Gå til innhald

Gudsteneste i Sæby kirke

juli 10, 2022

I dag var me på gudsteneste i vakre gamle Sæby kirke. Det er spennande å få med seg ein dansk gudsteneste av og til. På ein måte er det så kjend at ein kjenner seg heime, og på ein måte er det så annleis at ein kjenner seg kyrkjeframand.

Det at danske prester framleis har svart prestekjole med pipekrage er nesten litt nostalgisk, det hadde jo norske prestar og då eg var barn. Eg hugsar kragane som endå større og med fleire piperekkjer, men dannsynlegvis var dei akkurat slik dei danske endå er. Liturgien likna så mykje på den gamle bokmålsliturgien at ein nesten kunne klara å henga med. Dersom ein salme har åtte vers, så syng ein sjølvsagt åtte vers. Slik kunne det virka som det er i Danmark

Salmane i dag var veldig fine. Den første salmen var ein sommarsalme med nydelege skildringar av korleis naturen om sommaren speglar Guds kjærleik. Heime har me og nokre vakre natursalmar. Eg sat og tenkte på at fine sommarsalmar er noko me kan trenga. Kanskje eg får til å laga ein?

To barn vart borne til dåp. I Danmark er det faktisk slik at barnet får direkte spørsmål om det vil døypast og om det vil tru, og dei vaksne svarer ja på vegner av barnet. Trusvedkjenninga var i vi-form. «Vi tror på Gud Fader den almæktige…» Eg kom til å tenkja på at det kanskje er lettare å delta i ei slik trusvedkjenning, då talar ein for kyrkja som fellesskap like mykje som for seg sjølv. Dåpssalmen var nydeleg. Eg lurer på om eg har høyrt ein norsk versjon.

Her er det første og siste av fem vers.

I gudstenesta var det både dåp og nattverd og i begge ledda vart Fadervår brukt. Etter dåpen vart dåpsfamiliane ståande framme i koret og presten haldt ein liten tale retta mot dei der han mellom anna bad dei vera tålmodige og «altid tenke gode tanker om jeres barn.»

Det var ein litt gammaldags høgtideleg atmosfære over gudstenesta. Det hadde liksom vore litt utenkjeleg at løva frå Brynekyrkja skulle koma inn for å snakka med presten, eller at den svartkledde presten med pipekragen ikkje skulle stå på den gamle preikestolen under preika. Frå preikestolen talte han med oppriktigheit og alvor til sine soknebarn: «Krestendommen er ikke en feel-good-religion. De som sier det taler ikke sant om krestendommen.» (Han sa verkeleg krestendommen og ikke kristendommen, kaskje det er jysk dialekt.)

«Krestendommen er ikke til for at du skal have det godt med dig selv… Krestendommen siger ikke kun at du skal elske din næste, den siger at du skal elske din fiende. Selv om du er dybt uenig med din fiende og hater det han står for er du skyldig at se at han er et menneske lige som dig selv. Du skal legge dit hat bort og be for dine fiender lige som Jesus gjorde det. «

Nå sat eg ikkje i kyrkja med diktafon, alt er sitert etter minnet, så eg kan godt tenkjast å gjera Peter urett…. Eg meiner at eg såg i annonsa for gudstenesta som eg såg på nettet at presten heitte Peter, etternamnet er eg ikkje sikker på om eg hugsar…

Det er mogleg at dette innlegget var mest interessant for gudstenestenerdar, men det kan jo tenkjast at ein og annan frå den kategorien og les bloggen min…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: