Gå til innhald

14.mai

mai 14, 2022

I går kveld gjorde me eit forsøk på ein tur til stranda, turen tok slutt før me kom i gang fordi det regna og den iskalde vinden gjekk gjennom marg og bein. 10-12 grader og vind er universalveret her på Jæren. Det kan me ha både 17.mai og på julaften for ikkje å snakka om på. St. Hans. Tur-ver eller ikkje, så skal det seiast at det er nydeleg der nede. Eg liker å fotografera i grått ver, for då blir fargane så fine.

Den siste månaden har eg systematisk brukt opp gavekorta eg har hatt liggjande sidan mai i fjor. Nå måtte eg passa på at dei ikkje gjekk ut på dato. Når eg får ein gave har eg barnsleg glede av å venta med å pakka han opp. Slik har det vore med gavekorta og. Det er fint å vita at ein kan bruka dei når ein får lyst. Nå er alle veksla inn i bøker, ein liten skulptur, fine blomar og kinobesøk. Gavekortet på Ritz tok me og knekken på i dag, kaffi og is med Eva Mari, Ingrid og det eldste barnebarnet. Betre kunne det ikkje vore brukt enn på ein jentehappening på tvers av generasjonane.

Nå har eg bakt marengsbotn med valnøter og ritskjeks som skal pyntast og nytast på 17.mai. Så la eg meg på sofaen med mobilen i hendene og skulle skriva dagens maiblogg mens eg lytta på Drivkraft podcast med Sissel Gran. Ho snakka mellom anna om det å aldrast som ho har skrive ei bok om. Det å møta mora si sitt ansikt i eit butikkvindu og innsjå at det var seg sjølv ho såg sette i gang ein slags prosess i henne som ho ville fortelja meir om.

Å sjå mor sitt ansikt i spegelen har eg framleis til gode. Det er ikkje fordi eg ikkje blir eldre, men fordi eg genetisk sett ikkje har så mange av mor sine ansiktstrekk. Derimot har eg meir enn ein gong fått sjokk når eg uforvarande har mobilkameraet innstild feil veg når eg skal fotografera noko anna, slik at mitt eige ukjende ansikt dukkar overraskande opp. Då snakkar eg om det ubeskytta ansiktet alle andre ser, men som eg sjølv går glipp av fordi eg pleier å kle på meg spegelsmilet kvar gong eg veit eg skal sjå meg sjølv.

«Du må ikkje tru det er slik du ser ut, mor», sa dotter mi ein gong lenge før ho blei vaksen og eg stod og børsta håret mitt framfor ein spegel. «Det smilet har du bare kvar gong du speglar seg, aldri elles».Eg trur ho har rett og at eg ikkje er den einaste som ikkje heilt veit korleis me ser ut.

Sissel Gran snakka om å leva i ein aldringsfornektande kultur der me nesten føler skam over å bli eldre. Samfunnet og me sjølve har pålagt oss ei slags plikt til å halda kroppen ung og sprek, ansiktet rynkefritt og tanken ung og dynamisk. Eg trur ho har eit poeng. Me er den same personen me alltid hatt vore og alder er ei slags skam som møter oss i vårt eige ansikt. Ein veldig oppegåande forfattar og samfunnsdebattant seier at ho har begynt å seia nei til opptredenar på TV fordi ho ikkje taklar å sjå sitt eige ansikt lenger. Ho orka heller ikkje tanken på at folk skulle sitja rundt i stovene sine og kommentera at ho hadde blitt eldre og var i tydeleg forfall.

Eg vart sjokkert då eg høyrde denne dama seia dette på radio, men på eitt plan forstår eg kva ho meiner. Ei god venninne av meg kom rett frå frisøren og ein velmeinande yngre mannleg kollega bemerka at nå såg ho ungdommeleg ut. Kommentaren svei, for me er då alt for unge til å vera ungdommelege…

Kva Sissel Gran konkluderte med veit eg ikkje, for eg sovna her eg låg og skulle skriva om det eg høyrde. Kanskje ho skifta emne for det eg veit. Eg får høyra resten ein gong det passar. Å skriva maiblogg er nesten som å sjå seg sjølv i spegelen og la seg overraska. Eg har dette rare prosjektet med å skriva kvar dag, og midt i ein av dei travlaste månadane i året har eg ikkje så mykje tid til å reflektera eller sensurera eigne innfall. Til ei viss grad ser eg på det som eit interessant kunstarisk prosjekt å våga å gjera det på den måten. Fortsatt god helg til dei som har lese heilt til hit, nå ser eg punktum for i dag.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: