Oslo 21.mai

Etter å ha starta dagen med ein negativ hurtigtest var eg glad og takknemleg og klar for det meste. I det lyset vart det ein bagatell at godveret hadde bestemt seg for å vera i Rogaland i dag. Her i Oslo har det regna nesten heile dagen, men regnet var dusklett og kom nedover og ikkje bortover, så det var ikkje noko stort problem.
I gråver og regn blir alle grønfargane så fine og friske, og hegg, syrin, gras og mold luktar intenst av forsommar.
Me har traska rundt heile dagen, først på Grünerløkka og så nedover til byen der me åt rekesmørbrød og drakk te på Paleet før me snudde.
I kveld har me ete kake med Per Inge og Louis på Øvrefoss før me gjekk ut på ein bitteliten fransk restaurant det me hadde bestilt bord. Maten var nydeleg og porsjonane gigantiske. Eg hugsar ikkje sist eg var så mett sjølv om eg måtte senda ein fjerdedel av maten ut igjen fordi eg ikkje hadde sjanse til å eta opp. Eit tips til restaurantnæringa: Ikkje lag så store porsjonar at folk sender maten ut igjen. Matsvinn bør unngåst, og veloppdragne gjester bør ikkje bli pressa til overspising.
I morgon er planen å gå på det nye Munch – museet. Det gleder eg meg til. Ei helg med venninner er fine greier.
Heidi