
I dag måtte eg ta eit 8. mai-bilete frå skulegarden. Norsk flagg, frigjeringsdag, japanske kirsebærtre og nyutsprungen bjørk. Det er fine greier alt saman.
På jobb er det særdeles travle tider. Når elevane går heim og møtene er over har eg utviklingssamtalar med elevar og foreldre. Det siste tek det litt tid å førebu med evalueringar og innkallingar, men når me kjem så langt som til sjølve samtalen så er det aller mest fint. Det å snakka med barnet i lag med foreldra er viktig og nyttig.
Med veldig mange sjuke vaksne i personalet akkurat nå, er det spennande tider. I dag måtte me kjøra dobbel klasse i fleire timar. Som regel får me det til å gå rundt på eit vis. Då eg var på besøk i Tanzania trur eg dei sa at ein lærar kunne ha opptil 60 elevar om gongen. Bortskjemde som me er med klassestorleik, så kan det kjennast fullt nok i klasseromet med eit par og førti…
Etter sju utviklingsssamtalar på 30 minutt kvar, har eg vore på møte i diakonalutvalet, og den siste timen har eg brukt til å førebu musikkundervisninga i morgon. Om eg er utdanna musikklærar? Nei, veldig langt i frå, men øving på 17.mai-songar burde vel vera gjennomførbart? Nå må eg koma meg i seng dersom eg skal sikra energitilfanget til i morgon. Det kan trengast då og.
Heidi

Det har vore ein fin sundag, og plutseleg er det kveld igjen. I dag vart det sundagsgudsteneste i form av ei messe i den katolske kyrkja i Stavanger. Av og til kan det vera kjekt å gå på besøk for å sjå korleis andre har det.
Eg leita i boka me hadde fått utdelt for å prøva å henga med i liturgien. Deler av liturgien var på latin og det klarte eg ikkje å finna fram i. Eg følte meg rimeleg kyrkjeframand når folk knelte, korsa seg og slo seg for brystet, fordi det bare skjedde før eg fekk tenkt meg om. Eg trur det er ein sunn og nyttig følelse for slike som meg som vanlegvis er insiderar å vera ein plass der ein ikkje heilt har knekt kodane.
På vegen heim frå Stavanger var grøfter og enger lysande gule både av løvetann og påskeliljer.
For eit par veker sidan las eg mange løvetanndikt for skrive-elevane mine. Både Alf Prøysen, Inger Hagerup og Harald Sverdrup har funne dikt, og etter litt googling fann eg fleire som var nye for meg.
Elevane fekk så i oppdrag å skriva eit eihe løvetann-dikt. Eit av dei presenterte eg her for nokre dagar sidan, men sidan det tydelegvis er høgsesong for dei små gule elska og forhatte solene, så tek eg rett og slett om litt fleire i dag.
Eg synest desse er ganske fine. Dei er skrivne av 10-11-åringar.
Løvetann på feil plass
Korfor må den alltid gro
her kor eg skal bo?
Kvar dag ser eg den,
han gror og gror opp igjen.
Han er så irriterande,
eg prøver å få han vekk,
Eg kasta han i ein søppelsekk
Men nå har den
likevel kome opp igjen.
Han står der og gliser som ei sol.
Eg sit irritert i ein hagestol-
Eg kasta på ei bøtte vann.
Det tok ikkje knekken på løvetann.
Alle barna lagar lenker og krans,
men han skal få danse sin siste dans.
Han irriterer meg, er så lett å se,
alt det eg ber om er litegrann fred.
Han har spreidd seg i heile hagen min,
den eg hadde klart å få så fin.
Eg må få han bort.
Nå snart og helst veldig fort.
Han øydelegg i hagen,
eg føler meg som dragen
Han står og sprutar ild
for å få det slik han vil.
*
Løvetann
Du lille løvetann som står og glor,
tenk at ein dag skal du bli stor.
Snart får du din egen løvemanke,
Når det skjer begynner hjartet mitt å banke.
Etter kvart blir du gammal med grått hår.
Det er når det har gått nokre løvetannår.
Du er så sterk når du pressar deg opp.
Du fortset å gro sjølv om folk ropar stopp.
Det er det bare du som kan,
ja, det er det bare du som kan.
Du spreier deg ut og får nye venner,
mange som du ennå ikkje kjenner.
Du har sterke fargar, det veit du vel.
Dei går ikkje bort sjølv når det blir kveld.
Du trur noko anna som ingen andre trur.
Mange går bare forbi der du bur.
Du er så sterk når du presser deg opp.
Du fortset å gro sjølv når folk ropar stopp.
Det er det bare du som kan,
ja det er det bare du som kan.
*
Den mektige løvetann
Sjå på meg.
Eg blomstrar så fint.
I mine gule fargar.
Men nei, nei,
ingen vi sjå på meg.
Dei går forbi
ein og ein
Med mobilar i hendene.
Eg blomstrar over alt-
Eg står så sterkt kvar enn eg er,
og prøver på å få deg nær.
Men nei, nei
ingen vil sjå på meg.
Dei klypper og riv meg vekk.
Der eg står og blomstrar i fred,
kjem dei og tek meg vekk.
Eg er så sterk og gul og fin.
Eg skin så fint i sola og,
Men nei, nei
ingen vil sjå på meg.
Dei kallar meg ufysent ugras,
dei fjernar meg så fort vekk.
Her er eg og prøver
å spre familien min.
Når eg har blomstra ferdig
og har blitt gammal med kvitt hår,
så sprer eg meg vekk
ved hjelp av barn,
kom, barn, kom til meg.
Du og du, blås meg vekk,
slik at eg kan spre meg.
Sjå på meg, eg blomstrar så fint
alle plassar du går forbi.
Dei vaksne seier eg er eit ufysent lite ugras,
dei klypper meg berre vekk.
Barn, barn, kom til meg.
Blås meg vekk.
For lykke, for glede. Så, – kom
Heidi

I dag hadde eg laga ein nokså velutfyld timeplan for meg sjølv, og eg hadde eigentleg tenkt å styra unna kroninga i Westminster Abbey. Grunnen til det var ikkje av prinsipiell art, meir det at eg ikkje hadde veldig god tid til anna enn det eg måtte prøva å få gjort. Eg fall likevel for freistinga å gå inn på NRK, og må innrømma at eg fekk med ganske mykje med det eine auget medan eg jobba med andre ting.
Eg oppdaga nok ein gong at eg er ganske svak for storslåtte dramatiske seremoniar, kanskje spesielt dei som er i eit kyrkjerom. Det er jo på ein måte eit nøye regissert og nitidig innøvd skodespel om tradisjonelt viktige ting i historisk samanheng. Eg let meg fascinera over at kongen framleis måtte snu seg i fire himmelretningar og dei som såg han måtte bekrefta at han var den kongen han gav seg ut for å vera, og den kongen dei ville ha. Han måtte sverja truskap til kyrkja, og erkebiskopen og den eldste sonen hans måtte ned på kne for å sverja truskap til kongen. På eit punkt i seremonien vart han ikledd prestedrakt, og då han skulle salvast på panne og bryst vart det bore fram elegante skjermbrett til å skjula han med fordi denne handlinga skulle vera privat for han, dei geistlige og Gud. Både dei musikalske innslaga og dramaturgien var storslått. Det dei ulike personane måtte gjera i denne forestillinga var å koma seg på føtene og i den rette type klede. Så var det bare å halda seg til sine tildelte replikkar i manus og til dei rørslene som høyrde med. På ein måte var alle menneska i rolle som ei brikke i eit spel som var større enn dei.
Eg trur jo på ein måte at me menneske treng seremoniar der me av og til kan lena oss på rollar og replikkar andre har laga for oss. Då er me med på noko som er større enn oss, og me blir ei brikke i eit slags skodespel mange har spelt før oss der me ikkje treng å finna opp alt frå gong til gong. Kroninga vart ei interessant blanding av eldgammalt og nytt. Det var fletta inn mellom alle ledda med truskap til kyrkja at kongen skulle respektera alle former for tru og livssyn. Statsministeren som interessant nok er hindu, las frå bibelen i eigenskap av sitt embede som statsminister, og for første gong deltok prestar av begge kjønn.
Som ein kontrast til den storslåtte kroninga har eg sitte nå i kveld og laga oppgåver til elevane mine om Frans av Assisi, som er temaet i to veker i KRLE- undervisninga. I sist veke øvde eg med stor glede inn forteljinga om rikmannssonen Frans som kledde seg naken på torget og erklærte at frå nå av ville han ikkje eiga noko, men vera gift med fru Fattigdom og tena dei svakaste i samfunnet. Det er og kjekt å kunna fortelja elevane at i følgje historia var Frans ganske bråkete og opprørsk då han var barn og ungdom og gjekk på skulen. Det å vera helgen for dyrevern og miljøvern i tillegg til diakoni er heller ikkje heilt feil i ei tid som vår.
Det er fint å kunna fortelja gamle legender og historiar, og i skulefaget krle la dei vera akkurat det. Eg kjenner det er fint at elevane i tillegg til å læra om ei kyrkje som etterkvart fekk makt i samfunnet og om byggjinga av store katedralar, får læra at i religionen sin historie finst det og menneske som har vald å leva slik som Frans av Assisi.
Viss eg skal hoppa heilt ut av rolla som religionslærar og bare vera meg sjølv slik eg har privilegiet å gjera her på bloggen, kan eg seia at eg aldri opplever kyrkja så truverdig som når ho er utan makt og pengar. Frans av Assisi har alltid gjort inntrykk på meg. Det same har arbeidet i kirkens bymisjon og i Frelsesarmeen sitt arbeid for dei svakaste gjort. Her kunne eg heilt sikkert ha nemnd mange fleire.
Det var greitt å enda opp med Frans i kveld for å balansera inntrykka frå dagen som har gått.
Heidi

Eg er midt i ein stor og spennande jobb som eg har utført kvart år i lang tid. Eg samlar tekstar frå timane i skapande skriving i kulturskulen for å laga ei bok som me gir ut i eit veldig lite opplag og sel til familie og venner. Det er ein fin, men veldig arbeidskrevjande jobb, og for kvart år har eg på ein måte fortrengt litt kor mykje tid det tek før me er i mål.
Eg er over gjennomsnittet oppteken av elevtekstar, både dei frå seksåringar og dei frå nesten vaksne ungdomar som har gått så lenge i kulturskulen at dei har fått stemmerett og førarkort. Eg har skrive ned tekstar for mine eigne barn frå før dei kunne skriva sjølv, og før eg sjølv erobra skrivekunsten fekk eg bestemor og onklane mine til å skriva ned tekstar eg dikterte til dei. Eg hugsar til og med at eg og bestemor sydde skrivebøker av kvitt brødpapir med nål og tråd. Som eg har sagt før, av og til høyrest det ut som om det er hundre år sidan eg var barn.
Ofte spør eg meg som lærar korleis me skal få elevtekstane til å vera genuine uttrykk som kjem frå barnet sjølv. Av og til er eg redd at me drep akkurat det med å leggja alt for mange føringar på barna. Alf Prøysen har skrive noko om det i ein av sine memoarbøker. Han skreiv ein stil om katten sin som ikkje var slik læraren hadde sett for seg at stilen om katten skulle vera. Vesle Alf fekk vita at han hadde gjort det heilt feil. I ein stil om katten skulle det stå at «Katten har myk pels og hvasse klør», og ikkje at katten fekk sova med Alf i senga og eta middag frå same tallerkenen som han… Eller noko i den duren… Alt sitert etter mitt eige godt mogleg vaklande minne.
Då ideen om at me måtte laga klare kriterium for elevtekstar sigla inn i skulen, fekk eg litt problem med å innordna meg. Eg var alt for klar over at eg hadde lese geniale elevtekstar på eit for meg høgt litterært nivå, der forfattaren aldri ville klart å skapa liknande ut frå klare kriterium, eller endå verre: Eleven måtte få ei svært kritisk tilbakemelding og slakt for dårleg måloppnåing på grunn av at kriteria var neglisjerte. Eller endå verre, og dette torer eg mest ikkje å seia høgt: Knusktørre, kjedelege tekstar utan sjel kunne få høgaste grad av oppnådde kriterium og dermed toppkarakterar. Eg forstår jo med vitet at slike tekstar og har ein verdi, men det var slik følelsane mine reagerte… Etterkvart kan eg seia at eg forstår hensikta med kriterium. Eg vil bare be tynt om at sprelske, skakke, rare og kreative barnetekstar framleis må få lov til å få behalda verdien sin.
I tilfelle nokon har lyst til å lesa utdrag frå tekstane skal eg by på litt her. Eg tek ikkje med namn, for eg har ikkje spurt forfattarane om lov… Nokre av tekstane eg viser her er kanskje til dels tekstar med sterke føringar… Det får eg vel innrømma.
Magisk
Viss eg hadde hatt ein magisk blyant
hadde eg malt ein stad alle kunne vera.
Viss eg hadde hatt ein magisk visk
hadde eg viska bort all fattigdom.
Viss eg hadde hatt ein magisk visk
hadde eg viska bort alt det urettferdige.
Viss eg hadde hatt ein magisk blyant
hadde eg malt nok mat til alle.
Om eg hadde hatt ein magisk visk,
hadde eg viska bort alt av svolt.
Viss eg hadde hatt ein magisk blyant,
hadde eg malt eit betre liv til alle dei som treng det.
*
Det var øydelagde bilete på veggane. Dei var av alvar. Det var bilete av gamle herskarar frå Alvheim. Det var skrive masse stygt på bileta. Endeleg kom ho til enden. Det blå lyset var forma som eit hjarte. Emilia tok på hjartet. Ho kjende ein straum med negativ energi strøyma inn i seg. Det var skrekkeleg. Ho vart så sur at ho tok hjartet og let det gløda i ein siste glans før ho kasta det hardt i bakken. Hjartet knuste i tusen bitar. Så vart alt mørkt.
*
Gi håp
Eg gir håp til dei som kjempar
for livet.
Eg gir håp til folk som er
på sitt lågaste.
Eg gir håp til dei som aldri gir opp
uansett kva.
Eg gir håp til dei som ikkje
har så mykje.
Eg gir håp til dei som prøver.
Eg gir håp til folk som tar
kjærleik over alt.
*
«Eg spurde det ikkje om eit tre minuttar langt svar!», skreik kongen. «Eg spurde deg berre om KORLEIS KAN EG BLI KVITT HENNE!» Kongen var innmari sur. Han bobla nesten over av sinne på dette tidspunktet. «Deres Majestet kan jo anklaga henne for hekseri!», svara tenaren redd. «Ei brilliant løysing!», svara kongen. Han bobla av glede.
*
Natalie opna matpakken sin og skulle eta. Der låg det eklaste Isabella hadde sett. Det såg ut til å vera tang og sniglar. Natalie lukka matboksen sin ganske fort og sa at ho ikkje var så svolten. Etter timen møttest dei ved skapet til Natalie. Då ho opna skapet låg det ei heksedrakt der, og ein hatt og ein sopelime. Det stod og eit par støvlettar i skapet.
*
Ishjerte
Hun bærer på et ishjerte.
Hun lurer på hvem det tilhører.
Hvem har et så kaldt hjerte?
*
Pleddet i stua di
Jeg er pleddet i stua di.
Jeg varmer deg når du er full av kulde.
Jeg har en varm rødfarge som minner om blod.
Jeg er laget av ull, men er god og myk.
Jeg ligger her og venter helt til du trenger meg.
Hvorfor bruker du meg ikke lenger.
Jeg savner fortiden da du pleide å banke meg.
Nå ligger jeg bare på sofaen din
og stirrer tomt inn i stua.
Du har skaffet deg en nyere og mindre versjon av meg.
Trenger du meg ikke lenger?
*
Sorg
Sorg smaker som grå sandstrand.
Sorg lukter sterkt av sykehus.
Sorg ser ut som bratte fjell
som ingen kan bestige.
Sorg høres ut som sinte kråker.
Sorg er et dypt sort hull.
Sorg får meg til å ønske meg døden.
*
Det var ei jente på seks år som hadde et ishjerte. Hun var veldig ung til å være så kald og så ødelagt i hjertet. For fire år siden hadde hun både en mamma og en pappa. To år senere døde mammaen. Pappaen var ikke så glad i henne, så han dro vekk uten å si i fra. Hun ble bare låst ute en dag.
Jenta gikk ut for å lete etter foreldrene sine. Hun visste ikke at moren va død, for ingen hadde fortalt henne seg. Hun visste at det var folk i butikken, så hun gikk dit for å lete etter noen å snakke med. Hun var nemlig ganske smart til å være så liten,
«Er du her helt alene?» spurte den ene snille butikkdama. Stakkars lille Victoria, hun kunne ikke snakka så godt, for ingen hadde lært henne det. Hun løp langt vekk og la seg ned et sted helt alene. Det var da hun fikk et ishjerte.
*
Så mykje har det aldri blåst før
Eg ser ut vindauget
Det er masse rart som bles forbi.
Eg ser ei ku og ein tom søppelkasse.
Det bles ei underbukse forbi
og mykje meir,
eg har ikkje tid til å skriva ned alt.
*
Jeg er en løvetann
En liten løvetann.
Jeg venter på at noen skal komme og plukke meg.
Hvis ikke kommer jeg til å lide vindblåsdøden.
Jeg blir hvit og noen blåser på meg.
Eller kanskje vinden blåser meg vekk.
Det finnes faktisk enda verre ting.
En person kan komme og knipse av deg hodet,
ofte rett i fjeset på folk.
Jeg håper ikke det skjer med meg.
Jeg håper noen kommer og plukker meg.
Jeg håper de setter meg i en fin vase.
Jeg har over hundre fine og lysende blader.
Jeg står her i en asfaltsprekk så det er ganske trangt for meg her.
*
Det får viss klara seg i denne runden. Kanskje nokon kjem så langt som til å lesa tekstane over og tenkjer at barnetekstar, det er fine greier som me må ta på alvor…
Eg kjenner at den tanken gjer meg litt glad.
Heidi

For sånn ca 25 år sidan eller noko slikt, var eg vararepresentant i soknerådet, eller menighetsrådet som det heiter i bokmålsskrivande sokn. Eg møtte der av og til, og syntest det var interessant og lærerikt å ha hatt ei tå innanfor ein slik plass og.
Dei neste 20 åra var eg likevel sikker på at det ikkje var i eit slikt utval eg ville utøva min kjærleik til kyrkja. Då låg det hjartet nærare å vera med i sundagsskule, ungdomsklubb, kveldsgudstenestegruppe og kulturutval. Eg ville heller vera midt i prosessar enn å administrera og vera byråkrat.
Stor var derfor mi eiga overrasking då eg for litt over fire år sidan sat i kyrkja og kjende at nå kunne eg faktisk hatt lyst til å vera med i soknerådet. Der kunne eg kanskje jobba for alt eg gjerne vil at ei kyrkje skal vera: Eit ope og inkluderande rom som alle i den vesle byen vår kan eiga saman. Ein stad med låge tersklar og rom for stort mangfald. Ein stad som kan gi oss alle høgare himmel over livet vårt, og ein stad der alle er velkomne til å koma med håp, lengt, sorg og glede.
Eg trur mange har tankar, ja nesten fordommar om at dei, trua deira, tvilen deira og lengten deira ikkje passar inn i ei kyrkje. Kanskje hadde eg tenkt slik sjølv om erfaringane mine og livsvegen min tilgeldigvis hadde blitt annleis enn han hadde blitt. Det er ikkje innlysande at bakgrunnen min skulle gjera at eg enda opp som engasjert kyrkjemedlem.
Eg ville gjerne at kyrkja var eit rom for oss når me er glade, når me er triste, når me vil kjempa for noko som me brenn for og når livet vårt ikkje går heilt som me hadde håpa og trudd.
Eg vil gjerne at kyrkja skal vera eit rom for heile livet og i tillegg for heile livsløpet frå ein er nyfødd og blir teken med på babysong til ein ein gong, forhåpentlegvis veldig lenge etterpå må levera livet sitt tilbake.
I tillegg vil eg gjerne at kyrkja skal vera ein motkultur til ein veldig kommersiell dyrk-deg-sjølv-levemåte, der det viktigste er å prestera sitt liv og vera vakker, rik og vellukka. Personleg vil eg og gjerne at kyrkja skal vera ein pådrivar for ein grønare og meir berekraftig måte å leva på.
I dag var eg på møte i soknerådet. Biletet viser at me mellom anna tende lys, drakk kaffi og åt rundstykke… Det har vore fint å vera med på denne runden der dei fire åra eg er innvald for snart har gått. Det er fine folk som er det i lag med meg. Eg er vel når alt kjem til alt ikkje så veldig opprørsk, for den einaste gongen eg har vore grunnleggjande ueinig med det me bestemde var den gongen det var fleirtal for å gå over til kunstig juletre…
I dag snakka me om at alle som står på val til det nye soknerådet skulle utfordrast til å skriva 20-30 ord i Helgedagen, altså menighetsbladet vårt, om kva visjonar dei hadde for kyrkja og soknerådet. Eg tenkte på at 20 ord var nokså lite, og sidan eg har pålagd meg sjølv den ganske tåpelege oppgåva å skriva ein tekst på bloggen kvar dag, så kunne kanskje dette bli dagens tekst?
Eg er priviligert som har ei kyrkje i og over livet mitt. Eit slikt rom skulle eg unna alle å ha.
Og ja, rundstykka smakte kjempegodt for dei av oss som aldri kom seg heim frå jobb i ettermiddag…
Heidi

Det er absolutt ikkje noko å skryta av at klokka er over ti om kvelden og at eg framleis ikkje har klart å koma meg heim frå jobb etter ein lang arbeidsdag mest utan pausar.
Eg må fortelja at det har med det å gjera ay onsdagen er min faste «doble arbeidsdag» med arbeid i kulturskulen etter end arbeidsdag i femte klasse.
I tillegg har eg akkurat kome i mål med arbeidet med evalueringar, og i morgon set eg i gang med utviklingssamtalane. I tillegg har me leseveke med litt ekstra å førebu, og eg tok meg veldig fri i helga med Oslotur.
Om eg har den aller beste jobben i verda? Ja, det har eg. Om det hender at det er ein veldig travel måte å tena pengane sine på? Ja. Absolutt. Om det hender eg lengtar litt tilbake til ei tid der ein sette ein liten s i ei grøn bok når nokon var sjuke i staden for å logga seg inn i diverse portalar? Det kan vel tenkjast… Om eg syntest det var enklare då me reserverte grupperoma me skulle bruka på ei papirliste på veggen utanfor personalromet? Ja, slikt kan eg nesten dagdrøyma om… Eg trur eg nå får til utan hjelp å reservera rom via mail og kalender, men eg orkar ikkje tanken på å prøva å forklara prosessen her…
Men eg lærer då sånn litt etterkvart ganske mykje om å jobba digitalt… Eg heng nesten med på det meste som er forventa.
Og elevane mine? Dei er fantastiske personar med sine meir enn 20 høgst ulike personlegdomar. Eg er priviligert som får vandra gjennom dagane i lag med dei.
Heidi

Desse gule vibrerande barndomsleikene
med små gule soler til å knipsa rett i fjeset på kvarandre,
eller lengst mogleg vekk viss du hadde god teknikk
og kanskje dei aller sterkaste fingrane.
Små gule skjermar me kunne teikna med
laga fine felt av solgul farge
på glatte varme fjøler og på ruglete kalde steinar.
Glødande blomsterkransar kring bustete barnehår,
me stod der som dei finaste prinsesser som tenkjast kunne.
Alle dei lysande kulerunde bukettane
i sveitte eller iskalde barnehender,
inn bar me dei,
som kostbare brurebukettar
inn til mjølkeglas me henta i skapet
og fylde med vatn til dei tørste blomane,
eller gav dei med det same me kom inn
til mødrene våre
som stod der og smilte, med forkle
og med sjiffongplagg rundt hårrullane,
dersom det framleis var føremiddag.
Lett anstrengte smil kan henda,
dei var ikkje alltid begeistra
for dei små svarte ringane
i stadig mye mønster på lyse anorakkar
eller andre nyinnkjøpte vårklede.
Alle formaningane, me gløymde dei straks
og sat der i djup konsentrasjon
med tungespissen i munnvikene
medan me laga uendeleg lange lenker,
finare enn dei av glanspapir til jul,
sterke og fine heilt utan lim eller kveitemjølsklister.
Me bar dei som smykke av vår kring halsen,
eller la dei på bakken
for å sjå kven som hadde laga den lengste.
I vårer med ekstra god vekst
kunne me lenka dei heile saman
kring hus og garasjar,
og heile kroppen vår sitra av glede,
av forløyst skaparkraft.
I bøtter fulle av lunka vatn
skapte dei seg sjølv
med minimal hjelp
av små menneskehender
til fine samankrølla kunstverk,
som utskjeringar på arkadesøyler
me kanskje endå aldri hadde sett bilete av
i bøker frå land me mest ikkje visste fantest.
Musikkinstrument laga me oss og,
me klemde den tjukkaste enden av stilken
flat og musikalsk
før me spelte knirkande trompet-tonar
eller vibrerande fløytemusikk
mot den høge klare vårhimmelen.
Dei inntørka gule kronblada
fekk farge som vaksen tobakk,
me kunne trekkja dei ut av det kvite,
og øva oss på å pakka dei fint inn
i taggete blad som lange stavar av fylt lakris
eller hjelpelaust tjukke små sigarettar.
Til slutt stod dei der som runde kvite ballar,
fulle av kvite dunete stjerner.
Med pust sterkare enn nordavinden pusta me dei ut
ut over tjelver og grønkande plenar
og såg kor fine dei var,
dei små fallskjermane når vinden overtok dei
og bar dei med seg halvvegs inn i æva.
Me stod der med ein liten lysegrøn ruglete hodebotn
med taggete små stjerner rundt kanten,
og kjende gropene av ferdigblomstra blomst
mot forvitne små fingertuppar.
Me kasta dei oppbrukte frå oss
og plukka kaninblokkene,
dei taggete mørkegrøne blada i store mengder
til folk me kjende som hadde kaninar i bur.
Me stod der og småfraus,
for luene hadde me kasta av oss for lenge sidan,
og kanskje hadde me lurt oss ut litt for tynnkledde.
Likevel kjende me det
frå ein plass under fotsolane i dei nye låge skoa
og heilt opp til hårfestet der vinden tok tak,
at ute var det vår og nesten sommar.
Heidi

Kan det la seg gjera å samla saman ein maiblogg i år og? Det går me for, eg liker ikkje å bryta godt påbegynte livsprosjekt…
I år går eg inn i denne kanskje finaste månaden på den kanskje finast moglege måten: med eit nyfødd barnebarn i armane, denne gongen ein nyfødd liten gut.
Han kom første påskedag, så han har fått nokre veker på nakken, men veldig ny, det er han framleis. Eg var så heldig at eg var i Oslo-området då han vart fødd og fekk helsa på han med det same, men morfaren, som var ute og reiste hadde ikkje møtt han endå. På torsdag kveld heiv me oss på nattoget og var framme på Tøyen i tida for tidleg frokost, og for eit gjensyn med han eg hadde lengta etter dei siste vekene.
Eit lite hovud mot skuldera mi og ein liten kropp mot handflatene. Eit lite menneske som lukter nyfødd barn, som geispar, gryntar, strekkjer seg òg skjer grimasar. Nokre av dei kunne minna veldig om smil dersom det ikkje var alt for tidleg for den slags.
Mormor får lov til å stella, vaska og smøra. Dei første klesplagga er alt i ferd med å bli for små. Mjølka flyt og alt er såre godt og såre levande. Foreldra er trøytte og glade etter alt for lite søvn og alt det nye ein plutseleg har ansvaret for og må ordna opp i.
Morfar kjører barnevogn i botanisk hage under blømande japanske kirsebærtre, sprettande bjørker og kastanjetre med nyutsprutne små paraplyar av komande blad. Mormor går på strikkemesse og kjøper brunt garn og oppskrift på bamselue fordi luene hans er alt for store.
Nyfødd-lua veks fram på ein kveld og ein føremiddag, bittelita, nesten ikkje stor nok til å dekkja øyrene. Ho held nok ei veke eller to, så får det bli ei ny litt større.
Mormor sine strikkepinnar er fulle av maskar. Maskane er fulle av kjærleik, håp og bøner for alt som skal koma av dagar, veker år og liv. Heldige oss som får oppleva dette. Var det ikkje eit år eller ei veke sidan det var oss som stod det og var nye foreldre. Det går ufatteleg fort å leva og å sjå slekt følgja slekters gang.
Me har hatt fine dagar i storbyen og hatt det godt hos Henrik og Eva Mari. Nå skal me til den nye vesle familien og eta lunsj saman med onkel Halvard før det blir ettermiddagstog heimover.
Ryktet seier at det sluddar ute… Men våren kjem nok snart tilbake. I går var eg og Sunniva ute og vandra med barnevogn i sola. Me rakk til og med besøk på kafé før tålmodet til han i barnevogna tok slutt.
Velsigna vere livet. Mai blir ein travel månad, men eg skal nok rekka å få skrive litt. Velkomen til å slå fylgje gjennom ord og hendingar.
Heidi

Eg er godt i gang med året 2023, og håpar å få rydda meir plass til skriving. Eit prosjekt eg kom godt i gang med i sommar, er å laga ei bok med ein tekst for kvar dag i året. Dei fleste tekstane har vore publiserte tidlegare, men ein del er og heilt nye. Då eg forstod at eg ikkje kom til å rekka å koma i mål tids nok til å kunna gi det ut før jul, vart det liggjande. Nå har eg teke tak i prosessen igjen.
Kor vidt nokon vil kjøpa ei slik bok er eg ikkje heilt sikker på, men det er eit fint arbeid å halda på med. Sidan eg er for resirkulering i dei fleste samanhengane, byr eg i dag på eit resirkulert vinterbilete frå eit par år tilbake, og ein resirkulert tekst som er minst tolv år gammal. Eg likte diktet då eg fann det i den gamle diktsamlinga «Fotnoter i sanden».
Januarhavet syng
Januarhavet syng
i flaskegrøn kjole
med skumkvite kantar.
Partituret
skrive på stranda
i notelinjer frå vognhjul,
noter frå tunge hesteføter,
frå store og små menneske,
frå hundepotar og fjørlette fugleklør,
ein og annan
punktert plastdunk
midt i det heile.
Stor-tare mellom linjene,
og ein patetisk stormåke
på overstemmen.
Salen røyklagd av tåkeflak,
grunnpulsen frå hjarteslaga,
stega mine,
rytmen,
tvilen i den store songen,
til alt fell på plass.
Heidi
Så står me her igjen
ved det som kan sjå ut som same gamle døra,
men med eit nytt nummer på
eit tal me snart skal læra oss å skriva.
Me står her med hjarta våre i hendene
dei same gamle hjarta som i fjor,
sitrande og bankande mot fingertuppane våre.
Me står her med lommene fulle av håp,
med ei vemodig tåre brennande bak augneloket
og med ein nesten gløymd tone,
ein me aldri rakk å syngja,
dirrande ein stad i ein krok av stemmebandet.
Me står her med store skrin
fylde med alt som vart skeivt og skakt,
alt det som ikkje vart slik me hadde håpa
og alt det me aldri nådde å få gjort.
Me står her skulder ved skulder
og kjenner det er godt
å ha venner å varma seg på.
Me stør oss mot kvarandre,
og kjenner at visst har me klart å halda håpet levande.
Så lener me oss i tillit mot trua på alt godt
og kjenner at ho framleis evnar å varma ryggtavlene våre.
For her er framleis så mykje godt,
så mange varme menneske,
så mykje omsorg og nestekjærleik,
så mange som vil det gode.
Mest utan at me veit det
formar det seg bøner
med og utan ord
på leppene våre.
Bøner om fred i ein klokare verden,
bøner for ei jord som framleis kan bera oss,
bøner for dei som treng hjelp til å håpa.
Så pustar me inn
håp og tru, håp og tru,
håp og tru og mot og vilje.
Me ser kvarandre trygt inn i auga,
trekk pusten djupt
og ynskjer kvarandre
eit godt nytt år.
Heidi
