte rosa rhododrendrom – blomar til meg, (Heeeeidi, vil du ha blomar? ), eg spurde ikkje kor han hadde plukka dei, jenta i klassen min som litt sjenert overrakte meg ein pose med billed-drops då ho kom til utviklingssamtalen.
Den sterkaste stripa av lys såg eg då eg vakla rundt i butikken for å handla litt etter full arbeidsdag og sju utviklingssamtalar, høyrde eit muntert rop. «Heeei, Heeeidi, så gøy å se dæh.» Der stod det ein tidlegare kollega og scanna inn varer i hurtigkassa iført shorts t-skjorte og caps, så han kom truleg rett frå trening. Han smilte så fint at han måtte få ein klem over gjerdet mellom kassane. Eg kan fortelja at det var same mannen som plutseleg stod det som den naturlegste ting i verda med bøtte og klut den gongen før jul då eg hadde velta ein pyramide med vaniljesaus i ein annan butikk, og eg stod der forvirra og flau i ein liten dam nedspruta av saus. Kor han hadde fått bøtta og kluten frå anar eg framleis ikkje, han må ha sprunge rett ut på bakrommet og funne næraste bøttekott…
Eg stansa ved ein søt ung Asfalt-selgjar som stod utanfor butikken. I det eg stod og betalte med vipps, stod same mannen plutseleg ved sida mi igjen. «Heiidi, æ visste mi ville mødest her». I tillegg til å kjøpa eit blad, halte han opp ei nyinnkjøpt flaske vann til selgjaren. «Da æ gikk inn i butikken spurte æ om æ kunne kjøbe noe å spise til ho, men ho var bare tørst, men du Heiidi, kan æ kjøre dæ hjem?» Då eg sa eg hadde sykkel påpeikte han at han hadde sykkelstativ på bilen. «
Varma av omtanken takka eg fint nei til tilbodet. Då eg sykla forbi bilen hans på veg heim, såg eg at han opna bildøra for Asfalt-selgjaren. Han ville tydelegvis kjøra henne heim etter at han og eg hadde kjøpt dei to siste magasina.
Eg sykla heim med ei lita flammande glede i kroppen fordi eg hadde sett nokon visa medmenneske så mykje varme og omtanke. Eg kunne ha omtalt mannen med fullt namn, men det gjer eg ikkje. I kveld får han representera anonyme velgjerarar.
Og Trille sin song sluttar slik:
«Sådan ser jeg ofte striber af lys,
Ofte striber af varme,
Som når en hvisken
Høres bedre enn et råb.
Ja jeg ser små skibe sejle fulle af håb.“
Heidi
I ttilfelle nokon blir forvirra over uttrykket «Asfalt-selgjar», så kan eg informera om at «Asfalt» er søstermagasinet til «=Oslo».

Mai er tida for nytt liv. For oss dette året er det bokstaveleg talt tida for å nyta eit nytt lite menneske og. Eg hadde høyrt rykte om at det var heilt ekte smil på gang hos han som var fire veker på sundag. Eg hadde bedd om dokumentasjon, og i dag då eg sat i sofaen i samtale med seks andre damer ein lys tysdagskveld i mai, tikka det inn både smilebilete og smilevideoar på ein familiechat me har på messenger.
Alle som har opplevd det veit kor fantastisk det føles første gongen eit nytt menneske ser deg inn i auga og held blikket ditt fast før det vesle ansiktet opnar seg i eit stort smil. Det er faktisk så flott at det gjer sterkt inntrykk til og med på eit bilete på mobilen, spesielt dersom ein er over gjennomsnittet kjenslemessig engasjert i dette vesle mennesket som ligg der og smiler.
Eg skulle eigentleg sjekka noko anna, noko me snakka om akkurat då, eit namn me hadde gløymt, men eg såg eg hadde fått varsel og måtte kikka inn på familiestaden vår. Mitt eige ansikt begynte og å smila heilt av seg sjølv. Eg begynte til og med å le høgt, og eg gløymde å dempa lyden for babylydane på filmen. Det ende med at eg måtte senda mobilen med smilet rundt bordet, og alle smilte tilbake. Noko som nesten fekk meg til å begynna å gråta av rørelse var eit bilete av mi eiga dotter som smilte eit nesten overjordisk, stolt og rørt mammasmil ned til det smilande spebarnet.
Kvelden var perfekt for eit første babysmil. Ute var det lyst og me hadde utsikt over havet. Me hadde ete sesongens første rabarbrapai som smakte så godt at elles taleføre damer vart sitjande andektig stille med smaken av ein ny sommar i munnen. Me hadde snakka om kor rart det var at snart var det største tabuet reint samtalemessig å snakka om religiøs tru. Ein av oss hadde høyrd eit radioprogram der ein stemme hadde sagt at ein ikkje burde snakka med andre om si eiga religiøse tru fordi det kunne virka invaderande og klamt på samtalepartnaren. Kanskje nokon til og med kan føla seg krenka over å bli invitert inn i religiøse samtaletema?
Det er vel noko nesten religiøst over eit babysmil, i alle fall i ordet sin vidaste forstand. kanskje ein kan utrrykka det omtrent slik:
Det finaste i livet,
himmelen ein kveld i mai,
havet i skumringa,
varm rabarbrapai med vaniljeis,
å kunna møtast i ein samtale,
det første babysmilet.
Stor kunst er nok ikkje dette spontanskrivne nesten-diktet… Men det er då noko vakkert med det…
Heidi
(Som skulle ønska ho kunne leggja ut dei aktuelle bileta på bloggen, men slikt gjer ein ikkje utan lov. Biletet fekk bli malt med ord i staden.)





