20.mai

Eg tvilte meg til å våga meg på toget i dag. Etter nesten å ha bestemt meg i natt for å halda meg heime, vakna eg i dag morges og bestemte meg for å pakka ferdig kofferten og reisa likevel. Ein fempakning koronatestar og ein pose med to ubrukte munnbind er med i bagasjen. Har prøvd å laga plan A og B og C for kva eg skal gjera viss smitten innhentar meg, men håpar eg slepp å bruka dei…
Nå har eg hatt ei god arbeidsøkt på toget med ipad og masse lausark i ein samlar. Etter ei litt brå rørsle, låg plutseleg papira på golvet i midtgangen i tillegg til eit brett med hårstrikkar og fliseklemmer som eg må ha lagt det i samband med forestillinga me hadde, då var eg alltid var parat til å fletta jenter med laust hår.
To hjelpsame, skjortekledde mannsarmar kom straks frå kvar si side av midtgangen og hjalp meg med å plukka opp. Folk er hjelpsame når dei får sjansen. Eg takka så fint eg kunne.
Utanfor togvindauget ser eg noko som liknar på sommar. Dei har meld varmt vêr, men regn i morgon, så eg har med meg ny tynn regnkåpe. Nå er me i Kristiansand snart og det går opp for meg at setene i min avdeling ikkje kan snuast slik at eg må reisa baklengs. Det er synd at ein ikkje kan spesifisera på bestillinga at ein ikkje vil reisa mot kjøretetninga. Eg får ta meg rin tur i kafévogna viss eg blir kvalm og vera forsiktig med lesing, så går det nok bra.
Ha ei fin helg, alle saman
Heidi