På sykkel

I fint solskin, men med iskald vind pakka me oss ut av det fantastiske sommarhuset vårt tidleg i føremiddag. Standarden på vår nye tilhaldsstad er veldig forskjellig frå det me kom frå. Me bur på eit slags ungdomsherberge litt utanfor byen, som på ein måte er ein del av eit treningssenter. Det virkar ikkje som om det er mange gjester utanom oss, me har fått eit seksmannsrom med køysenger, og på gangen er det felles do og felles dusj.
Me har begge erfaringar med at det er fint å sykla i Danmark, og i år har me juksa litt og teke med oss elsyklar heimefrå. Først sykla me ned til sentrum av Sæby som var ein veldig koseleg by med konsert på torget og levande jazzmusikk i ei bakgate. Me sykla ned til havna der me såg på båtar og folk, drakk kaffi og åt is. Det var uvant å ikkje ha ansvar for småbarn, og då eg opna handveska såg eg at ho framleis innehaldt ei ekstra bleie og litt anna barneutstyr.
Så fann me ein sykkelsti og la i veg utan å vita heilt kor me skulle eller kva for ein retning det bar. Det ende med ein sykkeltur til Frederikshavn som ligg ca 12 kilometer unna. Vegen gjekk delvis på sykkelstier langs vegen og delvis gjennom skogholt og langs kornåkrar. Det aller finaste med danske sykkelstier er at dei tek deg gjennom skjerma landskap litt utanfor allfarvegen.
I Frederikshavn gjekk me på fiskerestaurant og åt den beste maten eg har fått i Danmark denne gongen. (Kanskje med unntak av Sunniva sin heimelaga lasagne). Eg åt luksusvarianten av den danske klassikaren stjerneskud, rødspettefiletar med reker på eit stykke brød. Denne var nydeleg tilberedt med friske urter, noko eg kanskje trur var lodderogn og gode heimelaga dressingar.

Heimturen vart like fin som turen bort. Eg er litt trøytt i korsryggen etter å ha sykla såpass langt, og litt spent på korleis det blir å setja seg på sykkelsetet i morgon. Nå er både me og sykkelbatteria lagt til lading. Me får sjå om me orkar meir program i dag… Eg er supertakknemleg for ei veldig fin veke i storfamilien. Nå er det litt uvant å vera bare to, men det skal nok bli veldig fint det og.
Vinden ggjorde at dei i reisefølgjet som reiste frå Hirtshals til Kristiansand i dag med to forskjellige avgangar hadde ein tøff overfart. Heldigvis er alle trygt i land nå.
Heidi