17.mai

Om eit kvarter går 17.mai over til å bli 18.mai, og sidan eg skal tidleg opp og på jobb i morgon, skal eg prøva å fatta meg kort…
Dagen har vore fin. Som me snakka om rundt bordet i føremiddag, det er liksom litt annleis å feira 17.mai i år. Etter to år med korona 17.mai, innser me at det ikkje er sjølvsagt å få til tradisjonell feiring med mange folk tett i tett. Etter tre månadar med krig i Ukraina innser me at det å leva i eit fritt og demokratisk land heller ikkje er noko ein bare kan ta for gitt. Då minstemann i familien stolt vart trilla gjennom 17.-maitoget på trehjulssykkel med styrestong, og snudde seg for å smila og vifta med flagget då ho såg mormor og morfar stå og vinka i vegkanten, vart mormora nesten overmanna av sentimentale kjensler. Storesøstera gjekk nesten heilt sjølv i toget, side om side med bestevennen frå barnehagen. Etterpå var me ein liten delegasjon på åtte frå familien som høyrde på tale og korpsmusikk, song nasjonalsongen og drakk kaffi i Kåsenhallen. Feiringa i Tu-krinsen er til og med mykje mindre enn barndommens 17.mai på Ålgård. Jentene koste seg veldig.

Etterpå har me hatt besøk i fleire omgangar heime og ete lefser, kake, rømmegraut, is, pølser og karbonadar. Den første runden var me ute på terrassen sjølv om det måtte delast ut litt ullteppe sånn undervegs. I år fekk me nydeleg vårver med unntak av ei lita regnbyge ein gong på ettermiddagen. Det er heller ikkje noko me kan ta for gitt i vårt hjørne av verda.
Om kvelden sette eg og Eva Mari oss ned for å sjå om me kunne finna ein fin film å avslutta dagen med. På netflix fann me ein heilt nydeleg og hjartevarmande italiensk film som på norsk hadde fått tittelen «Sangkonkurransen». Filmen handlar om ein musikar som får i oppdrag å leia ei gruppe barn gjennom ein songskule som skal føra fram til ein songkonkurranse på TV. Eg tippar at tida handlinga er lagt til må vera Italia på 60-talet. Barna har ulik bakgrunn, og guten som er hovudpersonen kjem frå ein familie som slit hardt for å få endane til å møtast der storebroren er på veg til å bli småkriminell. Guten har ein ikkje diagnostisert dysleksi som han prøver å skjula, og er elles ein sprell levande unge som er livredd for at faren ikkje vil la han fortsetja i koret. Den inspirerande songlæraren er utruleg sjarmerande framstilt som eit veldig modig og veldig hjartevarmt menneske. I tillegg syng barna veldig fint, så bare det gjer filmen verd å sjå.
Dersom nokon lurer på korfor nokon synest det er fint å vera lærar sjølv om det av og til er utfordrande inntil det nesten umoglege, så synest eg filmen gir gode svar på dette. Med andre ord, filmen er varmt anbefalt. Og for å kunna møta mine elevar, som eg elskar å vera lærar for, nokonlunde utkvilt, får eg stoppa her. Eg håpar alle som les dette kan sjå tilbake på ein fin nasjonaldag. Nå står me snart med den eine foten i sommaren.
Heidi