Gå til innhald

Luke 14- 22

Nok ein dag av desse fine førjulsdagane i klasseromet går inn for landing.

I dag har me tatt oss god tid, noko eg skulle ynskja me kunne gjera når det ikkje er advent og.

Me har hatt lang adventstund med song, Charles Dickens og kalenderopning. Så har me sett ein nydeleg julefilm som vart ny for meg : Gutten som ble til julenissen.

Me har hatt leseteater med eit skodespel frå julegevangeliet, planlagd felles julefrokost og leika Fire mann i sofaen.

Etterpå fekk eg ein pause til diverse anna arbeid mens elevane mine var på symjing før me hadde adventsamling for mellomtrinnet med song og dans. Der fekk eg brukt forteljarkofferten over, og dei kvikkaste kan sikkert sjå kva eg fortalde.

Etter to omgangar med kulturskule-elevar og eit planleggingsmøte med sundagsskulen er eg glad, fornøgd og mett av arbeid for i dag.

Måtte morgondagen og gå omtrent som planlagt…

Heidi

Luke 13

Me har feira Luciadag. I fjor var trinnet vårt ute og song på aldersheimen, i år var det andre som vart klare for å ta den oppgåva. Eit av høgdepunkta for femteklassingane i dag var då 1. – klassingane og lærarane deira kom syngade i Luciaopptog gjennom klasseroma. «Ååå, di æ så søøøøøde. Åååå di æ så smååååe!» Me vaksne må gi dei rett, og gå i oss sjølve og innsjå at våre 10-åringar er blitt veldig store og vaksne i forhold til 6-åringane i første. Sjølv om me ikkje fekk gå i Lucia-opptog song me Lucia-songar, lærte om Lucia-tradisjonar og høyrde Lucia-legender.

I matpausen fekk me grøt som ei gruppe av elevane hadde kokt oppe på kjøkkenet, og i siste timen gjekk plutseleg ein elev til vindauget:»Dæ snøa ude!» Tjue elevar til reiste seg momentant frå stolane og ville styrta bort for å sjå. Dei fekk beskjed om å gå tilbake til plassane sine.

Etterpå fekk eg nesten litt dårleg samvit. Eg hugsar at me gjorde akkurat det same då eg gjekk på skulen, og fekk akkurat den same beskjeden frå læraren. Kanskje dei burde fått sorunge ut utan jakkar og stilt seg opp med ansikta mot himmelen og tunga ute? Det gir jo litt håp at ungane framleis gler seg over sjølv minimale mengdar med snø…

I ettermiddag fekk me endeleg tenna meir enn det første lyset i adventstaken vår heime, den me bare reiste i frå utan å ha fått pleia. Laila og Olav stakk innom til kaffi og hadde kjøpt med seg årets aller siste frå Kanelsnurren saman med nybakte julebollar i ein kvit papirpose.

Heidi

Luke 12 – 22

Bak luke 12 er adventstund i klassen, tur med bålpanne og tradisjonell førjulstur med. odd Christian.

Var fint å sjå elevane igjen. Klasseromet var fint julepynta. Det er godt å sitja tett saman i morgonmørket og synga, opna adventkalendar før me les i adventboka vår og snakkar saman.

Ungabe ffekk ein skikkeleg vintertur med kuldegrader og eit dryss av snø i skogen. Fuglar og ekorn vart ekstra synlege mot det kvite. Me tende bpl i bålpanna me hadde med frå skulen og grilla pølsar. Barna hadde termosar med varm kakao og etterkvart hadde dei kalde fingrar tær og nasetippar. Håret mitt luktar bål etter turen. Det er fint at desember ikkje bare er regn og nordavind slik det er nokre år.

I kveld hadde eg og Odd den årlege handleturen med middag på kafé. Det var òg veldig fint. Dagen har vore god.

Heidi

Luke 11 – 22

Bak luke 11 skjuler det seg eit kansellert tog og ein tur som ikkje vart som forventa.

Alle veit at om alt er idyll så blir resultatet litt for sukkersøtt. Det denne adventsbloggen trengte nå var at noko, eit eller anna gjekk sånn passe gale. Ei toghistorie det alt gjekk på skjener heile tida er ikkje mi erfaring med toglivet, så korfor skulle eg og lesarane forventa at det gjorde det denne gongen?

Me hadde billett frå Oslo S, men med glatte vegar, litt snø og ekstremt mykje bagasje bestemte me oss for å be Henrik kjøra oss til Lysaker stasjon så kunne me smetta på toget der i staden.

Som tenkt så gjort. Nedlessa med bagasje stod me på Lysaker stasjon i god tid og med god meistringsfølelse og gleda oss til å setja oss på toget med bøkene våre og kaffi på termos. Då møtte blikka våre lystavla på biletet.

Som vanleg var det ingen betening på Lysaker stasjon, så Leif sprang for å finna staden for å venta på buss for tog. Der fann me tre andre reisande. Ein med langt hår og lang flette i skjegget som røykte frenetisk på el-sigaretten sin, ein ivrig mann på vår aldet med skjegg og ryggsekk og ein sørlending i losjakke. Det viste seg at alle saman eigentleg hadde billett frå Oslo S. Me var redde at bussane for tog ville droppa Lysaker stasjon sidan ingen hadde billett der i frå, og sidantogselskapet garantert ville spara tid. Dessutan har eg opplevd å bli fråkjørt det ein gong før av same grunn og i same situasjon…

Det utvikla seg eit interressant teamarbeid. Leif ringde Oslo S for å seia at dei måtte be bussen kjøra innom stasjonen, noko som viste seg å vera alt anna enn lett. Det vanskelegaste var å koma gjennom og få svar. Sørlendingen fann ut at det ikkje hjalp å satsa på neste tog, for det var heilt fullt, og han med skjegg og ryggsekk sprang opp på vegen og skulle prøva å vinka bussen med til oss når han kom forbi. Han med flette i skjegget fortalde om alle erfaringane med buss for tog og eg skiftevis maste om alt me burde gjera og heia på dei andre.

Me kom oss inn på buss nr to som kom forbi. Det var ein toetasjars buss med god plass på toppen. Me fekk vita at toget skulle gå frå Kristiansand. Me oppdaga at me var på same buss som Gerd og fekk hyggeleg selskap og smaksprøve på heimelaga potetkake med brunost. Så langt var busslivet behageleg og koseleg.

På grunn av insideinformasjon frå to togtilsette på sida av oss var me førebudde på at det blei buss vidare og. Dei som hadde kvidd seg for å bruka bussdoen og venta til dei kom på toget fekk ei ubehageleg overrasking då dei kom på ein ny buss, denne utan toalett. Det måtte leggjast inn ein improvisert dopause på ein bensinstasjon. Dei av oss som hadde tenkt å kjøpa mat på toget vart og ganske svoltne etter ein lang tur utan tilgang på mat, men heim kom me, sjølv om vegen var svingete og bussen var stappfull. Bussjåføren som fortalde at han heilt uforberedt vart send ut på langtur underhaldt oss med jamne mellomrom og fekk alle til å le.

Tidlegare erfaringar med slike turar er at nokre passasjerar tek det som ei fornærming og eit tilsikta komplott mot dei personleg når ting går gale. I dag var det få sure miner å spora sjølv mellom dei som hadde stått på ein liten stasjon i førti minutt og frose utan skikkeleg informasjon om kva som skulle skje Eg trur konklusjonen må bli er at folk flest taklar uforutsette ting på strak arm. I den store samanhengen er eit kansellert tog ein bagatell. Det føles bare ikkje slik i det du står det med kofferten og les dårleg nytt på lystavla.

Pasjonerte ttogpassasjerar kan like godt øva seg på Askeladdmetoden jo før jo heller. Den går ut på å fortelja seg sjølv fylgjande: Dette går ikkje som planlagd. Det blir heilt sikkert interessant.

Heidi

Luke 10 – 22

Bak luke 10 skjuler det seg ein tidleg tur til eit vinterleg Oslo sentrum, eit styremøte og middag heime hos Sunniva.

Hovudgrunnen for å vera i Oslo akkurat nå er at eg er med i styret i ei relativt lita foreining, med det nokon kanskje ville kalla eit litt nerdete tilsnitt: Hymnologisk forening. Til dei som blir forvirra av namnet, kan eg forklara at hymnologi er læra om salmar.

Sidan me kjem frå heile landet, satsar me på heildagsstyreyøter. I dag stod det på agendaen at me skulle møtast i «Kirkens hus» klokka halv ti og halda på ca til klokka fem. Sidan den perioden eg har vore styremedlem har vore pregs av koronaen, har mange av styremøtene vore på nett. Nå er det kjekt å kunna møtast på ekte, sjølv om to av styremedlemmane måtte ta dette møtet og frå eiga stove.

Etter at møtet mitt var slutt hadde me ei koseleg familiesamling heime hos Sunniva i lag med Sunniva og Halvard. Det er ikkje så ofte me er aleine i lag med «dei to små» lenger, så det var nesten litt nostalgisk. Me bestilde thai-mat som me fekk levert på døra. Det gjekk litt tid før middagen kom, og den lange og iskalde temperaturen hadde gjort at maten ikkje var veldig varm lenger, men det smakte godt likevel.

Sunniva stilde med nyrydda hus, levande lys, varme i peisen, julebrus og lørdagsgodt. Det blir fint å koma heim til den litt forsømte julestria. Eg gleder meg spesielt mykje til å møta dei to små gulljentene mine.

Heidi

Luke 9 – 22

Bak luke ni skjuler det seg ein togtur og og to fotballkampar.

Me stod tidleg opp for å nå toget vårt og stod klar og venta då dei låste opp døra til matsalen klokka halv sju. Ute var det kaldt og eit tynt lag med snø då me gjekk den korte vegen mellom hotellet og jernbanestasjonen.

I går vart me litt urolege for om toget kom til å gå som lova, det var nemleg ein stor sak på svenske nyheiter om at dei frykta totalt togkaos i helga på grunn av eit nytt digitalt togkoordineringssystem som skulle setjast ut i live. Datoen for å gå over til det nye systemet var komande sundag, men allereie nå vart det ein del kansellerte tog.

Heldigvis gjekk vårt tog heilt på minuttet etter tabellen, og tok oss fjennom nydelege vinterlandskap medan det lysna ute. Det var reine julekortstemninga og veldig juleaktig å strikka, drikka kaffi og sjå ut vindauget.

Personalet på toget var nesten påfallande hyggelege, blide og imøtekomande, og det slo meg kor mange vennlege menneske me hadde møtt i Sverige denne veka. Enten har heile Sverige vore på smilekurs og gått med veldig gode karakterar, eller så finst det veldig mange positive, greie og vennlege menneske i verda. Eg held ein knapp på det siste.

Vel «heime hos Henrik» har me slappa av og sett på fotball. Vanlegvis er det ikkje favorittsysselen min, men i dag, etter veldig tettpakka dagar var det deilig å ta det med ro, og to straffespark- konkurransar er jo spennande underhaldning. Så kokte me god blomkålsuppe frå Trines matblogg med blomkål, løk, kvitløk, poteter, sitron, creme fraiche og eit dryss av sprøsteikt og oppsmuldra spekeskinke. Det var veldig godt.

Heidi

Luke 8-22

Storkyrkjan i gamlebyen er for tida innepakka i plast pga oppussing. På muren utanfor såg me at det var eit oppslag om ignatiansk meditasjon og bønn. Det ville me finna ut meir om. Det stod på plakaten at dei som ville vera med måtte møta under kyrkjeorgelet inne i kyrkja torsdag klokka fire. Me vart nysgjerrige og fann ut at dette ville me vera med på.

Me var litt tidleg ute og fekk beskjed om å venta inne i kyrkja. Der inne foregjekk det korøving. Eit barne- og ungdomskor øvde til Luciakonsert. Dei song så vakkert at eg nesten begynte å grina mens dei øvde på å koma inn, gå opp til altaret og så ned midtgangen medan dei song. Det er alltid kjekt å sjå andre pedagogar i arbeid. Dirigenten var flink.

Etterkvart var det kome fleire som ville vera med på bøn og meditasjon. Leiaren, som eg kanskje trur var presten, førde oss opp ei lang og mørk steintrapp til eit lite kapell på loftet.

Her sskulle me setja oss på kvar vår stol. Først var det pusteøvingar og avslapningsøvingar. Så las presten ein bibeltekst. Den same teksten vart lesen 3 gonger. Me skulle så utføra enkle tankeøvingar, men mest av alt skulle me konsentrera oss om pusten og å vera open og lyttande.

Klokka fem fekk me beskjed om å samla tankane og gjerne slå krossteiknet for kroppane våre. Etterpå skildest me med eit amen, og folk gjekk like stille som dei kom. Om dei andre kjende einannan anar eg ikkje. Kanskje det var ein del av opplegget å bare konsentrera seg om meditasjonen?

Det var fint å vera der. Ein time på ein stol med lukka auge, roleg pust og rolege tankar gjorde godt. Ikkje ein einaste gong hadde eg lyst til å smugkikka på klokka, og ikkje gleda eg meg til det var over. Det var bare fint, og det vart ei litt ny og annleis oppleving.

Etterpå gjekk me ut i det levande, pulserande livet og den iskalde kvelden. Me kjøpte oss varm gløgg på ein julemarknad like i nærleiken.

Heidi

Luke 7- 22

På veg ned til nordiska museet gjekk me forbi ein butikk der det stod ei vakt utanfor i uniform. Det gjorde oss såpass forvitne at me måtte sjekka nærare kva det var. Butikken Svenskt Tenn viste seg å vera ein relativt eksklusiv møbel- og interiørbutikk med særpreg. Biletet over viser korleis julebordet var dekka. Eg kjende at eg i grunnen kunne tenkt meg å ha eit slikt julebord om eg hadde det som skulle til.

Nordiska museet var heilt fantastisk fint det og. Guiding via høyretelefonar er gode greier. Det er så fint å få historiane fortalde medan ein ser. Eg får aldri nok av historiar.

Dagens mest overraskande hending var at ei ukjend dame kom bort til meg då me drakk kaffi på ein liten kafé. «Ursäkta mig, men jag måste bara… Vilken underbar kofta du har på dig. Färgerna er helt fantastiska. Jag älskar färger». Eg vart ikkje mindre smigra enn at eg følte meg kalla til å fortelja at kofta var heimestrikka og sjølvkomponert. Eg meiner slike som meg som vassar rundt blant elegante damer med rufsete hår, lilla lue, store ullvottar og ullsokkar i joggesko reknar ikkje med å bli rost offentleg for antrekket… Kanskje eg bør nevna at ho som sa det var ein finsk turist og hadde på seg ein tunika med figurar frå mummidalen, noko eg hadde lagt merke til med det same eg kom inn.

Me ligg ikkje på latsida når me er på ferie. Reisekameraten sprett opp halv sju kvar morgon. Hotellet vårt har super beliggenheit, vennleg betening og god frokost, men romet er lavbudsjett og knøttlite. Senga så liten og innebygd at me må klatra over kvarandre for å koma opp og ut. Me har gått og gått i heile dag, så nå er eg skikkeleg trøytt i beina. Får håpa dei er friske og raske til i morgon. Eg treng dei då og.

Dette eer juletreet på nordiska museet. Det er pynta av ein kunstnar som har malt mange naivistiske ansikt og hengt på med ei stor sol på toppen. Bodskapet var eit inkluderande og samlande samfunn og ei unkluderande julefeiring. Det går me for sånn avslutningsvis i dag.

Heidi

Luke 6 – 22

Me har hatt ein innhaldsrik dag. Først koste eg meg med å kikka i butikkar i Gamla Stan medan reisekameraten var på museum. Ganske ofte er det nok for meg å kikka, men eg skal innrømma at det vart litt handel og. Eg er svak for gammaldagse leikebutikker med dokkehus, dokker, koppestell, treleiker, bøker og papirdokker. Dei får barnet i meg til å vakna.

Og så var eg på eit polkagriskokeri der dei laga polkagrisar mens kundene såg på.

Etter eit tips her inne spaserte me ut til Fotografiska museet. Det var ein fin plass å vera. Me fekk med oss ei fastutstilling av pressefotografi gjennom hundre år samt to separatutstillingar, ei av portrettfotograf og kunstnar Hans Gedda og ei av den senegalesiske fotografen Omar Viktor Diop.

Dette biletet er frå utstillinga Allegoria som viser mennesket i forhold til itrydningstrua natur. Han er sjølv modellen i dei fleste bileta sine, så dei blir ein form for sjølvportrett.

Ein kunne og prøva å fotografera med proffe fotolampar, så det måtte me prøva på.

Etter mange fine timar på museet gjekk me tilbake til gamlebyen for å eta middag på ein koseleg italiensk restaurant.

Me tok ein annan veg tilbake til hotellet og snubla over ein koseleg julemarknad langs vegen vår.

Det kjennest godt at me har fleire dagae her, for det kjennest som me bare så vidt er i gang med oppdagingane.

Heidi