19.mai

Fotoet i dag er dagens bursdagsbarn, litla Sunniva slik ho såg ut den gongen då. I dag fyller ho 29 og eg må innsjå at til og med dei minste barna mine er blitt heilt vaksne.
I dag skal ho få stå her og symbolisera glede og bekymringsløyse, for ho var verkeleg ein usedvanleg glad unge då var lita. Biletet er frå eit besøk i Vikingland det alle måtte iføra seg brune sekkjeliknande kostyme. Ho såg ut som om ho høyrde heime der med rufsete hår til alle kantar.
Kofferten er pakka, men eg er ikkje sikker på at eg kjem meg i veg før eg sit på toget. Foreløpig har eg ingen teikn på korona, men i tilfelle eg er smitta håpar eg at det slår ut før eg reiser slik at eg forstår at eg bør halda meg heime.
Pianisten på barnekoret til barnebarnet var sjuk i dag. Dirigenten sette seg då til flygelet og spelte med barna ståande rundt seg. Ho utstrålte slik ro og varme at eg vart rørt av å sjå på. Eit barnekor der halvparten av korsongarane er fire år og syng med glede og høgtideleg alvor er eit nydeleg syn.
Innimellom kjem dei med begeistra utsegner om sin eigen kapasitet. «Den songen kan eg kjempegodt!» «Eg er veldig flink til å klappa!» Eg håpar entusiasmen deira varer livet ut.
Heidi