Gå til innhald

15.mai

mai 15, 2022

Dagen utvikla seg med ein stadig sterkare smak av sommar. Det er så godt å kjenne sola verkeleg varma både ansiktet og ryggen.

Minstejenta i familien vil helst bare sitja i dissa si høgt oppe over bakken og kikka ned på resten av livet. Der sit ho og smiler med det søte mellomromet mellom framtennene og svarer bestemt «Nei!» kvar gong nokon spør om ho vil ned. Når ho ikkje har valget lenger og får løsna selen som eit teikn på at ho snart skal løftast ned protesterer ho høglydt. Ein treng ikkje eit velutvika ordforråd for å visa tydeleg kva ein meiner om ting. Såpass har alle som omgåst med henne oppdaga.

Når eg ikkje omgåst med levande menneske, liker eg å bli betre kjend med folk via radioen, gjerne NRK p2. At det blir einvegsbekjentskap er heilt ok for meg. I dag har eg lytta til Tor Åge Bringsværd. Det var spennande.

Eg hadde faktisk litt mailkontakt med mannen for mange år sidan då eg laga eit teaterstykke til lokal bruk av ei av bøkene hans «De hellige tre narrene.» Eg fekk det for meg at eg kanskje måtte be om lov sidan eg hadde tenkt å låna heile forteljinga. Eg gjorde det klart at eg eigentleg ikkje hadde noko å betala med om han forlangte det.

Han skreiv ei hyggeleg helsing tilbake om at han gjerne delte med meg og elevane, og at dersom eg skulle tena meg rik på det fekk eg heller kontakta han igjen. Han avslutta med helsinga «Fred og solskinn». Han veit ikkje at eg har stole den og. Faktisk avsluttar eg ganske ofte mailar med dei orda fordi eg synest dei er så fine og romar mykje meir enn mvh.

I dag høyrde eg han snakka om å skriva. Som over 80 år gammal mann skreiv han framleis i mange timar kvar dag. Han ante ikkje kor mange bøker han hadde skrive, og ville heller ikkje vita det, men tallet var tresifra. Han skreiv fordi det var det han likte aller best å gjera.

Noko som eg syntest var interessant essant var at han påstod at han nesten aldri visste kva han skulle skriva om når han sette seg ned. Det var det som gjorde det interessant å skriva. Han hadde eit forfattarprosjekt som innebar at han aldri drog orda etter seg, men lot dei koma som dei ville. Han forandra heller aldri på noko han hadde skrive etter at han hadde avslutta ei side. Det meinte han ville veta juks, for ingen kan forandra på levd liv i ettertid…

Eg kjenner meg litt igjen i desse litt uortodokse tankane. Når eg skriv maibloggen min har eg sjeldan tid til å bruka dagen til å tenkja ut kva eg skal skriva. Veldig ofte anar eg ikkje kva innlegget skal handla om når eg set meg ned for å skriva det. For meg tilfører det aktiviteten eit element av leik.

Det seiest at kryssord og sudoku er veldig sunt for hjernen. Eg håpar friskriving har litt av same effekten. Eg liker betre å jobba utan ein fasit andre har laga på førehand. Dersom nokon ønsker seg ein hobby, så kan eg anbefala skriving.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: