Gå til innhald

12.mai

mai 12, 2022

Å organisera ei forestilling med seksti fjerdeklassingar saman med endå fleire fjerdeklassingar frå naboskulen er ikkje eit lavenergiprosjekt, men eg synest me klarte oss godt.

Ein fullmøblert og fin dag tikkar mot natta. Først hadde me generalprøve på songskattforestillinga, så to rundar med skuleforestillingar og til slutt viste me stykket for ein fullsett sal med foreldre og besteforeldre. Tenk så fin oppleving det er for ungane å få stå på scenen i Storstova og synga og spela teater med profesjonelle musikarar, ekte scenelys og skikkeleg fin lyd.

Saman med Lise stod eg i kulissene og hjalp kyr, griser, geiter og høner av og på med kostyme og inn på scenen på rett tidspunkt. Innimellom var det fletting av hår, festing av sikkerheitsnåler, trøysting, skjenning, klemmar og hjelp til å leita etter bortkomne sokkar.

Med så mange ting å halda styr på må det glippa i ein eller annan ende. Lise gjorde meg merksam på at eg gjekk med blusen på vranga. Etterkvart vart det tid til å retta på det og.

Mellom forestillingane vart det tid til eit arbeidsmøte i kulturskulen og eit med trinnet. Rekreasjonen fann stad i ei løvetanneng. Gunhild Malena som var på besøk på Bryne tok ein liten tur i lag og fann denne utruleg flotte plassen for ein kvar løvetannelskar. Etterpå vart det tid til ein kopp kaffi på kafé før eg måtte springa vidare.

Nå landar eg dagen i sofaen med strikketøy og beina opp i høgda. Det kjennest godt.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: