Gå til innhald

3. Juli

Natta pakkar seg rundt huset, alle har gått og lagt seg. Eg sit her og kikkar ut på det marehalmdekte landskapet der dei siste restane av solnedgangen ligg rosagul og tung mot horisonten.

Det har vore ein dejlig dag som dei ville ha sagt det på dansk. Dagen starta kvart over fem med to morgonfriske jenter som ikkje såg nokon grunn til å drøya oppstandelsen. Etter kvart som folk begynte å stå opp fekk eg lagt meg og sove eit par timar til før felles frokost med kaffi, ferskt brød, egg, bacon og gebursdagssong for dagens jubilant. Dagen vart markert med markblomar plukka av meg og Iben og danske bordflagg frå Brugsen.

Veret vart mykje finare enn yr hadde spådd. Eg kan nesten ikkje hugsa at me har hatt så varmt vêr i Danmark før, dersom me ser vekk frå campingturane med familien min då eg var tenåring. Då hugsar eg det som om me alltid hadde som og gode badetemperaturar. Det kan då vel ikkje ha vore slik det eigentleg var?

Eg nyt å ha alle barna og barnebarna eundt meg. Me har vore på tur til Hjørring, og har vore på stranda det dei modigaste bada. Så har me hatt bursdagsselskap i hagen med danske kaker frå bakeri, jordbær, bringebær og moreller.

Sommarhusa her er lagde slik at ein føler at ein nesten bur aleine langt bortanfor sivilisasjonen. Utanfor er det masse tre, buskar, blomar, insekt og fuglar. I går såg me rådyr koma og forsyna seg av vegetasjonen rett ved huset, og i dag såg me fleire av dei i nærområdet.

Eg har klart å mista kanna til kaffitraktaren i det harde flisegolvet slik at ho knuste. I morgon hon må me ut og sjå om me får tak i ei ny… Det fine var at Halvard og Ingrid påtok seg jobben med å kosta, vaska og støvsuga for å få vekk alt glaset, og at Oddvar brukte ingeniørkreativiteten sin til å finna ein patent til brygging av kaffi via ein kaffitraktar utan kolbe…

Nå er det nok lurast å koma seg i seng. Eg kjenner høg grad av gjenkjenning når det eldste barnebarnet på 4 1/2 år spør: «Korfor må menneskene sova, korfor kunne me ikkje bare vore vakne alltid?» Akkurat det spørsmålet har eg og stilt sidan eg var på hennar alder. Eg synest framleis det er eit godt og viktig spørsmål…

Heidi

Danmark 3.juli

Dette er utsikta frå det veldig fine huset me bur i utanfor Hirtshals. I dag feirar me gebursdagen til Ingrid. Det er koseleg å vera mange saman. Ni vaksne og to barn. Føremiddag med lang frokost og leik i bassenget. Nå skal me ut på tur. Det har vore nydeleg ver, nå hadde me nettopp litt lyn og torden.

Heidi

Nydeleg siste feriekveld

I dag kjørde me ned Gudbrandsdalen med ein ekstra sving innom Toten før me kom til Røyse der me ville bruka sundagsettermiddag og kveld i lag med gode venner. Av alle ting var me innom søstrene på Engen kloster fordi Leif lurte på om han hadde gløymt ein caps det då han var på pilgrimsvandring for snart to år sidan. Det viste det seg at han ikkje hadde gjort…

Me har hatt ei nydeleg landing av ferien her hos Torun og Torbjørn. Me har ete deilig mat, prata mykje, ledd mykje og vore på ein fin tur i skogen. Der lukta det så godt etter regnet av skog og alle slags blomar. Me såg ekorn og rådyr og høyrde eit kull hakkespettungar ropa på mat frå eit reir i eit tre me passerte. I morgon set me kursen heimover til eit begrensa antall kvardagar før skuleferien tek til.

Heidi

Salmens dag

Det har vore ein fin og inspirerande dag på Sverresborg kirkesenter. Først av alt må eg visa dette biletet som tener som altartavle. Det er klipt ut i kvitt papir og er laga direkte utan blyantskisser. Kunstnaren er dansk og heiter Karen Bit Vejle. Ho budde lenge i Sverresborg kyrkjelyd. Det er utruleg mange detaljar i biletet som viser kyrkjeliv. Eg trur dei fleste detaljane kan zoomast inn. Bønene frå Fadervår er klipte inn rundt kanten, men i ny rekkjefølge for at ein skal bli rykka ut av vanelesinga.

Temaet for dagen var salmar i trusopplæringa, og foredraga kom tett i tett. Her var det både filosofi rundt kreativitet, spennande innblikk i musisk kyrkjelydsarbeid både i Norge og Sverige, presentasjon av den nye konfirmantsalmeboka, innkikk i dalmedatabasen og ei helsing frå biskopen. I tillegg til alt dette var det mange fine møte med menneske som er genuint opptekne av salmar og salmeskriving.

Etter sju timar med påfyll var eg inspirert, glad, fornøgd og litt ør i toppen. Reisekameraten venta utanfor med ferdigpakka bil og sidan det ikkje regna ute klarte eg å springa i frå den nye grønblå regnkåpa mi som eg hadde på meg i dagmorges fordi det regna då…

Ein gong kjøpte eg ein gigantatisk og dyr paraply fordi ho som selde han sa at han var for stor til å gløymast igjen… Giss kva eg kom heim utan første gong eg brukte han? Eg håpar han i ettertid har funne nye eigarar som passar godt på han, for som sagt var det ein fin paraply… Eit godt og elskeleg menneske har lova å ettersenda regnkåpa mi. Så mange gilde folk det finst.

Nå sit me i ei enkel campinghytte i Oppdal, så her skal alle ovetnattingsmoglegheitar testast ut. For meg får nok Pilgrimsgarden aller høgast score. – Om ein ser vekk frå heimen til Eva Mari og Henrik, sjølvsagt…

Klokka er ti om kvelden, og det er framleis lyst og fint ute. Eg trur eg må ut og fotografera litt før eg tek kvelden.

Heidi

10 juni

Eg er glad og letta for at salmekvelden eg hadde ansvaret for er vel i havn. Det er alltid godt å koma i mål med noko ein har jobba mot lenge. Nå gleder eg meg til morgondagen med seminarer og andre innslag der eg bare skal vera lyttande deltakar.

Elles har me vore på middagsbøn i Nidarosdomen eller «domkjerka» som det heiter her i byen. Det var tidebøn i eit lite sidekapell, det var fint.

Det er fint på pilgrimsgarden og. I kveld sette me oss litt i salongen med kvar vår tekopp og kvar vår bok før me la oss. Ukjende snakkar vennleg med kvarandre. Ein mann set seg spontant til pianoet for å spela. Ein brannete katt legg seg inntil meg i sofaen. Plutseleg kjem tusmørket smygande, og det er blitt seint.

Heidi

Frå Røros til Trondheim

I dag skreiv eg at Røros hadde blitt min nye favorittby. Då hadde eg nesten gløymt kor godt eg likar Trondheim. Her er eit bilete av Bakklandet teke frå rett utanfor Pilgrimsgarden der me nå har installert oss for tredje gongen. Det er ein nydeleg plass å bu.

I føremiddag hadde me ein fin føremiddag på Røros. Nå kunne eg gå inn i alle dei spennande butikkane eg såg i går. Det er veldig mange butikkar som sel kunst og kunsthandverk, og i tillegg fleire nisjebutikkar som sel ekstra fine klede, smykker og anna som ein fort kunne få lyst til å kjøpa med seg. Eg synest at dei som ekspederte i butikkane var ekstra hyggelege og imøtekomande, bare blide, hjelpsame folk og gode ord over alt.

Eg hadde gleda meg til å sjå den fine kyrkja inni, og det inne var det verkeleg vakkert. Eg har levd i den tru at familiehistorien min fortel at det ein gong i tida var ein biskop på Røros, og at han skulle vera ein av forfedrene mine. I går kveld måtte eg innhenta meir opplysningar frå far som måtte slå opp i gamle slektsbøker. Han kunne fortelja at han nok ikkje var biskop likevel, men at vår forfader Peter Ditlevsen var den første soknepresten på Røros ein gong på 1600 talet. Det skulle henga eit bilete av han inne i kyrkja. Me såg etter biletet utan å finna det, og måtte spørja han som tok inngangspenger om hjelp. Han kunne fortelja oss at hr Peter hadde havna på lageret.

Slekt eller ikkje, det var ei god kyrkje å vera i. Det var ein stad der ein kunne tenna tynne lys og setja ned i sand akkurat som det ofte er i katolske kyrkjer i utlandet. Eg tende lys for familien min og bad ei stille bøn.

Eg fekk ordna ein praktisk detalj som eg har tenkt på lenge. Eg fekk kjøpt meg ei analog armklokke med stor urskjeve og tydelege visarar og tal. Ho skal hjelpa meg å halda kontroll på tida når eg «er ute på oppdrag». Dersom eg er ute som forteljar, eller har diktkveld eller salmekveld er det heilt håplaust at eg må bruka begge hendene og trykkja på små knappar for å sjå kor mykje tid eg har brukt og kor mykje tid eg har igjen. Om eg får problem med tida på salmekvelden i morgon, så skal det i alle fall ikkje stå på klokka…

Eg insisterte på at me skulle drikka kaffi på ein av dei mange koselege kafeane på Røros før me reiste. I dag var veret vakkert igjen, så me fann ein plass me kunne sitja ute. Der reklamerte dei med «pjalt med ost». Me hadde i og for seg veldig lyst til å finna ut kva pjalt var, men me let oss frista av meir lettsindig kaffimat. Reisekameraten kunne nyta eit stykke marsipankake mens eg ikkje klarte å stå i mot softis med molter. Det var like godt som det høyrest ut til å vera.

Då me var godt og vel i bilen på veg nordover såg me eit «severdighetsskilt» som det stod «Falkberget Ratvolden» på. Me fekk lyst til å finna ut av kva det kunne vera. Det måtte vel ha med forfattaren Johan Falkberget å gjera? Me kjørde eit stykke på ein smal fjellveg før me kom fram. Ratvolden viste seg å vera heimen til Johan Falkberget frå 1922 av, og det var veldig fint å få med seg.

Etter ei stund stansa me på eit handelslag i ei lita bygd. Me ville kjøpa noko å drikka. Kanskje dei til og med hadde varm kaffi?Eg stokk då eg kom inn butikkdøra og såg rett inn i ansiktet på ein utstoppa brunbjørn. Det viste seg å vera ein slagbjørn dei måtte fella i 2009 fordi han hadde fått smaken på sau. Ganske komisk logikk: Kva gjer me med bjørnekroppen? Me stoppar han ut og ser han på handelslaget, sjølvsagt…

I kveld har me vore på vandring på Bakklandet i nydeleg sommarsol. Me har sitte på ein fortauskafe og ete vegetarmat til middag og kikka på folk. Eg er så glad i dei lyse juninettene. Her i Trondheim er det endå lysare enn heime, så her blir det vanskeleg å gå og leggja seg. Nå sit eg i salongen på pilgrimsgarden og prøver å forstå kva det hollandske reisefylgjet som sit ved sida av meg snakkar om… Eg får med ein del ord som er gjenkjennelege, men alt for lite til å få samanhang i det, så dei kan føla seg heilt trygge sjølv om dei er i same romet som ei dame med ein litt uoppdragen hang til smuglytting.

Heidi

Så kom me til Røros

Då me var ferdige med frokost på terrassen, oppvask, rydding og utvask på den idylliske overnattingsplassen vår i Mora var det på tide å setja kursen mot nordvest. Leif kjører bilen, eg strikkar, hjelper til å sjå på skilt og gps og held utkikk etter elg og reinsdyr. Det er grei arbeidsfordeling sett frå min synsvinkel.

Då me kom til Idre måtte me stoppa for å fylla straum og for at eg skulle ha teamsmøte med nokre av dei eg skal ha salmekveld i lag med. Det er eigentleg ganske surrealistisk at eg kan sitja i møte på ein parkeringsplass utanfor éit svensk kjøpesenter og i same omgangen sjekka kva som skjer i dag på klasstrinnet eg har reist i frå heime på Bryne.

Då møtet var slutt og me hadde ete lunsjen me hadde kjøpt inne i butikken, begynte det å tordna og regna heftig, så då var det greitt å kjøra vidare. Skilta med fare for elg var ikkje utan grunn. Plutseleg såg me ei elgkollle eller kanskje ein fjorårskalv på eit jorde like ved oss. Me fekk tid til å sakka farten veldig ned og beundra han før han valde å kryssa vegen framfor oss.

Me såg og ein annan elg på lang avstand og ein liten flokk med reinsdyr. Det er flotte dyr som ein helst ikkje vil ha på bilpanseret.

I den vesle bygda med det velklingande namnet Tufsingdal hadde dei ein sjølvbetjent matbutikk det ein logga seg inn med bankkort, fann varene ein ville ha, betalte og logga seg ut. Det måtte me prøva ut, så då vart det ispause der.

Å koma til Røros var fantastisk. Det er så utruleg vakkert her. Me har utsikt over hovudgata frå hotellvindauget og har vore ute på ei lita byvandring. Eg visste frå før av at deler av Pippi Langstrømpe- filmar er innspelte her, og syntest at eg kjende meg igjen

Det å gå i byen var nesten som å gå i filmkulissar eller på eit museum bortsett frå alle bilane som såg ut til å kunna kjøra overalt. Det hadde vore endå mykje finare utan alle bilane, i ei av hovudgatene var det viss gågate kvar laurdag… Samtidig forstår eg jo at folk faktisk bur her og lever kvardagsliva sine i desse gatene. Det med bilkjøring eller ikkje er ikkje heilt enkelt.

Nå er eg så trøytt at det sitrar i kroppen. Det blir ein tidleg kveld. Me gleder oss til å bruka i morgon føremiddag her på Røros.

Heidi

Näs-Mora, men først og fremst Carl Larsson

Eg kan fortelja at eg sovna godt i teltet i går kveld med hollandsk allsong som bakgrunnsmusikk. Verre var det med reisekameraten på biletet. Han oppdaga då me slo opp teltet i går at liggeunderlaget han hadde kjøpt til meg måtte ligga ope i 24 timar før det kunne brukast. Sjølvsagt forstod han at alt anna enn å gje meg sitt underlag ville vera å spela campingkorta sine veldig dårleg. Han vakna etter mindre søvn med litt vondt i ryggen. Kanskje dette gjer oss meir samstemde reint campingmessig…

I dag har me hatt ein veldig fin dag. Høgdepunktet var å besøkja Carl Larsson sitt hus på Sundborn. Det var akkurat så idyllisk det som det ser ut til å vera på maleria. Ute i hagen kunne ein få fritt, for å koma inn måtte me melda oss på omvisning. Me var så heldige å få oldebarnet til Carl og Karin som omvisar. Han hadde vakse opp med huset og hadde inside-historiar frå bestemora si, Brita, eit av dei barna det er flest bilete av fordi ho likte å vera modell og få aleinetid med faren sin. Det var tre par i tillegg til oss som var med på omvisninga, og i følge guiden fekk me ekstra mykje tid fordi den eine runden i dag hadde gått ut. Leif meinte at eg heilt sikkert var den einaste ikkje-pensjonisten i gruppa. Sjølv kryssar han nemleg den grensa i desse dagar. Dessverre var det ikkje lov å fotografera inne i huset. Det var utruleg fint der. Eg vart så begeistra for både historiane og huset at eg tok med meg ein ganske tung bokpose frå museumsbutikken. Eg er veldig glad i biografiar og gleder meg til å lesa dei to eg fekk med meg.

Det var fristande kafear på stafen det rin kunne sitja i blomstrande hagar og eta tradisjonell svensk lunsj eller kaker. Me måtte dessverre prioritera å koma oss vidare til ein by der me kunne kombinera mat med hurtiglading. I ein by eg akkurat nå har gløymt namnet på, fann me ein artig liten kafé det ein kunne sitja og eta i utstillingsvindauget om ein ville og det hundar fekk liggja på teppe på stolar og sofaar om dei var gjester det. Eg takka nei til utstillingsvindauget sjølv om det var ledig plass i det eine… Me delte eit rundstykke med ost og paprika og åt kvar vår kardemummabulle. Bollen på biletet er noko av det beste eg har smakt av gjærbakst.

Så kjørde me vidare forbi hoppbakkane i Falun med retning Mora. Me må ha kjørd gjennom sentrale deler av Sverige sitt skid-sports-land, for overalt har me sett skilt med skiutleie og skianlegg. Det er litt rart for me har jo kjørt gjennom skogslandskap i to dagar. Eg forbind skisport med fjell og ikkje med skog, men det er kanskje ikkje slik i Sverige?

Seint på ettermiddagen kom me til til Mora. Me bur i eit gammalt raudmalt hus som er gjort om til ein overnattingsstad. Det er litt sånn blanding av ungdomsherberge og bed and breakfast. Me har fått ein kode til å logga oss inn i huset og nøkkelen til anvist rom stod i døra. Det er mat i kjøleskapet til å laga vår eigen frokost, og me legg sjølve på sengetøy som me tek av før me reiser, pluss at me støvsuger rommet. Det virkar som ein ganske grei måte å organisera det heile på. Til huset høyrer det ein stor hage og terrasse det eg sit og skriv nå.

I kveld har me vore i Mora som var ein fin by. Eg var innom husflidsbutikken det dei selde dalahestar, moraknivar og folkedrakter. Eg skulle gjerne ha handla., men klarte å la det vera. Me var på restaurant og kjøpte steikt regnbogeaure med ovnssteikte beter og røykte ovnsbakte småpoteter med løyerom og ein nydeleg smørsaus til. Det er ikkje ofte me går for den standarden. I går var det pizza og hamburgar på ei vegkro.

På vegen heim var me innom i ein butikk og kjøpte med oss svenske jordgubbar. Eg kan informera om at dei smakte nesten like godt som norske jordbær.

I Mora er det eit stort Anders Zorn-museum som eg svært gjerne skulle hatt med meg, men det blir ikkje i denne omgangen. I staden skal me over grensa igjen og koma til Røros utpå ettermiddagen/kvelden. Det gler eg meg til. Røros har eg alltid hatt lyst til å sjå.

Heidi

2. Pinsedag

I dag har me kjørt gjennom norske og svenske skogar. Me kryssa grensa i Finnskogen. Det har vore fint. Veret er framleis nydeleg. Me har sett nokre svenske flagg, og høyrd på svensk radio, men ikkje fått med noko meir feiring av svenska flaggans dag som er i dag.

Min reisekamerat har hatt eit stort ønske, å få sova i telt på ein campingplass. Han har gitt meg telt til jul og sovepose + liggeunderlag til bursdagen. Sidan min entusiasme ikkje er like stor har kompromisset blitt ei natt i telt.

Nå bur me i eit lite telt på ein liten campingplass i Dalarna. Så langt må eg innrømma at det er fint og reint og fredeleg her. Me sit utanfor teltet og kjenner bållukt og høyrer fuglesong medan me ser ut over elva. Nå skal me ein liten tur til den vesle byen rett i nærleiken for å sjå oss litt om. I morgon skal me på Carl Larsson- museet. Ikkje heilt gale å vera senior når alle andre skal på jobb i morgon.

***

Nå måtte eg bare leggja til litt her. Me reiste opp til Näs sentrum som viste seg å vera nesten ikkje-eksisterande. Det var ei bygd med mange raude, fine gamle hus, men ingen butikkar som me kunne sjå. Bensinstasjonen stengde klokka åtte.

Me hadde håpa å finna ein plass me kunne kjøpa litt drikke og kanskje ein pakke kjeks eller noko for kjosken på campingplassen var stengd. Eg såg ein Bistro der vegen gjekk ned til bensinstasjonen og tenkte eg kunne prøva om det var ope. Døra var ulåst, men like innanfor låg det ein gigantisk hund type schäfer i dobbel storleik, men tenkte at han ikkje var farleg sidan han låg der. Inne i bistroen vart det tomt, så eg stilde meg opp for å venta. Etterkvart kom det ein mann i kvitt langt forkle ut frå kjøkkenet, då han såg meg skreik han høgt og hoppa opp i lufta. Han var nemleg sikker på at døra var låst og at ingen kom inn dit. Sidan eg hadde kome meg inn fekk eg kjøpa litt kolsyrevatn med sitronsmak.

Me såg mange plakatar om eit spel om Jerusalems-fararane som skal vera i juli. Eg tenkte at det kunne vera ein link til Selma Lagerløf sin fantastiske tobindsroman om Jerusalem og måtte googla det.

Det vviste seg å vera rett kopling. Frå denne vesle bygda reiste det på 1800-talet 38 personar til Jerusalem fordi dei etter ei vekking i bygda hadde fått det for seg at Gud ville dei skulle dra til den heilage byen for å møta den oppstandne Kristus.

Så mykje visste eg frå før, men det som overraska meg var at Selma Lagerlöf faktisk reiste til Jerusalem i eigen person nokre tiår seinare for å møta emmigrantane og ho kom tilbake til Näs med ein kasse full av brev og helsingar til folk heime på Näs. At dette skjedde på 1800-talet er heilt utruleg. Eg trur eg må finna ut meir om reisa hennar.

Me stakk innom kyrkja like ved her og såg grava yil ein familie som heitte Jerusalem til etternamn. Kanskje dei tok det som gardsnamn til minne om dei som reiste?

Nå eer me tilbake på campingplassen. Ei gruppe hollandske turistar har tent bål og sit rundt bålet og syng. Eg forstår ikkje songen,, men det er på same melodien som Dag Frøland sin revysong «Tenn dine levende lys barn av Europa».

Me sit her med pledd og kvar vår bok. Klokka er snart ti om kvelden. Framleis er det mørkt og myggen bit. Nå har hollenderane gått over til å synga Chiquechita på engelsk. Juni er ein fin månad. Ein flokk ville gjæser landar på elva med hese skrik. Kanskje eg rett og slett får sansen for campinglivet?

Heidi

1. Pinsedag

Første pinsedag vakna me til eit fantastisk sommarver. Leif hadde lyst på ei pilgrimsvandring til Bærums verk, for den etappen hadde han ikkje fått med seg. Han klarte å lokka med seg Henrik på vandringa. Eg og Eva Mari kjende oss meir frista av komfortable framkomstmiddel denne dagen og bestemte oss for ein forsommartur i mini-morrisen. For å markera dagen hadde ho pinsedagsgudstenesten klar på bilradioen då eg kom inn i bilen.

Me kjørde ut på Hurumlandet, og det var så fint og grønt med syrinar og valmuer i hagane og brygger med kafear og små bord. Me stansa på brygga på Filtvedt for å gå til ein lunsjplass det Eva Mari hadde vore før ein gong, Villa Malla som låg like ved ei strand. Der var det restaurant med lunsjbuffet der ein kunne sitja ute og sjå ut over havet, eller sitja inne i eit stort selskapslokale. Me sette oss ute i idyllen. Maten var kjempegod, og det var så varmt at me måtte trekkja inn i skuggen då me kom til kaffen.

Etter maten og ein liten spasertur kjørde me vidare med nedrulla bilvindauge og vind i håret. Me tok ein ny pause på Vollen i Asker der det var sundagsopne klesbutikkar, kunstbutikkar og kafear. Biletet øverst i innlegget er henta der i frå.

Om kvelden var me samla i storfamilie til grilling heime hos Joffe og Elisabeth. Først var me litt i den fine hagen som nå er meir blomstereng enn plen, og så åt me saman inne på den store glasverandaen. Det kjennest som ei stor lette at koronasituasjonen nå tilseier at me kan omgåst omtrent som normalt igjen.

Då me kom heim til Haslum vart det seinkveld på verandaen og ferdigstilling av kofta. Det var vanskeleg å få knappestolpane fine og beine og å få knappane til å sitja fint. Knappane vart sette på og så spretta av og sydde på att to gonger før eg vart fornøgd, og etter første forsøket med tinnknappar bestemde eg meg for at treknappar var finare. Halslinninga viste seg å vera litt for vid, men heldigvis er Eva Mari den flinkaste strikketøysdokteren eg kjenner, så det blei bra til slutt.

Alt i alt er eg ganske fornøgd med å vera i mål med dette store strikkeprosjektet, men det er eigentleg nå det hadde vore ideelt å begynna, for nå veit eg nokre småting eg ville gjort litt annleis. Slik er det vel med det meste i livet, me får ta med oss alt me har lært og leva framover så godt me kan.

Heidi