Lørdagskveld på Herberget

Eg hadde planar om at me skulle ut igjen og nyta lørdagskvelden i Sæby, men ingen av oss orka tanken på å sykla meir. Reisekameraten orka ikkje å kjøra bil, og eg kjører ikkje bil viss eg kan sleppa. Det ende med at me blei på ungdomsherberget for å sjå kva det kunne ha å by på av liv.
Me hadde vore nesten aleine der, men plutseleg strøymde det på av ungdomar som snakka mange forskjellige språk. Det viste seg at dei var deltakarar på eit slags ungdoms OL i fysikk…
Me oppdaga at det var ein slags kjosk her beståande av eit bord med snop som ein betalte med ein slags variant av eit vippsliknande system eller kontant. Me klarte å skrapa saman 35 danske kroner i myntar og fekk litt lørdagsgodt. Så vart det strikking oc ein halv episode av ein TV-serie i TV romet med gratis kaffi frå automaten. Det funka det og….
Heidi