Gå til innhald

16.mai

mai 16, 2022

Veret har vist seg frå godsida. Det har vore så fint at eg i ettermiddag såg mitt snitt til å innvia hengekøya for sesongen. Eit kvarter på ryggen gjorde godt.

På jobb har me fått rydda vekk nesten alt me har lånt og samla saman til forestillinga. Det var nesten ikkje plass til å sitja og arbeida ved kontorpulten min, for der har hadde eg lagra kostyme, sauebjøller ein stor pappkoffert, store mengdar ullsjal og gensarar i geitefargar, ein lånt sopelime og ein fiolin frå kulturskulen. Det er alltid spennande å rigga ein scene og skapa eit slags ikkje-eksisterande parallellunivers. Det er alltid eit antiklimaks når ein lettare utmatta etter ei forestilling skal rydda alt på plass igjen. Takka vere ein driftig kollega fekk me gang på det og kom nesten heilt i mål. Det kjennest bra.

I ettermiddag hadde eg litt småting å handla inn til 17.mai. Eg la i veg på sykkel og det var så nydeleg ute at eg sykla mykje lenger enn eg hadde trengt bare fordi det kjendest så godt å sykla gjennom noko som likna veldig på sommar med lukter av gras og jord og nyutsprungen bjørk.

Eva Mari og eg måtte bruka denne fine kvelden. Me reiste ned til stranda og såg sola synka tung og blodappelsinfarga ned i havet. Det var så fint ute ved havet i kveld. Ei lerke flaug over hovuda våre og song intenst. Ei einsleg vipe gjekk rundt på åkeren og leita etter mark medan tjeldane plystra melankolsk. I morgon er det 17.mai. Eg er ikkje heilt i mål med slikt eg hadde tenkt å ordna, men erfaringsmessig så blir det bra etterkvart. Gratulerer med morgondagen!

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: