Gå til innhald

God pinse

I går morges sette me oss i bilen for å leggja ut på ein ti dagars «seniortur». Det var godt å vera så langt. Veka etter korona har vore veldig travel, og eg føler ikkje heilt at kreftene har kome tilbake. Eg forstår at det er veldig vanleg å oppleva at det tek litt tid, og reknar med at nokre dagar med fri vil gjera susen. Elles minde Leif meg på at eg alltid pleier å vera sliten på slutten av eit skuleår, og det er heilt sant. Eg bare gløymer det frå år til år.

Det var kjempekoseleg å få ein kveld og ein frokost heime med Sunniva før me reiste, og litt trist å reisa frå henne igjen. Elles så liker eg følelsen av å lukka bildøra igjen bak oss og tenkja at alt me har gløymt til nå, det har me rett og slett gløymt, og då får me klara oss utan.

Eg hadde kjøpt meg nytt strikketøy og strikka meg over Suleskard. Ute var det sol og sett frå bilen, ein nydeleg sommardag.Det er så fint på fjellet når vinteren byter plass med sommaren.

I Valle var det heilt ekte sommar. For meg var det første streif av skikkeleg sommarvarme denne sesongen. Eg stakk innom husfliden og kjøpte knappar til kofta, for det hadde eg ikkje klart å ordna endå. Eg kjøpte eitt sett treknappar og eitt sett tinnknappar, så får eg sjå kva som passar best.

På Haslum venta Eva Mari med deilig salat og etterpå fortsatte me å nyta sommaren ute på verandaen.

Heidi

3.juni – Sommarmånad

I går hadde me lesedag i Sandtangen der elevane gjekk rundt i skogen og fann postar med ulike formar for leseoppgåver. Det var meld ein del regn, så me kryssa fingrane, laminerte postane og håpa på det beste. I beste fall ville me og få det tørt nok til å få gang på grillane slik at me kunne få varme pølser på slutten av skuledagen.

Veret var oss relativt vennleg, og med nok klede og vestlendingane si eigentlege festdrakt, regntøyet, var det fint å vera ute. Heilårstemperaturen som ofte er hos oss både på 17.mai, jonsok og julafta på ca 12 grader Celcius, var og på plass.

Det som er spesielt for denne årstida er dei heilt fantastiske fargane og det fine lyset. Etter månadar med vinterfargar, gjer fargane seint på hausten og tidleg på sommaren noko heilt spesielt med meg. Eg synest Barbro Hörberg treff spikaren midt på hovudet med denne songen:
https://www.youtube.com/watch?v=XXVoRieHhJM

Etter at elevane var sende heim hadde eg ei økt med å laga vikaropplegg for komande veke, for nå skal eg rett og slett gå inn i mi første «sekstiårs-ekstra-ferieveke». Typisk nok tok det meg eit år å koma så langt som til å få brukt ho. Me skal først til Bærum i pinsehelga, og så skal me på køyretur til Trondheim der eg skal vera med på «Salmens dag» i regi av Norsk hymnologisk forening.

Etter å ha fått vikaropplegget nokonlunde i havn, nådde eg akkurat heimom for å skifta klede før den andre store hendinga denne dagen, teatertur til Stavanger.

Me er ein gjeng kolleger som har starta ein «teater-ring» I praksis vil det seia at me går på teater saman ca ein gong i året, og då legg me ofte inn eit koseleg kafébesøk og når me først er i gang. Nå var det lenge sidan sist på grunn av nedstengningar og korona, så det var ekstra kjekt å koma seg av stad.

Stykket me skulle sjå var «Våken drøm», eit stykke bygd på Vamp sine tekstar der karane i bandet og skulle vera med som musikarar. Eg har før sett eit teatestykke med Vamp sin musikk, og hadde venta meg noko som likna på det. Det som møtte meg var heilt annleis. Me vart tekne inn i det som eg nesten vil beskriva som eit rocka alternativt univers, der tekstane var sette inn i ei heilt anna ramme, enn det vare, sommarfarga litt melankolske vestlandsuniverset eg gjerne forbind med både bandet sin musikk og tekstane deira. Her møter me både, Jesus, Stalin, Ludvig den 16., paven, ei berusa nonne, henrettingar, massemordarar, månevandrarar, Titanic og hekser, og me får sjå ei narkoman kvinne setja eit skot i armen til var musikk. Det heile var gjennomsyra av ein burlesk humor, eit dystert alvor, og av ein heilt fantastisk scenografi.

Her var det bare å gløyma alt ein hadde trudd og opna sansane for det som måtte koma. Det må jo vera ein dramatikar sin draum å kunna gjera så mykje heilt spinnvillt på ein scene. Kvar gong eg er på teateret så misunnar eg litt rette vedkomande moglegheita til å tenkja ut dei raraste fantasiar, og så kan det gjennomførast. «Der vil eg ha inn ei dame som dansar nedover ein vegg, der vil eg ha inn ei flygande dansarinne, der vil eg ha eit hav av røyk, og der skal scene-elementa dreia og visa ei mørk bakgate der paven står på ein balkong og har kjærleikssorg.

Eg innrømmer at mange av koplingane var litt rare, men eg tek av meg alle hattar for å klara å laga noko, bygd på så mange merkelege innfall og tankesprang som likevel kommuniserer. Midt i alt det besynderlege sat eg att med ei kjensle av at dei hadde klart å fanga dei nyansane i livet som det er vanskeleg å setja heilt ord på, det som nesten hender, og det som du trur er der utan at du kan vera heilt sikker. Eg kjende på denne rare humoren i det å leva, på dette å ikkje heilt nå fram til kvarandre sjølv når ein vil, og vart bevisst på desse små uverkelege opplevingane av å vera nær kvarandre som plutseleg kan dukka opp i heilt uventa samanhengar. Eg kjende på at i det som er stygt og avskyeleg kan det vera element av noko som er veldig vart og vakkert, og at livet består av veldig mykje me ikkje heilt klarer å gripa tak i.

Nå skriv eg så uklart sjølv her at eg trur eg må vera meir prega av teateropplevinga enn det eg trudde at eg var. Eg veit ikkje om det er fleire billettar å få tak i, men dersom det er det, så unnar eg mange å sjå dette stykket.

For meg har både kunstutstillingar og teaterforestillingar et element av kjensla av at dette hadde eg hatt lyst til å gjera sjølv. Når eg er på kunstutstilling får eg veldig lyst til å gå heim og mala, og når eg er på teater får eg utruleg lyst til å laga teater sjølv. Er det slik alle har det, mon tru? Eg må innrømma at eg ikkje får den heilt same typen dragning når eg ser nokon springa maraton, ta OL-gull i alpint eller driva med basehopping. Det kan jo tenkjast at me er litt ulikt skrudd saman…

Nå kjenner eg at det skal bli godt med nokre fridagar. Eg slapp veldig billig unna korona, men føler framleis at eg ikkje har fått energinivået heilt opp dit eg vanlegvis pleier å ha det. Det blir fint og spennande med ei friveke. I føremiddag har eg jobba med diverse det var greitt å få unna før eg skal reisa, og eg har unna meg å svara på alle fødselsdagshelsingane på facebook. Sidan eg var sjuk den dagen hadde eg ikkje klart å opna alle der og då. Det er litt som å opna dører til folk eg kanskje ikkje har møtt på lenge, og det å ta seg tid til å svara er som å møta den personen litt på ekte i eit sekund eller to. Eg seier som eg har sagt det før. Så utruleg mange fine folk eg har blitt kjend med gjennom livet.

Katten mjauar og er svolten. Det er kanskje på tide med ei meir praktisk tilnærming til livet. Eg har framleis mykje å ordna før avreise. Eg har og planlagd ein tur ut for å kjøpa knappar til kofta mi som nå er ferdigstrikka. I kveld kjem Sunniva heim. Ho skal på reunion på Vågen, og me ventar til i morgon med å reisa slik at me får ein kveld i lag med henne. Det gler eg meg til.

Heidi

31.mai

Med løyve frå ein av mine flinke formingselevar i 4.klasse lar eg denne håpsplakaten få avrunda maibloggen min for i år. Ein av mine fikse idear kan leggjast til side i håp om ein ny runde om elleve månadar, og her på Sporisand ligg det sirlig dokumentasjon av dagane i mai dei siste atten åra. «Kva skal du med det?» kunne ein og annan forbipasserande spørja, men for ein samlar er det feil spørsmål. Ein samlar samlar meir for å samla enn for å ha ei samling, trur eg. Ei samling av levd liv kan jo vera fint å ha. Kanskje eg burde ta utskrift og setja historiane i ein perm før nokon ved eit villa eller tankelaust tastetrykk slettar heile nettstaden og lar alt forsvinna?

Kanskje burde eg leggja historia om atten år med levd liv til sides til seinare forskning av kva innhald dette livet har vist seg å bera i hendene? Når eg les det eg har skrive tidlegare kjenner eg meg igjen og tenkjer. Mai er eit rom i livet, her har eg vore før. Sett innanifrå har det å vera meg forandra seg veldig lite på atten år. Det er svært lite eg tenkte, trudde og gjorde då som eg ikkje kunne ha tenkt, trudd og gjort nå. Om det er eit teikn på stagnasjon veit eg ikkje, eg er vel ikkje den rette til å dømma. Eg er rimeleg sikker på at folk som såg dette halveksentriske mennesket stå på balkongen og vinka kvar gong det er mai, tydeleg kunne sjå at personen vart gradvis eldre, det velsigna, og litt skumle er at ein ikkje merkar det frå innsida.

Utan å overfilosofera meir, så er på tide å koma seg heim frå jobb etter ein lang tysdag. Eg har hatt avslutning med skrive-elevane mine med is og jordbær. Neste gong eg møter dei er det kunstutstilling og bokslepp. For dei er det vanlege skuleåret kome til ende. Sjølv er eg ambivalent til alt som tek ende. På eit vis er det trygt og fint at livet passerer i same rytme som alltid utan dei store forandringane. På den andre sida skal det bli godt å få sommar og kvile.

Denne årstida ber med seg alt som skal endrast, alt som skal avsluttast og alt som skal startast opp på ny. Snart er dette skuleåret i boks. Eit nytt skuleår ventar til hausten. Det er framleis mange ukjende faktorer. I fellestida i dag hadde me eit fint tema, det å løfta kvarandre og å lytta til kvarandre. Det var fint. Me vart sette saman to og to for å fortelja kvarandre historiar om eit liv i skulen. Det var fint, me skulle lytta meir til kvarandre med omsorg og respekt.

Allereie i natt skal mai snu seg over på ryggen og bli til juni. Sommaren er det finaste eg veit. Nå skal eg bare…

Heidi

30.mai

Med eit lite utsnitt av løvetannveggen i 4.klasse tek eg dagen inn for landing. I dag begynte kvardagan igjen, og kvardagar skal ein ikkje forakta. Etter jobb var eg ganske sliten så eg bestemte meg for å lytta til alle dei som har sagt at det er lurt å ta det litt med ro etter korona.

Det var nydeleg å leggja seg på sofaen ute i hagestova med ei bok. Det var deilig og varmt i sola der ute, og med sola over glastaket gav det ein god illusjon av sommarvarme sjølv om det er ganske kaldt ute.

I kveld har eg vore i lag med ei flott gruppe damer som ikkje har vore i lag på lenge på grunn av koronaepidimien. Det er eit forum for gode samtalar og slik vart det i kveld og. Det er ein interessant prosess å gå over til noko som liknar på det gamle livet vårt etter over to år med unntakstilstand. Me tulla litt med at det sat me og var plutseleg to år eldre. I tillegg har me dei krumspringa livet har tatt på andre felt sidan sist. Det er noko rart og fint med å leva, for å forenkla det meste veldig.

Heidi

29.mai Det grøne er så grønt i mai

Samtale midt på natta ein gong:
– Mormor, vatnet i drikkeflaska mi rant på golvet.
– Ser du kjolen min som ligg på stolen?
– Ja, bare tørk golvet med den, for nå er det nott, og då må me sova.
-OK

Heldigvis vart handlingen utført, for mormor orka ikkje tanken på å stå opp og gå ned for å leita fram ein golvklut. Etter ei vekes asyl frå vanleg liv har det siste døgnet gått sånn nokonlunde i mitt normale tempo. Det har gått fint, og nå er eg ganske trøytt…

Minstebarnet sov godt i mormor si sprinkelseng, men gav nokså klar beskjed om at det var ein uaktuell plass for føremiddagskvilen. Derfor måtte me, som det heiter på godt jærsk, ut og hjula.
Eg forstod at viss me skulle få dei ønska nitti minutta med søvn, så krevde det 90 minutt spasering. Det passa bra, det var deilig å koma seg ut på tur igjen. Eg syntest det var blitt grønt og fint for ei veke sidan, men eg såg likevel stor forskjell etter ei veke innandørs. Det såg ut som om alt som kunne springa ut hadde gjort akkurat det. Det var blomar i grøftene og blomar i beda, trea var grøne og nyperosene stod i knopp. Ein kan bli tvers i gjennom lukkeleg av mindre enn det. I tillegg song fuglane og eg observerte til mi glede at svaneparet var ute med eit nytt kull ungar. I år har eg ikkje sett dei liggja på reir, så eg var usikker på om det kom til å bli svaneungar.

Då me var vel heime og barnet var vel vakna vart det meir kakepynting i full fart, for me hadde invitert familien til litt forsinka gebursdagsfeiring. Far og mor kom med nydelege blomar til terrassen og med ein stor bukett liljekonvall frå hagen. I kveld har eg førebudd morgondagen på jobb. Det blir kjekt å koma på jobb igjen, nå har eg vore ei veke borte frå det og. Skuleåret er alt på hell, og me går inn i ein periode med mange kjekke annleisting.

Heidi

28.mai

For månadar sidan hadde me avtalt at det skulle koma to små overnattingsgjestee denne natta. Heldigvis så rakk me å gjera oss ferdige med korona slik at det kunne gjennomførast.

Nå har eg lagt meg på det eine gjesteromet på loftet i lag med eldstejenta som søv godt. Begge gjesteromma våre er i loftsetasjen, og eg klarer ikkje heilt å slappa av med at dei skal sova der aleine. Spesielt gjeld dette sidan den eine framleis er i sprinkelseng. Det kan godt vera det er nevrotisk frå mi side, men slik er det.

Me har hatt ein fin ettermiddag. Først spaserte me litt i sentrum det det er jærdagshelg og mykje ekstra. Etterpå har me ete middag, bakt kake til mormor si forsinka bursdagsfeiring og spelt spel.

Kvelden vart avrunda med eit lite søsterbad med alle mormor sine badeender, lørdagsgodt, Peppa Gris, høgtlesing frå Albert Åberg og aftenbønn. Med andre ord vil eg tru det var omtrent det ein håpar å få ut av ein lørdagskveld når ein er fire og eit halvt og snart to og overnattar hos mormor og morfar.

Det er så fint å sjå korleis yngstejenta sine kommunikasjonsferdigheiter eksploderer. Ho er ikkje like rask som storesøstera var til å snakka, men er kjempeflink til å gjera seg forstått. «Æ tyste!», er jo grei beskjed. Så kjem ho dyttande på tripp-trapp stolen sin:»Oppi den! “ på påfylgjande spørsmål» Æ du svolten? » er svaret “Ja!!!».

Ho svarer greitt ja og nei når ho får spørsmål, og kan ho ikkje svara slår ho teatralsk ut med armane for å visa at ho ikkje veit.

Nå må mormor ha vett til å sova, for ho veit av erfaring at dagen godt kan begynna grytidleg i morgon. Då snakkar me frå kvart over fem og utover. Dessverre lærar mormor seg aldri trikset med å leggja seg tidleg når ho har overnattingsgjester, men for all del, framleis er natta ung. Gjennom det opne sovetomsvindauget høyrer eg song frå konserten på torget.

Nå skal eg endeleg finna ut om det stemmer det Halvard seier at senga på gjesteromet er så vond at ho bør skiftast ut.

Heidi

27. mai

Klokka har passert midnatt, og eg skal landa dagen. Eg trur det må vera den første gongen eg ikkje har vore ute av huset fem dagar på rad. Det vil seia i dag kom eg meg så langt som ut på terrassen ein halvtimes tid. Minstejenta hadde oppdaga at der ute hang det ei hengekøye, og sidan ho elskar alt som kan gynga insisterte ho på å bli plassert oppi den og bli gynga fram og tilbake. Der sat ho med det mest sjarmerande smilet i heile verda, rosa strutteskjørt i tyll og ei grøn strømpebukse som var våt under føtene. Det siste hadde blitt slik delvis fordi det hadde regna og delvis fordi ho og storesøstera hadde fått taket i to store grøne vannekanner som stod der fulle av vatn.

Eg hadde ikkje sett dei på over ei veke. Det er ikkje ofte det skjer, så nå var det veldig stas å få besøk. Me har steikt vafler, lese bøker og leika med duplobyen. I morgon kjem dei på overnattingsbesøk, så då bør kreftene etter ein runde korona vera nokonlunde på plass igjen. Men visst går det framover, og visst er eg utruleg takknemleg for å ha sluppe så lett unna som eg har. I dag har eg klart å få unna ein jobb som har ligge litt på meg i det siste, og det er alltid ei god kjensle. 10. juni skal eg vera med og arrangera ein salmekveld i Ilen kirke i Trondheim, og eg hadde ein jobb å gjera med å nesten få ferdigstilt programmet for kvelden. Eg har flinke medarbeidarar, så det skal nok gå bra. I

Eg skal skriva meir om arrangementet i Trondheim seinare, det er ein del av programmet på det som blir kalla «Salmens dag», der mesteparten av opplegget foregår laurdag 11.juni. Eg er involvert i dette fordi eg det siste året har vore med i styret i hymnologisk forening. Det kan det og vera eg skriv meir om ein vakker dag. Elles så har eg klipt opp kofta mi, og det gjekk fint. Symaskinen gjorde jobben sin, og eg klarte å halda tunga rett i munnen. Nå held eg på å strikka halskant og knappestolpar.

Eg har sett i gang med vrangbord i to fargar fordi eg synest det ser veldig fint ut, men det plundrar det til at desse kantane må strikkast fram og tilbake. Eg prøver å forska meg fram til ein god teknikk når det gjeld å strikka baksida. Det er ikkje så lett å strikka på den måten når alle trådar må leggjast på vrangsida av arbeidet. Nå frir eg etter gode råd frå dei som har strikka så mykje at dei forstår akkurat kva eg meiner. På rettsida av vrangborda er alle rettmaskar gule og alle vrange maskar beige. Eg får det til på vranga og, men det går seint. Kanskje akkurat det rett og slett er prisen for å få til den effekten eg vil.

Eg har ein marengs på låg varme i ovnen som har steikt i meir enn to timar nå. Eg trudde eg kunne framgangsmåten og sjossa i veg. Så oppdaga eg at eggekvitene skulle vera stive før sukkeret vart rørt inn. Eg blanda eggekviter og sukker før eg begynte å vispa. Det kan vera derfor marengsen etter første omgang steiking var seig og flytande i midten. Kanskje han har stivna nå. Me får sjå…

Og viss nokon måtte lura. Den knallgrøne vasen på biletet er ein gebursdagspresang frå ei venninne. Det vart så fint med rosa roser oppi.

Heidi

26.mai

I dag hadde eg eigentleg tenkt meg ut i det store livet, men eg bestemte meg etterkvart for at eg kanskje trong ein ekstra dag med bare å ta det med ro heime.

Heldigvis er strikking ein avslappande lavenergi-aktivitet for meg, og i kveld vart eg ferdig med å strikka kofta eg har halde på med i vår. Dei siste åra har eg strikka så mykje barnetøy, så store vaksne plagg har det blitt lite av.

Eg er veldig fornøgd med at både vidde og lengde vart akkurat som eg hadde håpa. På første forsøk måtte eg rekka opp igjen ganske mykje fordi eg oppdaga at det vart alt for stort, men nå har eg klart å treffa. Eg har blitt vaksen nok til å oppdaga at det lønner seg å både ta mål og testa strikkefastheit før ein går i gang med sjølve produktet… Kjedeleg, men sant.

Nå gjenstår det å klippa opp. Det er alltid kjempeskummelt, men går som regel greitt. Heldigvis er dette designet med raglanfelling, så det er bare klipping framme og litt runding av halskant. Eg har tenkt å prøva ut å laga stolpane og halslinninga som tofarga vrangbord. Eg håpar det går bra.

Dette mønsteret kjem frå Solberg. (Nei eg er ikkje sponsa… ). Eg såg det på nettet og fall for det. Den einaste endringa eg har gjort er å strikka jakken ein del lenger enn originalen.

Eg har kost meg veldig med prosessen, så nå lurer eg på om eg skal bruka same garn og maskeantall og improvisasjonsstrikka ei vaksenkofte til. Det er kjempespennande å bare starta og la mønsteret bli til etter innfallsmetoden. Eg har strikka fleire barnekofter til jentene på den måten som eg er blitt godt fornøgd med. Det kunne vore kjekt å prøva ut noko liknande i vaksen storleik.

Nå er det kanskje på tide å avrunda det eg går ut i frå er eit innlegg for dei spesielt interesserte og heller prøva å sova av meg energiløysa.

Fred og solskin!

Heidi

25.mai – Koronapasient

Då eg vakna i dag fekk eg melding på telefonen om at det var levert frokost på døra. Det var ei koseleg helsing frå Halvard, Sunniva, Therese og Trygve i Oslo, og som det stod i helsinga som fulgte med, eit slags plaster på koronasåret. Det smakte veldig godt, og omtanken bak var hjartevarmande. Me hadde til og med 17.mai-serviettar igjen som kunne gjera oppdekninga nesten litt kongeleg. Før 17.mai fekk fireåringen velja serviettar til 17.mai-lunsjen, og då kunne det ikkje gjerast betre enn bilete av norske flagg og kongen sitt slott.

Det å vera koronapasient er ein merkeleg situasjon å vera i. Dette har me gått og vore redde for i over to år, og før både vaksinar og omikron så vil eg seia at me var redde med ganske god grunn. Som lærar følte eg lenge på at eg var i ein situasjon der det var nokså umogleg å beskytta seg mot smitte, og det siste skuleåret har me tidvis vassa i smitte. Den eine veka var det bare fem friske elevar i ein av klassane, og i ein klasse har alle bortsett frå ein person hatt korona.

I to år har eg stadig vekk måtte seia til folk at me må halda avstand fordi eg har gått så mykje oppi smitte at eg godt kunne vera smittefarleg. Det har nesten vore den største påkjenninga å alltid vera potensielt smitteførande. Det har gjort at eg har avlyst to turar til austlandet og diverse treff med venninner. Eg har sagt for tull at eg sikkert har norgesrekorden i å ta hurtigtestar. Heilt sant er det nok ikkje, men heller kanskje ikkje veldig langt i frå. Det har hend at eg har brukt pausen mellom skule og kulturskule på tysdagar til å ta ein hurtigtest fordi eg aldri er heilt sikker på at eg ikkje har vondt i halsen, og fordi eg syntest det ville vera dumt viss eg skulle vidareføra smitte frå fjerdeklasse til kulturskuleklassen min.

Heilt fram til nå har eg vore ein av veldig få tilsette på arbeidsplassen som ikkje har hatt korona, og nå begynte eg nesten å tru at eg av ein eller annan grunn kunne vera immun.

Og så var eg plutseleg midt i det. Veldig tvilande våga eg å dra til Oslo, og klarte å koma meg inn på nattoget heim før eg oppdaga heilt sikkert at eg var smitta. Eg har klart å smitta ei av venninnene eg var på tur med og, men som ho seier, det var ein kalkulert risiko, og turen vår var kjempefin.

Eg forstår at det å ha korona er heilt ulikt frå person til person. Mange av symptoma eg har høyrt andre ha har eg sluppe heilt unna. Eg hadde vondt i hovudet dagane før det braut ut, men mens eg har vore sjuk har eg verken hatt feber eller hovudverk. Det sterkaste symtomet eg har hatt har vore ein utruleg intens hoste som plutseleg var nesten heilt borte i dag. I tillegg til dette har eg følte meg utmatta. Likevel har eg vore bra nok til å jobba litt med iop-ar, vikaropplegg og diverse liggjande på ryggen på sofaen. I går kveld følte eg meg litt dårlegare og tenkte at nå kjem kanskje sjukdomen for fullt, men følelsen gjekk fort over. I dag har eg i grunnen bare kjent meg utmatta. Energien er heilt fråverande, og alt fysisk «arbeid» kjennest tungt. Eg er glad for at me er gått inn i ei langhelg, det er godt å få nokre dagar eg kan bruka til å koma til hektene før eg skal på jobb igjen.

På måndag hadde eg tidenes mest alternative gebursdagsfeiring liggjande på ryggen i senga med korona.Det kjendest faktisk heilt ok. Alle dei fine meldingane på facebook, på sms og på messenger var ekstra gilde å få, og i tillegg fekk eg nokre veldig koselege telefonar. Så utruleg mange gilde folk eg kjenner, eg må jo på eit eller anna vis ha klart å plukka med meg dei finaste av dei finaste.

Sjukedagane har gått utruleg fort, og i morgon tolkar eg det sånn at eg kan gå ut i den andre enden av tunnellen og menga meg med resten av befolkninga dersom eg ikkje har tydelege symptom. Ja, eigentleg er vel alle restriksjonar formelt sett borte, men litt vett må ein vel trass alt bruka. Eg har framleis eit sterkt ønske om å ikkje smitta folk.

I dag har me og hatt ei lågmælt feiring av 37 års bryllaupsdag i heimen. Nå skal eg ikkje påberopa meg at me normalt feirar dagen med fyrverkeri og hæla i taket, men i år vart det endå meir nedtona: Kvar vår skål med vaniljeis, ein strimmel melkesjokolade og eit TV-program om Grønlands historie, så syntest me at me hadde det storveges.

Kanskje eg rett og slett stikk innom og kjøper ein blomsterbukett til mannen min når eg slepp meg sjølv ut av huset. I år synest eg me har spesielt god grunn til å feira at me framleis har kvarandre etter dei helseproblema og den store operasjonen Leif har måtta gå gjennom i løpet av det siste året.

Og nå begynner «etter-korona-tida». Det kan og bli interessant… Sjølv om eg veit om folk som etter kort tid har blitt smitta for andre gongen… Nå skal eg vakta meg vel for å ønska folk god himmelfartsdag. Det kan tolkast heilt feil… God langhelg til dei mest priviligerte, og god fridag til alle som ikkje av gode grunnar må jobba i morgon.

Heidi

24.mai Hels på Miss Bunny

Før påske hadde Mari på jobben min fått ein spennande idé. Kven ville vera med på Maskorama? Dei lærarane som ville vera med skulle skaffa seg eit maskert alter ego og spela inn musikkvideoar kvar veke. Elevane skulle så kvar veke stemma på kven dei likte best, og så gjetta identiteten på den som gjekk ut. Eg tenkte at det var ein så god idé at det måtte jo lærarane stilla opp på. Altså sa eg at eg kunne vera med.

Så gløymte eg det litt, vart forkjøla og hadde det travelt. Plutseleg spurde Mari om eg var klar til å presentera meg med eit foto av meg i kostymet mitt. Då måtte eg innrømma at kostyme hadde eg ikkje funne endå, og at eg kanskje bare måtte stryka meg av lista fordi eg ikkje hadde fått tid til å tenkja. Mari sa at ho håpa det ordna seg, og eg tenkte at dette måtte eg vel kunna få til. Hadde me ikkje ei gammal gummimaske ein plass som me hadde arva etter svigerfar? Ei sånn gammelmannsmaske som han brukte i 17.mai-toget i Bærum då han spelte blokkfløyte og var rottefangaren frå Hameln?

Den maska viste seg å vera tapt, og ingen i familien hadde masker eg kunne bruka heller. Eg sykla ned til Bryne for å tråla meg gjennom dei butikkane som kunne tenkjast å ha masker, men sidan karnevalstidene for lengst var over var ikkje det heller akkurat noko eldorado for ein maskehungrig kunde. Det einaste eg fann, halvvegs bortgøymd i ei hylle i ein leikebutikk, var ei kaninmaske og ei revemaske, begge halvmasker, og begge litt for små. Det fekk bli ei av dei. Sidan det snart var påske, valde eg kaninen og spurta heim for å leita etter kostyme. Ei badehette for å skjula håret, ei prikkete pusete morgonkåpe, ein fargerik stoffrest til sjal, og til slutt ei rosa tyllstrimle lagt firedobbelt for å skjula at halvmaska ikkje dekka munn og hakepartiet. Eit påskeegg i hendene og ein rask selfie. Miss Bunny hadde sett dagens lys og trong ikkje å manifistera seg på film før etter påske.

Eg visste jo at ho ikkje hadde fått det beste utgangspunktet. Ei litt for lita maske som bare burde sjåast heilt en face, eit heilt uttrykkslaust ansikt der blikket bak bare vistest i ein bestemt vinkel, og ikkje minst at ho som skulle bera maska ikkje akkurat er kjend for sine danseferdigheiter. Men nå var eg i alle fall med, sannsynlegvis som daudkjøt som snart skulle skrellast vekk, og så hadde eg gjort mitt for skule, heim og fedreland.

Det er bare det at eg ikkje kan fordra å gjera ting halvvegs. I alle fall ikkje kreative ting. Hodet mitt begynte å bobla av ting eg ville gjennomføra, og eg fekk ei liste der eg skreiv opp songar kaninen skulle framføra innan visse sjangrar. Eg forstod allereie då at ho var ein drøymar og ein romantikar, så første songen hennar vart «All you need is love». Sidan eg skulle få heim son og svigerdotter utdanna innan film, tenkte eg at dei kunne hjelpa meg å gjera det beste ut av den litt uformelege kaninen. Eg hadde sett for meg å bruka ekspertisen, og lurte på om min son som for tida lever av å laga animasjonar for nrk, kanskje kunne laga ein inspirert animert kaninvignett av frøkna. Eg forstod fort at ei slik arbeidsmengde det viste seg å vera kunne eg ikkje påleggja feriegjesten. Då han såg kaninen i kostymet, sa han «Mor du er klar over at nå er du meir lik deg sjølv enn du er utan maske og kostyme… Alle kjem til å sjå det er deg!» Me bestemte oss for å filma i halvfigur og Leif måtte stå bak og halda bakgrunnen, ein blå duk. Eg hadde eit skript i hovudet der Miss Bunny tok påskekyllingar ut av påskeegget og gav dei kjærleik, men det kom aldri med på filmen. Therese stod ved sida av og blåste såpebobler, noko eg hadde tenkt skulle bli veldig spektakulært. Så viste Miss Bunny hjarteteikn med hendene, noko som i grunnen likna mest på det som er introdusert som «Det internasjonala teine for farsa».

«Eg trur du er Miss Bunny, for eg kjende igjen hendene dine,» sa ei jente etterpå. Det var då eg kom på at ho kanskje burde ha hanskar, og at eg neste gong burde hugsa å ta av klokka…

Neste runde skulle Ingrid filma. Ho er tålmodig og har sans for detaljar. Problemet var bare at ho var aleine med barna den ettermiddagen, og minstejenta fekk nesten full panikk då ho kom ut og såg mor si filma ein gigantisk kanin, som ho ikkje gjenkjende som mormor, knelande ved dokkesenga. Ho hylte som ein stukken gris, og haldt ikkje opp med det første, sjølv om mormor gav seg til kjenne så godt ho kunne.

Etter kvart som vekene har gått har eg blitt ganske glad i mitt alter ego, kaninen. Ho er i tillegg til å vera eit romantisk følelsesmenneske veldig uredd. Ho lagar surfbrett på sløyden og kjører semitrailer.(Det kan bli harde timer bakom rattet, i Alpene om natta når det snør.) I tillegg kjøper ho seg sko med himmelhøge hælar og nagledekor, som ho ikkje har sjanse til å få på føtene, før ho spring på disco og trur ho skal imponera kaninkarane sjølv om ho har vondt i ryggen og giktfeber…

Familien synest dette har gått meg heilt til hovudet. Det blir stilt spørsmål på familiekanalen: «Kven skal filma mor denne gongen?» Det har ikkje vore kø for å få lov, men dei har stilt trufast opp, det skal dei ha. Eg har funne ut at eg er flinkare til å regissera andre enn til å få andre til å filma meg slik eg vil det skal vera der eg sit med sokkar på hendene og ei tåpeleg kaninmaske som gjer at eg nesten ikkje ser utan briller, og dette at eg alltid må sjå rett fram med maska på fordi ho er litt for lita…

Då eg hadde fått lånt lastebil og lokka mannen til å kjøra meg til Sandnes for å filma, var det vanskeleg å få han til å forstå at han nesten måtte liggja med frontruta i ryggen for å filma bunnyen som skulle styra bilen og sjå rett fram. Eg frykta at ingen fekk med det vesle poenget at kaninen åt gulrot i brød i staden for pølse. Det var og hardt å takla at det ikkje vart eit nytt opptak sjølv om munnsløret løsna frå maska på slutten av opptaket sånn at munn og hake kom til syne. «Nei, vet du hva Heidi, nå orker jeg ikke mer!»

Dei har ikkje forstått heilt. Eg har prøvd å forklara at dei andre legg lista mykje høgare, at dei fiskar torsk frå gummibåtar i svømmehallen, dansar med russen, spelar el-gitar i skogen, rir på hestar, kjører traktor og amerikanske bilar og tek toget til Hellvik i fullt kostyme…

Miss Bunny haldt koken lenger enn eg hadde trudd, men nå er ho ute av dansen. Og ho som hadde planlagt å troppa opp på kontoret til ordføraren med ein bukett løvetann og rappa til “Du er dødssøt».Han skulle ta i mot i dress og med ordførarkjede og vera med på dansen. Miss Bunny fekk aldri spurt han, men med hennar sjølvtillit så er ho sikker på at det ville latt seg ordna. Med knapp tidsfrist og ein koronadiagnose er det nok like bra at ho datt av lasset i tide…

Takk til familien min. Dokker har vore fantastiske, sjølv om dokker aldri heilt oppfatta seriøsiteten i dette. Spesielt takk til Odd Christian som dukka opp fleire gonger seint om kvelden for å hjelpa meg å redigera, og til Ingrid for veldig tålmodig hjelp. Ho hoppa til og med i kostyme og høghæla sko sjølv for å hjelpa mora med særdeles utfordrande discodans… Nå kan eg dessutan med fred i sjela kopla ipaden min til storskjermen i klasseromet utan å vera redd for at eit bilete eller filmklipp av ein viss kanin skal poppa opp på skjermen ved eit uhell. Det skjedde ein gong i 4B i eit hundredels sekund før eg fekk trykka det vekk, men det viste seg at minst ein elev hadde fått det med seg.

Takk til Miss Bunny, og fred over minnet. Dette har vore kjekt, og det har utfordra komfortsonene mine for kva ein byr på av seg sjølv… Dersom eg skulle fått filmane som eg ville, måtte eg nok hatt med eit profesjonelt filmteam og eit par stand-ins.

Eg heiar på alle dykk som framleis er med i konkurransen. De er heilt utrulege. Framleis er eg usikker på identiteten på minst fire av dykk. Det er slikt som dette som gjer Bryne skule til ein skule eg elskar å jobba på. Takk til Mari for godt initiativ og mykje ekstraarbeid.

Heidi