Gå til innhald

13.mai

mai 13, 2022

Prosjektet for fredagen var å bli ferdig med manuset på samarbeidsprosjektboka mellom kunstfag og skapande skriving. Då eg trudde eg var ferdig oppstod det tekniske problem, så nå har eg lagt det vekk for helga. Det ordnar seg vel til slutt.

I ettermiddag fekk me gildt besøk av Eva Mari og Henrik. Me har ete Leif sine heimelaga vårrullar og god fruktsalat. Eva Mari og eg var ein snartur på Borestranda, men iskald vind og regn gjorde at me bare fotograferte litt før me snudde nasen heimover att. Heldigvis melder dei betre ver til 17.mai.

Surdeigsbrødet står til kaldheving. I morgon blir det fin frokost til gjestene. Og ute er alt blitt så velsigna grønt. Nå gleder me oss til sol og varme. Det hjelper jo på innstillinga til regnet å vita at dette regnet treng me verkeleg.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: