Sykkeltur frå Sæby sundag 10.juli

Noko av det finaste med å sykla er å vera midt i naturen, kjenna lukta av nyperoser, gras og høy, få vind i håret og i ansiktet og å høyra fuglane synga. Naturen her på Jylland er fantastisk vakker. Eg får nesten lyst til å seia det same som ein norsk syklist me snakka med i dag: “Eg trur eg har lyst til å bli dansk…»
Me hadde ein veldig fin sykkeltur i dag og, me sykla rundt fire mil. Nå er ikkje det noko bragd i seg sjølv så lenge me har batteri på syklane, men litt trim blir det då likevel. For å sitera ei jærsk dame som hadde fått el-sykkel:» Æg må nå plent trø“… Sjølv om det ikkje blir like mange timar på sykkelsetet, så blir det litt ubehageleg å sitja der etterkvart, og ryggen blir litt trøytt og anspent.
Det viste seg at sykkelruta me hadde plukka oss ut i dag, delar av sykkelrute 5 og delat av Marguerittervegen ikkje gjekk på eigen sykkelsti slik at me hadde gått ut frå at sykkelrutene gjorde. Mesteparten av turen sykla me på bilveg, og den første delen av strekningen var på ein smal veg utan vegskulder det det tidvis var for smalt til at to bilar kunne passera kvarandre. Dersom me møtte joggande eller gåande måtte me langt inn på vegen for å koma forbi dei. Til å begynna med kjende eg meg litt redd og anspent og såg for meg at eg kom til å velta dersom eg sykla ut i grusen fordi din bil kom veldig tett på meg. Eg prøvde å programmera refleksane mine til å lena meg innover viss det skulle skje slik at eg havna i kornåkeren og ikkje i vegbanen framfor bilen. Eg prøvde og å overbevisa meg sjølv om at slikt var nevrotisk tulletenking.
Etter kvart følte eg meg heldigvis veldig mykje tryggare. Det kan skuldast at vegen vart breiare, at me kom til ein strekning med mindre traffikk eller at eg rett og slett vende meg til det. Sannsynlegvis var det ei blanding av alt saman. Det eg har lært og som eg nå kan vidareformidla er at det som kallast ei sykkelrute på danske kart ikkje utan vidare inneber at det er sykkelsti der.
Veret var nydeleg. Sommarsol og korterma sommarkjole,jakken kom aldri på. Så vidt eg kan observera er det framleis bra med sommarfuglar og insekt i Danmark. Kornåkrar der kornblomar, valmuer og markblomar blandar seg med kornet ytst ved åkerkanten er noko av det vakraste eg veit.
Heidi