18.mai

I dag syntest eg det passa med eit løvetannbilete laga av ein elev i fjerde klasse. Oppgåva var «Løvetann», og så fekk dei velja teknikk og materiale dei ville bruka. Eg fotograferte medan dei var i prosessen, så eg veit ikkje om biletet over var ferdig då eg knipsa det. Dei laga mykje fint, så eg gler meg til å laga ei løvetannutstilling på ein vegg på skulen.
Då eg kom heim frå jobb fant eg Leif liggjande strekk ut. Han følte seg ikkje heilt i form og trudde han hadde feber. Eg foreslo at han fekk ta ein hurtigtest for sikkerheits skuld, og til vår overrasking testa han
positivt på korona. Etter meir enn to år med masse smitte rundt oss og med store mengder negative koronatestar hadde eg etter kvart senka garden og tenkte at nå slepp me viss unna likevel. Han veit ikkje om at han har vore i nærleiken av nokon som er smitta, men nå er jo alle restriksjonar borte, så me må vel kanskje rekna med å bli eksponerte for meir «villsmitte». Eg gjekk sjølvsagt rett i testinga eg og. Den siste hurtigtesten me hadde i huset var like negativ som alle dei andre testane eg har tatt, men det første eg gjorde var å skaffa oss eit nytt lite lager med testmateriale. Heldigvis er han ikkje veldig sjuk så langt, så me får kryssa fingrar for at det går over i likaste laget.
Sjølv har eg togbillettar fram og tilbake til Oslo i helga, og eg har gleda meg til ei venninnehelg i hovudstaden med innlagt treff med «Oslobarna» mine på sundagskvelden. Nå er eg veldig i tvil om eg kjem meg i veg, men me får sjå det heile an. Viss eg testar positivt før avreise blir eg sjølvsagt heime. Dilemmaet er om eg skal ta sjansen på å kanskje smitta venninnene mine som raust hevdar at dei ikkje er redde for å bli smitta, og om eg skal ta sjansen på å risikera å bli sjuk i Oslo. Billettane har eg jo, så eg treng ikkje bestemma meg akkurat nå.
I kveld har eg vore på møte i Utval for grøn kyrkjelyd. Det er eit utval eg har stor glede av å vera med i fordi eg trur det er eit veldig viktig arbeid. Då eg sa ja til å vera med i soknerådet tenkte eg at dette var ein av dei områda der eg hadde lyst til å engasjera meg i håp om å vera ein forskjell. Eg har ein visjon om at kyrkja skal vera ein plass der alle i lokalmiljøet skal kunna kjenna seg heime og at kyrkja skal engasjera seg lokalt i meir enn gudstenesteliv. Eg er glad for å kunna fortelja at eg trur det er den mest effektive komiteen eg nokon gong har vore med i. Nå i vår har ei gruppe mannfolk som brenn for berekraft og mangfald i naturen lagt grunnarbeidet for å utvikla grasplenen mellom kyrkja og Arne Garborgs veg til ei blomstereng. Dette er folk som kan det dei driv på med, og eg trur det skal bli kjempefint. Eg kan informera Brynebuar som synest at området kan sjå litt ustelt ut denne sommaren om at det vil ta fleire år før blomsterenga er ferdig utvikla, men at det skal bli veldig bra til slutt. Me har og sett på moglegheita av å ha små parsellar til dyrking av grønsakar og urter i dette området, men det ligg foreløpig litt på is.
Anna me vil invitera interesserte til i løpet av hausten om alt går som planlagd er ein bytedag i kyrkja ein laurdag i november, og før det eit kurs/ praktisk verkstad i vegansk/ vegetarisk matlaging og ein temakveld om å ta vare på mangfaldet i naturen rundt oss. Det kjennest godt å vera ein del av ei gruppe som har tankar og visjonar rundt noko eg trur er veldig viktig.
Heidi